Sammendrag

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2008.

Departementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 130,3 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 43,5 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 250 mill. kroner. Samla foreslår departementet at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med i overkant av 163 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 8,7 mill. kroner.