3. Verdigrunnlaget i forvaltninga

3.1 Sammendrag

Arbeidet i forvaltninga må tuftast på nokre grunnleggjande verdiar som spring ut or dei demokratiske og rettsstatlege tradisjonane våre. Slik Regjeringa ser det, skal forvaltninga, utan omsyn til den politiske fargen til den regjeringa som til kvar tid sit, fremme demokrati og rettstryggleik og stå for fagleg integritet og effektivitet.

  • Demokrati: Forvaltninga skal vere politisk styrt og lojal overfor statsråden, Regjeringa og vedtak i Stortinget. Forvaltninga skal vere open for innsyn, leggje til rette for deltaking frå innbyggjarane og sikre dei tilsette og organisasjonane deira medråderett og medverknad.

  • Rettstryggleik: Forvaltninga er bunden av lov. Forvaltninga skal hegne om rettstryggleiken både med omsyn til innhaldet i avgjerdene og i avgjerdsprosessane. Forvaltninga har eit særleg ansvar for dei som ikkje like enkelt kan fremme interessene sine.

  • Fagleg integritet: Forvaltninga har plikt til å gi velfunderte og kunnskapsbaserte råd og ut frå beste faglege skjøn sørgje for at politiske vedtak vert sette ut i livet. Forvaltninga skal opptre partipolitisk nøytralt.

  • Effektivitet: Forvaltninga skal bruke ressursane slik det er politisk bestemt, og skal nå dei politiske måla på den mest ressurssparande måten.

Dei fire grunnverdiane – demokrati, rettstryggleik, fagleg integritet og effektivitet – kan ideelt sett utfylle kvarandre og medverke til eit felles verdigrunnlag for det forvaltninga gjer og avgjer. Ei rekkje tiltak for å betre effektiviteten kan til dømes støtte opp under dei andre verdiane. Ei fagleg sterk og brukarretta forvaltning medverkar ikkje berre til fagleg integritet og demokrati, men òg til betre effektivitet og større rettstryggleik.

Verdiane er i stor grad fellespolitiske og er forankra i den demokratiske og rettsstatlege tradisjonen vår. Dei etiske retningslinene for statstenesta er eit døme på korleis regjeringar med ulik partipolitisk samansetning kan semjast om felles normar som speglar dei grunnleggjande verdiane.

I praksis kan verdiane dra i ulike retningar. Kvar teneste- og embetsmann må balansere ulike rollekrav mot kvarandre. Dei etiske retningslinene gir rettleiing i ulike valsituasjonar. Rammer som følgjer av til dømes overordna prioriteringar og styringssignal og ulike dokument, som Plattform for leiing i staten, har òg verdimessige implikasjonar.

Statsforvaltninga opererer i spenningsfeltet mellom på den eine sida dynamikken i det politiske systemet og krav til legitime demokratiske prosessar og på den andre sida kravet om langsiktig og fagleg velfundert saksutgreiing og oppgåveløysing. Politiske mål vert ofte gjennomførte ute i forvaltningssystemet, ut frå faglege og juridiske vurderingar av korleis reglar skal handhevast, korleis ulike verkemidel kan realisere overordna politikk, og korleis innbyggjarar, organisasjonar og brukarar kan involverast i avgjerdsprosessar. Forvaltninga må vere slik organisert og arbeide på ein slik måte at det medverkar til å sikre at det er dei politiske styresmaktene som står for dei prinsipielle politiske og verdimessige avvegingane.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens beskrivelse av verdigrunnlaget i forvaltningen.