3. Konkurransen i bankmarknaden

3.1 Samandrag

Bankmarknadene både i Noreg og internasjonalt har over lengre tid vore gjennom store strukturelle endringar. Dereguleringa i Noreg på 80-talet opna for vesentleg auka konkurranse på nasjonalt plan. Etter at EØS-avtalen tok til å gjelde 1. januar 1994, blei det opna for at bankar frå EØS-land fritt kunne opprette filial hos kvarandre. Endringane i internasjonale kapitalkravsreglar, endringar i rekneskapsreglar i retning av marknadsverdiprinsipp for alle balansepostar og EUs handlingsplan for å realisere EUs indre marknad er spesielt viktige for utviklinga framover.

Ei viktig drivkraft for endringar i bankmarknadene er utviklinga av ny teknologi innanfor databehandling og kommunikasjon. Utnytting av denne nye teknologien til å utvikle nye tenester og produkt er alt blitt svært viktig for bankane. Ein reknar med at dei større og meir avanserte bankane har visse skalafordelar ved dei nødvendige investeringane i teknologi. Samtidig kan teknologiutviklinga gjere det mogleg med vekst og nyetablering på bakgrunn av felles teknologiske løysingar. Noreg er eit av dei leiande landa når det gjeld å ta i bruk moderne teknologi innanfor betalings- og informasjonsformidling, og vi er i verdstoppen innanfor kortbruk, nettbank og eFaktura. BankAxept-systemet i Noreg er ein viktig infrastruktur for debetkort, som har ført til at kort blir brukt i stor grad ved kjøp av varer og tenester.

Demografiske endringar i den vestlege delen av verda, som inneber at befolkninga i gjennomsnitt blir eldre, er ein viktig endringsfaktor for heile finanssektoren. Usikkerheit knytt til offentlege pensjonsordningar, auka velstand og auka kunnskapsnivå om alternative spareordningar fører til at hushalda i stadig større grad ønskjer ulike spareprodukt. Bankane tilbyr òg spareprodukt som pensjonssparing og sparing med børsavkastning. Trass i dei nye spareprodukta og høg innskotsvekst over fleire år er det grunn til å rekne med at ein stor del av sparemidlane knytte til såkalla langsiktig finansiell sparing vil bli kanaliserte til spareprodukt som blir forvalta av verdipapirfond, livsforsikringsselskap og pensjonskasser.

Den raske veksten av institusjonelle investorar, som er betydelege tilbydarar av kapital til banksektoren og andre næringssektorar, er i ferd med å endre eigarstrukturen i svært mange børsnoterte selskap. Investorane stiller krav som igjen påverkar strukturen og konkurransen i marknaden.

Framstillinga i kapittel 3 i meldinga byggjer til dels på ein rapport Kredittilsynet har laga på oppdrag frå Finansdepartementet, og som blir offentleg tilgjengeleg samstundes som kredittmeldinga. Rapporten frå tilsynet belyser blant anna faktiske og forventa strukturendringar i banknæringa nærare, og korleis ein meiner dei blir påverka av nasjonale og internasjonale regelverksendringar. Når det gjeld strukturen i dagens finansmarknad, viser departementet også til kapittel 2 om finansiell stabilitet.

Det norske bankmarknaden er nokså konsentrert, målt ved marknadsdelen til dei fem største bankane. Men eit slikt konsentrasjonstal fangar ikkje opp det faktum at svært mange bankar er aktive i den norske marknaden. Den norske bankmarknaden skil seg uansett ikkje spesielt ut i europeisk samanheng, om ein ser på dominansen til dei største aktørane. Det har vore store strukturelle endringar i den norske bankmarkaden dei seinare åra. Nokre bankar er blitt kjøpt opp av utanlandske aktørar. Andre har slått seg saman, og mange mindre bankar søkjer fordelar gjennom samhandling. Nye bankar har kome til, noko som tyder på låge hindre for etablering. Ny teknologi har minska behovet for nærleik til kundane, minske bankane sine kostnader, og gjort det enklare for kundane å halde seg orienterte om prisar og vilkår. Det er òg ein trend at kundar byter bank noko oftare enn før.

Regjeringa vurderer samla sett konkurransesituasjonen i den norske bankmarknaden som rimeleg tilfredsstillande.

Regjeringa vil likevel følgje opp ein del særlege problemstillingar framover. Dette gjeld blant anna kundemobilitet. Viktige stikkord her er god transparens og låge bytekostnader. Vidare vil ein sjå på reglane for produktpakker (og fordelsprogram), som nemnt ovanfor.

Marknaden for internasjonale betalingskort har vekt større interesse internasjonalt i seinare tid, og vil bli vurdert nærare også her i Noreg. Saka er som nemnt lagd fram for Konkurransetilsynet.

Ein viser til kapittel 3 i meldinga for nærare omtale.

3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.