1.1.1 Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656) post 21

På statsbudsjettet for 2006 er det løyvd 11,5 mill. kroner til å dekkje transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under NHD si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter.

Dei samla utgiftene for 2006 ventast å bli om lag 24 mill. kroner. Mellom anna er det utbetalt 10 mill. kroner knytta til etablering av ei industriell løysing for BaneTele AS. Løyvinga er elles nytta til å dekkje avgift for deponering av aksjar i børsnoterte selskap i Verdipapirsentralen, og til fagleg bistand knytt til mellom anna Cermaq ASA, Telenor ASA, SAS AB, Statkraft SF, Nammo AS, Raufoss ASA og Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S.

Når ein tek omsyn til dei vel 6,5 mill. kroner som er overført frå 2004, er det behov for ei løyving på 17,5 mill. kroner for 2006. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga på post 21 Spesielle driftsutgifter med 6 mill. kroner, frå 11,5 til 17,5 mill. kroner.

1.1.2 Kap. 953 Kings Bay AS post 95 (ny)

Kings Bay AS eig grunn og mesteparten av bygg og anlegg i Ny-Ålesund på Svalbard. Selskapet sitt føremål er drift og utnytting av eigedommane og anna verksemd som står i samband med dette. Den primære oppgåva er å tilby service- og infrastrukturtenester til norsk og internasjonal naturvitskapleg forsking som blir drive med base i Ny-Ålesund.

Styret har vurdert eigenkapitalsituasjonen i selskapet og meiner at det er behov for å auke aksjekapitalen. med inntil 5 mill. kroner. Etter departementet sitt syn vil ei kapitalutviding i Kings Bay AS i det omfang som styret har foreslått, gi ein meir høveleg kapitalstruktur. På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 5 mill. kroner på post 95 (ny) Aksjekapital, i aksjekapital til Kings Bay AS på statsbudsjettet for 2006.

1.1.3 Kap. 2421 Innovasjon Norge (jf. kap. 5325 og 5625) post 70

For å sikre god samordning mellom Innovasjon Norge sitt internasjonaliseringsarbeid og utanrikstenesta sine om lag 100 stasjonar i utlandet vedtok Stortinget ved handsaming av St.prp. nr. 51 og Innst. S. nr. 283 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv, at "Stortinget samtykker i at den nye enhetens utsendinger i utlandet integreres i utenrikstjenesten og anmeldes som spesialutsendinger". Vedtaket blei ikkje lovfesta i Ot.prp. nr. 14 (2002-2003) Om lov om Innovasjon Norge.

Det har vist seg vanskeleg å gjennomføre den administrative integrasjonen av Innovasjon Norge i utan­rikstenesta. Noreg sine traktatplikter er til hinder for at utanriksstasjonane kan engasjere seg i aktivitetar som kan reknast som næringsverksemd.

På stader der Innovasjon Norge si reiselivsverksemd er av eit slikt omfang at det løyser ut plikt til meirverdiavgiftsregistrering til styresmaktene i vertslandet, vil Innovasjon Norge måtte ha eigne kontor. På dei andre stadene vil Innovasjon Norge sine medarbeidarar vere meldt til styresmaktene i vertslandet ved gjeldande utanriksstasjon om vertslandet godtek det. Dei utsende medarbeidarane vil då vere andre utsendingar og ikkje spesialutsendingar. Innovasjon Norge vil ha arbeidsgjevaransvaret for medarbeidarane i utlandet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer med dette framlegg om å oppheve vedtaket som Stortinget fatta ved handsaminga av St.prp. nr. 51 og Innst. S. nr. 283 (2002-2003) om at utsendingar i utlandet skulle integrerast i utanrikstenesta og bli meldt som spesialutsendingar, jf. Forslag til vedtak III. Dette vil ikkje føre til endringar i budsjettet til Innovasjon Norge.

1.1.4 Kap. 3934 (nytt) Internasjonaliseringstiltak (jf. kap. 934) post 70

Investeringsprogrammet i dei baltiske landa (Baltic Investment Programme, BIP) blei skipa av dei nordiske finansministrane i 1992. Målet for programmet var å fremme utviklinga i den private sektoren i dei baltiske landa.

Dei nordiske landa løyvde i alt 41,5 mill. ecu til baltiske investeringsfond som blei forvalta av Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), Den Nordiske Investeringsbanken (NIB) og Nordisk Prosjekteksportfond (NOPEF). Det blei også skipa eit baltisk fond for teknisk samarbeid der dei nordiske landa til saman løyvde 5,75 mill. ecu.

I 1998 vedtok dei nordiske finansministrane at BIP skulle fasast ut frå byrjinga av 1999. Dei frigjorte løyvingane skulle førast tilbake til dei nordiske landa. Nærings- og handelsdepartementet gjer ut frå dette framlegg om å løyve 55,6 mill. kroner på nytt kap. 3934 Internasjonaliseringstiltak post 70 Tilbakeføring av midlar frå det baltiske investeringsprogrammet på statsbudsjettet for 2006.

1.1.5 Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 5609) post 93

Ein viser til handsaminga av St.prp. nr. 74 (2005-2006), jf. Innst. S. nr. 6 (2006-2007) Statens eierskap i BaneTele AS.

Ein føresetnad for avtalene er at BaneTele AS etter kapitalinnskotet frå Bredbåndsalliansen skal betale tilbake eit ansvarleg lån frå staten på 209,5 mill. kroner, i tillegg til om lag 73 mill. kroner i renter frå 11. april 2003 og fram til lånet blir betalt. Avtalen med BaneTele AS ble undertegnet 16. november 2006.

På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å føre tilbakebetalinga av det ansvarlege lånet på 209,5 mill. kroner som inntektsløyving under kap. 3961 ny post 93 Tilbakebetaling av ansvarleg lån, BaneTele AS, på statsbudsjettet for 2006. Rentene blir inntektsført under kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting ny post 82 Renter, BaneTele AS.