5.1 Sammendrag

5.1.1 Den differensierte arbeidsgjevaravgifta, det distriktspolitiske virkeområdet og konkurransereglane i EU

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er eit kraftig distriktspolitisk verkemiddel og er ei treffsikker ordning for sysselsetjing. I 2009 utgjer ordninga om lag 10,5 mrd. kroner i avgiftslette i virkeområdet. I tillegg kjem om lag ein milliard kroner i kompensasjon til område der privat og offentleg verksemd har fått høgare arbeidsgjevaravgift dei siste åra.

Retningslinene for regionalstøtte omfattar både omfanget av bruken av differensiert arbeidsgjevaravgift, virkeområdet for regionalpolitisk grunngjeven bedriftsstøtte og andre regelverk for regionalstøtte.

Dagens retningsliner for regionalstøtte gjeld fram til 2013. Regjeringa vil arbeide målretta for at Noreg har stort nok handlingsrom til å kunne vidareføre ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk innanfor EØS-avtalen også etter 2013. Dette krev m.a. ein svært aktiv innsats frå norske styresmakter for å skape forståing for dei særskilde utfordringane Noreg står overfor.

5.1.2 Klimaendringar set nye rammer for regional utvikling

Klimaendringane og klimapolitikken legg føringar for distrikts- og regionalpolitikken og for rammene for regional utvikling

Noreg har som mål fram mot 2020 å påta seg ein forplikting om å kutte dei globale utsleppa tilsvarande 30 pst. av utsleppa i Noreg i 1990.

Dette vil også påverke innsatsen for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Industri, vegtrafikk og landbruk som på ulikt vis er viktig for regional utvikling er også viktige kjelder for utslepp av klimagassar. Regjeringa legg vekt på at det vert teke klimapolitiske omsyn i arbeidet med å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla.

5.1.3 Kommuneøkonomien som føresetnad for fridom til busetjing

Tilgang på gode kommunale tenester er ein føresetnad for busetjing i alle delar av landet. Ein robust kommuneøkonomi og eit godt inntektssystem er grunnlaget for dette. Regjeringa har gjeve kommunesektoren eit stort økonomisk løft i denne stortingsperioden. Realveksten i dei samla inntektene til kommunesektoren frå 2005 til 2009 er på om lag 30 mrd. kroner. Regjeringa legg opp til ytterlegare vekst i dei frie inntektene i komande stortingsperiode. Regjeringa vil også nytte kommuneoverføringar som regional- og distriktspolitisk verkemiddel.

5.1.4 Landbrukspolitikken

Landbrukspolitikken har i mange tiår vore gjennomført mellom anna med sikte på å medverke til å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. På mange mindre stader er landbruket sentralt for økonomisk aktivitet og busetnad.

Effektivisering og aktiv bruk av dei landbrukspolitiske verkemidla er to hovudfaktorar for vidare lønnsemd i alle delar av landet. Regjeringa vil særleg rette merksemda mot område som delvis på grunn av topografiske tilhøve vanskelegare kan følgje med i effektivitetsutviklinga.

Regjeringa vil medverke til å gjere landbruket attraktivt for ungdom i framtida, både ved å leggje til rette for landbruksverksemd og ved å medverke til eit taktskifte for utvikling av nye næringar. Det viktigaste tiltaket for nyrekruttering til norsk landbruk er knytt til dei generelle rammevilkåra i næringa, som inntekt, kapitaltilgang og velferd.

5.1.5 Fiskeripolitikken

Fiskeri- og kystdepartementet har revidert dei fiskeripolitiske retningslinene for næringsutvikling i fiskeri- og havbruksnæringa. I retningslinene vert det lagt vekt på at verdiskapinga basert på dei marine ressursane våre i størst mogleg grad skal skje i kystsamfunn der fiskeri og havbruk utgjer dei klart viktigaste kjeldene til næringsverksemd og sysselsetjing. Retningslinene legg vidare vekt på å halde oppe ein variert flåtestruktur, og ser ein stor verdi i å føre vidare ein struktur med lokalt forankra eigarskap til fartøy og landanlegg.

Det er ei utfordring for marin sektor å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Fiskeri- og kystdepartementet har sett i gang tiltak der målet er at fleire vel ein yrkeskarriere i fiskeri- og havbruksnæringa.

I strategien for ei konkurransedyktig norsk landbruksnæring varsla Regjeringa gjennomføring av ein ny runde med tildeling av konsesjonar i 2009, og at det deretter vil verte årlege konsesjonsrundar tilpassa veksten i marknaden. Vekst i ei næring som naturleg er lokalisert til kyststroka, vil igjen kunne føre til auka aktivitet i desse områda og såleis opne for ytterlegare verdiskaping og kompetanseutvikling også i utsette småsamfunn langs kysten.

5.1.6 Samferdselsinfrastruktur gjev viktige rammer for regional utvikling

Regjeringa ser på transport og infrastruktur som ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Ein godt utbygd og vedlikehalden samferdselsinfrastruktur, med gode og landsomfattande tilbod av transport-, post- og teletenester, er viktig for velferd, verdiskaping og konkurranseevne i næringslivet. Skal folk oppleve ein reell fridom til å busetje seg der dei ønskjer, må dei også ha tilgang til god transport, breiband og mobildekning.

Regjeringa vil føre ein transportpolitikk der dei ulike delane av transportsektoren vert sette i samanheng, og der det vert lagt vekt på ei sterkare differensiering mellom by og land.

Regjeringa sin vilje til å utvikle ein framtidsretta infrastruktur kjem klårt til syne i NTP 2010–2019, der det vert lagt til grunn ei økonomisk ramme som er 100 mrd. kroner høgare enn i Stortinget sitt vedtak om NTP 2006–2015.

Regjeringa sette seg som mål for breibandsutviklinga at alle innbyggjarane skal ha tilbod om tilknyting til breibandsnett innan utgangen av 2007, i tråd med Soria Moria-erklæringa. Dette målet er langt på veg nådd.

Parallelt med fullføringa av arbeidet med å skaffe tilgang til breiband, legg Regjeringa i løpet av sommaren 2009 opp til å definere mål for tilgang til breitt breiband.

Samferdselsdepartementet vil vurdere statleg kjøp av tenester for å betre mobildekninga for dei busette områda som ikkje har dekning, og for viktige ferdselsårer. Det er også viktig at lokale og regionale styresmakter og teleselskap utviklar samarbeid for å finne fram til gode og rasjonelle løysingar og prioriteringar av utbyggingar.

For Regjeringa er det eit overordna mål å sikre eit godt og likeverdig posttilbod i heile landet.

Regjeringa har i 2009 dobla støtta til utjamningsordninga for nettleige til 60 mill. kroner. Ordninga reduserer nettleiga for sluttbrukarar som er tilknytte distribusjonsnettet i dei områda av landet som har høgast overføringskostnader, og utjamnar dei største skilnadene i nettleiga for straum.

Regjeringa er særs oppteken av vilkåra for kraftintensiv industri i Noreg. Det heng mellom anna saman med at denne industrien er viktig for område og lokalsamfunn som er avhengige av kraftkrevjande industri som hjørnesteinsverksemd.

5.1.7 Kompetanse, utdanning og forsking

Meldinga peiker på at behovet for arbeidskraft med høgare utdanning vil auke i åra framover.

Regjeringa vil i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om grunnlaget for kunnskapssamfunnet i framtida. Meldinga vil mellom anna innehalde ei vurdering av korleis Noreg kan få eit tilpassingsdyktig utdanningssystem som utdannar til det framtidige arbeidslivet.

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle eit utdanningssystem som sikrar høg kvalitet og tilgang på høgare utdanning og forsking i alle delar av landet, og vidareføre ein desentralisert struktur innan høgare utdanning og forsking. Høgskulane har stor fridom til å utvikle nye studietilbod og må samarbeide med regionalt arbeidsliv om dette.

Regjeringa har som mål å utløyse regionalt vekstpotensial og verdiskaping i heile landet og styrkje både privat og offentleg FoU-aktivitet. Hovudstrategien er å vidareføre ein god infrastruktur for forsking. Regjeringa har vidareutvikla ordningar som gjer at nytten av forskinga kjem ulike delar av landet til gode. Samspel mellom bedrifter og kunnskapsinstitusjonar er naudsynt for nyskaping og for å gjere forsking meir relevant. Det er også viktig å stimulere føretak i område med store geografiske avstandar til sterke FoU-miljø til å satse systematisk på kunnskap. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om forskingspolitikken i 2009.

Regjeringa vil medverke til å styrkje samspelet mellom næringslivet og forskinga. Fleire departement samarbeider om å finansiere program som skal stimulere til samarbeid mellom høgskulane og næringslivet, mellom anna gjennom Norwegian Centre of Expertise og VRI. Derfor er det viktig å samle meir kunnskap og forske vidare på metodar for å auke innovasjon i alle næringar og sektorar, også der tradisjonane for innovasjonsbasert forsking er svake.

5.1.8 God tilgang på spesialisthelsetenester i alle delar av landet

Likeverdig tilgang til helsetenester uavhengig av bustad, inntekt, kjønn, alder og etnisk bakgrunn er ein grunnleggjande verdi i norske helsetenester.

Regjeringa ønskjer både å utnytte ei sterkare spesialisering når det gjev best behandlingskvalitet, og i tillegg utvikle eit desentralisert tilbod og god samhandling i heile helsetenesta.

Regjeringa har starta arbeidet med ei samhandlingsreform i helsesektoren for å kunne gje pasientane eit betre og meir heilskapleg helsetilbod, og vil leggje fram ei stortingsmelding om samhandlingsreforma i 2009.

5.1.9 Lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg forvaltningspolitikk

Regjeringa meiner lokalisering av statlege, regionale og kommunale arbeidsplassar bør nyttast aktivt for å tilføre lokalsamfunn og regionar nye utviklingsressursar i form av arbeidsplassar, kompetanse og større fagmiljø.

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo, med mindre det ligg føre særskilde grunnar for å lokalisere dei til Oslo. Vert verksemda lokalisert i Oslo, bør ein vurdere å lokalisere verksemda i Groruddalen eller indre Oslo aust.

Regjeringa har dei siste åra vedteke å utlokalisere 270 arbeidsplassar frå Oslo. Desse er knytte til Forsvaret og til Veterinærinstituttet.

Kommunal- og regionaldepartementet vil ta initiativ til å kartleggje utviklinga i og erfaringane med lokalisering av kompetansearbeidsplassar både i privat og offentleg sektor i småbyar og mindre senter i Noreg. Det kan vere nyttig for å auke kunnskapen om vilkåra for lokalisering av kompetansearbeidsplassar i mindre senter og arbeidsmarknadsregionar.

Regional statsforvaltning har ei sentral rolle i dialogen og i læringssystemet mellom staten og kommunesektoren. Regional stat er ein viktig reiskap i utforminga og iverksetjinga av statleg politikk på område der nasjonale omsyn veg tungt, men der det samstundes er viktig å ta omsyn til lokal variasjon. Regional stat må vere organisert slik at interessene til staten så vel som innbyggjarane, næringslivet og kommunesektoren vert tekne vare på.

Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit særleg samordningsansvar når det gjeld å vurdere framtidige omstruktureringar i den regionale statsforvaltninga, og å syte for at det er gjort ei brei vurdering av dei samla konsekvensane av endringar i den regionale inndelinga.

5.1.10 Natur- og kulturlandskap

Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa gjort det tydeleg at arbeidet med å utvikle nasjonalparkane som ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping skal halde fram. Regjeringa legg stor vekt på betre oppfølging av områda frå forvaltninga, gjennom midlar til skjøtsel, forvaltning og aktive tiltak.

Fleire departement vil samarbeide om å vidareføre arbeidet med å utvikle kunnskap om tilhøvet mellom bruk og vern, mellom anna når det gjeld auke i næringsverksemd i og rundt verneområda.

Miljøverndepartementet har i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet i 2009 starta opp eit verdiskapingsprogram for naturarven. Programmet skal gå over fem år. Dette tiltaket er viktig for at naturvernet faktisk skal medverke til at distriktsområde får fleire bein å stå på. Formålet med programmet er å auke verdien av verneområda og andre naturområde med særskilde kvalitetar. Programmet skal stø opp om idear og nyskaping for å få fram opplevingsprodukt som ikkje går utover miljø og verneformål. Det skal medverke til å profesjonalisere det å skape naturopplevingar.

5.1.11 Politikk for å møte utfordringane frå den økonomiske situasjonen

Den internasjonale finansuroa har endra tilgangen på risikokapital i Noreg. Det er no mange lønnsame små og mellomstore bedrifter som slit med å få tak i tilstrekkeleg kapital. Ein fungerande bankmarknad er heilt avgjerande for å sikre god tilgang til nye investeringar og finansiering av nye prosjekt i næringslivet. Derfor har Regjeringa sett i verk fleire tiltak for å stimulere bankmarknaden under finansuroa. Det er etablert særskilde låneordningar til bankane, kreditt til eksportretta verksemd er blitt utvida og rammene til Innovasjon Noreg er auka.

For å hjelpe til med å redusere utslaga i sysselsetjinga og arbeidsløysa, vedtok Stortinget å gjennomføre nye tiltak på utgiftssida i budsjettet tilsvarande 16,75 mrd. kroner. Regjeringa har særleg prioritert meir vedlikehald og rehabilitering av bygg og annan infrastruktur, til dømes utbetring av riksvegane og jernbanen og utbygging av gang- og sykkelvegar. Statlege tilskot til utbygging av miljøvennleg energi og energisparetiltak vert kraftig auka.

Regjeringa har innført ei rekkje målretta tiltak for å setje arbeidstakarar og bedrifter betre i stand til å møte naudsynte omstillingar og stimulere til innovasjon og nyskaping.

Regjeringa vil føre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk for å møte dei nye utfordringane på arbeidsmarknaden som følgjer av finansuroa. Regjeringa vil spesielt motverke at høgare arbeidsløyse fører til lengre arbeidsløyseperiodar. I tillegg til å auke tiltaksnivået, legg Regjeringa vekt på høg overgang til nytt arbeid for personar som vert ledige, ved å sikre god formidlingsaktivitet i arbeidsmarknadsetaten. Informasjon om arbeidsmarknaden og rettleiing i jobbsøking er sentralt for å leggje til rette for nytt arbeid.

Regjeringa tek omsyn til at den økonomiske situasjonen tilseier endringar i dei gjeldande permitteringsreglane. For å betre konkurransevilkåra til norske konjunkturutsette bedrifter har Regjeringa lagt fram forslag til forbetringar i permitteringsordningane.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen gir sin tilslutning til fortsatt målrettet arbeid for at Norge skal ha stort nok handlingsrom til å kunne videreføre en offensiv distrikts- og regionalpolitikk innenfor EØS-avtalen også etter 2013, når dagens retningslinjer for regionalstøtte utgår.

Komiteen viser til at en god kommuneøkonomi er en forutsetning for frihet til bosetting. Kommunene er den viktigste leverandøren av grunnleggende velferdstjenester i samfunnet. Handlefrihet og forutsigbarhet er viktig dersom kommunene skal kunne levere best mulig tjenester til innbyggeren.

Komiteen viser til at den internasjonale finanskrisen har endret tilgangen på risikokapital i Norge og at det har blitt satt i verk tiltak for å stimulere bankmarkedet. For å motvirke reduksjon i antall sysselsatte vedtok Stortinget også å gjennomføre nye tiltak på utgiftssiden i budsjettet tilsvarende 16,75 mrd. kroner.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at Regjeringen i tiltakspakken for kommunene i tillegg til å gi et engangstilskudd på 4 mrd. kroner til vedlikehold og rehabilitering fordelt etter innbyggertall, også økte de frie inntektene med 2 mrd. kroner etter ordinær fordeling og en ekstraordinær dekning av tapte skatteinntekter tilsvarende 1,2 mrd. kroner. Flertallet viser også til at engangstilskuddet var et tiltak for å sikre arbeid i bygg- og anleggsbransjen, og at ledigheten i denne bransjen har hatt den størst økningen i sentrale strøk.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at tiltakspakken er gitt i form av tilskudd til kommunene pr. innbygger. Disse medlemmer vil påpeke at dette fører til en skjevfordeling og mener at kommende tiltakspakker bør ha en annen innretning hvor det tas hensyn til arealfaktoren og distriktsutfordringer.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at realveksten i de samlede inntektene til kommunesektoren fra 2005 til 2009 er på ca. 32 mrd. kroner.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil vise til at inntektsveksten har ført til en betydelig forbedring av det kommunale tjenestetilbudet. Om lag 38 400 flere barn hadde barnehageplass i 2008 sammenlignet med 2005. Innen pleie- og omsorgstjenestene er det 12 500 flere årsverk i 2008 enn i 2005. Den kommunale sysselsettingen, målt i årsverk, økte mellom 30 000 og 35 000 årsverk. Dette flertallet har merket seg at de samlede inntektene i kommunesektoren i 2009 er beregnet til å øke reelt med 9,5 mrd. 2009-kroner, dette tilsvarer 3,3 pst. I 2009 kommer i tillegg tilskudd til vedlikehold og momskompensasjon på til sammen 4,8 mrd. kroner. Det økonomiske opplegget legger forholdet til rette for flere barnehageplasser, styrking av skolen, flere årsverk i pleie- og omsorgstjenestene og økte satser for sosialhjelp i 2009. Dette flertallet støtter Regjeringens planer om ytterligere vekst i de frie inntektene i kommende stortingsperiode for å gi kommunene økte muligheter til å satse på skole, omsorg, kultur og lokal samfunnsutvikling.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til budsjettundersøkelsen fra KS som viser at halvparten av kommunene kutter i skolebudsjettene i 2009. Det er også flere kommuner som reduserer vedlikeholdsbudsjettene enn de som øker det. Disse medlemmer konstaterer at dette skjer til tross for fremlagt tiltakspakke for å bremse virkningen av finanskrisen i denne sektoren. Disse medlemmer viser videre til at tre av ti kommuner må kutte i pleie- og omsorgsbudsjettene for året. 32 pst. av kommunene oppgir at de reduserer antall årsverk i pleie- og omsorgssektoren, og hver tredje kommune oppgir at de kutter i budsjettene til kultur- og fritidstilbud.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre mener at det er nødvendig med forpliktende opptrappingsplan for kommuneøkonomien dersom kommunene skal ha en reell mulighet til å satse på blant annet skole, omsorg og kultur.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til Teknisk beregningsutvalg (TBU) som har gjort en beregning som viser at veksten i kommuneøkonomien har vært omtrent den samme under regjeringen Stoltenberg II som regjeringen Bondevik II. Disse medlemmer viser til Regjeringens forsøk på å gi inntrykk av at de prioriterer for eksempel velferd framfor skattelette. Dersom man ser hele statsbudsjettet under ett, ser man imidlertid at faktisk kun en mikroskopisk andel av økte bevilgninger (ca. 6 pst.) forklares gjennom såkalt "velferd framfor skattelette". Hele 94 pst. kan forklares gjennom økt oljepengebruk og andre forhold som økning i strukturell skatteinngang.

Komiteen viser til at landbrukspolitikken i mange tiår blant annet har vært gjennomført med sikte på å medvirke til å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Norsk landbruk er uvurderlig viktig for boglede og trivsel, for nok mat, for god og trygg mat. Norsk landbruk er også viktig for ivaretaking og foredling av kulturlandskapet. Komiteen mener at landbrukspolitikken er helt sentral dersom man skal nå målet om bosetting i hele landet. Komiteen viser til at det i dag står titusenvis av fraflyttede gårdsbruk i Norge. Samtidig viser undersøkelser at så mange som 400 000 nordmenn kunne tenke seg å kjøpe og drive gårdsbruk. Komiteen mener at det er behov for kartlegging og ny informasjon om denne problemstillingen. Komiteen mener at dette kan bidra til økt rekruttering til landbruket.

Komiteen mener at investeringer i driftsbygninger og moderne driftsformer er en forutsetning for at mange skal ønske å ta over gårdsbruk. En framtidsrettet landbrukspolitikk må derfor stimulere til slike investeringer.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener at dette krever økte investeringsrammer og at avskrivingssatsene for driftsbygninger i landbruket må økes fra 4 til 8 pst.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det i 2009 settes stadig nye eksportrekorder for norsk sjømat, samtidig er det prisnedgang i torske- og hyseeksporten og store vanskeligheter med å få solgt til kostnadsdekkende priser. Dette gjelder særlig saltfisk.

Flertallet har merket seg at det er tett dialog mellom Regjeringen og næringa og næringsorganisasjonene om tiltak for å avhjelpe situasjonen. I tillegg til de generelle tiltakene som er satt i verk mot kredittmarkedene og sysselsetting, er det også satt i verk tiltak særlig rettet mot fiskerinæringa. Disse tiltakene har vært innrettet mot å holde aktiviteten i gang, på sjø og land, inntil salget igjen tar seg opp.

Flertallet ber Regjeringen følge situasjonen tett og vurdere kontinuerlig om det er behov for nye tiltak.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at Fiskeri- og kystdepartementet har revidert de fiskeripolitiske retningslinjene for næringsutvikling i fiskeri- og havbruksnæringen. Disse medlemmer mener at krisetiltakene for fiskerinæringen må styrkes, slik at næringen kan komme gjennom de problemene som finans- og eksportkrisen har skapt. Disse medlemmer viser til at finanskrisen har skapt problemer både for fiskeindustrien og flåten. Industrien får ikke solgt sine produkter, og dermed får ikke flåten levert fisk. Disse medlemmer mener derfor det er behov for en styrking av tiltakene innenfor markedsføring og finansiering for både flåte og industri.

Komiteen gir sin tilslutning til Regjeringens syn på at transport og infrastruktur er en viktig forutsetning for bosetting, næringsutvikling og ressursutnytting.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er tilfreds med den videre satsingen på den digitale allemannsretten, og viser til at målene om bredbånd til alle i landet langt på veg er nådd. Manglende tilgang til bredbånd vil i praksis gjøre at friheten til bosetting ikke er reell. Nasjonale og internasjonale studier viser dessuten at tilgang til bredt bredbånd – bredbånd med høy kapasitet – gir økt verdiskaping og produktivitet i næringslivet og er en viktig forutsetning for innovasjon og bærekraftig vekst. Regjeringa vil i 2009 derfor definere nye mål for tilgang til bredere bredbånd i hele landet. Utviklinga av og behovet for kapasitet må utredes for å sikre like vilkår for alle i landet. Dette er et av de viktigste infrastrukturtiltakene for å sikre like muligheter i framtida.

Komiteen viser til at meldingen peker på at behovet for arbeidskraft med høyere utdanning vil øke i årene fremover. Komiteen støtter Regjeringens ønske om å videreutvikle et utdanningssystem som sikrer høy kvalitet og tilgang på høyere utdanning og forskning i hele landet.

Komiteen viser til at finansieringsmodellen for universitetene og høgskolene er under evaluering. Komiteen viser til at høgskolene har en sentral rolle som utdanningsinstitusjon, men også som regional forskningsaktør. Komiteen har merket seg at høgskolene de siste årene har oppnådd økte andeler både av den vitenskapelige publiseringen og midler fra Forskningsrådet. De siste årene har høgskolene styrket FoU-profil sin og organisert FoU-virksomheten bedre. Praksisrettet FoU som grunnlag for forskningsbasert profesjonsutdanning og profesjonsutøvelse står sentralt i høyskolenes FoU-satsing. Det er etablert virkemidler for praksisrettet FoU i Forskningsrådet, og velferd og forskningsbasert profesjonsutøvelse er ett av målene som trekkes opp i den nye forskningsmeldingen. Det faglige personalet i høgskolene har gjennomgått en markant kompetanseheving de siste 5–10 årene. På dette grunnlaget mener komiteen at det ligger til rette for ytterligere forbedring av resultatene fra FoU-virksomheten til høgskolene i framtida.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser videre til at det er vedtatt opprettet regionale forskningsfond som skal forvaltes regionalt. Flertallet ser det som naturlig at de regionale forskningsinstitusjonene vil ha en viktig rolle som utvikler av forskningsprogrammer som vil bli finansiert av de regionale fondene.

Komiteen viser til at de fleste høyere utdanningsinstitusjoner i dag gir tilbud om desentraliserte studier. Dette muliggjør at flere får høyere utdanning, og forenkler etter- og videreutdanningen for de som bor langt fra utdanningsinstitusjoner. Tilbudene finansieres normalt over den ordinære rammen, men partnerskap mellom kommuner, fylker og næringsliv benyttes også.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at etterspørselen etter desentraliserte studietilbud har økt betraktelig de siste årene, og ei videreutvikling av dette tilbudet skal nå vurderes. Dette er svært positivt, og flertallet ber Regjeringen vurdere tiltak som kan oppmuntre og støtte opp under slike utdanningstilbud.

Flertallet viser til at Regjeringen i forbindelse med budsjettframleggelsen for 2010 vil se på hvordan finansieringssystemet for høyere utdanning, sammen med andre virkemidler kan videreføre en desentralisert struktur for høyere utdanning i Norge. Flertallet ber Regjeringen også vurdere tiltak som kan styrke forskningen ved høyskolene.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at grendeskolen er det viktigste ressurssenteret i lokalsamfunnet. Nedleggelse av skolen fører ofte til utarming av miljøet og en videre fraflytting. Opprettholdelse av bosetting dreier seg om kulturell infrastruktur der skolen er det sentrale. Dette flertallet mener derfor at om en vil opprettholde en spredt bosetting, er grendeskolen ofte nøkkelen. Dette flertallet viser til at det er få saker som vekker så mye engasjement lokalt som spørsmål om nedleggelse av skolen.

Dette flertallet viser til at skolestruktur er et lokalt ansvar. Som oftest er vedtak om nedleggelse økonomisk begrunnet fra kommunens side. Dette flertallet viser til at slik driftskostnadene er fordelt mellom ulike politiske nivåer, vil en ofte ved nedleggelse og flytting av elever til større skoleenheter, neglisjere deler av kostnadsbildet. Dette flertallet mener økte kostnader som påføres andre forvaltningsnivåer ved skolenedleggelser skal synliggjøres, og dette flertallet ber derfor departementet vurdere om det bør etableres en ordning der kommuner ved skolenedleggelser skal kompensere fylkeskommunen for økte utgifter til skoleskyss.

Dette flertallet vil understreke at det er et kommunalt ansvar å fastlegge skolestrukturen. Endringer i bosettingsmønster og endret alderssammensetning gjør det nødvendig for kommunene med jevne mellomrom å drøfte skolestrukturen. Flertallet vil understreke at det er situasjoner der det er både økonomisk og pedagogisk riktig å foreta nedleggelser av skoler.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre vil understreke at etter 1986 har kommunene nedlagt ca. 1 000 skoler i Distrikts-Norge. Disse medlemmer mener at nedlegging av nærmiljøskolene ikke lengre kan forsvares, verken pedagogisk, samfunnsøkonomisk eller av økonomiske hensyn. De virkelige kostnadene kommer ikke frem i kommunebudsjettene Disse medlemmer mener at nedlegging av skoler, kan gi store samfunnsøkonomiske tap. Regjeringen må sikre barn rett til grunnskoleopplæring i nærmiljøet. Disse medlemmer mener også at kravet er nedfelt i opplæringsloven, men også i internasjonale konvensjoner.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede de samfunnsøkonomiske kostnadene ved nedlegging av nærmiljøskolene i distriktene."

Komiteen gir sin tilslutning til at likeverdig tilgang til helsetjenester uavhengig av bosted, inntekt, kjønn, alder og etnisk bakgrunn er en grunnleggende verdi i norsk helsevesen.

Komiteen vil i denne forbindelse vise til merknader fra de ulike partiene om samhandlingsreformen i innstillingen til St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener at lokaliseringen av statlige, regionale og kommunale arbeidsplasser er et aktivt virkemiddel for å tilføre lokalsamfunn og regioner nye ressurser i form av arbeidsplasser, kompetanse og større fagmiljø. Flertallet vil understreke viktigheten av å flytte nye statlige arbeidsplasser og flere oppgaver fra statlig til regionalt nivå.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til statistikk fra SSB, som påpeker at mesteparten av pendlingsstrømmene til og fra arbeid går fra omegnskommuner og inn mot storbykommunene. Sett i forhold til antall sysselsatte bosatt i kommunene er utpendlingen relativt sett størst i de mindre omegnskommunene til de største byene, men det er også utstrakt pendling på tvers av kommunegrensene i storbyregionene. 817 500 sysselsatte i Norge arbeidet i 2007 utenfor egen kommune. Om lag 1/3 av alle utpendlerne kom fra de fire største byene og kommunene i Akershus fylke. Statistikken til SSB viser at pendlingen både totalt sett og relativt sett er begrenset i kommunene utenfor sentrale strøk. Jo lengre unna de større byene, jo mindre synes pendlingen å være. Dette indikerer at pendling er svært viktig for omegnskommunene til de største byene. Det er også tydelig at arbeidsplassene i Oslo er den største drivkraften for pendlingen. Det kan likevel være slik at pendling i mindre utkantkommuner kan være viktig, selv om den totalt og relativt sett er begrenset i omfang.

Dette flertallet mener at disse tallene viser den tiltrekningskraft og sentraliserende effekt Oslo og større byer har på arbeidsstokken, og det ekstra press på infrastruktur og arealer en får i sentrale strøk av landet. I tillegg er det vesentlig dyrere å pendle enn å være bosatt nært arbeidsstedet for den enkelte arbeidstaker. Dette er et dårlig utgangspunkt for bosetting i distriktene. Dette flertallet påpeker derfor viktigheten av en distriktspolitikk som legger til rette for gode og interessante arbeids- og utdanningsregioner utenfor Oslo, samt skatteordninger som sikrer pendlere gode vilkår.

Komiteen støtter at arbeidet med å utvikle nasjonalparker som ressurs for lokalsamfunnene og for lokal verdiskaping skal fortsette. Komiteen mener det bør legges ytterligere til rette for lokal verdiskaping i verneområder.