9.1 Sammendrag

Av kapittel 9 i meldinga går det fram at alle har ei rolle i å vareta IKT-tryggleiken i samfunnet.

Kompleksiteten i dagens IKT-system og nettverk aukar, både i det private næringsliv og i offentleg forvaltning. Når i tillegg samfunns- og verksemdskritiske system blir kopla mot Internett står vi overfor store tryggleiksutfordringar. Arbeidet med IKT-tryggleik omfattar i denne samanheng vern og utvikling av informasjonssystem og nettverk slik at dei blir robuste og sikre. I tillegg handlar det om å innføre nye tenkje- og handlemåtar ved bruk av informasjonssystem og nettverk og ved utveksling av informasjon. Berre ei tilnærming som tek tilbørleg omsyn til interessene til alle aktørane og til arten av system, nettverk og tilknytte tenester, kan sørgje for effektiv IKT-tryggleik.

Problemstillingar ein arbeider med på dette området, i tillegg til dei generelle personvernutfordringane, er pornografi, valdeleg innhald, mobbing mv. Eit særskilt fokus er retta mot å verne barn og unge mot ulovleg og skadeleg innhald på nett. Tryggleik på nett er nært knytt til digital kompetanse.

Omgrepet IKT-tryggleik byggjer på desse tre basiseigenskapane:

  • – Integritet - at systemet er sikra mot manipulering med systemets funksjon og informasjon.

  • – Tilgjengelegheit - at systemet er sikra mot avbrot i den forventa funksjonen og at systemet har tilgang til nødvendig datainnhald.

  • – Konfidensialitet - at systemets funksjon og datainnhald er sikra mot innsyn.

IKT-tryggleiken er eit naturleg deltema i den samla IKT-politikken. Dette kapitlet, og spesielt avsnitt 9.4, utgjer dessutan Regjeringas svar på den utgreiinga Stortinget har bedt om den 2. mars 2006, under behandling av Riksrevisjonens undersøking om å sikre IT-infrastruktur, jf. Dokument nr. 3:4 (2005-2006) og Innst. S. nr. 85 (2005-2006).

Regjeringas ambisjonar og mål

Regjeringas overordna mål er at den generelle IKT-tryggleiken i samfunnet skal vere god. Samfunnskritisk IKT-infrastruktur skal vere robust og sikker i forhold til dei truslar den blir utsett for. Dei kritiske informasjonssystema skal vere sikra slik at skadeverknadene ved tryggingsbrot ikkje er større enn det ein kan definere som akseptabel risiko.

Det generelle medvitet om risikoar knytte til informasjonssystem og nettverk, om politikk, rutinar, tiltak og prosedyrar for å ta hand om desse risikoane, og om behovet for at dei blir sette i verk, skal aukast. Tidlegare har IKT-tryggleik vore ei oppgåve for spesialistar. Dette er grunnleggjande endra. No har alle ei rolle i å få til IKT-tryggleik i praksis: offentleg sektor, private bedrifter, og dei individuelle brukarane både på jobben og i fritida.

Riksrevisjonens undersøking av myndigheitenes arbeid med å sikre IKT-infrastruktur (Dokument nr. 3:4 (2005-2006)) konkluder med at IKT-tryggleiksarbeidet i Noreg er prega av mange aktørar og uklare ansvarsforhold og at få planlagde tiltak i Nasjonal strategi for informasjonstryggleik er gjennomførte. Riksrevisjonen meiner at det offentleges vern mot IKT-angrep no bør få høgaste prioritet, og at departementa må leggje meir vekt på ei koordinert, heilskapleg styring og oppfølging av arbeidet med IKT-tryggleik.

Rapporten er behandla av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, og komiteen leverte si innstilling 7. februar 2006. Stortinget behandla innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen (Innst. S. nr. 85 (2005-2006) 2. mars 2006. Komiteen har i sine merknader konstatert at det framleis manglar grunnleggjande avklaringar når det gjeld ansvarsfordelinga for koordinering og tverrgåande tilsynsoppgåver innan IKT-tryggleik.

Regjeringa har gjennomgått ansvarsforholda rundt IKT-tryggleiken.

På same måte som for anna arbeid med tryggleik og beredskap, tek alt IKT-tryggleiksarbeidet utgangspunkt i tre berande prinsipp:

  • – Ansvarsprinsippet: Den som har eit ansvar i ein normal situasjon, har også ansvar ved ekstraordinære hendingar.

  • – Likskapsprinsippet: Den organisasjon ein har til dagleg, skal vere mest mogleg lik den ein har under kriser.

  • – Nærleiksprinsippet: Kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Primæransvaret for sikring av informasjonssystem og nettverk ligg hos eigar eller operatør, dernest har kvart fagdepartement eit overordna sektoransvar. Fornyings- og administrasjonsdepartementets samordningsansvar for IKT-tryggleik skal berre gjelde førebyggjande, tverrsektorielt arbeid. I tråd med dette har Regjeringa i budsjettframlegget for 2007 føreslått å overføre budsjettansvaret for NorCERT (Norwegian Computer Emergency Response Team) frå FAD til Forsvarsdepartementet. FAD har ansvaret for Norsk Senter for Informasjonssikring, NORSIS, som arbeider førebyggjande.

Mål og strategi for å styrkje IKT-tryggleiken

For å sikre den norske informasjonsinfrastrukturen er det nødvendig å:

  • – Sørgje for god vern av informasjonsinfrastrukturen gjennom førebyggjande tiltak. Tiltaka som blir sette i verk vil vere av teknisk så vel som av administrativ karakter.

  • – Kunne svare effektivt på IKT-tryggleikshendingar gjennom beredskapstiltak. Tiltaka som blir sette i verk vil vere av teknisk så vel som av administrativ karakter.

  • – Sørgje for berekraft i tryggleiksarbeidet gjennom bl.a. kompetanseutvikling og standardisering.

Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik (KIS) har sett i gang eit arbeid med å revidere Nasjonal strategi for informasjonstryggleik.

Informasjonstryggleik er ei tverrsektoriell utfordring. Regjeringa vil vise til at det er viktig å vise fleksibilitet i utnyttinga av samfunnet sine samla ressursar på dette området. Det må i større grad enn i dag vere vilje til å setje inn ressursane der behovet til kvar tid er størst, og på dei område og tiltak som gir størst effekt for IKT-tryggleiken. For å oppnå kostnadseffektive tiltak knytt til sikring av IKT-infrastruktur er det viktig å innrette planlegging og finansiering fleksibelt slik at tiltaka som skal setjast i verk i størst mogleg grad blir koordinert og integrerte med anna planlagd utbygging av infrastruktur.

Stortinget vil bli orientert om hovudpunkta i den reviderte informasjonstryggleiksstrategien i samband med budsjettproposisjonen for 2008.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen er bekymret over manglende sikkerhet knyttet til IKT og infrastruktur, og er kjent med Riksrevisjonens rapport som har evaluert forhold knyttet til informasjonssikkerhet.

Komiteen er kjent med at Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) 13. mars 2007 sendte ut på høring et forslag til strategi for bruk av eID og e-signatur i offentlig sektor. Samtidig ble det fra Justis­departementet sendt et forslag om nasjonalt ID-kort på høring, som det foreslås at også utstyres med elektronisk ID. Forslaget fra FAD innebærer at det skal utvik­les et felles rammeverk for autentisering for offentlig sektor. Dette medfører at den enkelte innbygger kan bruke samme eID mot alle offentlige virksomheter.

Komiteen vil trekke fram personvernutfordringer knyttet til Internett med pornografi, voldelig innhold, mobbing, spredning av personlig informasjon osv. Det er særlig viktig å ha fokus på barn og unges rettigheter og krav på beskyttelse. Trygghet på nett er nært knyttet til digital kompetanse. Komiteen støtter Regjeringens satsing på økt IKT-kompetanse blant barn og unge, inkludert styrking av digital dømmekraft og nettvett.

Komiteen viser til gjennomgangen av Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med å sikre IKT-infrastruktur. Her konkluderes det med at IKT-sikkerheten er preget av mange aktører og uklare ansvarsforhold og at planlagte tiltak ikke blir gjennomført.

Komiteen er tilfreds med Regjeringens oppfølging av Riksrevisjonens undersøkelse. Koordineringsutvalget for forebyggende informasjonssikkerhet har satt i gang et arbeid med å revidere Nasjonal strategi for informasjonssikkerhet. På grunn av sterk dynamikk på området er den gjeldende strategien utdatert når det gjelder faglig innhold og tiltak.

Komiteen viser til at Regjeringen i sin reviderte strategi for informasjonssikkerhet trolig vil vektlegge noen tiltaksområder sterkere framover. Det gjelder ­spesielt behovet for å verne samfunnskritisk IKT-infrastruktur, å fremme en trygghetskultur i forhold til in­formasjonssystemer og nettverk, samt styrke den norske forskningskompetansen innenfor IKT-sikkerhet. Komiteen støtter disse vurderingene.

Komiteen ser fram til at Regjeringen orienterer om den reviderte strategien for informasjonssikkerhet i budsjettproposisjonen for 2008.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre ønsker årlige tilbakemeldinger til Stortinget på statusen i arbeidet med IKT-sikkerhet og sårbarhet. Disse medlemmer vil understreke at mye, som med relativt beskjedne midler, kan gjøres på den enkelte arbeidsplass og i det enkelte hjem i forhold til IKT-sikkerhet. Disse medlemmer er derfor opptatt av at det offentlige i samarbeid med arbeidslivets organisasjoner, driver holdningsskapende arbeid. I sum er denne innsatsen svært viktig.