2.1 Logistikkprosjektet i LOS-programmet i Forsvaret (kap. 1760)

2.1.1 Innleiing

LOS-programmet i Forsvaret inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltningssystem (FIF) i Forsvaret. Det første større leveranseprosjektet vart innført i 2003, og gav Forsvaret eit nytt system for eksternrekneskap. Det andre større prosjektet er Økonomiprosjektet, som vart godkjent ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 87 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 20 (2006–2007). Økonomiprosjektet planlegg å levere ei løysing i 2008 som vil gi Forsvaret eit felles system for økonomisk internrekneskap, styring og leiing, og materiellrekneskap. Slik det vart informert om i St.prp. nr. 20 (2006–2007), står det att eit prosjekt for å få realisert felles løysingar på heile logistikkområdet. Dette prosjektet har fått namnet Logistikkprosjektet.

2.1.2 Føremål med prosjektet

Logistikkprosjektet skal gi Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning.

Prosjektet skal òg bidra til vesentlege innsparingar, som i perioden 2011–2013 er rekna ut til å kunne utgjere 240 mill. kroner. Frå 2014 er innsparinga vurdert til å kunne kome opp i ein storleik på 165 mill. kroner årleg. I tillegg kjem store kvalitative føremonar i form av til dømes eit felles integrert system som kan gje korrekt og raskt tilgjengeleg informasjon.

2.1.3 Alternative løysingar

Før godkjenninga av Økonomiprosjektet vurderte ein den vidare innrettinga av LOS-programmet (då Program Golf). Resultatet var at det vart vedteke å gå vidare med den opphavlege strategien, dvs. å basere løysinga på IT-systemet SAP. Regjeringa informerte Stortinget om dette valet i St.meld. nr. 10 (2005–2006).

2.1.4 Ekstern kvalitetssikring og risikoreduserande tiltak

Prosjektet har vore gjennom ekstern kvalitetssikring i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner. Kvalitetssikrars tilråding er i vesentleg grad innarbeidd i prosjektsdokumentasjonen.

2.1.5 Kostnader

Investeringsramma (post 45) for prosjektet er 515 mill. kroner inkludert ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 1) for prosjektet er venta å bli 176 mill. kroner. Kostnadsramma er i tråd med tilrådinga frå den eksterne kvalitetssikraren.

2.2 Deltaking i eit multinasjonalt program for strategisk lufttransportkapasitet

2.2.1 Bakgrunn

Forsvarsdepartementet har i analysen av behova i "konseptuell løysing" for lufttransportkapasitet, konkludert med at Forsvaret har behov for både taktisk og strategisk lufttransportkapasitet, jf. St.prp. nr. 78 (2006–2007). Den taktiske delen av denne kapasiteten skal vere under nasjonal eige og kontroll, medan den strategiske delen gjerne kan vere ein del av fleirnasjonale løysingar, der fleire nasjonar samarbeider om både nyskaffingsprosjekt og drift og operasjon.

Enkelt kan ein seie at strategiske lufttransportoperasjonar er langtransport av større mengder materiell (i volum og storleik). Her nyttast større fly (som til dømes C-17 og Antonov-124). Taktiske lufttransportoperasjonar skjer ofte inne i operasjonsområdet, i større grad under lufttrugsmål enn strategiske lufttransportoperasjonar.

Noreg har så langt kjøpt flytimar med ulike flytypar frå kommersielle aktørar for å dekkje behovet for strategisk transportflykapasitet for materiell og ammunisjon. Utfordringa i dag er transport av tungt utstyr inn og ut av Afghanistan. NATO og ISAF har i dag for liten eigenkapasitet til å bøte på denne utfordringa. SAC-initiativet er meint å kompensere for dette samstundes som flyet vil ha sjølvvergeutstyr som gjer det meir robust mot ein eventuell auka lufttrugsel i Afghanistan.

2.2.2 Strategtic Airlift Capability-programmet

I november 2006 underteikna Noreg ei intensjonserklæring om deltaking i eit multinasjonalt program for strategisk transportflykapasitet gjennom nyskaffing av tre til fire Boeing C-17 transportfly, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008). Programmet er kalla "Strategic Airlift Capability (SAC) Program" der 15Bulgaria, Tsjekkia, Estland, Finland, Ungarn, Italia, Latvia, Litauen, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Slovenia, Sverige og USA.) nasjonar i dag tek del. Av dei er 13 NATO-land samt to PfP-nasjonar (Finland og Sverige). Føremålet med programmet er å sikre god tilgang på strategisk transportflykapasitet for deltakarnasjonane gjennom å nyskaffe og operere tre "Boeing C-17 Globemaster III" strategiske transportfly.

Dei 15 nasjonane har forhandla ein avtale, "Strategic Airlift Capability Memorandum of Understanding (SAC MoU)", som på overordna nivå regulerer rettane og pliktene for nasjonane i samarbeidet. Ved å underteikne SAC MoU-en pliktar Noreg seg økonomisk til programmet.

Flya vil bli skaffa fram gjennom ein avtale mellom deltakarnasjonane, representert ved "NATO Airlift Management Organisation" og amerikanske styresmakter ("Foreign Military Sales"-avtale). Flya vil bli leverte i perioden 2008-2009. Planen er å ha ein avgrensa operativ kapasitet i oktober 2009 og full operativ kapasitet våren 2011. Kjøpet omfattar i tillegg mellom anna vedlikehald og reservedelar, og oppretting av ein heimebase for flya ved Papa flystasjon i Ungarn.

C-17 er betre eigna til å nytte korte rullebanar og kan operere under vanskelege klimatiske høve i fleire område enn flya vi har tilgang til på spot-marknaden. Norsk deltaking i dette programmet vil sikre ein viktig kapasitet som skal ta hand om oppdrag som ikkje kan utførast av C-130J.

Regjeringa har vurdert ulike alternativ, mellom anna framleis å kjøpe tenester, kjøp av ein eigen nasjonal kapasitet og deltaking i SAC-programmet. Regjeringa har funne at deltaking i SAC-programmet er den beste løysinga både av økonomiske og operative grunnar.

2.2.3 Kostnader

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet på kapittel 1760 post 45 er 728 mill. kronerDette er basert på informasjon om "Cost Ceiling" gitt i SAC MOU Annex B Financial Matters. Ei dollarkurs på 5,17 kroner ligg til grunn for utrekningaene.). Årlege kostnader til drift og vedlikehald vil vere om lag 100 mill. kroner, og vil bli dekte over driftsbudsjettet til ForsvaretDette er kostnader til norsk bemanning av stillingar i organisasjonen, drift av NATO Airlift Management Agency (NAMA) og variable drifatskostnader (reservedelar, mv.).).

Prosjektet har vore gjennom ekstern kvalitetssikring i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner. Det vil i den vidare prosessen bli tatt omsyn til resultata frå kvalitetssikringa.