6. Verksemda til Det inter­nasjonale valutafondet (IMF)

6.1 Samandrag

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 185 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. Samarbeidet med FN skjer i første rekkje gjennom Det økonomiske og sosiale rådet i FN (ECOSOC). IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale pengesystemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: førebygge kriser ved å overvake økonomien i medlemslanda, låne til land med betalingsbalanseproblem eller i krisesituasjonar, og å gi teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å nedkjempe fattigdom. Det er i kapittel 6 i meldinga gjort rede for organiseringa av oppgåvene og styresettet til samt evalueringa av IMF, i tillegg til særskilte forhold som gjeld Noreg.

6.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner det er nødvendig at alle delar av politikken overfor fattige land heng saman. Flertallet ber derfor Regjeringa vurdere på kva måte Stortinget best kan bli invitert til å diskutere IMFs politikk overfor utviklingslanda i samanheng med bistandspolitikken og andre politikkområde som til saman utgjer den heilskaplege utviklingspolitikken.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til formuleringar i Soria Moria-erklæringa om kondisjonalitet der det heiter: "Norsk bistand skal ikke gå til programmer som stiller krav om liberalisering og privatisering". Fleirtalet viser vidare til kondisjonalitetskonferansen som Regjeringa heldt i november 2006 og framlegginga av den regjeringsfinansierte Bull-rapporten. Fleirtalet ber Regjeringa vurdere korleis arbeidet med å forhindre IMFs bruk av kondisjonalitet for tvangsprivatisering og liberalisering best kan styrkjast.

Fleirtalet viser til kritikken av PRGF-låneordninga frå "Independent Evaluation Office of the IMF" i rapporten av 12. mars 2007 om IMFs verksemd i land sør for Sahara. I tillegg peiker Melan-rapporten av februar i år, om samarbeidet mellom IMF og Verdsbanken, på at IMF i PRGF-ordninga går ut over kjerneaktiviteten til institusjonen og overlappar ansvarsområdet til Verdsbanken. Rapporten tilrår derfor at IMF gradvis trekkjer seg ut av langsiktig utviklingsfinansiering og overlet dette til Verdsbanken, noko som vil gi IMF høve til å konsentrere innsatsen på område der institusjonen har sine relative fortrinn, som teknisk assistanse og makroøkonomisk overvaking og rådgiving. Fleirtalet meiner Regjeringa bør vurdere å arbeide for at IMF gradvis avsluttar sitt direkte engasjement i langsiktig finansiering av utviklingsprogram som PRGF-ordninga og overlet denne aktiviteten til Verdsbanken.

Fleirtalet meiner det er viktig at IMF har eit breitt tilfang av kunnskap og erfaring for kva som skaper sysselsetjing, vekst og utvikling i ulike økonomiar. Fleirtalet legg vekt på at ei slik brei tilnærming bør vere basis for det arbeidet som IMF gjer i utlånspolitikken og i si økonomiske og politiske rådgiving overfor dei enkelte medlemslanda. Den nordisk-baltiske gruppa har ein særleg sjanse til å yte bidrag basert på den nordiske samfunnsmodellen. Fleirtalet vil elles understreke kor viktig det er at dei fattigaste landa får styrkt sine eigne økonomifaglege ressursar slik at dei blir betre i stand til sjølve å vurdere ulike politikkval.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at kapitalisme og det frie marked er utvilsomt det redskap som har løftet flest mennesker ut av fattigdommen. Kina, Indonesia, Malaysia, Japan, Sør-Korea, Vietnam, Brasil, Argentina og Tyrkia er gode eksempler på dette.

Disse medlemmer deler derfor ikke flertallets frykt for IMFs krav overfor utviklingsland om liberalisering og privatisering, når vi vet at dette vil være avgjørende for en rekke utviklingsland for å komme ut av den situasjonen de befinner seg i.

Disse medlemmer mener at man kan stille spørsmål ved deler av IMFs virksomhet, spesielt knyttet opp til om de økonomiske ordningene sett under ett faktisk hjelper land ut av fattigdom. I tillegg bør man ha et kritisk blikk på organisasjonen og kostnadene knyttet til byråkrati og administrasjon av IMF og de økonomiske ordningene.