Innstilling frå justiskomiteen om offentleg rettshjelp. Rett hjelp

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Bakgrunn

Det er i meldinga gitt ei kort historisk oversikt over framveksten av offentleg rettshjelp dei siste hundre åra. Gjeldande regelverk etter lov om fri rettshjelp av 13. juni 1980 nr. 35 og ordninga med offentlege tilskot til særskilte rettshjelpstiltak er fremstilt. Det er gitt ei kort oversikt over rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles, utanfor rettshjelpslova. Det er òg gjort greie for dei viktigaste endringane som er innført av regjeringa Stoltenberg II på området rettshjelp.

1.2 Hovudprinsipp og reformbehov

I meldinga er det gjort greie for nokre hovudprinsipp for ei god rettshjelpsordning. Det visest til at det offentlege ansvaret for rettshjelpsordninga må vurderast i lys av rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles i samfunnet. Det blir stilt spørsmål ved om gjeldande ordning har svake sider som særleg rammar dei med minst ressursar, og det blir peika på at den ikkje i tilstrekkeleg grad medverkar til ei effektiv og rask avklaring av juridiske problem og konfliktar. Noreg er eit av dei landa i Europa som brukar mest offentlege midlar på rettshjelp. Det blir stilt spørsmål ved om midlane blir nytta på ein best mogleg måte. Utviklinga på statsbudsjettet viser ein auke i posten for fri sakførsel fram til 2006 og ein nedgang i posten for fritt rettsråd i same tidsrom. I 2007 brukte det offentlege 384,8 mill. kroner på fri sakførsel og 160,2 mill. kroner på fritt rettsråd. Noko av utviklinga kan truleg forklarast med at reglane for fri sakførsel medverkar til at fleire saker enn nødvendig blir bringa inn for domstolane og at rettshjelpsmottakaren blir sett i ein betre økonomisk posisjon enn den som betaler rettshjelpa sjølv. Departementet meiner det bør vere eit hovudprinsipp, også for saker med offentleg betalt rettshjelp, at alle saker skal løysast så tidleg som mogleg.

I meldinga er diskutert enkelte samfunnsrammer og utviklingstrekk som har betydning for rettshjelpsordninga – blant anna framveksten av velferdssamfunnet, rettsleggjering, auka internasjonalisering, enklare og raskare tvisteløysing i domstolane og meir utanrettsleg konfliktløysing og mekling. Departementet meiner at prinsippet i rettshjelpslova om at rettshjelpsordninga er ei sosial støtteordning skal førast vidare. Det same gjeld prinsippet om at rettshjelpsordninga er subsidiær. Departementet meiner det er eit overordna mål at ei ny rettshjelpsordning står fram som lett tilgjengeleg, og at den betrar tilgangen til nødvendig juridisk hjelp, samtidig som den legg til rette for eit enklare og billegare konfliktløysingsalternativ enn det gjeldande modell gjer.

I meldinga er vidare drøfta rekkevidda av det offentlege ansvaret for rettshjelp. Rettshjelpsordninga må ikkje overta det ansvaret som i dag er omfatta av forvaltninga si tradisjonelle opplysnings- og rettleiingsplikt. Enkelte tilfelle av særleg stor velferdsmessig betydning for den enkelte, og som vanlegvis er dekt av rettleiingsplikta, bør likevel vurderast omfatta av rettshjelpsordninga sitt saklege dekningsområde. Prinsippet om den subsidiære karakteren av rettshjelpa inneber at ein ikkje får offentleg betalt rettshjelp dersom hjelpa kan dekkjast gjennom andre ordningar. Departementet meiner at dette prinsippet bør førast vidare. Det bør òg vurderast andre avgrensingar i høvet til å få rettshjelp, basert på ei vurdering av om rettshjelp er rimeleg og nødvendig i den konkrete saka.

I meldinga er drøfta korleis rettshjelpsordninga kan betrast. Innleiingsvis er det stilt spørsmål ved om ressursane til rettshjelp i dag blir nytta på rett måte. 34 prosent av kostnadene til rettshjelp (på rettsråd og sakførselsstadiet) kan knytast til saker om barnefordeling. Målsetjinga for rettshjelpsordninga i framtida er formulert slik: Ordninga skal i best mogleg grad treffe den gruppa menneske som har størst behov for juridisk hjelp, hjelpa skal givast på dei saksområda som er av størst velferdsmessig betydning og på ein måte som medverkar til å løyse problemet effektivt og rett for den enkelte og for samfunnet. For å sikre høg kvalitet på den rettshjelpa som blir gitt er det ønskeleg å kanalisere fleire offentlege rettshjelpsoppdrag til ein avgrensa krets av rettshjelpstilbydarar. Vidare er skissert ein modell for endra økonomiske vilkår i form av heva inntektsgrense og innføring av graderte eigendelar. Til sist er oppgitt eit forbetringspotensial i å løyse saker på eit så tidleg stadium som mogleg, samtidig som det er peikt på behov for betre samordning mellom rettshjelpsordninga og rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles.

1.3 Rettshjelpordningar i andre land

I kapittel 3 i meldinga er gjort greie for hovudtrekka i det offentlege rettshjelpstilbodet i Finland, Sverige, Danmark, Nederland og England og Wales.

1.4 Samanlikning av rettshjelpordningane i Noreg og Finland

Professor Jon T. Johnsen har gjennomført ein samanliknande studie av den finske og den norske rettshjelpsordninga. Heile rapporten "Hva kan vi lære av finsk rettshjelp? En sammenlikning av rettshjelpsordningene i Norge og Finland" er trykt som særskilt vedlegg til meldinga. I kapittel 4 er gitt ei kortfatta oversikt over hovudfunn i rapporten om korleis ordningane fungerer i dei to landa og eit samandrag av dei reformpolitiske konklusjonane som er omtala. Vidare er drøfta i kva grad element frå den finske ordninga og funna i Finland-rapporten er følgde opp i meldinga.

1.5 Etablering av førstelinje rettshjelp

Departementet drøfter ei mogeleg etablering av ei førstelinjeteneste innan rettshjelp. Med dette er det sikta til ei ordning der alle, uavhengig av inntekt og formue, får tilgang til ein gratis førstegongskonsultasjon på inntil ein time.

Departementet gir ei retning for innhald og funksjon i ei framtidig førstelinjeteneste. Førstelinjetenesta bør bestå av eit tilbod om inntil ein times personleg møte med advokat eller rettshjelpar, der publikum skal få ei vurdering av rettsstillinga si, svar på enkle juridiske spørsmål og informasjon om høve til å gå vidare med saka, under dette informasjon om hjelpetilbod eller alternative konfliktløysingsorgan. Førstelinjetenesta kan òg avklare om vilkåra for ytterlegare offentleg rettshjelp er oppfylt.

Med unntak for saker som har sitt utspring i næringsverksemd, og saker om straff, bør førstelinjetenesta vere universell, det vil seie at den som utgangspunkt omfattar alle sakstypar. Også enkelte sakstypar etter straffegjennomføringslova bør omfattast. Det bør vurderast om førstelinjetenesta skal gjerast obligatorisk.

Ordninga med førstelinjeteneste bør vere fleksibel og tilpassast lokale behov. Departementet meiner likevel at det vil vere føremålstenleg å byggje vidare på modellen med rettshjelp i offentlege servicekontor og at kommunal infrastruktur bør utnyttast i størst mogleg grad.

Tilknytingsform for advokatar og andre rettshjelparar i førstelinjetenesta bør vurderast konkret. Det bør leggjast til rette for at ein kan kombinere arbeidet som fast rettshjelpsadvokat med ein privat praksis som advokat eller rettshjelpar ved sida av.

Departementet tilrår at rettshjelpa etter førstelinjetenesta i hovudsak blir organisert som i dag. Dersom klienten økonomisk og sakleg kvalifiserer til rettshjelp ut over tilbodet som blir gitt i førstelinjetenesta, kan advokaten eller rettshjelparen som yter hjelp under førstegongskonsultasjonen vise vedkommande til juridisk rådgiving hos offentleg godkjent advokat eller rettshjelpar. Prinsippet om det frie advokatvalet tilseier at klienten bør kunne velje ein advokat utanfor kretsen av godkjente rettshjelpsadvokatar. Føresetnaden er då at vedkommande først har vore innom førstelinjetenesta.

For ytterlegare å betre tilgjenget til førstelinjetenesta, vil departementet leggje til rette for at det blir sett ned ei gruppe som får til mandat å utgreie ein modell for rettshjelpstelefonteneste, eventuelt kombinert med ei nettbasert rettshjelpsteneste.

Departementet tilrår at førstelinjetenesta startar som ei prøveordning som blir evaluert etter ei tid.

1.6 Tilbydarane av rettshjelp

Kvalitetssikring av advokatar og andre rettshjelparar bør vere eit sentralt element i ei ny rettshjelpsordning. Departementet meiner derfor at kretsen av advokatar som yter hjelp etter rettshjelpsordninga bør innsnevrast. Samtidig er det ønskeleg å bidra til at dei advokatane som vel offentlege rettshjelpsoppdrag skal få eit jamt tilfang av slike oppdrag.

Departementet meiner det bør vurderast å etablere ei ordning der advokatar og rettshjelparar som ønskjer å ta på seg rettshjelpssaker må søkje om godkjenning eller oppnemnast som fast rettshjelpstilbydar. Klienten vil då kunne velje mellom ein krets av advokatar og rettshjelparar som er godkjente av det offentlege, og som er vurderte som særleg eigna til å ta offentlege rettshjelpsoppdrag.

1.7 Innvilgingskompetanse

I meldinga er det drøfta kven som skal innvilge den offentleg støtta rettshjelpa. Ordninga gir i dag fleire instansar kompetanse til å innvilge rettshjelp. I dette ligg ein fare for at praksis blir lite einsarta. Departementet drøfter om det bør leggjast til rette for å byggje vidare på gjeldande modell med at advokatar har høve til eigeninnvilging.

For å sikre einsarta behandling av sakene drøfter departementet om det bør vurderast om innvilgingskompetansen på sakførselsstadiet bør samlast hos fylkesmennene, eventuelt hos nokre utvalte fylkesmannsembete. Alle avgjersler om rettshjelp som blir trefte av fylkesmennene bør kunne påklagast til Statens sivilrettsforvaltning.

Den nærare fastsetjinga av salæret bør framleis liggje hos den domstolen eller det forvaltningsorganet som har saka til behandling. Gjeldande system med at domstolen si salærfastsetjing kan ankast til overordna rettsinstans er tilrådd ført vidare.

1.8 Økonomiske vilkår for offentleg rettshjelp

I meldinga er drøfta dei økonomiske vilkåra for dei behovsprøvde sakene i ny rettshjelpsordning. Under førstegongskonsultasjonen skal det ikkje stillast krav til søkjaren sin økonomi. Ved rettshjelp etter førstegongskonsultasjonen meiner departementet det framleis bør stillast krav om at søkjaren har inntekt og formue under bestemte grenser.

I meldinga er drøfta den nærare fastsetjinga av inntekts- og formuesgrensene. I dag er grensa for behovsprøvd juridisk hjelp 246 000 kroner for einslege og 369 000 kroner samla for ektefellar og andre som lever saman med felles økonomi. Departementet meiner ein bør ta sikte på å oppjustere inntektsgrensene. Formuesgrensene av i dag bør førast vidare.

Departementet drøftar reglane om økonomisk identifikasjon mellom dei som lever saman med felles økonomi. Dei som blir identifiserte vil bli vurderte etter ei inntektsgrense på 369 000 kroner, som er 1,5 gonger høgare enn grensa på 246 000 kroner. Departementet meiner at den fordelen som ligg i å ha felles økonomi med ein annan framleis bør takast omsyn til, men at regelen i dag er uforholdsmessig ugunstig for parhushald. Regelen bør derfor vurderast justert noko.

Vidare er det drøfta ein frådragsbasert modell for utrekning av inntekt. Rettferdsvurderingar talar for at rettshjelpsordninga i større grad enn i dag bør tilpassast den enkelte si reelle betalingsevne. Dette kan gjerast ved at inntektsgrensa blir knytt til ei disponibel inntekt. Det blir tilrådd å vurdere eit standardisert frådrag for dei som har forsytaransvar for barn, og frådrag for utgifter i samband med sjukdom.

I ordninga i dag blir det betalt ein eigendel tilsvarande ein gong offentleg salærsats (870 kroner) for hjelp på rettsrådsstadiet og 25 pst. av kostnadene (maksimalt fem gonger offentleg salærsats) for hjelp på sakførselsstadiet. I meldinga er det drøfta innføring av graderte eigendelar. Med graderte eigendelar er meint at søkjar betaler ein del av kostnadene med saka på bakgrunn av vedkommande si inntekt, etter eventuelle frådrag. I rettshjelpsordninga i dag har mottakaren lite økonomisk interesse i å medverke til at saka blir løyst så tidleg som mogleg, i motsetnad til den som må betale rettshjelpa sjølv. Departementet meiner at eigendelsystemet må tilpassast den økonomiske bereevna til den enkelte rettshjelpsbrukaren, i større grad enn det gjeldande ordning legg opp til. Departementet meiner at det bør vurderast ei ordning der klienten blir belasta med ein prosentsats av kostnadene som er knytte til saka, og at prosentsatsen blir gradert etter inntekt, etter at eventuelle frådrag er gjort. Ordninga i dag der dei med lågast inntekt ikkje betaler eigendel, bør førast vidare.

Departementet vil leggje til rette for at hovudregelen om sakskostnader blir ført vidare. Den som er innvilga fri sakførsel får i dag i utgangspunktet ikkje dekt idømte sakskostnader.

1.9 Sakleg dekningsområde for offentleg rettshjelp

I meldinga er vurdert behovet for utvidingar i det saklege dekningsområdet for rettshjelpsordninga på stadiet etter førstelinjetenesta. Etter førstelinjetenesta meiner departementet at retten til offentleg dekning av hjelpa framleis bør knytast til utvalde sakstypar. Det bør likevel gjerast endringar i og ei utviding av saksområda som er omfatta av ordninga. Sentralt i vurderinga av nye saksområde står prinsippet som følgjer av rettshjelpslova om at rettshjelpsordninga er ei sosial støtteordning. Ein bør òg sjå til rettshjelpsordninga si rolle som bidragsytar til kampen mot fattigdom. Departementet meiner det bør takast sikte på å føre vidare det skjønnsmessige høvet til i særlege tilfelle å innvilge rettshjelp også i andre saker enn dei prioriterte.

Departementet vil vurdere om rettshjelpsordninga bør utvidast til å omfatte:

  • gjeldssaker

  • hjelp til å vurdere om det skal innleverast ei klage og eventuelt til å utarbeide klage i helse- og sosialsaker

  • hjelp til å vurdere om det skal innleverast klage i trygdesaker

  • enkelte arbeidsrettslege sakstypar

  • saker der motparten bringer avgjersler frå Forbrukertvistutvalget inn for domstolen for å unngå at vedtaket skal bli bindande og rettskraftig

  • hjelp i barnebortføringssaker

  • rettshjelp til den private parten i saker der søksmål er tilrådd av Likestillings- og diskrimineringsombodet

Departementet tek sikte på å føre vidare ordninga med tilskot til særskilte rettshjelpstiltak.

Departementet skriv i meldinga at retten til offentleg dekt rettshjelp på rettsråds- og sakførselsstadiet i saker som gjeld felleseigeskifte og økonomisk oppgjer mellom sambuarar, bør vurderast avgrensa til saker som gjeld retten til felles bustad der partane har felles barn under 18 år.

1.10 Rimeleg- og nødvendigheit som vilkår for rettshjelp

Departementet ønskjer å styrkje høvet til å avslå søknader om rettshjelp basert på ei konkret heilskapsvurdering av om det er rimeleg og nødvendig at det offentlege betaler for juridisk hjelp i saka. Det er vurdert ei generell føresegn som gir høve til å prøve kva saker som skal kunne fremjast med offentleg betalt rettshjelp, både på rettsråds- og sakførselsstadiet.

1.11 Barnefordelingssaker

Barnefordelingssakene utgjer ein betydeleg del av sakene der det offentlege yter rettshjelp, både på rettsråds- og sakførselsstadiet. Av innvilga søknader om fri sakførsel er barnefordelingssakene den klart største enkeltsaksgruppa. Ifølgje Justisdepartementets eigne utrekningar har den eine eller begge partane rettshjelp i heile 75 prosent av barnefordelingssakene i domstolane (2007). Både talet og delen barnefordelingssaker i domstolane har auka sidan 2002. I 2007 utgjorde barnefordelingssakene ca. 17 prosent av alle innkomne sivile saker (totalt 13 307) ved tingrettane.

I meldinga er drøfta tiltak som skal medverke til at barnefordelingssaker blir løyste så tidleg som mogleg, med barnet sitt beste som utgangspunkt. Enkelte barnefordelingssaker er så pass kompliserte, for eksempel på grunn av vald, psykisk helse eller rusrelaterte problemstillingar, at domstolsbehandling, og ofte hovudforhandling og dom, er det einaste rette. Det er derfor viktig å syte for at det blir lagt til rette for at desse sakene kjem raskt til domstolane. Departementet meiner òg det er viktig at det blir sett i verk tiltak som vil avgrense talet gjentekne saksanlegg i barnefordelingssaker.

Det er vist til at fleire av tiltaka som er vurderte i meldinga for rettshjelpsordninga generelt òg vil ha effekt for barnefordelingssakene. Dette gjeld blant anna førstelinjetenesta, ordninga med graderte eigendelar, ei eiga godkjennings- eller oppnemningsordning for rettshjelpsadvokatar og endring av regelen om økonomisk identifikasjon.

I meldinga er drøfta verkemiddel for barnefordelingssaker spesielt. Av omsyn til barnet sitt beste, bør høvet til mekling utanfor domstolane utnyttast betre, med sikte på utanrettsleg semje mellom partane. At ein ikkje har møtt til mekling ved familievernkontoret bør vere eit moment i vurderinga av kva som er rimeleg og nødvendig, og som talar mot å innvilge søknad om rettshjelp.

1.12 Samordning med rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles

I meldinga er drøfta behovet for samordning og koordinering mellom rettshjelpstilboda i og utanfor rettshjelpslova. Rettshjelpslova byggjer på prinsippet om at tilboda etter lova først trer i funksjon etter at alternative tilbod er forsøkt utnytta (subsidiaritetsprinsippet). Samtidig står dei andre tilboda i stor grad fritt til å avvise saker som er omfatta av rettshjelpslova. Det blir brukt betydelege offentlege beløp òg på rettshjelpstilboda utanfor rettshjelpslova.

Departementet meiner at det er behov for betre samordning og koordinering mellom rettshjelpstilboda i og utanfor rettshjelpslova. Dette vil gi ei betre og meir effektiv ressursutnytting. Det vil òg gjere det enklare for publikum å finne fram i dei tilboda som finst. Betre samordning vil òg medverke til at fleire vil kunne få hjelp på ein meir effektiv måte, fordi sakene blir raskare kanalisert dit dei høyrer heime.

I meldinga er omtalt nokre av dei tiltaka som er drøfta i meldinga som vil kunne medverke til å nå målsetjinga om ei betre samordning og koordinering av alle rettshjelpstilboda.

1.13 Økonomiske og administrative konsekvensar

I meldinga er det gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka som er vurderte i meldinga. Regjeringa vil komme tilbake med forslag om konkretisering og iverksetjing av moglege endringar og tiltak i denne meldinga når desse er nærare gjennomgått, under dette budsjettkonsekvensar, i samband med dei årlege budsjettforslaga.

2. Merknader frå komiteen

2.1 Generelt

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, vil streke under at det ikkje hjelper å ha rett om ein ikkje får rett. Komiteen meiner meldinga går i riktig retning slik at fleire skal få sjansen til å fremme sine rettslege krav.

Komiteen strekar under at rettshjelpslova er subsidiær i forhold til andre høve til dekning som rettshjelpssøkjaren måtte ha.

Komiteen peikar på at det offentlege har ei opplysnings- og rettleiingsplikt når det gjeld stønader og rettar vi har hjå det offentlege.

Vidare viser komiteen til at det offentlege sitt ansvar til å yta rettshjelp må vurderast i lys av rådgjevings- og konfliktløysingstilbodet elles i samfunnet.

Komiteen viser til at Noreg er eitt av dei landa i Europa som brukar mest offentlege midlar på rettshjelp.

Komiteen er difor nøgd med at departementet har gjennomgått ordninga i denne meldinga slik at vi får søkjelyset på om noko kan gjerast betre og meir målretta.

Komiteen er einig i at det er behov for å reformere rettshjelpstilbodet i Noreg. Statleg finansiert rettshjelp er eit viktig tiltak for fattigdomsnedkjemping og er såleis med på å fremme sosial velferd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er imidlertid usikre på om Regjeringens mål om å få en bedre rettshjelpsordning vil bli oppfylt med de retningslinjer som trekkes opp i meldingen. Etter disse medlemmers syn er dagens ordning for dårlig. Det brukes for mye ressurser per sak. I tillegg treffer ordningen dårlig med hensyn til hvem som trenger hjelpen. Slik disse medlemmer ser det, vil Regjeringens varslede endringer kun føre til små justeringer og fortsatt treffe dårlig når rettshjelpsloven er revidert. Meldingen bærer således preg av å være mange pene og velmenende ord og lite handling. I tillegg tror disse medlemmer den nye ordningen fortsatt kommer til å være svært kostbar og lite effektiv.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre reagerer på at Regjeringen ikke i større grad har problematisert den finske rettshjelpsmodellen. I denne sammenheng viser disse medlemmer til at Stortinget tidligere har bedt om en redegjørelse for hvordan rettshjelp organiseres og drives i Finland. Etter hva disse medlemmer har grunn til å tro, er det flere momenter fra denne ordningen som burde ha vært implementert i det norske systemet. I denne sammenheng vises det til at Norge bruker tre ganger så mye penger på rettshjelp som Finland, samtidig som de behandler 30 % flere saker enn oss. Disse medlemmer er således skuffet over at Regjeringen ikke har fremlagt en mer helhetlig redegjørelse for den finske modellen.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til utgreiinga professor Jon T. Johnsen har gjort på oppdrag frå Justisdepartementet, med å samanlikne den finske rettshjelpsordninga med den norske.

Fleirtalet vil peike på at "Finland-rapporten" ligg som vedlegg til meldinga. Det er streka under i meldinga at ei rekke forhold ved den finske ordninga er av stor interesse for ei framtidig norsk rettshjelpsordning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremhever at begrunnelsen for rettshjelpsordningen er at den skal bidra til sosial utjevning ved å være en sosial støtteordning. Det er likevel et spørsmål om ordningen fungerer etter intensjonen. Hvilke nye sakstyper som eventuelt inkluderes i ordingen, bør sees i lys av dette. Forslagene til utvidelse av det saklige virkeområdet for rettshjelp kommer på bakgrunn av høringsinnspill departementet har mottatt. Disse medlemmer mener at Regjeringen i realiteten utsetter behandlingen av disse spørsmålene til senere. Disse medlemmer er kritiske til at meldingen ikke inneholder en helhetlig drøftelse av retthjelpstilbudet, særlig sett i lys av høringsinnspillene. Det er i stor grad den behovsprøvde rettshjelpen som behandles. En bredere gjennomgang av utfordringene for eksempel sosialklienter og innsatte i fengsler møter i hverdagen, ville etter disse medlemmers oppfatning gitt et bedre grunnlag for å vurdere rettshjelpsinnsatsen samlet. Disse medlemmer mener at Regjeringen etter nesten fire år i posisjon burde ha hatt tilstrekkelig tid til å konkretisere hvilket nivå den mener den samlede rettshjelpen i samfunnet bør ligge på.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner meldinga dannar eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å betre rettshjelpsordninga i Noreg. Fleirtalet ser det som naturleg at det i meldinga, men òg i det vidare arbeidet, vert lagt vekt på høyringssinnspel departementet har mottatt.

Fleirtalet vil presisere at endringane som er vurderte i denne meldinga, gjeld dei behovsprøvde sakene. Fleirtalet meiner det vil verte ei monaleg forenkling om rettshjelpslova vert reindyrka som ei lov for regulering av sakstypar der rettshjelp skal godkjennast etter behovsprøving. Etter fleirtalet si meining vil dette føre til at rettshjelpslovgivinga vert meir tilgjengeleg for brukarane. Har ein ei sak der ein har rett på rettshjelp utan behovsprøving, er uansett særlovgjevinga, og ikkje rettshjelpslova, innfallsporten.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre savner en grundigere drøftelse av hvilke forpliktelser Norge har etter Den europeiske menneskerettighetskonvensjon og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettigheter.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å gjennomføre en utredning av forholdet mellom Norges internasjonale forpliktelser og de skisserte endringene i tilbudet om fri rettshjelp."

Det er fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, si oppfatning at dagens rettshjelpsordning oppfyller Noregs pliktar etter konvensjonane. Fleirtalet viser til stortingsmeldinga der det vert lagt til grunn at vi i dag har ei rettshjelpsordning som går lenger enn det internasjonale konvensjonar krev.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til oversikten i meldingen hvor det fremkommer at dagens norske rettshjelp er uforholdmessig kostnadskrevende, sett i lys av antallet personer som får fri rettshjelp.

Komiteen vil framheve dei friviljuge organisasjonane som mellom anna JURK, JUSSBUSS, Gatejuristen og Jusshjelpa, som alle gjer ein stor samfunnsnyttig innsats for menneske i ein vanskeleg situasjon. Komiteen meiner organisasjonane utgjer eit viktig supplement til advokatar og rettshjelparar. Etter komiteen si oppfatning legg rettshjelpsmeldinga opp til at ein vil vere avhengig av desse i tida framover. Det er difor viktig at dei friviljuge organisasjonane vert sikra gode økonomiske vilkår framover og for å sikre at kontinuiteten i dette arbeidet kan føreseiast.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ønsker en nærmere drøftelse av hvilket bidrag frivillige rettshjelpstiltak kan utgjøre i det totale tilbudet av rettshjelp. Slike tiltak kommer erfaringsmessig i god kontakt med utsatte grupper i samfunnet, både ved oppsøkende virksomhet og ved aktiv tilstedeværelse, som ellers i stor grad har vanskeligheter med å benytte seg av de øvrige rettshjelpstilbudene.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen vurdere en utvidelse av de frivillige rettshjelpstiltakene."

2.2 Førstelinje rettshjelp

Komiteen er positiv til innføringa av den såkalla førstelinjetenesta og har tru på at ein kan greie ut mange saker i løpet av den eine timen med gratis rettleiing. Komiteen vil i den samanhangen vise til at Advokatforeningen har ei liknande teneste allereie, og at denne har fungert godt.

Komiteen er positiv til at det blir utgreidd ein modell for ei landsdekkjande rettshjelpstelefonteneste kombinert med ei nettbasert teneste i samband med førstelinjetenesta. Dette vil vere eit viktig supplement for å sikre tilgjengelegheit for publikum. Komiteen stør såleis Regjeringas intensjonar på dette området.

Komiteen peikar på at det er viktig at ein set søkelyset på kva for saksområde som kjem inn under ordninga. Komiteen meiner difor at ordninga med å ha ei førstelineteneste vil vera eit godt bidrag til ei betre offentleg rettshjelp, fordi ein her skal få hjelp med alle type saker, unntatt næringsrelaterte saker og straffesaker. Straffesaker vil som kjent gje moglegheit for rettshjelp etter straffeprosesslova.

Komiteen er kjent med at 24 kommunar har prøvd ordninga med eit offentleg servicekontor, der lokale advokatar har hjelpt til. I dei 5 første prøvekommunane som var med i ordninga, vart etter det komiteen kjenner til, rundt 2/3 av sakene løyst på den halve timen som har vore til disposisjon hjå advokaten. Komiteen ser på dette som lovande for at ordninga vil verka konfliktdempande, og at saker vert løyst raskt på staden. Komiteen meiner det er eit godt tiltak at ein ynskjer at ordninga skal bli landsdekkande og at tida vert utvida til inntil ein time.

Komiteen meiner det må vurderast om det skal vere obligatorisk at ein skal innom fyrstelinjeteneste før ein får rettshjelp som er innanfor ordninga, eller om det skal vere mogleg å gå direkte til ein "ordinær" advokat.

Komiteen meiner det er viktig at førstelinjetenesta er lett tilgjengeleg. Informasjon om tenesta må liggje på nett, og det bør vurderast om også rettshjelp kan ytast på nett i førstelinjetenesta. Det kan vurderast om ein kan ha ein rettshjelpstelefon og om ein skal ha informasjonsmøte for eksempel på vaksenopplæringa. Ein bør òg tenke på særlege grupper som ikkje like lett kjenner til rettane sine, slike som rusavhengige, pasientar i institusjon, innsette i fengsel og innvandrarar, og i særleg grad innvandrarkvinner.

Komiteen viser til dei forsøka med førstelinjeteneste som har vore gjennomførte, og erfaringane desse har gjeve. Det kan etter komiteen si oppfatning vere fornuftig å prøve fleire modellar samtidig i dei vidare forsøka som vert skisserte i meldinga. Slik vil grunnlaget for å ta stilling til kva for modellar som fungerer best, bli breiare. Med den varierte kommunestrukturen som er i dag, er det liten grunn til å tru at like modeller vil fungere alle stader. Det kommunale tiltaket Fri Rettshjelp i Oslo fungerer eksempelvis godt, og er veltilpassa lokale tilhøve. I mindre kommunar vil derimot interkommunalt samarbeid vere gode alternativ inntil ein har ein meir effektiv kommunestruktur.

Komiteen meiner nokre grupper vil ha større problem med å oppsøkje førstelinjetenesta enn andre, og i desse gruppene bør ein i det vidare arbeidet vurdera om advokatane, eller rettshjelparane i servicekontoret, bør arbeide oppsøkjande. Komiteen ser for seg asylmottak, institusjonar, fengsel og rusmiljø som stader det vil kunne høve å drive oppsøkjande arbeid for å nå ut til grupper som ikkje oppsøkjer advokat på eige hand. Fleire eldre personar kan ha problem med å møte opp sjølv ved kontoret til førstelinjetenesta, og det bør vurderast å arbeide oppsøkjande overfor desse, til dømes i samband med heimetenesta.

Komiteen vil presisera at dei særskilte rettshjelpstiltaka arbeider mykje oppsøkjande. Dei gjer ein god jobb opp mot desse gruppene. Komiteen meiner dette arbeidet må fortsette og styrkjast, og at det i det vidare arbeidet må vurderast om den offentlege rettshjelpa bør ta eit større ansvar for desse gruppene. Dette er også peika på i meldinga.

Komiteen ser det som viktig at arbeidet med å finna ut om ein er i eller utanfor ordninga bør gjerast på ein effektiv måte. Prøveprosjektet som er leia av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve gode resultat. Komiteen ønskjer at dette arbeidet vert ført vidare.

Komiteen ønskjer å peike på at Advokatvakten har følgt opp Forbrukerrapportens undersøking frå 2006 og har i den samanhengen i 2007 endra og presisert regelverket Advokatforeningen har for sine advokatvakter.

Komiteen vil framheve at den offentlege rettleiingsplikta ofte ikkje fungerer etter intensjonen. Problema for innbyggjarane oppstår ofte i møtet med det offentlege. I slike tilhøve kan vidare rettleiing frå det offentlege vere lite hensiktsmessig for å ivareta den enkelte sin rettstryggleik og velferd. Komiteen viser til at ei førstelinjeteneste med juridisk hjelp er eit viktig korrigerande supplement, som kan styrke kvaliteten på rettleiinga som blir gitt.

Etter komiteen si oppfatning er det viktig at førstelinjetenesta vert tilsett med uavhengige advokatar eller rettshjelparar. Tenesta kan raskt miste den tilliten den er avhengig av hjå publikum, dersom den vert driven av kommunalt tilsette saksbehandlarar eller kommuneadvokaten. Svært mange saker som treng avklaring i ei slik førstelinjeteneste vil nettopp gjelde krav mot kommunen eller staten. Det vil difor vere uheldig om rådgjevaren publikum skal konsultere, på ein eller annan måte har eit tilsettingsforhold i kommunen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre imøteser Regjeringens konkretisering av hvordan det skal fastslås om veiledningsmulighetene i tilstrekkelig grad er uttømt hos det offentlige, og hvordan veiledningsplikten skal fylles med et kvalitativt godt innhold til beste for de innbyggerne som er avhengige av fleksibilitet i offentlige systemer.

2.3 Økonomiske vilkår for offentleg rettshjelp

Komiteen er kjent med at det er ein terskel for mange å oppsøke advokathjelp. Rettshjelpsmeldinga legg opp til at ca. 1,2 mill. hushald kjem inn under rettshjelpsordninga. Komiteen ser det som viktig i eit fattigdomsperspektiv og rettstryggleiksperspektiv at dei som treng det mest, kjem inn under ordninga.

Komiteen meiner ein i det vidare arbeidet med meldinga bør vurdera om det også kan vera andre frådrag enn barn og sjukdom som kan brukast, til dømes stor gjeldsbyrde.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner ein modell som legg opp til at mange frådrag skal kunne gjerast, vil krevje eit meir omfattande arbeid og dermed meir byråkrati ved utrekning av søkjaren si inntekt. Fleirtalet vil peike på at dersom ein opnar for å gjere frådrag for utgifter alle har, vil det ikkje føre til ei omfordeling av ressursar til dei som har størst behov. Fleirtalet ser heller ikkje ei slik løysing som ei reell forbetring av rettshjelpsordninga.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet registrerer at Regjeringen har oppjustert inntektsgrensen for fri rettshjelp. Disse medlemmer er imidlertid i tvil om dette i seg selv vil føre til en mer treffsikker ordning og viser til at behovsprøvingen fortsatt ikke vil ta hensyn til søkerens faktiske økonomiske evne.

Disse medlemmer mener behovsprøvingen av rettshjelp må ta utgangspunkt i en nettomodell og ikke være basert på bruttoinntekt. På denne måten vil behovet for rettshjelp i betydningsfulle saker bli avgjørende for tildeling, og ordningen blir i større grad treffsikker for dem som trenger det. Disse medlemmer registrerer at Regjeringen vil åpne for fradrag på grunn av barn og sykdom, men er av den oppfatning at dette ikke er tilstrekkelig. Den faktiske økonomiske situasjonen til enkelte søkere kan fortsatt tilsi behov for rettshjelp selv om man kommer over inntektsgrensen. Disse medlemmer mener dette strider mot ordningens formål.

Etter disse medlemmers oppfatning er det stor grunn til å se til den finske modellen hva gjelder sakstyper og behovsprøving av fri rettshjelp. Disse medlemmer viser således til Finland hvor man ikke begrenser rettshjelpen i forhold til hva problemet handler om, men etter hvor mye man trenger den. Etter den finske modellen har man også større rom med hensyn til hvilke inntekstgrupper som kan motta rettshjelp, samtidig som dette er balansert med mer differensierte egenandeler. Disse medlemmer mener en løsning etter denne modellen vil være mer formålstjenlig og gi hjelp til alle som faktisk trenger det. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen på nytt vurdere innføring av den finske modellen for rettshjelp."

2.4 Eigendelar og salærsatsar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner ordninga med eigendelar, som det er lagt opp til i meldinga, vil gjera at fleire får rettshjelp til ein lågare timesats.

Fleirtalet viser til at den offentlege salærsatsen blir regulert i statsbudsjettet, og at denne for 2009 er på 870 kroner timen ekskl. mva. Fleirtalet meiner det offentlege salæret ikkje står i misforhold til Advokatforeningen sine eigne gjennomsnittstal for 2007, og advokatar som har private klientar, som er på 1 007 kroner timen ekskl. mva.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er opptatt av at kvaliteten på rettshjelpstjenester er høy. Disse medlemmer frykter at kvaliteten svekkes dersom salærsatsen ikke blir høyere. Med dagens sats er det ikke attraktivt å ta fri rettshjelp-saker for dyktige advokater med stor klientportefølje fra før. Etter disse medlemmers oppfatning kan dette bidra til å skape et A- og B-lag innen advokatnæringen, noe som vil medføre at de som er avhengig av fri rettshjelp, ikke kan velge blant de beste advokatene.

På denne bakgrunn fremmer komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag om en heving av salærsatsen for fri rettshjelp til 1 000 kroner per time."

Komiteens medlemmer fra Høyre fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag om en heving av salærsatsen for fri rettshjelp som sikrer tilfredsstillende kvalitet på rettshjelpstjenester."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet synes egenandeler på fri rettshjelp er ulogisk. Rettshjelpen sikrer statlig finansiering der den enkelte selv ikke har råd, samtidig som man krever inn penger hos de samme. Disse medlemmer har registrert at også Regjeringen er skeptisk til at man belegger fattigdom med egenandel, men regjeringspartiene har tilsynelatende ikke tenkt å gjøre noe med det. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen vurdere en modell for rettshjelp uten innkreving av egenandel."

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Finland har eigendel på rettshjelp og at den er gradert etter inntekta til den som ønskjer fri rettshjelp. Fleirtalet viser til at meldinga legg opp til same løysinga med graderte eigendelar etter inntekt i den norske ordninga.

Videre er komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre bekymret for den byråkratiske prosessen knyttet til innmelding og innkreving av egenandeler. Disse medlemmer mener det er unødvendig at advokater bruker mye tid på denne delen av et rettshjelpsoppdrag og hilser således velkommen en ordning hvor man kan gjennomføre hele prosessen elektronisk.

2.5 Dekningsområde

Komiteen viser til at meldinga framhever at man ønskjer at rettshjelpa i Noreg skal vera ein bidragsytar i kampen mot fattigdom. Komiteen meiner i den samanhangen at det er viktig å sjå på kva type saker som kjem inn under dekningsområdet i ordninga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, ønskjer å trekkje fram eit område ein særleg bør tenkje på i det vidare arbeidet med ordninga, og det er å sjå kva ein kan gjere for utanlandske arbeidarar som er utsette for sosial dumping, medrekna krav på løn, eksistens av arbeidsforhold eller underslått skatt.

Komiteen set pris på den utvidinga av dekningsområde som det er lagt opp til i meldinga, men vil peike på at saker av stor velferdsmessig betyding ikkje nødvendigvis er til like stor hjelp mot fattigdom som sakstypar som har stor økonomisk verdi.

Komiteen vil streka under at sjølv om ein kan diskutera om fleire saker skal inn under dekningsområde, er det eit stort framsteg for rettshjelpa i Noreg at vi får ei førstelinjeteneste som vil vera ei monaleg utviding av ordninga.

Komiteen er samd med meldinga i at lista over dekningsområde ikkje skal vera uttømmande. Det vert opna for at saker av stor velferdsmessig betyding kan verta dekt av ordninga. Komiteen vil streka under at i dei sakene der fylkesmannen utviser skjønn i vurderinga om saka fell innanfor ordninga eller ikkje, er det viktig med ein einsarta praksis i heile landet. Komiteen viser i den samanhengen til undersøking utført av Olaf Halvorsen Rønning og Heike Kristine Bentsen, 2008, "Bruken av unntaksbestemmelsene i lov om fri rettshjelp".

2.6 Barnefordeling

Komiteen ser det som viktig å dempe konfliktnivået i barnefordelingssaker. Komiteen finn det urovekkjande at av dei behovsprøvde fri sakførsel-sakene er heile 61 pst. barnefordelingssaker. I 75 pst. av barnefordelingssakene i retten har ein eller begge fri saksførsel. Komiteen meiner ein i det vidare arbeidet med meldinga må sjå nærare på om ein kan redusera bruken av fri sakførsel til denne type saker. Etter komiteen si oppfatning er rettsleggjering av denne typen saker, og særleg gjentekne saker i retten, neppe til det beste for barnet. Komiteen meiner difor det er særs viktig å stimulera til konfliktløysing utanfor rettargang.

Komiteen meiner samtidig ein raskt må identifisera dei sakene som må domstolshandsamast, typisk der rus, vold og psykiatri er involvert.

2.7 Gjeld

Komiteen vil streka under at det er positivt at meldinga opnar opp for at gjeldssaker skal omfattast av den offentlege rettshjelpsordninga. Gjeldssaker er som oftast saker av stor personleg og velferdsmessig betyding, og juridisk bistand i slike saker kan hjelpa personar ut av fattigdom.

Komiteen ser i kjølvatn av den finanskrisetida vi lever i, og tilbakemeldingar frå dei særskilte rettshjelpstiltaka, at det vil verte ei auking i gjeldssaker. Difor ser komiteen det som viktig at også gjeldssaker kan gje fri rettshjelp. Komiteen vil peike på at studentrettshjelpstiltaka har framheva særleg saker som gjeld tvangssal av bustad og tingrettsbehandling av gjeldsordningssaker, som område som bør vurderast omfatta av den offentlege ordninga.

Komiteen vil framheve høyringsinnspela frå Juss-Buss om styrketilhøvet ved juridiske konfliktar i gjeldssaker. Kreditor er i all hovudsak både økonomisk og juridisk sterkare enn skyldnaren. Rettshjelpsbehovet for menneske med stor gjeldsbyrde er av stor personleg og velferdsmessig betyding, og fell dermed klart inn under rettshjelpslovas formål som ei sosial støtteordning. Juridisk bistand til personar med gjeldsproblem vil ofte vere avgjerande for å hjelpe folk ut av fattigdom, og gje ein moglegheit for normal deltaking i samfunnet. Dette inneber etter komiteen si oppfatning ein effektiv fattigdomskamp.

Komiteen vil peike på at det finst folk som har ein altfor stor gjeldsbyrde, og som får store problem som følgje av dette. Komiteen meiner dette kan skyldast fleire tilhøve; låntakaren sin evne til å vurdere sin eigen økonomiske evne, og finansinstitusjonane sin iver etter å låne ut pengar med for stor risiko, samt eventuelle erstatningskrav etter ulukker eller kriminelle forhold.

Komiteen innser likevel at dei som først er komen i eit gjeldsuføre, treng hjelp og høve til å kome ut av dette. I motsett fall vil ein oppleve at utviklinga går i stadig feil retning, og folk kan bli gjeldsslavar for resten av livet.

Komiteen ønskjer å presisera at felleseieskifte fell inn under ordninga når det gjeld bruksrett og spørsmål om eigedomsrett til felles bustad, når partane har felles born under 18 år. Komiteen meiner det bør vurderast om det i særlege tilfelle også skal omfatte særkullsborn.

2.8 Fengsel

Komiteen vil streka under at for mange innsette som sonar lengre straffer vil det ikkje vera mogleg å oppsøkje førstlinjetenesta, og det kan vera vanskeleg å nyttiggjere seg av rettshjelpsordninga elles. Komiteen ser det som viktig at det vert vurdert om ein skal styrkje det oppsøkjande rettshjelpstilbodet i fengsla. Komiteen ser for seg at ein kan nytta organisasjonar som allereie i dag mottek støtte frå Justisdepartementet, for eksempel Juss-Buss. Men komiteen vil streka under at det vil vere viktig at førstelinjetenesta sjølv driv oppsøkjande arbeid i dei fengsla som ligg i nærområda.

Komiteen viser til at meldinga foreslår at forsvarar til den straffedømte kan få timar til å gje juridisk bistand i saksområda, som elles er dekt av førstelinjetenesta og av enkelte utvalde saker etter straffegjennomføringslova. Komiteen ser på dette som ei god utviding av rettshjelpa for denne gruppa, men vil streke under at det er viktig at advokaten som tek desse sakene har kompetanse på saksområdet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er opptatt av at innsatte i fengsler også skal ha mulighet til å hevde sine borgerrettigheter så fremt disse ikke er blitt fradømt. Det er således viktig at rettshjelp blir gjort tilgjengelig også på innsiden av murene.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for at alle innsatte i norske fengsler fullt ut får ivaretatt sine rettigheter så lenge den innsatte ikke er fradømt disse."

2.9 Kompetanse/kvalifisering

Når det gjeld kven som kan vera rettshjelpsadvokatar, peiker komiteen på at fritt advokatval må vera førande for korleis ein legg opp ordninga. Brukarane må ha tillit til at advokatane og rettshjelparane som deltar i ordninga, er uavhengige.

Komiteen vil framheve at kvalitetskontroll med advokathjelp betalt over offentlege budsjett er viktig.

Når det gjeld kven som skal ta ut kva for advokatar som skal arbeida på rettshjelpskontora, ber komiteen at det vert sett på om ein kan nytte same ordninga som ein gjer med offentleg oppnemnde forsvararar. Komiteen er tilfreds med at dette til dømes kan bli gjort ved at Domstoladministrasjonen avgjer kven av advokatane som får arbeide på servicekontoret etter søknad til tingretten, og at det ikkje er den enkelte kommunen som avgjer dette.

Komiteen meiner at det er viktig at kommunane ikkje blir gjeve høve til å forskjellshandsame tilbydarane av advokat- og rettshjelpstenester. I kommunar og distrikt der det er eit avgrensa utval av kvalifiserte tilbydarar av tenester, er det ein risiko for at nokre advokatar eller rettshjelparar blir føretrekt framfor andre, utan at det er objektive haldepunkt for dette. Det vil difor etter komiteen sitt syn vere gunstig at det vert utarbeidd ein standardkontrakt for tilbydarane av rettshjelp i førstelinjetenesta. Komiteen strekar under at kvalitetskontrollen med tilbydarane av rettshjelp, det vere seg advokatar eller andre kvalifiserte rettshjelparar, er særs viktig.

Komiteen vil rette opp ein feil i meldinga og presisere at det er Juristenes utdanningssenter (JUS) som tilbyr etterutdanningskurs for advokatar og andre jurister.

Komiteen meiner at ein i det vidare arbeidet med meldinga må rekne med det gode samarbeidet som har vore i forkant av meldinga med Advokatforeininga og rettshjelpstiltaka.

Komiteen vil peike på at det er mange interesseorganisasjonar som driv med juridisk rådgjeving til sine medlemer. Komiteen meiner at innanfor tilskotet dei får frå staten til drifta si, skal det vera rom for slikt arbeid. Dei kan eventuelt vise til andre som kan vera til hjelp.

Komiteen stør forslaget om at rettshjelpsordninga må evaluerast og at ein arbeider for å få midlar til å forske på dette området.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er positiv til ideen om å innføre kvalifikasjonskrav til de aktører som kan drive rettshjelp i fremtiden. Et slikt krav vil heve standarden og øke tilbydernes bevissthet rundt de viktige momenter i rettshjelpsarbeidet.

Disse medlemmer vil likevel advare mot en ordning hvor statlige eller kommunale organer skal peke ut hvem som skal få tilby rettshjelpstjenester. En slik ordning kan føre til at de som gir klientene best råd taper kampen om vervet neste gang det skal bekles, fordi de blir brysomme for kommunen eller staten. Disse medlemmer mener det riktige vil være å tilby advokater og rettshjelpere et kurs eller lignende som er obligatorisk for å få muligheten til å tilby denne type tjeneste, og at dette skal være kvalifikasjonskravet. Alternativt mener disse medlemmer at utvelgingen av rettshjelpstilbydere kan gjøres etter samme modell som oppnevning av faste forsvarere.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil peike på at meldinga ikkje innfører kvalifikasjonskrav til dei som skal yte rettshjelp – anna enn at dei skal vere såkalla "godkjente tilbydere". Fleirtalet vil presisera at også andre advokatar kan by på rettshjelp, men dei står då ikkje på lista over godkjente tilbydarar.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen om å gjennomføre en utredning av forholdet mellom Norges internasjonale forpliktelser og de skisserte endringene i tilbudet om fri rettshjelp.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen vurdere en utvidelse av de frivillige rettshjelpstiltakene.

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen sørge for at alle innsatte i norske fengsler fullt ut får ivaretatt sine rettigheter så lenge den innsatte ikke er fradømt disse.

Forslag frå Framstegspartiet:

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen på nytt vurdere innføring av den finske modellen for rettshjelp.

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag om en heving av salærsatsen for fri rettshjelp til 1 000 kroner per time.

Forslag 6

Stortinget ber Regjeringen vurdere en modell for rettshjelp uten innkreving av egenandel.

Forslag frå Høgre:

Forslag 7

Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag om en heving av salærsatsen for fri rettshjelp som sikrer tilfredsstillende kvalitet på rettshjelpstjenester.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 26 (2008–2009) – om offentleg rettshjelp. Rett hjelp – vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i justiskomiteen, den 11. juni 2009

Anne Marit Bjørnflaten

Hilde Magnusson Lydvo

leiar

ordførar