Heimel: Fastsett ved kgl.res. 17. oktober 2008 med
heimel i lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i
offentleg verksemd (offentleglova) § 2 andre og fjerde ledd, § 8
andre og tredje ledd, § 10 andre og tredje ledd, § 14 tredje ledd,
§ 27, § 29 andre ledd, § 30 fyrste ledd, § 32 fyrste ledd og lov
10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
§ 18a andre ledd. Fremja av Justis- og politidepartementet.
Offentleglova gjeld ikkje for desse rettssubjekta:
Offentleglova gjeld heller ikkje for:
a) sjølvstendige
rettssubjekt utan fast tilsette i administrativ stilling
b) sjølvstendige rettssubjekt som utelukkande har
til oppgåve å vareta medlemmene sine interesser som arbeidsgivar
eller liknande (interesseorganisasjonar).
Offentleglova gjeld ikkje for desse dokumenta hos
sjølvstendige rettssubjekt:
a) dokument
som gjeld kunstnarleg og fagleg programmering og planlegging av
repertoar i kulturinstitusjonar
b) dokument knytte til formuesforvaltning
hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremål
c) dokument hos arbeidsmarknadsføretak
godkjent av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som gjeld enkeltpersonar
som får bistand frå føretaket
d) dokument knytte til sak om kommersiell
utnytting av forskingsresultat og sak om bidrags- eller oppdragsforsking
i rettssubjekt innanfor universitets- og høgskulesektoren
e) dokument i sak om søknad om finansiering
hos Enova SF
f) dokument knytte til forvaltning av statens
interesser i CO2-handteringsprosjekt
hos Gassnova SF
g) dokument i sak om søknad om finansiering hos
Innovasjon Noreg, med unntak for positive avgjerder, og dokument
knytte til Innovasjon Noregs eksportfremmande verksemd og rådgivingsverksemd
overfor idéskaparar og oppfinnarar
h) dokument i sak om utferding av garantiar
hos Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK)
i) dokument i saker om finansiering og
investering hos Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland
(NORFUND)
j) dokument hos NRK AS som er knytte til
redaksjons- og programverksemda i selskapet
k) dokument hos Statnett SF som kan påverke prisane
på kraftmarknaden, inntil opplysningane som går fram av dokumenta
er offentleggjorde gjennom formelle kanalar, og dokument hos Statnett
SF knytte til internasjonale samarbeidsforhold og kommersielle prosjekt
som Statnett SF tek del i
l) dokument i sak om registrering av domenenamn
hos UNINETT Norid AS
m) korrespondanse mellom NSB AS og dotterselskap
av dette selskapet, samt mellom NSB AS og kundar av selskapet.
Bokstavane e, i og l gjeld ikkje for positive avgjerder.
Paragrafen her gjeld ikkje i saker der eit sjølvstendig
rettssubjekt gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Føresegnene
i offentleglova § 6, § 7 andre ledd, § 8 tredje ledd andre punktum,
fjerde ledd og femte ledd og § 30 fyrste ledd tredje punktum og
andre ledd gjeld uavhengig av paragrafen her for alle verksemder
som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
Offentleglova gjeld for Stiftelsen Nasjonalmuseet
for kunst. Lova gjeld likevel berre for dokument som er komne inn
til eller som er oppretta av Stiftelsen Nasjonalmuseet for kunst
etter at forskrifta her tek til å gjelde.
Domstollova, straffeprosesslova, tvistelova, skilsdomslova
(voldgiftslova), tvangsfullføringslova, skjønnslova, gjeldsordningslova, konkurslova,
skiftelova og jordskiftelova skal reknast som rettsstellover etter
offentleglova § 2 fjerde ledd. Offentleglova gjeld for saker om gebyrfastsetjing
og om salærfastsetjing til forsvararar, prosessfullmektigar og sakkunnige.
Offentleglova gjeld ikkje for gjeremål som Arbeidsretten
har etter arbeidstvistlova andre kapittel og tenestetvistlova sjette
kapittel. Lova gjeld heller ikkje for gjeremål som Rikslønnsnemnda har
etter lønnsnemndlova § 1 andre ledd og tenestetvistlova sjuande
kapittel, og gjeremål som Husleigetvistutvalet har i tvistar etter
husleigelovene, jf. husleigelova § 12-5.
Det kan krevjast betaling for innsyn i form
av vanlege avskrifter, utskrifter eller kopiar til papir, og for
utsendinga, når talet overstig hundre ark i A4-format i éi sak.
I slike tilfelle kan organet krevje éi krone per ark utover hundre
og betaling for kostnadene for heile utsendinga (porto). Dersom
same person krev innsyn fleire gonger i same sak kan det takast
omsyn til det ved vurderinga opp mot grensa etter fyrste punktum,
dersom dei dokumenta som det blir kravd innsyn i låg føre da eit
tidlegare innsynskrav vart framsett.
Det kan vidare krevjast betaling for utskrifter eller
kopiar til papir når det gjeld uvanlege format, høgkvalitetskopiar
eller liknande dersom kostnadene med dette i vesentleg grad overstig kostnadene
ved vanleg kopiering. Det same gjeld ved kopiering til anna lagringsmedium
enn papir. Betalinga skal ikkje overstige dei faktiske kostnadene
organet blir påført. Det kan ikkje takast omsyn til tida som går
med til å behandle innsynskrav, skrive ut eller kopiere dokument
og til å sende ut dokument. Det kan ikkje krevjast betaling når
dokument som alt er tilgjengeleg i elektronisk versjon blir sendt
som elektronisk post.
Arkivdepot kan krevje betaling for avskrifter, utskrifter
og kopiar til papir av arkivmateriale etter satsar fastsette av
Kultur- og kyrkjedepartementet. Andre ledd tredje til femte punktum gjeld
tilsvarande.
Det kan krevjast betaling for informasjon som blir
produsert eller tilarbeidd utelukkande for å dekkje eit behov hos
eksterne aktørar. Betalingssatsane skal ikkje overstige kostnadene
ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen,
med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane.
Det kan krevjast betaling for geodata (kart
mv.) og eigedomsinformasjon. Betalingssatsane skal vere slik at
inntektene ikkje overstig dei faktiske kostnadene ved innsamling,
produksjon, reproduksjon og formidling av informasjon. Organ som
har utarbeiding og utlevering av geodata eller eigedomsinformasjon
som ei hovudoppgåve i si verksemd, kan likevel krevje betaling for
informasjon etter fyrste punktum etter slik betalingssats at inntektene
tilsvarar dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon
og formidling av informasjon, med tillegg av ei rimeleg avkastning
av investeringane.
Organ som skal drivast på kommersiell basis, eller
som heilt eller dels skal vere sjølvfinansierande, kan ta betaling
for informasjon, så langt det er fastsett at betaling for informasjon
skal vere ein del av inntektsgrunnlaget til organet. Reglane om
betalingssatsar i femte ledd tredje punktum gjeld tilsvarande.
Føresegnene i paragrafen her eller offentleglova § 8
gjeld ikkje høvet til å ta betalt for tenester som går ut over innsynsretten
etter offentleglova eller anna lovgiving.
Det kan ikkje givast elektronisk kopi av materiale
som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, så langt materialet
har økonomisk verdi, og det medfører fare for at materialet kan
bli misbrukt i kommersiell samanheng om kopi blir gitt. Unntaket
etter fyrste punktum gjeld ikkje for søknadar, argumentasjonsskriv,
høyringsfråsegner og liknande vanleg materiale som blir sendt inn
i samband med ei sak.
Retten til kopi gjeld ikkje for journalar og
dokument som er avleverte til arkivdepot, og som er i så dårleg
stand at dei kan bli skadde eller øydelagde ved kopiering.
Følgjande organ som fører elektronisk journal, skal
gjere journalen tilgjengeleg for ålmenta på Internett:
a) alle departementa
og Statsministerens kontor
b) alle dei statlege direktorata som har
heile landet som verkeområde
c) alle dei statlege tilsyna som har heile
landet som verkeområde
d) fylkesmennene.
Plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på
Internett omfattar berre den sentrale eininga i eit direktorat eller
eit tilsyn som også har regionale einingar. Utanriksdepartementet
kan fastsetje at utanriksstasjonar som fører eigen elektronisk journal,
skal gjere han tilgjengeleg for ålmenta på Internett. Det overordna
departementet avgjer i tvilstilfelle om eit underlagt organ er omfatta
av plikta til å gjere journalen tilgjengeleg på Internett.
Følgjande organ er ikkje i noko tilfelle omfatta av
plikta til å gjere elektronisk journal tilgjengeleg på Internett:
a) Regjeringsadvokaten
b) Riksadvokaten
c) Etterretningstenesta
d) Politiets tryggingsteneste (PST)
e) Patentstyret
f) Nasjonalt tryggingsorgan
g) Norsk pasientskadeserstatning
h) Pasientskadenemnda.
Innhaldet i journalar som blir gjorde tilgjengelege
på Internett, skal vere i samsvar med arkivforskrifta § 2-7 fyrste
ledd andre punktum. I tillegg skal journalen opplyse om kontaktpunkt for
den enkelte sak hos det aktuelle organet. Når opplysningar ikkje
er tekne med i offentleg journal, jf. arkivforskrifta § 2-7 andre
ledd, skal utelatinga og fullstendig unntaksheimel gå fram av journalen.
Dersom det er teke avgjerd om at eit dokument heilt eller dels skal
vere unnateke frå innsyn, kan journalen innehalde opplysning om dette
i form av fullstendig unntaksheimel og med opplysning om unntaket
gjeld heile eller delar av dokumentet.
Opplysningar som er nemnde i § 7 andre ledd, skal
ikkje gå fram av offentleg elektronisk journal. Slike opplysningar
skal heller ikkje gå fram av journal eller liknande register som
eit organ som ikkje er omfatta av ordninga etter fyrste ledd gjer
tilgjengeleg på Internett. Offentleg elektronisk journal for organ
som er omfatta av ordninga etter fyrste ledd, skal innrettast slik
at det ikkje skal vere mogleg å få treff på personnamn i innførslar
i journalane som er eldre enn eit år.
Trer i kraft når departementet bestemmer.
Organ som er omfatta av offentleglova, kan gjere dokument
tilgjengelege for ålmenta på Internett.
Følgjande skal ikkje gjerast tilgjengeleg på
Internett:
a) opplysningar
som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov
b) opplysningar som det kan gjerast unntak
frå innsyn for etter § 9 i forskrifta her
c) opplysningar som nemnde i personopplysningslova
§ 2 nr. 8
d) fødselsnummer, personnummer og nummer med
tilsvarande funksjon
e) opplysningar om lønn og godtgjering
til fysiske personar, med unntak for opplysningar om lønn og godtgjering
til personar i leiande stillingar i det offentlege og i leiande
stillingar eller i styret i sjølvstendige rettssubjekt
f) materiale som ein tredjepart har immaterielle rettar
til, med unntak for slikt materiale som er nemnd i § 5 fyrste ledd
andre punktum og for materiale der rettshavaren samtykkjer til at
materialet blir gjort tilgjengeleg.
Organ som gjer dokument tilgjengeleg for ålmenta
på Internett, skal opplyse kva for kriterium som ligg til grunn
for utvalet av dokument.
Unntaket i offentleglova § 14 fyrste ledd for
organinterne dokument gjeld ikkje for dokument frå administrasjonen
til styret i føretak etter helseføretakslova, dokument frå administrasjonen
til kollegial eining ved universitet og høgskular og dokument som
blir utveksla mellom fakultet ved universitet og høgskular.
Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument
og journalar som er avleverte til arkivdepot når originalane er
i så dårleg stand at dei ikkje toler handtering eller kopiering,
eller arkivordninga gjer det urimeleg arbeidskrevjande å finne materialet
eller å sikre at opplysningar som er underlagde teieplikt eller
graderte ikkje blir leverte ut.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for tilbod
og protokollar i tilbodskonkurransar som gjeld kjøp av flyrutetenestar
etter regelverk gitt i medhald av luftfartslova, inntil val av leverandør
er gjort.
Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument som
gjeld saker hos Etterretningstenesta og hos Politiets tryggingsteneste
(PST) og frå innsyn i journalar hos desse organa.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar
og dokument i enkeltsaker hos Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar,
og i enkeltsaker etter utlendingslova, pasientskadelova og statsborgarlova.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar
i følgjande sakstypar:
a) enkeltsaker
om adopsjon, ekteskap, partnarskap, separasjon, skilsmål, farskap,
nedstamming, barnefordeling og bidrag
b) enkeltsaker som gjeld konsulær bistand
frå utanrikstenesta
c) enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova,
psykisk helsevernlova og verjemålslova.
Ved krav om innsyn i dokument som inneheld materiale
som er påført gradering etter sikkerheitslova eller beskyttelsesinstruksen,
skal spørsmål om avgradering leggjast fram for den som har oppretta
dokumentet, for avgjerd i samsvar med informasjonssikkerheitsforskrifta
§ 2-13 eller i samsvar med beskyttelsesinstruksen § 5. Organet som
mottek innsynskravet kan likevel avslå eit krav om innsyn, utan
at spørsmålet om avgradering fyrst har vore lagt fram etter fyrste
punktum, dersom
a) det uavhengig
av graderinga ikkje skal givast innsyn i dokumentet, eller
b) det uavhengig av graderinga kan gjerast unntak
frå innsyn i dokumentet, og organet som mottek innsynskravet finn
at meirinnsyn ikkje skal givast.
Finn det forvaltningsorganet som mottek kravet grunn
til å tru at det ikkje kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova,
eller at ei gradering elles ikkje kan oppretthaldast, skal det følgje prosedyren
for omgradering som er fastsett i informasjonssikkerheitsforskrifta
§ 2-9 til § 2-12 eller i beskyttelsesinstruksen § 5.
Det organet som eit uavhengig forvaltningsorgan
administrativt høyrer inn under, er klageinstans når det uavhengige
organet har avslått eit krav om innsyn.
Eit statleg organ som utøvar eigarskap til eit sjølvstendig
rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav c,
eller står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i eit sjølvstendig
rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav d,
er klageinstans når det sjølvstendige rettssubjektet har avslått
eit krav om innsyn. Organet kan i staden bestemme at eit underordna
forvaltningsorgan skal vere klageinstans.
Dersom ein kommune eller fylkeskommune utøvar
eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta av offentleglova
§ 2 fyrste ledd bokstav c, eller står for utveljing av medlemmer til
det øvste organet i eit sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta
av offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav d, er Fylkesmannen klageinstans
når det sjølvstendige rettssubjektet har avslått eit krav om innsyn.
Tilsvarande skal gjelde dersom fleire kommunar, eller ein fylkeskommune
og ein eller fleire kommunar, saman utøvar eigarskap til, eller
saman står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i, eit
slikt sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i fyrste punktum. Dersom
kommunane etter andre punktum høyrer til ulike fylke skal klageinstansen
vere fylkesmannen i det fylket som flest av kommunane tilhøyrer, men
dersom ein fylkeskommune inngår i samanslutninga skal likevel fylkesmannen
i dette fylket alltid vere klageinstans. Er det like mange kommunar
som høyrer til fleire av dei aktuelle fylka etter tredje punktum,
skal fylkesmennene der bli einige om kven av dei som skal vere klageinstans.
Dersom fleire fylkeskommunar saman utøvar eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt
som nemnt i fyrste punktum, eller saman står for utveljing av medlemmer
til det øvste organet i eit slikt sjølvstendig rettssubjekt, gjeld
fjerde punktum tilsvarande.
Kultur- og kyrkjedepartementet er klageinstans dersom
Stiftelsen Nasjonalmuseet for kunst, jf. § 2, har avslått eit krav
om innsyn.
Dersom Sametingets administrasjon har avslått eit
krav om innsyn er Sametingsrådet klageinstans.
Forskrifta gjeld frå 1. januar 2009 med unntak for
§ 6 som gjeld frå den tida Justis- og politidepartementet fastset.
For organ der det tidlegare kunne gjerast heilt eller
delvis unntak frå innsyn i journalen, gir ikkje offentleglova rett
til innsyn i journalinnførslar som vart gjorde før