4.1 Auka rekruttering av kvinner til Forsvaret (kap. 1710)

Regjeringa har fokus på å auke talet på kvinner i Forsvaret, og har sett i verk tiltak for å auke rekrutteringa, jf. Innst. S. nr. 31 (2007–2008) og St.meld. nr. 36 (2006–2007). Det er difor venta at kvinneandelen i Forsvaret vil auke i åra som kjem.

I tråd med Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 234 (2003–2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004), er ordninga med å kalle inn kvinner til frivillig sesjon innført. Hausten 2006 vart dei fyrste innkallingane sendt ut til årskullet som er fødd i 1989. Det er venta at denne ordninga vil føre til ein auke i talet på kvinner som gjennomfører førstegangsteneste frå og med hausten 2008. Ettersom førstegangsteneste i all hovudsak er hovudportalen inn til utdanning i Forsvaret, er det forventa ein auke i talet på kvinnelege befalsskuleelevar frå og med hausten 2009.

For ytterlegare å styrke rekrutteringa, går Regjeringa inn for å innføre pliktig sesjon for kvinner, jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008).

Som følgje av at talet på kvinner i Forsvaret venteleg vil auke, er det behov for å tilpasse bygningsmassen. Ved oppføring eller oppgradering av eigedommar, bygg og anlegg skal det takast omsyn til at begge kjønn vil vere brukarar.

4.2 Utfasing av C-130H Hercules transportfly (kapittel 1760)

Luftforsvaret vart i 1969 tilført seks C-130H Hercules middelstunge, taktiske transportfly. Desse flya har i lang tid hatt ein operativ status som ikkje har vore tilfredsstillande, og har medført store driftskostnadar.

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 287 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 78 (2006–2007), at fire nye transportfly av typen C-130J vert kjøpt. Det første flyet vil bli levert i 2008, og dei tre neste i 2009 og 2010. Desse flya vil erstatta dei gamle C-130H, og vil gje Noreg ein tilfredsstillande taktisk transportflykapasitet.

Det militære transportflymiljøet i Noreg er så vidt avgrensa at det å operere to flytypar parallelt vil vere lite føremålstenleg både frå teknisk, økonomisk og operativ synsstad. Å operere to ulike flytypar vil også seinka innføringa av dei nye C-130J, og gjere at dei først vert operative på eit seinare tidspunkt enn ønskjeleg. For at Noreg raskast mogleg igjen skal få ein operativ taktisk transportflykapasitet, er det difor naudsynt å fokusere ressursane på innføring av dei nye transportflya.

Forsvarsdepartementet planlegg difor å fase ut dei gamle transportflya av typen C-130H frå 1. juli 2008, jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008).

4.3 Kjøp av pansra kjøretøy til bruk i operasjonar i utlandet (kapittel 1760)

Regjeringa er svært oppteken av tryggleiken til norske soldatar og offiserar som gjer teneste i operasjonar i utlandet. Det er ei prioritert oppgåve å sørgje for at personellet vert utsett for minst mogleg risiko under gjennomføringa av oppdraga sine.

Vinteren 2006/2007 vart det gjennomført ei forsert nyskaffing av 25 IVECO pansra patruljekjøretøy for å betre tryggleiken til styrkane våre i Afghanistan på den raskaste måten. Desse kjøretøya vart fordelt til hurtigreaksjonsstyrken vår i Mazar-e-Sharif, og til utdanningsavdelinga i Østerdalen garnison. Dette er det patruljekjøretøyet Hæren i framtida er føresett å få tilført ei større mengde av, men denne forserte nyskaffinga omfatta berre den mengde som då kunne gjerast tilgjengeleg for Noreg. Målet med kjøpet var å få raskt på plass eit kjøretøy som kan dekkje behovet for pansring, og dermed bidra til betre vern av personellet. Sjølv om det har oppstått nokre utfordringar knytte til bruken under dei særs vanskelege forholda i Afghanistan, har vi lukkast med målet om å få på plass pansra kjøretøy slik målet var. Både leverandøren og Forsvarets logistikkorganisasjon arbeider kontinuerlig med tiltak for å løyse utfordringane.

Andre land som har kjøpt pansra kjøretøy har òg opplevd at tilhøva i Afghanistan er krevjande. Difor har dei fleste typane kjøretøy som ulike land har kjøpt, møtt utfordringar i Afghanistan.

Forsvarsdepartementet godkjende medio 2007 eit prosjekt for ei ordinær nyskaffing av inntil 110 pansra kjøretøy av same type som den forserte nyskaffinga omfattar. Då leveringstida for desse er lang, vart det i desember 2007 gjort endå ei forsert nyskaffing av 35 IVECO pansra kjøretøy. Desse 35 kjøretøya vert leverte fram mot sommaren 2008.

I samband med den forserte nyskaffinga av 25 kjøretøy vart det etablert ein avtale om gjenkjøp med leverandøren IVECO. Avtalen inkluderer ei auka forplikting ved ytterlegare kjøp.

4.4 Nye kampfly (kapittel 1760)

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 342 (2000–2001), jf. St.prp. nr. 45 (2000-2001), at det vart gjort førebuingar til ei framskaffing av nye kampfly.

Regjeringa har lagt til rette for ein reell konkurranse i kampflyprosessen, jf. St. prp. nr 1 (2007–2008). Difor er den etablerte dialogen med alle dei tre aktuelle kandidatane for nye kampfly utvida og styrkt. Dette gjeld både i høve til Eurofighter, JAS Gripen og Joint Strike Fighter (JSF). Tidlegare er det inngått ein samarbeidsavtale med den amerikanske leverandøren Lockheed Martin for JSF, og samarbeidsavtalar med Eurofighter GmbH for Eurofighter og med JAS Gripen International vart underteikna våren 2007. Desse avtalane skulle mellom anna gje norsk industri høve til å delta i utviklinga av flya.

Regjeringa godkjende den konseptuelle løysinga for vår framtidige kampflykapasitet i desember 2006. Basert på dette har Forsvarsdepartementet starta opp prosessen for å utarbeide eit sentralt vedtaksdokument, kalla framskaffingsløysing.

Det vart i januar 2008 sendt ut ein førespurnad om bindande informasjon til dei tre potensielle leverandørane av kampflya. I denne førespurnaden var fokus innretta på å få tilstrekkeleg og konkret informasjon som vil gjere det mogleg å rangere kandidatane. Dette omfattar mellom anna opplysningar om nyskaffingspris og levetidskostnadar, samt planar for industrisamarbeid. Svarfristen for denne førespurnaden var 28. april 2008, og sidan Eurofighter GmbH ikkje leverte svar, er Eurofighter ikkje lenger ein kandidat som mogleg framtidig kampfly for Noreg.

Forsvarsdepartementet er oppteken av å finne det optimale tidspunktet for utfasing av dagens F-16-fly og innfasing av nye kampfly. Det vert vist til omtale av kampflyprosjektet i St.prp. nr. 48 (2007–2008).