Innstilling frå justiskomiteen om alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar

Dette dokument

Til Stortinget

1. Innleiing

1.1 Samandrag

Under behandlinga av den alminnelege delen i den nye straffelova bad justiskomiteen Regjeringa leggje fram ei eiga sak for Stortinget snarast mogleg om soningsforholda for personar som var under 18 år på fengslingstidspunktet. Det sentrale i stortingsmeldinga er å følgje opp bestillinga frå Stortinget og foreslå betringstiltak for denne gruppa innsette.

Etter norsk lov og internasjonale konvensjonar er ein person barn inntil fylte 18 år. Den kriminelle lågalderen i Noreg er likevel 15 år. Meldinga tek først og fremst for seg korleis samfunnet skal handtere lovbrytarar mellom desse to aldersstega. Målet med stortingsmeldinga er å leggje til rette for ei grunnleggjande gjennomtenking av korleis vi kan redusere bruken av fengselsstraff overfor ungdom mellom 15 og 18 år og korleis straffa kan gjerast meir tilpassa denne gruppa i dei tilfella der ein ikkje kan unngå fengselsstraff. I meldinga er det lagt stor vekt på å utvikle formålstenlege straffereaksjonar, mellom anna tiltak for å redusere bruken av fengsel utan vilkår. Regjeringa vil mellom anna i gjeldande straffelov foreslå at den som var under 18 år på handlingstidspunktet, kan bli dømd til fengsel utan vilkår berre når det er særleg påkravd. Forslaga elles er prega av at straffegjennomføringa skal vere progressiv. I dette ligg det at valet av straffereaksjon skal styrast av eit ønske om ikkje å bruke meir inngripande straff enn nødvendig, og at det skal vere ei utvikling i soninga. Stortingsmeldinga vil bli følgd opp med konkrete lovforslag så snart som mogleg etter at Stortinget har behandla ho.

Regjeringa vil vurdere om straffelova på lengre sikt skal gi domstolen heimel til å dømme unge lovbrytarar under 18 år til opphald i institusjon i staden for fengsel, og at gjennomføringa av reaksjonen helst skal vere ei oppgåve for barnevernstenesta. I dag har vi eit tospora system. Unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år kan både plasserast på institusjon etter barnevernlova og straffeforfølgjast etter det ordinære straffesystemet, dersom straffesaka ikkje blir rekna for å gjelde same straffbare forhold som barnevernssaka. Ettersom det hastar med strakstiltak for å få barn og unge ut av norske fengsel, har det i meldinga ikkje vore tid til å drøfte ei meir gjennomgripande reform, eventuelt i retning av eit einspora system i staden for det tospora systemet vi har i dag. På lengre sikt bør ein likevel drøfte og klargjere om ein kanskje bør føretrekkje eit einspora system. Regjeringa foreslår at det blir sett ned eit utval som skal komme med forslag til alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar. Ein viktig del av mandatet til dette utvalet vil vere å greie ut eit mogleg einspora reaksjonssystem for denne gruppa.

Barn som er under 15 år på handlingstidspunktet, kan ikkje straffast. Denne gruppa fell utanfor tiltak i straffesakskjeda, og det er i første hand barnevernet som har myndigheit til å setje inn tiltak ut frå kva som er til det beste for barnet. Til dømes kan eit barn som har vist alvorlege åtferdsvanskar ved alvorleg eller gjenteken kriminalitet, plasserast i institusjon utan eige samtykke. Regjeringa vil ikkje foreslå tiltak i stortingsmeldinga som gjeld gruppa under 15 år.

Stortingsmeldinga tek utgangspunkt i den forskinga og erfaringa som ligg føre. Det er likevel sparsamt med forsking om unge lovbrytarar, særleg når det gjeld barn og unge i fengsel. Regjeringa vil derfor stimulere til ytterlegare forsking om unge lovbrytarar, inkludert bruken av straff og tvang og effekten av dette. Forskinga bør også omfatte unge lovbrytarar med minoritetsbakgrunn, som er ei særleg utsett gruppe.

I meldinga kapittel 1 er det tatt inn ein samla oversikt over forslag frå Regjeringa.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og Cathrin Bretzeg, og frå Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, visar til den framlagde meldinga.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at flere berørte etater ikke har fått seg forelagt St.meld. nr. 20 (2005-2006) til høring før saken ble oversendt Stortinget for behandling.

Disse medlemmer reagerer sterkt på at dette ikke er gjort.

Disse medlemmer ser det som uholdbart å behandle St.meld. nr. 20 (2005-2006) før de berørte etater har fått saken til uttalelse. Disse medlemmer ber på denne bakgrunn om at saken sendes tilbake til Regjeringen for å sikre en forsvarlig saksbehandling.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"St.meld. nr. 20 (2005-2006) Alternative straffereaksjoner overfor unge lovbrytarar sendes tilbake til Regjeringen på grunn av mangelfullt forarbeid."

Komiteens medlemmer fra Høyre mener primært at St.meld. nr. 20 (2005-2006) må sendes tilbake til Regjeringen fordi saken ikke er tilstrekkelig opplyst til at Stortinget kan fatte vedtak. Disse medlemmer konstaterer imidlertid at det ikke vil være flertall for å sende stortingsmeldingen tilbake og viser sekundært til sine merknader under de enkelte kapitler i innstillingen.

Disse medlemmer undrer seg over at Regjeringen legger frem en stortingsmelding der man inviterer Stortinget til å ta stilling til viktige prinsipielle spørsmål, samtidig som man varsler at det i etterkant skal nedsettes et offentlig utvalg som skal gå nærmere inn på konsekvensene av sentrale forslag i meldingen. Disse medlemmer mener dette representerer en uheldig og bakvendt tilnærming til svært viktige spørsmål, og at dette i praksis innebærer at Stortinget inviteres til å ta stilling på bakgrunn av en ufullstendig fremstilling av sakens realiteter. Disse medlemmer er videre kjent med at meldingen ikke har vært gjenstand for høring hos involverte faginstanser, og at det fra politiet advares mot helt konkrete forslag i meldingen. Disse medlemmer mener det er all grunn til å ta innvendingene fra politihold på alvor og ser at det kan reises tvil om meldingen er tilstrekkelig gjennomarbeidet til at den kan behandles nå.

Disse medlemmer slutter seg til at Norge må utvikle et straffegjennomføringsopplegg for unge lovbrytere som er i pakt med de forpliktelser vi har etter FNs barnekonvensjon. Disse medlemmer mener likevel dette ikke er til hinder for at Norge kan holde fast ved prinsippet om at kriminalomsorgen fortsatt skal ha hovedansvar for straffegjennomføring, også for unge lovbrytere, selv om soning skjer gjennom bruk av alternative straffereaksjoner og soningsopplegg utenfor tradisjonelle fengselsmiljøer. Disse medlemmer vil støtte at det utredes et ensporet system, og ser ikke at dette er til hinder for at kriminalomsorgen fortsatt kan ha en rolle i straffegjennomføring også for de yngste lovbryterne.

Disse medlemmer vil vise til at meldingen inneholder forslag som er egnet til å reise tvil om hva som er den reelle kriminelle lavalder, og mener Regjeringen må rydde opp i denne uklarheten ved å legge til grunn dagens aldersgrense på 15 år for det videre arbeidet med utforming av kriminalpolitiske virkemidler overfor unge lovbrytere.

Disse medlemmer er innforstått med at St.meld. nr. 20 (2005-2006) konsentrerer seg om aldersgruppen unge lovbrytere mellom 15 og 18 år. Disse medlemmer vil imidlertid påpeke at kriminalitetsutviklingen viser at også barn langt under den kriminelle lavalder blir involvert i til dels alvorlige lovbrudd og mener det er grunn til å følge denne utviklingen svært nøye. Disse medlemmer er spesielt bekymret for at voksne kriminelle gjenger bevisst rekrutterer barn yngre enn 15 år til å utføre kriminelle handlinger for seg og at dette kan skje under et press disse barna av ulike årsaker ikke mestrer å stå imot. Det er derfor god grunn til å drøfte nærmere hva samfunnet kan gjøre for å motvirke at nye barn på denne måten dras inn i kriminalitet.

Disse medlemmerkonstaterer at også yngre barn involveres i til dels alvorlig kriminalitet og mener samfunnet må utvikle gode strategier for hvordan lovbrytere under den kriminelle lavalder skal møtes og stoppes. Tidlig og tydelig grensesetting kan være helt avgjørende for å forebygge at yngre barn rekrutteres til mer alvorlig kriminalitet senere. Disse medlemmer vil vise til SLT-metoden og til at etablering av politiråd i kommunene representerer viktige samarbeidsarenaer på lokalt nivå, der ulike offentlige og private/frivillige aktører i fellesskap kan planlegge og utvikle robuste tiltak for forebyggingsstrategier som tar utgangspunkt i barns og unges nærmiljø. Disse medlemmer vil påpeke at slik kompetanseutveksling på tvers av offentlige etater og i samspill med fritidssektoren vil bidra til at barnet kan få tett oppfølging store deler av døgnet når dette anses nødvendig. Disse medlemmer mener det er behov for en nærmere gjennomgang av mulige virkemidler og reaksjonsmåter for å kunne slå effektivt ned på lovbrudd begått av barn under 15 år.

2. Situasjonen i dag

2.1 Samandrag

FN-konvensjonen om barn sine rettar (barnekonvensjonen) frå 1989 gir barn og unge eit særleg menneskerettsleg vern. Konvensjonene blei ratifisert av Noreg og inkorporert i menneskerettslova og gjeld som norsk lov. Barnekonvensjonen stiller krav til norske styresmakter om at det som er best for barnet, skal takast mest omsyn til ved handlingar der barnet er involvert. Noreg har teke atterhald når det gjeld artikkelen i konvensjonen om sivile og politiske rettar, om plikta til å halde unge lovbrytarar og domfelte åtskilt frå vaksne. Trass i tiltaka som blir foreslått i meldinga, blir atterhaldet framleis sett på som nødvendig.

Talet på unge som er tekne for brotsverk har vore stabilt frå midten av 1980-åra og størstedelen av 1990-åra. Sidan 1997 har det vore ein generell auke i talet på sikta for både brotsverk og mindre lovbrot. Auken skjedde både blant ungdom og blant dei eldre enn 20 år. Blant dei sikta for brotsverk er det, for første gong på lenge, dei sikta under 21 år som har den største prosentvise auken, og i 2001 utgjorde dei ein tredjedel av alle sikta for brotsverk. Vinningskriminalitet er saman med trafikklovbrot den vanlegaste grunnen til at ungdom i alderen 15-20 år endar i politiregistera. Sjølv om unge er overrepresenterte i gruppa som er sikta for grovt tjuveri, er utviklingstendensen gjennom 1990-åra at det blir utført færre grove tjuveri blant unge, men at det er ein auke i siktingar for simpelt tjuveri. Auken dei siste åra i talet på personar som er tekne for narkotika, gjeld dei fleste aldersgrupper, men det er utviklinga blant dei unge som er mest markant. Av alle ungdommar mellom 15 og 20 år som blei tekne for brotsverk, var det nesten kvar tredje som hadde narkotika som sitt hovudlovbrot i 2004. Også vald er eit ungdomsfenomen. Talet på ungdommar i aldersgruppa 15-20 år som blir melde og definerte som valdsforbrytarar, er meir enn dobbelt så høgt i 2001 som i 1992.

Det er få personar under 18 år i norske fengsel. Talet på registrerte til eikvar tid varierer vanlegvis frå cirka fem - somme gonger færre - til ti innsette. Av og til vil talet overstige ti personar, og unntaksvis kan det nærme seg 20 innsette. Talet på personar under 18 år som blir sette i fengsel, har ikkje vist nokon auke dei siste åra.

Straffegjennomføringslova og forskrifta til lova har fleire føresegner som sikrar interessene til dei innsette under varetekt og straffegjennomføring. Desse reglane gjeld også for barn og unge. Lova og forskrifta har likevel ingen særføresegner for innsette under 18 år, men opnar på mange område for skjønn, slik at det er høve til å særbehandle unge innsette innanfor dei rammene lova set. Det er også gitt omfattande retningslinjer i tilknyting til lova.

Ut frå lokale forhold er det litt ulik praksis både mellom kriminalomsorgsregionane og mellom dei enkelte fengsla i ein region. Dei fleste regionar har peikt ut eitt fengsel som særleg blir brukt til dei aller yngste innsette. Få fengsel har utarbeidd eigne rutinar som gjeld unge lovbrytarar, men også dei fengsla som manglar skriftlege prosedyrar, legg forholda til rette for unge innsette individuelt.

2.1.1 Forholdet mellom straff og barnevernstiltak

I ein del tilfelle vil ein ungdom mellom 15 og 18 år som gjer eit lovbrot, både bli møtt med straffesak og med tiltak etter barnevernlova. Vi har i dag eit tospora system i den forstand at unge lovbrytarar først kan bli møtte med tiltak frå barnevernet, til dømes gjennom eit vedtak i fylkesnemnda for sosiale saker om barnevernsplassering etter barnevernlova, og så kan dei straffeforfølgjast i domstolane for dei same faktiske handlingane som danna grunnlag for institusjonsplasseringa. Rekkjefølgja kan også vere motsett, dvs. først straff og så barnevernstiltak.

Høgsterett har i to avgjersler teke stilling til forholdet mellom det norske systemet og forbodet mot gjenteken straffeforfølging i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Straffesaker skal avvisast frå domstolane dersom det allereie ligg føre ei endeleg avgjersle som tek stilling til ei straffeskulding.

Høgsterett gjer det klart at ei straffesak kan reisast sjølv om det allereie har vore treft eit tvangsvedtak etter barnevernlova. Det norske tospora systemet står derfor ikkje i nokon motstrid til forbodet mot gjenteken straffeforfølging, så lenge det framleis skal vere slik at vilkåra for å treffe eit tvangsvedtak etter barnevernlova er andre enn for å straffe, og så lenge formålet med reglane framleis skal vere forskjellige. Dersom forskjellane på vilkårssida blir haldne ved lag, vil EMK heller ikkje vere til hinder for ei viss tilnærming mellom rettsfølga av høvesvis eit tvangsvedtak og straff - til dømes slik at det som ledd i straffegjennomføringa blir lagt større vekt på behandling enn i dag.

Sjølv om forholdet til EMK ikkje gjer det nødvendig, kan ein vurdere om det kan vere formålstenleg å gjere ei omlegging i retning av eit einspora system, det vil seie éin prosess der ein eller fleire reaksjonar - straff og tvangsvedtak - blir bestemte samtidig. Ei slik ordning kan gjere det lettare å tilpasse innhaldet i dei ulike reaksjonane til kvarandre, til dømes slik at det ved fastsetjinga av ei eventuell tvangsplassering blir teke omsyn til at det (også) vil bli tildømt ei fengselsstraff. Regjeringa vil komme tilbake til dette i samband med oppnemninga av utvalet som er nemnt i innleiinga.

2.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, visar til den framlagde meldinga og har ingen ytterlegare merknader.

Komiteens medlemmer fra Høyre mener tilpassede straffereaksjoner kan være avgjørende for å bringe unge lovbrytere ut av kriminalitet. I dag nyttes i stor utstrekning bøter i forbindelse med narkotikalovbrudd, men erfaringer fra Kriminalomsorgen i Nordland viser at bøter faktisk virker kriminalitetsdrivende på den måten at bøter for gamle lovbrudd finansieres gjennom ny kriminalitet. Disse medlemmer mener dette er bekymringsfullt og at det snarest må settes en stopper for dette fenomenet. Tatt i betraktning at hver tredje ungdom i alderen 15-20 år som ble tatt for lovbrudd i 2004, hadde narkotika som sitt hovedlovbrudd, så vil disse medlemmer be Regjeringen sørge for en snarlig gjennomgang av bruken av bøter i narkotikasaker og finne frem til andre reaksjonsformer som er bedre egnet til å forebygge ny kriminalitet.

Disse medlemmer vil vise til at selv om antall barn under 18 år i norske fengsler ikke kan regnes som høyt, er det avgjørende viktig å legge et helhetlig rehabiliteringsperspektiv til grunn i møte med disse yngste lovbrytere i alderen 15-18 år. Et vellykket veivalg bort fra kriminalitet kan best skje dersom unge lovbrytere kan stoppes tidlig og før man har gjort kriminell karriere og blitt gjenganger i fengsel. Disse medlemmer mener derfor det er viktig at alle deler av justissektoren kan sette inn målrettede tiltak for aldersgruppen 15-18 år og få dem ut av sirkulasjon så raskt som mulig.

Disse medlemmer vil vise til at straffegjennomføringsloven med forskrifter gir en fleksibilitet som gjør det mulig å differensiere straffereaksjoner og ta nødvendige hensyn når lovbryteren er under 18 år. Disse medlemmer ser det også som fornuftig at de enkelte fengselsregioner utvikler egne tilbud beregnet på unge lovbrytere, og mener dessuten det er viktig at det kommer på plass gode rutiner for hvordan unge innsatte skal behandles i alle regioner og fengsler.

Disse medlemmer er enige i at det må ryddes opp slik at unge lovbrytere i Norge ikke kan risikere å bli møtt både med reaksjon fra barnevernet og dernest straffeforfulgt av domstolen. Disse medlemmene ser klart fordelen av at dagens tosporede system erstattes av et ensporet system der flere reaksjoner kan fastsettes samtidig og tilpasses hverandre.

Disse medlemmermener det er viktig å se på muligheten for å gi ungdom en reell ny sjanse gjennom sletting av rulleblad etter et visst antall år for de tilfeller der vi snakker om mindre alvorlig og ikke gjentatt kriminalitet. På denne måten kan vi unngå at en dumhet begått i ungdommen skal kunne sette en stopper for andre planer og drømmer senere i livet. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen, for å kunne gi tidligere ungdomskriminelle en ny sjanse, utrede en ordning med sletting av rulleblad i de tilfeller den unge kriminelle ikke har begått alvorlige lovbrudd, eller en lang rekke gjentatte lovbrudd og for eksempel ikke har begått ny kriminalitet i en periode på 5 år etter fylte 18 år. Spørsmålet kan for eksempel inngå i mandatet til utvalget som nedsettes med bakgrunn i forslagene i St.meld. nr. 20 (2005-2006)."

3. Rolla og ansvaret til barnevernet

3.1 Samandrag

Justisdepartementet har innhenta ei nærare orientering frå Barne- og likestillingsdepartementet om rolla og ansvaret til barnevernet når det gjeld unge kriminelle. Orienteringa er gjengitt i kapittel 3 i meldinga.

3.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, visar til den framlagde meldinga og har ingen ytterlegare merknader.

Komiteens medlemmer fra Høyre er enig i at barnets beste må være utgangspunktet ved vurdering av alternative straffereaksjoner og soningsopplegg, men vil etterlyse en mer grunnleggende drøfting av konsekvensene av å pålegge barnevernet hovedansvar for straffegjennomføring. Disse medlemmer vil vise til at såvel representanter for barnevernet som politiet mener den dobbeltrollen barnevernet er tiltenkt, langt fra er uproblematisk. Barnevernets rolle som omsorgsgiver er ikke uten videre forenlig med rollen som straffegjennomfører og kan rokke ved den tillit barnevernet er så avhengig av for å kunne fylle sin funksjon. Disse medlemmer legger vekt på uttalelser fra Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, vernepleiere og sosionomer og Private barnevernsinstitusjoners landsforening, som begge har påpekt at barnevernet i dag verken har et lovverk som er tilpasset en rolle som straffegjennomfører eller har den nødvendige kompetanse til å ta seg av unge lovbrytere som normalt skulle sonet i fengsel. For øvrig er det grunn til å stille spørsmål ved om barnevernet har nødvendig kapasitet til å påta seg denne nye oppgaven. Disse medlemmer mener fengselssurrogat i barnevernet vil kreve at øvrige barn i systemet gis nødvendig beskyttelse på samme måte som samfunnet gis beskyttelse ved bruk av fengsel. Fellesskap med øvrige barn kan ikke være en selvfølge, og en konsekvens av dette må bli at det i så fall opprettes enetiltak for den ungdommen som skal gjennomføre sin straff innenfor barnevernet. Disse medlemmer mener hensynet til hva som er barnets beste, i dette tilfelle for lovbryteren, ikke kan overkjøre hensyn som skal forebygge at de øvrige barna utsettes for fare.

Disse medlemmer har stilt spørsmål til justisministeren om de lovmessige begrensninger for barnevernet som inntreffer når en ungdom fyller 18 år og ikke lenger kan holdes i institusjon uten samtykke. Disse medlemmer kan ikke se å ha fått et tilfredsstillende svar på hva som vil skje dersom en ungdom som soner i barnevernet har en dom som strekker seg tidsmessig utover fylte 18 år og motsetter seg videre opphold. Disse medlemmer er overrasket over at det ikke har vært mulig å få en avklaring fra Regjeringen på dette punkt, og mener det i slike situasjoner burde være naturlig at kriminalomsorgen overtar ansvaret for at slik reststraff blir gjennomført. Tilsvarende er det heller ikke drøftet hva som vil skje ved eventuelle brudd på vilkår ved bruk av fengselssurrogat.

Disse medlemmer støtter oppnevning av mentor for unge lovbrytere og mener det bør bli en konkret rettighet for aldersgruppen 15-18 år. Stabile og tydelige voksne rollemodeller som har tid og kan følge opp også etter soning, kan være forskjellen på om den unge kommer seg tilbake til et lovlydig liv eller ikke. Disse medlemmer mener samfunnet også må legge stor vekt på å støtte og involvere foreldre og foresatte slik at disse kan bli en ressurs i straffegjennomføringsfasen.

4. Hovudutfordringa

4.1 Samandrag

4.1.1 Bruk av fengselsstraff overfor barn og unge

Det er store variasjonar frå land til land både med omsyn til den rettslege stillinga til barn og unge, korleis reaksjonssystemet er organisert, og korleis ansvaret er fordelt. I Noreg legg den nye straffelova som er vedteken, men ikkje tredd i kraft, til grunn at fengselsstraff også kan brukast overfor den yngste aldersgruppa, men at styresmaktene bør vere restriktive med denne reaksjonsforma og prøve å finne andre eigna alternativ.

Hovudutfordringa vil vere å vurdere moglege alternativ til fengsel som kan vere til det beste for barnet, samtidig som dei sikrar andre tungtvegande omsyn. Regjeringa meiner det er behov for to parallelle løp: betre forholda for barn og unge i fengsel (korttidsperspektivet) og greie ut eigna alternativ til fengsel (langtidsperspektivet). Barnevernet vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet, særleg for barn under 18 år.

Det finst lite nyare forsking om barn og unge i varetekt og fengsel. Regjeringa vurderer det slik at prinsipp og metodar for arbeidet med unge lovbrytarar må gjennomgåast breitt og tverrfagleg, og departementet vil derfor setje i gang eit slikt arbeid.

4.1.2 Det beste for barnet og andre tungtvegande omsyn

Barnekonvensjonen slår fast prinsippet om at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar der barn er involverte. Dette gjeld anten handlinga blir utført av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgivande organ. Det betyr at også andre omsyn kan vere relevante.

Behovet for vern i samfunnet er eit omsyn som må vegast mot omsynet til det beste for barnet mellom anna når ein skal velje fengslingssurrogat og gjennomføringsformer, og ved permisjonar. Det same gjeld når ein skal varsle den fornærma eller dei etterlatne om hendingar i samband med straffegjennomføringa.

Avhengig av typen lovbrot og omfanget av det, vil ofte både den fornærma og ålmenta krevje at den skuldige blir straffeforfølgd og dømd til fengselsstraff utan vilkår. At gjerningspersonen er ung, vil likevel ofte føre til at kravet om ein slik reaksjon ikkje er så sterkt som elles.

Hovudmålet med fengsling er å sikre at saka blir oppklart og gjennomført. Omsynet til bruk av fengsling og eventuelle restriksjonar må vegast mot omsynet til det som er best for barnet. Når ein vel fengslingssurrogat og fengsel, må omsynet til det behovet politiet har for kontakt med den sikta i varetektstida, vegast mot omsynet til det behovet barnet har for å bli plassert nær heimstaden.

Ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunne gjennomføre eit individuelt tilpassa opplegg for unge lovbrytarar, er at kriminalomsorga har fengsel som kan tilfredsstille dei krava som slike opplegg stiller. Det er bygd fleire nye fengsel dei seinaste åra, og nye er under planlegging. Dessutan er mange fengsel bygde om, utvida og moderniserte. Likevel er bygningsmassen prega av til dels gamle fengsel som ikkje tilfredsstiller krava til ei moderne fangebehandling, spesielt ikkje for unge lovbrytarar.

Talet på barn i fengsel er lågt, og desse har ulik bakgrunn og ulike behov. Det gjer det krevjande å skreddarsy individuelle opplegg for den enkelte innanfor økonomisk akseptable rammer. Den situasjonen vi har i dag med soningskø, gjer det nødvendig med maksimal kapasitetsutnytting i fengsla. Ei skjerming av unge innsette kan føre til nedgang i talet på innsette i dei aktuelle fengsla. Dette vil vere ei av dei største utfordringane i utviklinga av gode og individuelt tilpassa tiltak for dei unge som blir sette i fengsel. Den same avveginga må gjerast når ein skal setje nokon i varetekt, der det behovet politiet har for umiddelbar plassering, kan gjere det vanskeleg å skjerme unge innsette mot uheldig eksponering.

4.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, vil generelt understreke viktigheita av å redusere bruka av fengselsstraff overfor unge lovbrytarar. Det er grunn til å tru at fengselsstraff har særleg negative verknader på barn, og fleirtalet meiner den preventive effekten av eit fengselsopphald er liten. Fleirtalet vil peike på at det berre er i unntakstilfelle, der det er nødvendig for å skjerme samfunnet, at det kan forsvarast å setje mindreårige i fengsel. Det beste for barnet vil som regel vere ei alternativ reaksjonsform og oppfølging. I praksis er det viktig å bruke dei alternativa som allereie finst på ein betre måte, samtidig som ein utviklar nye.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er nøgd med at Regjeringa med denne meldinga følgjer opp behandlinga av den alminnelege delen i den nye straffelova der justiskomiteen ber Regjeringa leggje fram ei eiga sak for Stortinget snarast mogleg om soningsforholda for personar som var under 18 år på fengslingstidspunktet. Det sentrale i stortingsmeldinga er å følgje opp bestillinga frå Stortinget og foreslå betringstiltak for denne gruppa innsette.

Komiteens medlemmer fra Høyre vil påpeke at unge lovbrytere som kvalifiserer til fengsel har begått til dels svært alvorlige kriminelle handlinger, og mener samfunnet må ta høyde for at noen av disse må sone i fengsel også i fremtiden. Dette krever en viss beredskap i kriminalomsorgen, og at fengsler ulike steder i landet må kunne tilby soningsplasser beregnet på unge mennesker.

Disse medlemmer har merket seg at meldingen mener tilbud til unge lovbrytere i fengsel vil kunne medføre en uønsket reduksjon i soningskapasitet ved det aktuelle fengslet. Disse medlemmer mener hensynet til forsvarlige soningsforhold må gå foran hensynet til raskere køavvikling. Det er grunn til å anta at barnevernet vil kunne komme i samme situasjon om man skal ta imot ungdommer som krever omfattende tilrettelegging for å kunne oppholde seg der.

5. Korleis betre reaksjonssystemet overfor unge lovbrytarar

5.1 Samandrag

5.1.1 Innhaldet i reaksjonssystemet

Regjeringa meiner det er nødvendig å tenkje nytt når det gjeld barn og unge som gjer seg skuldige i kriminelle handlingar. Ein betre dialog og eit tettare samarbeid mellom relevante instansar er ein føresetnad for straffegjennomføring til det beste for barnet. Auka bruk av individuelt tilpassa vilkår i straffereaksjonar for lovbrytarar under 18 år er eit verkemiddel. Det føreset at hjelpeapparatet på ulike forvaltingsnivå og aktørane i straffesakskjeda prioriterer denne gruppa og tenkjer heilskap i oppfølginga.

Fengsel er særleg skadeleg for barn og unge. I straffelova av 20. mai 2005 som er vedteken, men ikkje sett i kraft fordi det må lagast ein spesiell del om dei enkelte straffeboda, er det bestemt at den som var under 18 år på handlingstidspunktet, kan bli dømd til fengsel utan vilkår berre når det er særleg påkravd. Ettersom det vil ta litt tid før straffelova av 2005 kan setjast i kraft, vil Regjeringa foreslå at ei tilsvarande avgrensing blir teken inn i den gjeldande straffelova. Regjeringa vil dessutan foreslå eit forbod mot at fengselsstraffa for desse lovbrytarane kan overstige 8 år. Vidare vil Regjeringa foreslå eit forbod mot å pågripe og fengsle personar under 16 år. Regjeringa meiner det er nødvendig å byggje opp fleire alternativ til fengsla, klargjere ansvarsforholda for barn og unge som bryt lova, sikre meir forpliktande rettar for barna og bryte ned det skarpe skiljet som har oppstått ved 15-års alder.

Straffegjennomføringa skal vere progressiv. I dette ligg at valet av straffereaksjon skal styrast av eit ønske om ikkje å bruke meir inngripande straff enn nødvendig, og at det skal vere ei utvikling i soninga. Reaksjonssystemet skal såleis byggje på ein trappetrinnstankegang. Påtalemakta skal ha store moglegheiter til å gi påtaleavkall og leggje bort sakene for dei yngste lovbrytarane slik at færre saker kjem for retten. Dersom det blir reist tiltale og saka går vidare til domstolen, er målet å redusere bruken av fengselsstraff overfor personar mellom 15 og 18 år til eit minimum. Både ved straffeutmåling og val av reaksjon skal målet vere å ikkje bruke eit strengare verkemiddel enn det som er strengt nødvendig. I dei få tilfella der fridomsstraff kan vere aktuelt, skal hovudregelen vere open soning, men slik at fridomsstraffa tidlegast mogleg blir erstatta av andre og mindre inngripande soningsformer som gjennomføring av straff i institusjon eller utanfor fengsel.

Regjeringa meiner at pågriping og fengsling av unge lovbrytarar under 18 år bør skje berre unntaksvis, og foreslår eit forbod mot bruk av fengsling av barn og unge under 18 år for meir enn ei veke om gongen. Sjølv om ein lengre fengslingsperiode for nokon under 18 år lett vil vere uforholdsmessig slik at vedkommande av den grunn må lauslatast, vil Regjeringa vurdere om det også bør setjast ei øvre grense for kor lenge nokon under 18 år kan bli sitjande i varetekt. Dette føreset ei endring av straffeprosesslova. Regjeringa meiner at det er viktig få på plass eigna fengslingssurrogat der barn ikkje blir haldne isolerte, og der personellet har relevant kunnskap og erfaring. Når det gjeld 15-åringar, foreslår Regjeringa eit fullstendig forbod mot pågriping og varetektsfengsling.

Dersom behovet for fengsling er til stades, skal hovudregelen vere bruk av fengslingssurrogat framfor fengsel når den sikta er under 18 år. Regjeringa ønskjer at barnevernsinstitusjonar i stor grad skal brukast som fengslingssurrogat. Ein vil vurdere å endre vilkåret om samtykke for plassering i institusjon eller kommunal bueining slik at Barne-, ungdoms- og familieetaten får ei plikt til å stille institusjonsplass til disposisjon dersom vilkåra etter barnevernlova er oppfylte. Det bør klargjerast kva verdi vilkåra etter barnevernlova skal ha i saker der retten finn at den unge anten må i varetektsfengsel eller få institusjonsplass, men der barnevernet meiner det ikkje er til det beste for den unge å vere på institusjonen. Vidare må det klargjerast kven som skal ha avgjerdsmakta når det gjeld graden av tvang, om låsing av dører osb. Gjeldande regelverk opnar for plassering i barnevernsinstitusjon som fengslingssurrogat. Regjeringa vil ta initiativ til ein gjennomgang av om denne ordninga blir brukt i stor nok grad. Målet med ein slik gjennomgang er å identifisere hindringar slik at ordninga kan utnyttast betre.

Gjennomføring av varetektsfengslinga er regulert av straffegjennomføringslova. Ettersom Noreg ikkje har eigne varetektsfengsel, blir den varetektsfengsla plassert i ordinære fengsel som også tek imot domsinnsette. Etter straffegjennomføringslova kan varetektsinnsette ikkje påleggjast andre innskrenkingar i fridommen enn det som er nødvendig for å sikre formålet med fengslinga eller for å sikre ro, orden og tryggleik i fengselet.

Regjeringa er svært skeptisk til bruken av isolasjon overfor dei yngste. Varetekt i isolasjon er spesielt belastande og utgjer ein risiko for den psykiske helsa til dei innsette. Dette gjer seg spesielt gjeldande for barn og unge. Derfor foreslår Regjeringa at straffeprosesslova blir endra slik at det blir lovfesta eit forbod mot at barn under 18 år kan utsetjast for fullstendig isolasjon i varetekt.

Reaksjonen frå samfunnet på lovbrot er viktig for å hindre vidare kriminell utvikling. Rask innsats over tid på tvers av lovverk og sektorgrenser, i samarbeid med den det gjeld og dei som blir ramma av kriminaliteten, står sentralt. For å få dette til er det i ein del tilfelle formålstenleg å utforske andre måtar å handtere konfliktfylte lovbrot på enn gjennom tradisjonell straffeforfølging. "Restorative justice" er eit slikt alternativ. Restorative justice kan beskrivast som eit sett av prinsipp, ein tenkjemåte som spring ut av ulike praksisar der utgangspunktet er at eit lovbrot blir forstått som ein konflikt. Tre viktige prinsipp for restorative justice er:

  • – Reaksjonen frå samfunnet på ei kriminell handling bør starte med å bøte så mykje som mogleg på den skaden som offeret har blitt ramma av.

  • – Gjerningspersonen skal stimulerast til å forstå konsekvensane av eigne handlingar og bli oppmuntra til å ta ansvar.

  • – Offeret bør ha høve til å fortelje gjerningspersonen direkte kva konsekvensar den kriminelle handlinga har hatt for han eller ho, stille gjerningspersonen spørsmål og så saman med gjerningspersonen finne den beste framgangsmåten for å bøte på skaden.

Gjennom slike prosessar vil gjerningspersonen få høve til å ta aktivt og sjølvstendig ansvar og gjere opp for seg, noko som ofte fører til meistringskjensle og ein reintegrasjon i nettverket og nærmiljøet.

Konfliktrådsmekling er ein ansvarleggjerande metode som fell inn under paraplynemninga restorative justice. Noreg har mange års erfaring med mekling og gevinstane av dialog mellom gjerningsperson og offer. Konfliktrådsmekling blir også gjennomført utan at det er eit ledd i ei straffesak. Dette betyr at ein kan mekle også når lovbrytaren er under 15 år (sivil mekling). Regjeringa tilrår at arbeidsmetodane overfor unge lovbrytarar, så langt det er formålstenleg for den enkelte, blir baserte på prinsippa om restorative justice. Konfliktråda er derfor ein viktig deltakar i arbeidet med dei nyleg etablerte "oppfølgingsteama", som skal prøve ut samarbeid om unge lovbrytarar i tre år, også når det ikkje ligg føre ei overføringssak.

Regjeringa legg opp til at personundersøkinga skal vere eit sentralt og gjennomgåande dokument i arbeidet med dei unge, som skal følgje barnet frå etterforskinga blir avslutta, til straffegjennomføringa er gjennomført. Tanken er at personundersøkinga skal vere obligatorisk i saker der unge lovbrytarar under 18 år blir sikta, og at undersøkinga blir eit dokument som følgjer den unge gjennom heile straffegjennomføringa. Personundersøkinga skal vere eit nyttig hjelpemiddel for aktor ved val av påstand, for domstolen som skal seie dom for ein reaksjon, for kriminalomsorga når reaksjonen skal gjennomførast, og for involverte aktørar i samband med lauslating og ettervern. Det er kriminalomsorga som gjennomfører personundersøkinga.

Ein mentor kan vere ei bra og fornuftig ordning for unge straffedømde eller kriminelle. Barnevernet har allereie etter lovverket i dag høve til å setje inn støttekontakt eller mentor for unge under 18 år som eitt av fleire moglege tiltak etter barnevernlova. Det vil bli vurdert ei endring i barnevernlova slik at barnevernet kan påleggjast ei plikt til å oppnemne mentor.

I meldinga drøftar Regjeringa korleis tilboda til barn og ungdom kan betrast med omsyn til straff og andre strafferettslege reaksjonar. I drøftinga tek Regjeringa utgangspunkt i gjeldande lovgiving og institusjonar og legg særleg vekt på progresjon i reaksjonane og straffegjennomføringa.

Bot blir i stor grad brukt som reaksjon overfor unge lovbrytarar. For mange unge vil dette likevel vere ein straffereaksjon som gir liten rehabiliterande effekt. Dersom ein skal halde merksemda på den rehabiliterande målsettinga, bør ein prøve å unngå bøter på reint prosessøkonomisk grunnlag. Ein bør i staden velje andre reaksjonar, som må tilpassast den individuelle situasjonen til ungdommen.

Vilkårsdommar inneber at fridomsstraffa blir utsett i ei prøvetid på det vilkår at den domfelte ikkje gjer seg skuldig i nye straffbare handlingar i denne perioden. Retten kan også her fastsetje særlege vilkår som passar for den enkelte. Nettopp moglegheita til å setje vilkår gir høve til å tilpasse ein rehabiliterande reaksjon til unge lovbrytarar, samtidig som trusselen om å fullbyrde fengselsstraffa verkar som eit ris bak spegelen. Regjeringa vil vurdere å endre straffelova slik at domstolane, i saker der ungdom mellom 15 og 18 år vil bli dømd til fengselsstraff på vilkår, blir pålagde å vurdere om det bør setjast vilkår som er særleg eigna til å ha ein rehabiliterande verknad.

Samfunnsstraff blir brukt som ei fellesnemning på straff som blir gjennomført ute i samfunnet, og som i varierande grad verkar fridomsinnskrenkande. Straffa kan gå ut på samfunnsnyttig teneste, program, individuelle samtalar, behandling, mekling i konfliktråd eller andre tiltak som er eigna til å motverke ny kriminalitet. Samfunnsstraff kan brukast i staden for fengselsstraff. Samfunnsstraffa er spesielt godt eigna for unge lovbrytarar som ofte treng ein rask og merkbar reaksjon der konsekvensane på brot, avvik og ny kriminalitet er tydelege og klare. Regjeringa går inn for at samfunnsstraff som alternativ reaksjonsform skal aukast, og særleg overfor unge lovbrytarar må samfunnsstraffa brukast meir.

Ved alvorlege eller gjentekne brot på vilkår for samfunnsstraff kan kriminalomsorga bringe saka inn for retten med sikte på heil eller delvis fullbyrding av den subsidiære fengselsstraffa. Sidan brotsprosenten er høg blant unge lovbrytarar, vil forholdsvis mange unge risikere å måtte gjennomføre den subsidiære fengselsstraffa. Kriminalomsorga vil då få tre ulike grupper unge som sit i fengsel:

  • – Dei som blir varetektsfengsla eller gjennomfører fengselsstraff på grunn av svært alvorleg kriminalitet

  • – Dei som gjennomfører den subsidiære fengselsstraffa etter brot på samfunnsstraffa

  • – Bøtesonarar

Regjeringa meiner dette er uheldig, og vil derfor vurdere om regelverket ved ny straffbar handling i samband med samfunnsstraff kan praktiserast på ein meir formålstenleg måte. Dette kan mellom anna gjerast ved å la den unge lovbrytaren halde fram med samfunnsstraffa slik at eventuell dom for nye forhold blir avgjord som eiga sak. Dermed kan den unge halde fram med program, individuelle samtalar og andre positive tiltak til samfunnsstraffa er ferdig gjennomført.

Som eit tiltak retta mot barn og unge i alderen 15 til 23 år har Regjeringa vurdert å innføre ein heimel til å gjere om fengsel utan vilkår til samfunnsstraff. Dei andre nordiske landa, med unntak av Finland, har eit system der kriminalomsorga administrativt kan gjere om fengselsstraff utan vilkår til straffegjennomføring utanfor fengsel. I Noreg er det viktig å velje ein modell som er i tråd med norsk rettstradisjon, og som ikkje kjem i konflikt med maktfordelingsprinsippet. Ei administrativ overprøving av domstolane er derfor ikkje vegen å gå. Eit alternativ i Noreg kan vere å endre lova slik at domstolane der dei meiner det er formålstenleg, kan gi kriminalomsorga fullmakt til å gjere om heile eller delar av dommen til samfunnsstraff. Eit anna alternativ kan vere å endre straffelova slik at kriminalomsorga kan bringe saka inn for retten med krav om slik omgjering.

Regjeringa meiner likevel at det er mogleg å oppnå tilnærma same resultat ved å tilpasse straffegjennomføringslova § 16 om straffegjennomføring utanfor fengsel slik at føresegna blir lettare å bruke overfor unge lovbrytarar. Omsynet til å operasjonalisere og justere eksisterande regelverk framfor å foreslå løysingar som føreset omfattande endringar, taler såleis for å velje denne løysinga.

Regjeringa meiner at barn og unge under 18 år ikkje må gjennomføre straff under strengare forhold enn det som er strengt nødvendig. Kriminalomsorga må leggje til rette forholda slik at belastinga på den unge blir minst mogleg. Hovudregelen i dei tilfella der fengsel utan vilkår er nødvendig, skal vere open soning, men slik at fridomsstraffa tidlegast mogleg blir erstatta av andre og mindre inngripande soningsformer.

Etter straffegjennomføringslova kan innsette gjennomføre ei fengselsstraff utan vilkår i institusjon (§ 12) eller utanfor fengsel (§ 16). Dette er gjennomføringsformer som kan vere gode alternativ for å avgrense moglege skadeverknader av eit fengselsopphald, samtidig som den unge får profesjonell hjelp og oppfølging. Regjeringa går derfor inn for ein meir aktiv bruk av overføringar etter straffegjennomføringslova § 12 og § 16. Forskrifta og retningslinjene til § 12 har vilkår som gir rom for skjønn, og som opnar for å dispensere. Derfor meiner Regjeringa det ikkje er behov for lovendring for å auke bruken av overføringar etter denne føresegna.

Straffegjennomføringslova § 16 gir den domfelte høve til å gjennomføre fengselsstraffa utanfor fengsel med særlege vilkår. Behandling og programverksemd kan vere døme på slike vilkår. Rehabiliteringsomsyn og eigeninnsats frå den domfelte er avgjerande for om straffa som ledd i ein systematisk progresjon kan gjennomførast utanfor fengsel. Ordninga gir den unge rikt høve til forskjellige former for hjelp og støtte, gjerne i samarbeid med barnevernet og andre sentrale aktørar. Den domfelte må ha gjennomført halve straffa for å bli overført til straffegjennomføring utanfor fengsel. Vidare må han eller ho ha behov for rehabilitering og ha vist ei særleg positiv utvikling. Lova stiller også krav til fast bustad og sysselsetjing i form av skule eller arbeid. Regjeringa går inn for å endre straffegjennomføringslova § 16 for å gjere ordninga med gjennomføring av straff utanfor fengsel meir tilgjengeleg for unge domfelte. Mellom anna er det viktig med ei opp­mjuking av vilkåra for overføring etter denne føresegna. Regjeringa meiner det bør vere ein lågare terskel for å overføre ungdom til denne typen straffe-gjennomføring enn for andre domfelte.

For mellom anna å sikre pålegget i FN-konvensjonen om å halde unge innsette som er fråtekne fridommen åtskilde frå vaksne, foreslår Regjeringa å opprette eit spesialtilpassa tilbod for fengsels- og varetektsinnsette barn og unge under 18 år i dei seks regionane til kriminalomsorga. Tilboda skal leggjast til rette slik at fridomsrøvinga blir gjennomført på ein måte som tek nok omsyn til den unge alderen til lovbrytaren og behov for individuell tilrettelegging og oppfølging. Det er også viktig med gode mottaksrutinar som er spesielt tilpassa behova til dei unge, og at det blir etablert ansvarsgrupper så raskt som mogleg etter innsetjinga. Meininga med ansvarsgruppene er å leggje til rette for gode og varige tiltak etter lauslatinga. I arbeidet med barn og unge er det særleg viktig å oppnå kontinuitet og samanheng frå innsetjinga til lauslatinga.

Etter straffegjennomføringslova kan den domfelte lauslatast på prøve etter å ha heldt ut halvparten av straffa dersom "særlege grunner tilsier det". Regjeringa går inn for å mjuke opp vilkåra slik at føresegna blir lettare å bruke for barn og unge under 18 år. Prøvelauslatinga er ein integrert del av straffegjennomføringa, og friomsorgskontora har det faglege og administrative ansvaret for perioden med møteplikt i prøvetida. For unge lovbrytarar vil som regel perioden med møteplikt vare frå lauslatinga og fram til soninga er over.

Forpliktande samarbeidsstrukturar mellom kriminalomsorga og kommunale og statlege etatar vil vere eit mål for Regjeringa for å redusere gjengangarproblema. Regjeringa vil derfor innføre ein tilbakeføringsgaranti for tett oppfølging frå ulike etatar ved lauslating. Det skal vere sterk merksemd på å få unge i jobb eller i vidare utdanning og strenge krav til rehabilitering og åtferdsendring.

Svensk kriminalomsorg har gått nye vegar i oppfølgingsarbeidet og i det tverretatlege samarbeidet. Det er utvikla eit samarbeid mellom fengsla, sosiale styresmakter og arbeidsformidlinga, dei såkalla KrAmi-prosjekta. KrAmi byggjer på konsekvenspedagogikk og vender seg i første rekkje mot grupper av kriminelle med høg risiko for tilbakefall. Det er eit strengt opplegg for oppfølging av straffedømde etter soning. Prosjektet har gitt gode resultat både for den enkelte og for samfunnet. Målet er fast jobb og eit liv utan brotsverk. Regjeringa ønskjer å prøve ut eit slikt opplegg for unge lovbrytarar og vil gjennomføre eit pilotprosjekt med utgangspunkt i den svenske modellen.

Regjeringa foreslår videre at det blir prøvd ut ei ordning med oppfølgingsgrupper for å sikre god og tverrfagleg oppfølging etter lauslating frå fengsel. Oppfølgingsgruppa skal setjast i verk før prøvelauslatinga. Gruppa kan bestå av representantar for kriminalom­sorga, barnevernet, rusomsorga, helse- og sosialvesenet, undervisningssektoren, Aetat og pårørande. Bruk av stormøte og møte etter prinsippa for restorative justice som inkluderer offentlege og private støttespelarar, kan med fordel brukast som førebuing til lauslating. Konfliktrådet kan ha ansvaret for å leggje til rette slike møte, men går ikkje inn som medlem av gruppa. Oppfølgingsgruppa gjennomfører arbeidet i to fasar. I første fase vil oppfølgingstemaet vere forankra i kriminalomsorga og bli leidd av representanten for friomsorgskontoret. Når straffetida går ut ved soningsslutt, er rolla til kriminalomsorga i oppfølgingsgruppa over. I neste fase vil Regjeringa foreslå at ansvaret for å føre gruppa vidare blir lagt til kommunen.

Dersom påtalemakt og politi bestemmer seg for å sløyfe påtale, kan det knytast vilkår til avgjersla. Det er svært viktig at desse er målretta og tilpassa den enkelte. Det er viktig at påtalemakt og hjelpeapparat samarbeider for å finne fram til riktige vilkår, der rehabilitering står i sentrum.

Ungdomskontrakt er ein avtale mellom ein ung lovbrytar med samtykke av føresett på den eine sida og politi og kommunale styresmakter på den andre. Forsøket med ungdomskontraktar som alternativ straffereaksjon overfor unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år som enno ikkje hadde komme inn i eit fast kriminalitetsmønster, blei etablert i sju kommunar/politidistrikt i 2001 og avslutta primo 2004. Sluttrapporten konkluderte med at ungdomskontrakt som reaksjonsform burde førast vidare. I handlingsplanen "Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet" har Justisdepartementet ansvaret for innan 2006 å vurdere nødvendige lovendringar for formålstenleg bruk av ungdomskontrakt.

Konfliktråda har til oppgåve å mekle i faktiske forhold som oppstår på grunn av at ein eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap eller ei krenking. Mekling i konfliktråd er eit viktig tiltak for å gi unge lovbrytarar innsikt i og forståing for konsekvensane av handlingane sine. Konfliktrådsmekling kan derfor vere eit formålstenleg alternativ til fengselsstraff for unge lovbrytarar, mellom anna for å bidra til ei betre rehabilitering. Slik konfliktrådsordninga fungerer i dag, er konfliktråd som alternativ reaksjon ikkje eit alternativ til fengselsstraff. Regjeringa går inn for å gjere konflikt­rådsordninga obligatorisk slik at påtalemakta som ein hovudregel skal påleggjast å overføre saker til kon­fliktrådet når gjerningspersonen er under 18 år. Dette betyr likevel ikkje at saka automatisk blir bringa inn til mekling, fordi dette er avhengig av samtykke frå både den fornærma og gjerningspersonen. Regjeringa vil komme tilbake til ei nærare avgrensing når eit lovforslag blir sendt ut på høyring.

5.1.2 Bemanning og kompetanseutvikling

Unge lovbrytarar under 18 år er ei ressurskrevjande gruppe, også med omsyn til bemanning. Oppfølginga av den unge vil i fleire tilfelle krevje meir personell enn andre grupper. Bemanningsnivået vil vere avhengig av den konkrete utforminga og bruken av dei ulike tiltaka. Det må såleis vurderast om det er behov for auka bemanning ved dei einingane eller avdelingane i kriminalomsorga som vil få eit spesielt ansvar for unge lovbrytarar under 18 år. Regjeringa vil komme tilbake til korleis løyvingane skal tilpassast i samband med dei årlege budsjetta.

Som det går fram av meldinga, vil arbeidet med barn og unge omfatte fleire fagdisiplinar med utstrekt tverrfaglegheit, og det vil gjelde på fleire steg i prosessen. I det tverretatlege og tverrfaglege samarbeidet er det derfor ein føresetnad at alle profesjonar som tek del i oppfølginga, kjenner ansvaret, moglegheitene og verkemidla til kvarandre. Eit felles fagspråk og ei felles forståing av barne- og ungdomskriminaliteten er viktige reiskapar i samarbeidet. Regjeringa går inn for å vidareføre handlingsplanen "Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet". Planen inneholder tiltak for å styrkje kompetansen hos samarbeidande profesjonar.

5.1.3 Samarbeid på tvers av etatar

For at ein skal kunne snu ei negativ utvikling mot ein kriminell karriere for den enkelte unge lovbrytaren, må det til eit nært og forpliktande samarbeid mellom til dømes retts- og hjelpeapparatet, nærmiljøet, skulen, føresette og ungdommen sjølv.

Som Barne- og likestillingsdepartementet foreslår, bør det utviklast eit tettare samarbeid mellom rettsvesen og barnevern. Straffelova og barnevernlova bør gjennomgåast med tanke på å få dette til. Det er også viktig å utvikle det vidare samarbeidet mellom barnevernet og kriminalomsorga om oppfølging både før, under og etter straffegjennomføring.

Dei seinare åra har det vore auka merksemd på å samordne innsatsen for å motarbeide barne- og ungdomskriminaliteten, og det har vore uttrykt ønske om å styrkje det tverrfaglege samarbeidet på ulike forvaltingsområde. Gode modellar for forvaltingssamarbeid er under arbeid og vil bli utvikla vidare.

Handlingsplanen "Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet" (2000-2008) inneheld fleire prosjekt der målet nettopp er å prøve ut ulike samarbeidsmodellar for det tverretatlege samarbeidet for å sikre heilskap i oppfølginga av den enkelte unge lovbrytaren. Prosjekta skal prøve ut organisatoriske løysingar for forpliktande lokalt samarbeid, gjeldande regelverk for samarbeid, ansvaret, rollene og samhandlinga til aktørane, dessutan gi eit grunnlag for korleis lovverket fungerer i forhold til dei samarbeidsformene som ein ønskjer. Resultata vil bli evaluerte med tanke på å utvikle ei landsdekkjande ordning og vil også vere nyttige i vurderinga av eventuelle behov for lovregulering.

Straffegjennomføringslova slår fast at kriminalom­sorga gjennom samarbeid med andre offentlege etatar skal leggje til rette for at innsette får dei tenester som lovgivinga gir dei krav på. Det forholdet at den unge er i fengsel, skaper spesielle utfordringar i samarbeidet med andre etatar. Fengselet skal gjennomføre varetekt og straff og leggje til rette for rehabilitering. Det gir føringar for alle andre etatar. Kriminalomsorga har utarbeidd samarbeidsrutinar med andre etatar for å klarleggje ansvarsforholda på sentralt, regionalt og lokalt nivå.

Det er viktig å kartleggje behova til den unge lovbrytaren og lage planar for oppfølging. Etatane har ulike verktøy som er utvikla ut frå deira eigne behov. Strafferettsetatane har særleg nytte av personundersøkingar etter straffeprosesslova i samband med fastsetjing og gjennomføring av straff. Kriminalomsorga har eigne retningslinjer for framtidsplanlegging. Individuell plan er lovfesta i helse- og sosiallovgivinga, mens individuelle opplæringsplanar er heimla i opplæringslova. Regjeringa meiner det er nødvendig med heilskaplege planar som strekkjer seg lenger enn straffegjennomføringstida. Det er viktig at planverket for unge lovbrytarar er heilskapleg og klargjer det ansvaret sektoren har for den unge både før, under og etter straffegjennomføringa.

Regjeringa meiner at personundersøking, individuell plan og etablering av ei mentorordning vil vere sentrale element for å sikre ei individuell og heilskapleg oppfølging av unge lovbrytarar i fengsel. Det er viktig at dei planane for innsette som kriminalomsorga har sjølv, blir samordna med den individuelle planen etter helse- og sosiallovgivinga.

Samarbeid med frivillige organisasjonar er viktig for arbeidet med barn og unge. Desse organisasjonane kan representere ein verdifull impuls i kvardagen til dei unge innsette, både gjennom individuell oppfølging og gjennom aktivitetar for grupper av innsette.

For mange unge innsette er kontakten med foreldre og andre pårørande svært viktig. Styrkt kontakt mellom den unge, dei pårørande og fengselet vil vere av stor verdi for å skape størst mogleg grad av stabilitet og kontinuitet for den unge både under og etter straffegjennomføringa. Regjeringa går inn for å utvikle rutinar for korleis foreldre, politi, barnevern, skule, helsevesen, domstolar og kriminalomsorga skal samarbeide når barn og unge bryt lova.

5.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, meiner arbeidet med unge innsette krev ein heilskapleg innsats og eit forpliktande samarbeid mellom ulike sektorar og forvaltingsnivå både før, under og etter gjennomføringa av varetekt og fengselsstraff. Fleirtalet støtter Regjeringa sitt framlegg om å utvikle rutinar for korleis foreldre, politi, barnevern, skule, helsevesen, domstolar og kriminalomsorga skal samarbeide når barn og unge bryt lova. Personundersøking, individuell plan og etablering av ei mentorordning skal vere sentrale element for å sikre ei individuell og heilskapleg oppfølging av unge lovbrytarar i fengsel.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil understreke at barnevernet ikkje skal ha ein straffande funksjon. Dette fleirtalet meiner vidare at straffereaksjonar som fylgje av lovbrot må vera noko anna enn opphald i barnevernsinstitusjon; som til dømes samfunnsstraff, rusbehandling, ungdomskontraktar og mekling i konfliktråd.

Dette fleirtalet vil påpeike at dersom eit barn oppheld seg i barnevernsinstitusjon når straffereaksjonen gjennomførast, gjeld reglane i barnevernloven i institusjonsopphaldet. Barnevernet er da ansvarleg for tiltaket og utgangspunktet for institusjonsopphaldet er barnet sitt behov for hjelp, og ikkje samfunnet sitt behov for skydd eller gjennomføring av straff. Dette fleirtalet vil difor framheva at formålet med tiltak og institusjonsplassering etter barnevernloven er vesensforskjellig frå formålet med straff. Mens straff først og fremst er grunngjeve i allmennprevensjon og behovet for samfunnsvern, kan tiltak etter barnevernlova berre verta iverksett dersom tiltaket er til barnets beste.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, meiner det er viktig at auka merksemd rettast mot unge kriminelle. Fleirtalet viser til at det ved pågriping og varetektsfengsling i dag av unge under 18 år, bestemmer straffeprosessloven § 184 anna ledd, jf. § 174 at dette bare skal skje der kor det er særleg påkravd. Påtaleinstruksen § 9-2 presiserer at for personar under 16 år bør det veljast andre tiltak enn fengsling når det er tilgang til det, for eksempel mellombels plassering i institusjon under barnevernet. Fleirtalet vil presisere at der det er aktuelt å krevje fengsling av ein person under 18 år, skal kommunens barnevernsteneste underrettast. Barn under 18 år skal som hovudregel ikkje sitte i fengsel.

Fleirtalet viser til at heimel for fengslingssurrogat finnes i straffeprosessloven § 188. Her framgår det at i stadet for fengsling kan retten treffe åtgjerd om plassering i institusjon, for eksempel barnevernsinstitusjon, eller kommunal bustad. Slik plassering kan i dag berre skje dersom institusjonen eller kommunal bustad samtykkjer.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner det må vurderast å endre dette vilkåret slik at Barne-, ungdoms- og familieetaten (BUF-etat) får ei plikt til å stille institusjonsplass til disposisjon dersom vilkåra etter barnevernlova er til stede. Dette fleirtalet har merka seg at det vidare framgår av straffeprosessloven § 69 at sjølv om straffeskyld sjåas bevist, kan påtale unnlatast. Unnlating av påtale kan gjerast betinga av at den sikta tek opphald i heim eller institusjon, for eksempel barnevernsinstitusjon. Vidare kan tiltak etter barnevernlova inngå i ein betinga dom med vilkår. Retten har også høve til å fastsette særvilkår i tråd med tiltak etter barnevernlova sine reglar. Dette fleirtalet vil be om at desse reglane vurderast ut frå at opphaldet i barnevernsinstitusjonen ikkje er straffereaksjonen, og at straffa for den kriminelle handlinga må ligge i for eksempel samfunnsstraff eller ungdomskontraktar.

Dette fleirtalet har merka seg at dagens regelverk opnar for både påtaleunnlating og betinga dom med vilkår der tiltak etter barnevernlova inngår og varetekt og soning i barnevernsinstitusjon. Dette fleirtalet har merka seg, med bakgrunn i merknadene ovanfor, at Regjeringa vil ta initiativ til ein gjennomgang av om desse ordningane tilpassast og brukast for at barn ikkje skal opphalde seg innelåst i fengsel. Målsettinga med ein slik gjennomgang er å identifisere hindringar slik at ordningane i større grad tas i bruk, og at man skil mellom omsorgsbehov og straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar.

Dette fleirtalet vil understreke at FN sin barnekonvensjon gir barn og unge under 18 år et særlig menneskerettsleg vern. Noreg har klare plikter etter Barnekonvensjonen knytt til bruk av fengsel overfor unge under 18 år. Regjeringas syn i stortingsmeldinga er trygt forankra i Barnekonvensjonen.

Komiteens medlemmer fra Høyre er opptatt av at Norge skal oppfylle sine forpliktelser etter FNs barnekonvensjon. Det innebærer at vi må lete etter alternative straffereaksjoner som kan erstatte fengsel, i de tilfeller hvor dette er forsvarlig og hensynet til samfunnets sikkerhet fortsatt blir i ivaretatt. Disse medlemmer mener det er viktig at det er samsvar mellom lovbruddets art og den straffereaksjon som idømmes for at straffen skal ha den tilsiktede effekt. Det bør settes vilkår ved bruk av alternative straffereaksjoner. Brudd på vilkårene må ha klare konsekvenser og kunne medføre soning i fengsel om situasjonen krever det. Disse medlemmer ser at det er behov for et bredere spekter av straffereaksjoner og vil peke på betydningen av at ordningen med ungdomskontrakter, som er blitt positivt evaluert, gjøres tilgjengelig ved at det foretas nødvendige lovmessige tilpasninger.

Disse medlemmer viser til at straffegjennomføringslovens § 12 og § 16 legger til rette for bruk av skjønn og dispensasjon, som innebærer at det kan tas særlige individuelle hensyn når lovbryteren er særlig ung. Disse medlemmer vil understreke betydningen av å ha fokus på rehabilitering for unge lovbrytere. Stabil voksenkontakt gjennom mentor, som er til stede både under og etter gjennomført straff, er i seg selv et viktig tiltak for barn og unge som har opplevd svikt og fravær av voksenkontakt i oppveksten. Systematiske oppfølgingsprogrammer som sikrer den unge støtte, i den krevende restartfasen etter endt soning, vil være en viktig grunnstein i et kriminalitetsfritt liv og et sentralt tiltak for å unngå gjengangerproblemer. Disse medlemmer er kritiske til Regjeringens forslag om mer liberale regler for prøveløslatelse av unge lovbrytere enn for andre innsatte. For barn som mangler grensesetting og har utviklet seg til å bli kriminelle, kan tidlig løslatelse virke mot sin hensikt.

Utvalet sitt mandat

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil særleg vise til at Regjeringa foreslår å setje ned eit utval som skal komme med forslag til å finne andre straffereaksjonar og omsorgstilbod for unge lovbrytarar under 18 år. Utvalet sitt mandat skal ta utgangspunkt i at barnevernet ikkje kan brukast som straffereaksjon, og at hovudoppgåva blir å komme med forslag til straffereaksjonar som kan kombinerast med barnets opphald i barnevernsinstitusjon. Målsettinga er at barn under 18 år ikkje skal setjast i fengsel. Barnevernet bør difor spille ei meir aktiv rolle enn i dag for å følgje opp desse barna. Aktuelle tiltak kan være opphald i barnevernsinstitusjon eller heimebaserte tiltak i regi av barnevernet. Barnevernet vil da ha ei varslingsplikt dersom vilkåra i dommen ikkje vert oppfylt. Dette må imidlertid ikkje forståast slik at barnets foreldre eller fosterforeldre skal ha varslingsplikt eller på annen måte ansvar for straffegjennomføringa. Det understrekast at desse tiltaka skal heimlast i barnevernlova.

Fleirtalet meiner også at på denne bakgrunn må barnevernlova gjennomgåast slik at ein er sikker på at barnevernlova tar høgde for at mindreårige som gjer straffbare handlingar, vert gjeve eit omsorgstilbod som ivaretek desse barnas behov for grensesetting. Det vises her til dei heimlar for tvang som ligg i barnevernlova. Ved denne gjennomgangen skal utgangspunktet framleis vere at tiltak etter barnevernlova berre skal kunne iverksetjast dersom dette er til barnets beste, og at avgjerdsmyndigheita når det gjeld bruk av tvang framleis skal ligge hjå barnevernsmyndigheita.

Fleirtalet vil understreke at det bør utviklast eit tettare samarbeid mellom kriminalomsorga og barnevernet. Straffelova og barnevernlova bør gjennomgåast med tanke på å få dette til. Det er også viktig å vidareutvikle samarbeidet mellom barnevernet og kriminalomsorga om oppfølging både før, under og etter straffegjennomføring. Kva for ansvar barnevernet skal ha for dei få under 18 år som også i framtida må sone i fengsel, skal klargjerast. Utvalet skal i vurderinga av forslag til alternative straffereaksjonar ta omsyn til at svært mange av dei unge lovbrytarane som sit i fengsel per i dag, har utanlandsk bakgrunn, og ta omsyn til dei særskilte behova som denne gruppa kan ha.

Det vil høyre med til mandatet til dette utvalet å vurdere om det kan vera formålstenleg å leggje om i retning av eit mogleg einspora system med ein prosess der ein eller fleire reaksjonar blir fastsette samtidig for unge lovbrytarar under 18 år. Føresetnaden for eit einspora system må imidlertid vera at tiltak etter barnevernlova ikkje skal sjåast som ein straffereaksjon.

Fleirtalet ber om at utvalet som setjast ned vert eit offentleg oppnemnt utval.

Fleirtalet vil særleg understrekje at det ikkje vert føreteke ei lovendring om eit fullstendig pågripelse- og varetektsforbod for lovbrytarar under 16 år før ein finn eit alternativ til pågripelse og varetekt som ivaretek hensynet til samfunnets sikkerhet. Vi vil ikkje lage eit system som gjev eit "vakuum" slik at politiet ikkje kan gripa inn overfor denne gruppa. Fleirtalet legg det same som straffelovkommmisjonens fleirtal til grunn for å finna meir eigna varetektsordningar for barn under 16 år som begår alvorlege kriminelle handlingar, da varetekt ikkje er eit eigna verkemiddel for denne gruppa. Det må etter fleirtalet sitt syn etablerast eigne varetektsliknande tiltak som kan hindre rømning, gjentakelsesfare eller bevisforspillelsesfare.

Fleirtalet vil leggje vekt på at når det gjeld 15-åringar som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, foreslår Regjeringa eit fullstendig forbod mot pågriping og varetektsfengsling. Politiet står likevel ikkje utan verkemiddel ovanfor denne gruppa. Dette fleirtalet visar til Straffelovkommisjonen sitt fleirtal i delutgreiing VII, som på side 467 grunngir utkast til straffeprosesslova § 174 nytt første ledd slik:

"Selv om det ikke har vært mulig å få pålitelig statistisk materiale, er det på det rene at det dreier seg om svært få tilfeller i året. Behovet for fengsling som ledd i kriminalitetsbekjempelse er derfor minimalt. De hensynene som sterkt taler mot bruk av fengsel overfor unge mennesker, bør da være avgjørende. De samme hensynene som begrunner en regel om forbud mot varetektsfengsel, tilsier også at forbudet omfatter pågripelse, som jo ellers kan innebære opphold i arrest eller fengselscelle i opptil et par døgn. Forslaget vil ikke medføre at politiet står helt uten virkemidler overfor denne aldersgruppen. Det vil være adgang til innbringelse etter politiloven § 8, blant annet ved forstyrrelser av den offentlige ro og orden. Og etter politiloven § 13 andre ledd kan politiet gripe inn overfor barn som påtreffes under omstendigheter som klart innebærer en alvorlig risiko for deres helse eller utvikling."

Fleirtalet er positive til signala frå Regjeringa om ein meir aktiv bruk av overføringar etter straffegjennomføringslova § 12 for unge lovbrytarar.

Komiteens medlemmer fra Høyre kan ikke støtte forslaget om et absolutt forbud mot å pågripe og fengsle personer under 16 år, og viser til at både Politidirektoratet og Politiets Fellesforbund har gått imot forslaget. Disse medlemmer mener Regjeringens forslag i praksis er å snikinnføre en ny kriminell lavalder og mener dette vil sende ut helt gale signaler. Disse medlemmer reagerer på Regjeringens argumentasjon om at man vil bryte ned det skarpe skillet som har oppstått ved 15-års alder når man samtidig introduserer en ny 16-årsgrense som vil representere et nytt slikt skille. Disse medlemmer vil understreke at politiets mulighet til å pågripe ved alvorlig kriminalitet som drap mv., må sikres. Dagens kriminelle lavalder må stå fast og være reell. Erfaringer fra politiet viser at kriminelle gjenger grovt utnytter mindreårige, og konsekvensene av forslaget vil være økt press mot disse barna. Dersom det kategorisk ikke skal være mulighet for å varetektsfengsle, vil det i tillegg kunne skape problemer for etterforskningen med hensyn til bevissikring mv. Disse medlemmer vil påpeke at det i utgangspunktet er strenge vilkår for å varetektsfengsle, og at det gjøres bare når det er strengt nødvendig ut fra etterforskningshensyn og samfunnssikkerhet. Politiets mulighet for tydelige grensesetting fra fylte 15 år er viktig i forebyggingsøyemed. Et forbud mot at politiet skal kunne pågripe en 15-åring som begår en kriminell handling, uavhengig av alvorlighetsgrad, vil bety et uakseptabelt fravær av grensesetting fra samfunnets side. Disse medlemmer mener det er svært betenkelig at Regjeringen ikke ønsker at politiet skal kunne pågripe en 15-åring ved en drapshandling.

Disse medlemmer vil gå imot at barnevernet skal ha hovedansvaret for straffegjennomføringen, og mener dette ansvaret fortsatt skal ligge hos kriminalomsorgen som må få i oppgave å tilrettelegge også for individuelle soningsopplegg utenom fengsel og tilpasset den aktuelle aldersgruppen. Disse medlemmer mener Kriminalomsorgen har relevant kompetanse både når det gjelder grensesetting og hensynet til å beskytte samfunnet. Barnevernsfaglig kompetanse må trekkes aktivt inn, og ulike faggrupper må samarbeide mer helhetlig i regi av kriminalomsorgen enn hva tilfellet er i dag. Disse medlemmer vil trekke frem den ressurs frivillige organisasjoner representerer, og mener det offentlige i større utstrekning må anerkjenne og gi disse organisasjonene en plass bl.a. i arbeidet med å bygge et positivt nettverk for unge mennesker under og etter straffegjennomføring. Den viktigste samarbeidspartneren for politiet er imidlertid foreldre og familie for øvrig.

Disse medlemmer er tilfredse med at stortingsmeldingen legger opp til individuelt tilpassede soningsopplegg og mener samfunnet må kunne stille krav til aktiv deltakelse fra den som soner straff. Disse medlemmer mener dette kan oppfylles gjennom bruk av en forsterket institusjon, fengselssurrogat, som samtidig gir mulighet for utdanning og læring under kriminalomsorgens ansvar. Målet må være stabilisering og forberedelse til arbeidslivet slik at man står best mulig rustet til å mestre livet etter soning.

Disse medlemmer viser til at stortingsmeldingen legger opp til obligatorisk konfliktrådsbehandling; at påtalemyndigheten skal overføre visse saker til konfliktrådet før annen påtalemessig relasjon vurderes. Disse medlemmer har stilt spørsmål til departementet om innføring av element av tvang ved bruk av konfliktråd. Disse medlemmer er tilfredse med svaret om at prinsippet om frivillig medvirkning ligger fast og at saker skal sendes tilbake til politiet for ordinær straffesaksbehandling.

Disse medlemmer vil sterkt understreke at konfliktrådsordningen fortsatt må bygge på prinsippet om frivillighet, og mener at det må tas høyde for at mange saker ikke egner seg for konfliktrådsbehandling og at hensynet til fornærmede må vektlegges. Disse medlemmer vil peke på at det i alvorlige voldssaker o.l. ofte vil være en stor belastning for ofrene å møte gjerningsmannen ansikt til ansikt og forhandle med en som har truet dem tidligere. Også i mindre alvorlige saker kan ordningen være belastende. Blant annet for handelsnæringen som jevnlig har saker med gjengangere, som i tillegg kan opptre truende overfor den som stiller, i tillegg til at dette også har en kostnadsmessig side.

Disse medlemmer mener utvidet bruk av personundersøkelse er en viktig forutsetning for godt individuelt tilpassede soningsopplegg.

6. Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Samandrag

I meldinga er det foretatt ein gjennomgang av kostnadene for kriminalomsorga og for barne-, ungdoms- og familieetaten. Det er ikkje mogleg å berekne eksakte kostnader for dei tiltaka som er skissert i meldinga.

7. Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:

Forslag 1

St.meld. nr. 20 (2005-2006) Alternative straffereaksjoner overfor unge lovforbrytarar sendes tilbake til Regjeringen på grunn av mangelfullt forarbeid.

Forslag frå Høgre:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen, for å kunne gi tidligere ungdomskriminelle en ny sjanse, utrede en ordning med sletting av rulleblad i de tilfeller den unge kriminelle ikke har begått alvorlige lovbrudd, eller en lang rekke gjentatte lovbrudd og for eksempel ikke har begått ny kriminalitet i en periode på 5 år etter fylte 18 år. Spørsmålet kan for eksempel inngå i mandatet til utvalget som nedsettes med bakgrunn i forslagene i St.meld. nr. 20 (2005-2006).

8. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 20 (2005-2006) - om alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar - vedlegges protokollen.

Oslo, i justiskomiteen, den 5. desember 2006

Anne Marit Bjørnflaten

leiar

Hilde Magnusson Lydvo

ordførar