Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Ola Borten Moe, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at offentleg sektor kvart år kjøper varer og tenester til ein verdi av om lag 270 mrd. kroner, og dette er fellesskapet sine midlar, som må utnyttast på best mulig måte. Det er samfunnsøkonomisk viktig å stimulera til ei effektiv offentleg innkjøpsverksemd. Effektive offentlege innkjøp kan frigjera ressursar som kan brukast til både fornying og auka velferd.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, ser det derfor som positivt at Regjeringa gjennom St.meld. nr. 36 (2008–2009) har gjort ei heilskapleg tilnærming til offentlege innkjøp, gått grundig inn på korleis innkjøp blir gjennomførde, og kome med ei rekkje tiltak som vil føre til betre offentlege innkjøp.

Lov og forskrift om offentlege anskaffingar er eit sentralt verkemiddel i kampen mot korrupsjon og korrupsjonsliknande åtferd i samband med innkjøp og kontraktar i offentleg sektor.

Komiteen viser til at reglane skal sikre at offentlege verksemder opptrer med stor integritet og gi ålmenta tillit til at innkjøpa skjer på ein samfunnstenleg måte. Innkjøpa skal gjennomførast på ein open og føreseieleg måte, som sikrar konkurranse og rettvis handsaming.

Komiteen ser med bekymring på stadige brot på regelverket, og at enkelte kommunar og statlege verksemder handsamar sine innkjøp på ein uprofesjonell måte. Dette er dårleg samfunnsøkonomi, og er òg med på å svekke tilliten til offentleg forvaltning.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merka seg at Regjeringa har gjort mykje for å styrkje etterleving av regelverket for offentlege anskaffingar.

Fleirtalet meiner at kompetanse, informasjon og veiledning er føresetnader for at anskaffingsregelverket skal etterlevast på ein god måte, og er difor tilfreds med at Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å betre kompetansen og etterlevinga av regelverket.

Fleirtalet viser òg til at reglane om gebyr for ulovlege direktekjøp berre har virka sidan januar 2007, og at handheving av regelverket vil bli enda meir styrkt i samband med gjennomføring av det nye handhevingsdirektivet. Fleirtalet har òg merka seg at Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal sjå nærare på korleis handheving av regelverket skal fylgjast opp i framtida.

Etter fleirtalet sitt syn er det no viktig at dei tiltaka som allereie er sett i gang for å betre etterlevinga av regelverket, må få tid til å verka, og har ikkje sett det som aktuelt at det no skal opprettast ei ny tilsynsordning for offentlege anskaffingar, slik Høgre har foreslått.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, er derfor glad for at Regjeringa, gjennom denne stortingsmeldinga, set fokus på at korrekte og gode innkjøp er eit leiaransvar. Leiarar har ansvar for å setje innkjøpsarbeidet i ein strategisk samanheng, og sjå til at verksemda har den naudsynte merkantile, tekniske og juridiske kompetansen for å gjera innkjøp som både dekker behova godt, og samstundes er korrekte ut frå regelverket. Dette fleirtalet legg vekt på at offentleg sektor opptrer som ein profesjonell innkjøpar, som planlegg kjøpa godt, og stiller klare krav til både produkt og leverandørar. Dette fleirtalet viser til at meldinga legg opp til at leiarar skal få rettleiing, større ansvar og at innkjøparar på alle nivå får meir kunnskap, og har merka seg at det òg skal etablerast ein innkjøpsportal.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre ser positivt på at det nå foreligger en stortingsmelding som forsøker å følge opp den omfattende kritikk som er kommet fra Riksrevisjonen mot brudd på anskaffelsesregelverk på ulike nivå av offentlig forvaltning. Disse medlemmer mener at det er viktig at regelverket er klart og utvetydig både for tilbyder og innkjøper. I næringspolitisk sammenheng er det viktig å sørge for konkurranse på like vilkår blant tilbydere. Økt konkurranse om å være leverandør til det offentlige er med på å bedre effektiviteten og innovasjonsevnen i norsk næringsliv. Dette sikrer best mulig kvalitet til lavest pris, gode service- og oppfølgingsavtaler, og ikke minst forhindrer gode innkjøpsrutiner korrupsjon, eller mistanker om dette. Med rundt 272 mrd. kroner i offentlige kjøp av varer og tjenester har anskaffelsespolitikken en direkte effekt på hvor mye velferd og annet man får igjen for bevilgede midler. Dersom innkjøpspolitikken kunne bedret ressursutnyttelsen med for eksempel 10 pst., ville effekten vært betydelig.

Disse medlemmer viser til at Riksrevisjonen i flere rapporter i mange år, senest i januar 2009, har avdekket omfattende brudd på reglene for offentlige anskaffelser. I pressemeldingen i forbindelse med Riksrevisjonens revisjonsberetning for statsregnskapet 2006, Dokument nr. 1 (2007–2008), skriver riksrevisor Jørgen Kosmo at han er

"særlig bekymret over at forvaltningen ikke klarer å etterleve og praktisere regelverket for offentlige anskaffelser. Mange av de samme etatene får nærmest likelydende merknader knyttet til brudd på anskaffelsesregelverket som ved siste revisjonsrapport. Den store oppmerksomheten som både Riksrevisjonen og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har rettet mot dette området har ikke medført særlige forbedringer".

I pressemelding i forbindelse med Riksrevisjonens Dokument nr. 1 (2008–2009) blir kritikken gjentatt.

"Brudd på anskaffelsesregelverket er fortsatt et gjennomgående problem i staten. Fem departementer og en rekke underliggende etater har fått merknader til egen anskaffelsesvirksomhet. For tredje år på rad har Riksrevisjonen merknader til at anskaffelsesregelverket ikke følges i Fornyings- og administrasjonsdepartementet, som er regelverksforvalter på området. Dette er et område som vi har vært kritiske til over lang tid, og der vi dessverre ser få spor til bedring",

skriver riksrevisor Jørgen Kosmo. Disse medlemmer deler Riksrevisjonens bekymring, og stiller spørsmål ved hvorfor Regjeringen ikke iverksetter mer aktive tiltak for å rydde opp i dette til tross for gjentatt kritikk fra Riksrevisjonen. Disse medlemmer mener at omfanget av brudd på anskaffelsesregelverket også i departementene gjør at problemet er omfattende og alvorlig, og bør møtes med sterkere tiltak enn det Regjeringen varsler i meldingen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til at regjeringspartiene omtaler en rekke gode formål, som miljø, arbeidsvilkår, individuelle tilpassinger og innovasjon når det gjelder offentlige innkjøp, men at dette i liten grad blir fulgt opp gjennom konkrete tiltak. Disse medlemmer mener stortingsmeldingen er preget av gode intensjoner, men er uferdig og uten krav til innkjøper. Disse medlemmer viser til at loven om offentlige anskaffelser blir brutt i stort omfang på alle plan i offentlig forvaltning, og mener at hovedfokus bør være å sikre en bedre etterlevelse av regelverket før det blir lagt inn nye formål i innkjøpspolitikken.

2.1 Generelt om offentlige innkjøp

Komiteen er kjend med den viktige rolla Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi, har, og viser til at Regjeringa gjennom oppretting av dette direktoratet har styrka kompetansetilbodet til offentlege innkjøparar. Difi har mellom anna ei viktig rolle med å leggja til rette for utvikling av innkjøpsnettverk i offentleg sektor, og for erfarings- og kompetanseoverføring mellom desse. Komiteen har vidare merka seg at dette er del av den generelle satsinga på heving av kompetansen om regelverk og innkjøp, noko som er positivt.

Komiteen vil framheva at det er viktig at den kunnskap og erfaring som offentlege kjøparar har, blir delt og vidareutvikla.

Meir profesjonelle offentlege innkjøp vil føre til betre kvalitet, lågare prisar og betre ressursbruk i innkjøpsprosessen. Komiteen har merka seg at det i meldinga blir lagt vekt på at offentleg sektor også skal være ein krevjande kunde, og støttar at offentlege innkjøp vert brukte til å fremje viktige samfunnsomsyn og til å stille krav til innovasjon i næringslivet.

Komiteen viser til at offentleg sektor er ein sentral aktør på marknaden, og at innovasjon innan offentlege innkjøp er av stor næringspolitisk verdi. Det offentlege må være seg si rolle bevisst som innkjøpar, og stimulera til næringsutvikling og nyskaping. Det er i samband med dette viktig å styrke kompetansen om korleis offentlege innkjøp kan føre til meir innovasjon, og om korleis det offentlege kan leggje til rette for dette i høve til næringslivet. Dette er også noko som næringskomiteen la vekt på i arbeidet med Innovasjonsmeldinga, jf. Innst. S. nr. 170 (2008–2009) om eit nyskapande og berekraftig Norge. Det er i denne samanhengen viktig med fokus på utvikling av leverandørar og god dialog mellom offentleg sektor og verksemdene.

Komiteen er kjend med at offentleg sektor står framfor store utfordringar dei neste åra, og at innovative offentlege innkjøp vil kunne føre til ein betre offentleg sektor, samstundes som det vil kunne stimulere FoU i næringslivet. Dette er òg noko som komiteen la vekt på under arbeidet med St.meld. nr. 7 (2008–2009) Eit nyskapande og berekraftig Noreg. Innovasjon i offentlege innkjøpsprosessar stimulerer bedriftene til å utvikle nye eller forbetra varer, prosessar og tenester.

Eit næringsliv som er vant med å møte høge krav vil stå betre rusta til å møte konkurranse utanfrå, og til å tilby gode løysingar i internasjonale marknader. Slik kan offentlege innkjøp medverke til å gjera norsk næringsliv meir konkurransedyktig. Som oppdragsgjevar har det offentlege eit særskilt ansvar for å ikkje kjøpe frå useriøse verksemder. Komiteen støtter Regjeringa i at handlingsrommet som regelverket gir, skal nyttast slik at offentleg sektor medverkar til anstendige arbeidsvilkår i globale leverandørkjeder.

Komiteen støttar at det offentlege skal føre an når det gjeld å etterspørre miljøvennlege varer og tenester, og har merka seg at Difi har ansvaret for å følgje opp ein treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp frå Regjeringa. Regjeringa sin handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar sørgjer for at klima- og energitiltak blir prioriterte i statlege innkjøp. Handlingsplanen er utarbeidd av Miljøverndepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet, og Difi har oppfølgingsansvaret.

Gjennom sine innkjøp legg offentlege verksemder mykje av grunnlaget for mellom anna korleis offentlege bygg vert utforma, korleis offentlege tenester stettar innbyggarane sine behov og føresetnader, og korleis arbeidsplassar i offentleg sektor vert tilrettelagde for dei tilsette. Gjennom å stille krav til universell utforming skal det offentlege legge til rette for at alle menneske skal kunne delta på like vilkår, uavhengig av funksjonsnivå.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til komitémerknad i Innst. S. nr. 170 (2008–2009) om at det, etter komiteen sitt syn, bør stimulerast til auka fokus på grøne innkjøp i offentleg sektor, og at det offentlege gjennom bruk av miljøkrav stimulerar til meir innovasjon på miljøområdet, såkalla grøne innovasjonar. På denne måten kan det offentlege vere i front som ein krevjande kunde, også på miljøområdet. Etter komiteen sitt syn vil dette føre til at me får eit meir framtidsretta og konkurransedyktig næringsliv.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre, ser det elles som svært bra at Regjeringa har innført krav om arbeidsklausular i offentlege kontraktar for å sikre at tilsette som utfører tenester og bygge- og anleggsarbeid for offentlege oppdragsgivarar, ikkje har dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som fylgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke.

Dette fleirtalet strekar under at utforminga av gode innkjøp for tenester og tiltak frå sosialtenestene og arbeids- og velferdsforvaltning (Nav) må ta vare på omsynet til kvalitet, langsiktigheit, stabilitet og moglegheit for god individuell tilpassing av tilbodet. Dette fleirtalet meiner det òg bør leggjast vekt på omsyn til service overfor brukarane, og at dette vil kunne stille krav om nærleik til brukarane i val av leverandør. Anskaffing av slike tenester bør derfor ikkje gjennomførast med størst vekt på priskriteriet. Innkjøparane bør i staden nytte det store handlingsrommet som ligg i regelverket med omsyn til å leggje vekt på andre kriterier enn pris når ein vel leverandør. Dette fleirtalet meiner anskaffingsprosessen bør ta høgde for tryggleik for fagleg utvikling av tiltaka og særskilt fleksibilitet til individuell tilpassing. Når ein kjøper helse- og sosialtenester, er det tillete å nytte konkurranse med forhandling. Dette fleirtalet viser vidare til at innkjøparane har høve til å avgrense konkurransar til verksemder der fleirtalet av dei berørde tilsette er funksjonshemma. Dette fleirtalet meiner at handlingsrommet som ligg i regelverket, til dømes med omsyn til val av prosedyreform, utforming av konkurransegrunnlag og val av tildelingskriterier bør nyttast for å ta vare på omsyn som nemnt ovanfor. På denne bakgrunn ber dette fleirtalet om at det vert gitt føringar for utforming av gode innkjøpsformer for å ta vare på lovpålagte tenester og tiltak til enkeltpersonar.

Dette fleirtalet vil streke under at standardar er viktige hjelpemiddel i arbeidet med å forbetre kvaliteten på dei offentlege innkjøpa i Noreg. Dette fleirtalet har merka seg at Standard Norge, på oppdrag frå Regjeringa, har utarbeidd ein nasjonal standardiseringsstrategi, der eitt av hovudmåla er å utvide bruken av standardar i offentleg sektor for å auke den nasjonale verdiskapinga, styrkje konkurransekrafta, sikre berekraftig forbruk, og oppnå gode løysingar for helse, miljø og sikkerheit.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre vil vise til Representantforslag nr. 64 (2005–2006) fra Høyre som bad Regjeringen foreslå regler som sikrer mest mulig like konkurransevilkår mellom offentlige og private aktører, et forslag som ble avvist av de rød-grønne partiene.

Disse medlemmer viser til innstilling fra næringskomiteen i sak om lov om endring i lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser, hvor disse medlemmer stemte imot krav om arbeidsklausuler i offentlige kontrakter fordi dette øker de administrative byrder ved anskaffelser, er dårlig utredet og ikke følges opp av et troverdig kontrollregime. Disse medlemmer mener at det er høyst usikkert om slike klausuler har effekt som tiltak mot sosial dumping.

Terskelverdi og forenkla kunngjering

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at terskelverdien for offentlege innkjøp blir uendra, og støtter at grensa for når ein kjøpar må gjennomføre ein anbodskonkurranse ikkje blir heva no, men blir ståande på 500 000 kroner. Fleirtalet merkar seg òg at det ikkje blir innførd forenkla kunngjeringsplikt for kjøp under dette beløpet, og støttar at dette fortsatt skal være ei friviljug ordning. Fleirtalet viser til at regelverket hadde sin siste store revisjon i 2007 og ser det som viktig at det no blir sett fokus på etterleving av regelverket og ro og stabilitet rundt regelverket. Dette vart det òg gitt støtte til under den opne høyringa i komiteen.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er tilfreds med at hevinga av terskelverdien frå 200 000 kroner til 500 000 kroner, som vart gjort hausten 2005, har vore samfunnsøkonomisk lønsam. Dette fleirtalet viser til at dette er konklusjonen til Asplan Viak, som på oppdrag av Fornyings- og administrasjonsdepartementet evaluerte konsekvensane av endringane. Dette fleirtalet har merka seg at undersøkinga viser at både leverandørar og innkjøparar har spart pengar på enklare innkjøpsprosessar, og at tapet ved redusert konkurranse ikkje overstig denne gevinsten.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er positive til at løftet i Soria Moria-erklæringen om å heve anbudsterskelen fra nivået på 500 000 kroner opp mot EU-nivå, som i 2005 var rundt 1,8 mill. kroner, nå blir skrinlagt. Derimot er det grunn til å anta at signalet fra den rød-grønne regjeringen om en slik svekkelse av innkjøpsregelverket kombinert med at forenklet kunngjøringsplikt ble droppet, ikke har stimulert stat og kommune til å ta regelverket mer på alvor.

Disse medlemmer vil vise til behandlingen av representantforslag fra Høyre, Dokument nr. 8:12 (2005–2006) om plikt til forenklet kunngjøring av innkjøp mellom terskelverdien for anbud på 500 000 kroner og 100 000 kroner. NHO viser i høringsbrev til stortingsmeldingen at det for små og mellomstore bedrifter har blitt vanskelig å delta i konkurransen om kontrakter under anbudsterskelen fordi innkjøpene ikke blir offentliggjort på ett sted, men spredt på den enkelte innkjøpers nettsteder, eller via andre kanaler. Disse medlemmer støtter fortsatt opprettelsen av en slik utlysingsportal der kravet til informasjon er betydelig forenklet sammenlignet med innkjøp over terskelverdien. Disse medlemmer mener at en slik kunngjøring må være obligatorisk og merker seg at Regjeringen ikke argumenterer spesielt godt mot dette i stortingsmeldingen.

Disse medlemmer har blant annet merket seg at det for Regjeringen synes å være viktigst å forhindre "økt ressursbruk og byråkrati" i forbindelse med offentlige innkjøp. Disse medlemmer mener det også er viktig å forsikre seg om at skattebetalernes penger blir brukt på en best mulig måte, at næringslivet kan konkurrere på like vilkår og at korrupsjon unngås.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen, senest i statsbudsjettet for 2010, å innføre plikt til forenklet kunngjøring ved innkjøp mellom den nasjonale terskelverdien for anbudsplikt og 100 000 kroner, og legge til rette for en effektiv ubyråkratisk nasjonal web-basert struktur for dette."

Elektroniske løysingar

Komiteen ser arbeidet med å auke bruken av elektroniske løysingar ved offentlege innkjøp som viktig, og har merka seg at bruk av elektroniske løysingar gir betre, enklare og sikrare innkjøp.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er nøgd med at Regjeringa vil sikre eit breitt tilbod for elektroniske løysingar som dekkjer heile innkjøpsprosessen.

Fleirtalet viser til at Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for å auke bruken av elektroniske tenester, og har merka seg at tenestetilbodet for elektroniske løysingar har vorte vidareutvikla på ei rekkje områder. Fleirtalet har vidare merka seg at statsråden i sitt brev til næringskomiteen datert 8. juni 2009 strekar under at det at ein ikkje går ut med nye måltal om kor stort omfanget av elektronisk handel skal vera, ikkje betyr at Regjeringa har senka ambisjonsnivået på dette feltet. Fleirtalet ser det som positivt at Regjeringa satsar på kontinuerleg betring av tenestetilbodet for elektroniske løysingar, og at ein no tek sikte på å sette i verk tiltak for å skaffe betre kunnskap om bruk av elektroniske løysingar, slik at det blir enklare å fylgje opp satsinga.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at Regjeringen ikke er i nærheten av å nå målet om at 25 pst. av de offentlige anskaffelsene skal skje gjennom elektronisk handel, og at målsettingen ikke opprettholdes i meldingen. Elektronisk handel vil øke kvaliteten på innkjøpspraksisen betydelig, men vil måtte medføre en viss omlegging av innkjøpsprosedyrene mange steder. Disse medlemmer stusser over at Regjeringen her, i likhet med forenklingsområdet, går bort fra konkrete målsettinger. Fravær av målsettinger svekker oppfølgingsmulighetene. Disse medlemmer mener at Regjeringen bør ha en konkret målsetting, konkrete tiltak for å nå målet og en metode for fortløpende oppfølging av hvordan man ligger an.

Disse medlemmer viser til svar fra fornyings- og administrasjonsministeren av 8. juni 2009 om elektronisk handel. Statsråden mener at elektroniske løsninger er viktig for å effektivisere og forbedre offentlige innkjøpsprosesser og viser til at Regjeringen har satt i gang en rekke tiltak for å øke bruken av dem. I sitt svar skriver statsråden at også Regjeringen ønsker at hele offentlig sektor skal ta i bruk elektronisk faktura og vil blant annet innføre et fellesformat for elektronisk faktura. Disse medlemmer merker seg at statsråden sier det ikke foreligger tilstrekkelig informasjon om elektronisk handel i offentlig sektor, og at hun derfor vil sette i verk tiltak for å framskaffe bedre og mer fullstendig informasjon om omfanget. Disse medlemmer gjentar at Regjeringen selv har satt seg som mål at 25 pst. av offentlige anskaffelser skal skje elektronisk, og merker seg at statsråden i sitt svar går bort fra dette.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede mulighetene for elektronisk handel på ulike områder og etablere ambisiøse mål med tilhørende tiltak."

KOFA

Komiteen vil peike på den viktige rolla KOFA (Klagenemda for offentlige anskaffelser) har, og har merka seg forslaget om at KOFA får tilført 3,65 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett for 2009.

Komiteen har merka seg at Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut implementeringa av nytt handhevingsdirektiv i norsk rett, og vurdera korleis det samla norske handhevingssystemet best kan organiserast. I denne samanhengen skal òg KOFA sine oppgåver vurderast.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, vil streke under kor viktig det er at klager kan handsamas raskt, noko denne styrkinga i form av ekstraløyve vil føre til. Det vil gjere at innkjøparar tek regelverket på alvor, og styrkje tilliten til KOFA.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er positive til at Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) kan ilegge overtredelsesgebyr ved ulovlige direkteanskaffelser på inntil 15 pst. av innkjøpet. Når det gjelder andre typer brudd på anskaffelsesregelverket, er uttalelsene i KOFA ikke bindende for partene og vedtaket har dermed ingen formell virkning. KOFA har heller ingen anledning til å undersøke mistanker om brudd på regelverket på eget initiativ. Disse medlemmer vil vise til behandlingen av Representantforslag nr. 123 (2007–2008) fra Høyre om å etablere et eget tilsynsorgan for offentlige anskaffelser. Selv om KOFA er et viktig tilbud for leverandører som vil klage, så mener disse medlemmer at KOFA ikke er tilstrekkelig som verktøy for å bedre etterlevelsen av anskaffelsesregelverket. Riksrevisjonens rapporter og andre gjennomganger viser at man trenger et mer aktivt tilsynsopplegg og tøffere sanksjoner. I et slikt tilsynsopplegg kan det fortsatt være en løsning at KOFA opprettholdes som ankeorgan.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen etablere en tilsynsordning for offentlige anskaffelser."

Innkjøpsprotokollar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til rapporten frå Asplan Viak som viser at protokollplikta, som gjeld for alle kjøp over 100 000 kroner, og som vart innført på same tid, har hatt ein skjerpande effekt på innkjøparane. Det at innkjøparane må gje ei grundig skriftleg grunngjeving for vala sine, stimulerer til gode innkjøp. Fleirtalet viser òg til dei nye reglane i offentlegheitslova som vil gjera protokollen offentleg etter at kontrakten er inngått. Fleirtalet har merka seg at det på komitéhøyringa vart tatt til orde for ein enkel måte å få informasjon om inngåtte kontraktar på, og ber Regjeringa sjå nærare på dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at forvaltningen er preget av lite åpenhet og lite tilgjengelig informasjon og statistikk om offentlige anskaffelser. Slik informasjon er viktig for å få et bilde av om regelverket følges opp og for at leverandører kan ha tillit til at systemet er åpent og rettferdig. Slik regelverket fungerer nå, vil mange små og mellomstore bedrifter ikke bli gjort oppmerksomme på innkjøp som foretas, og man vil heller ikke kunne sjekke hvem som har fått oppdrag uten å drive betydelig utredningsarbeid.

Disse medlemmer vil også vise til svar fra fornyings- og administrasjonsministeren av 8. juni 2009 (vedlagt) på spørsmål om obligatorisk kunngjøring av innkjøpsprotokoll. Statsråden vedgår at en slik offentliggjøring vil føre til økt åpenhet om offentlige anskaffelser. Disse medlemmer støtter statsrådens syn og har også merket seg at statsråden peker på at større åpenhet kan forebygge og avdekke korrupsjon, samt virke disiplinerende på offentlige virksomheter, og dermed bidra til at innkjøpsprosesser forbedres. Disse medlemmer merker seg at statsråden likevel viser til at reglene om offentlighet er nye, og vil se hvordan reglene har virket etter noe tid. Disse medlemmer mener dette er en for passiv holdning, og viser til all kritikken som har kommet mot offentlige innkjøpsrutiner.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen etablere en ordning slik at innkjøpsprotokoller for kjøp over 100 000 kroner blir offentliggjort."

Disse medlemmer mener at det også er av offentlig interesse hvilke leverandører som leverer varer og tjenester til offentlig sektor og mener at dette kan gjøres tilgjengelig på ulike måter. Offentliggjøring må imidlertid skje på en måte som ikke er for kostbar for offentlig sektor eller som gir ut sensitiv informasjon fra leverandører.

Leverandørreskonto

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til svar fra fornyings- og administrasjonsministeren av 8. juni 2009 på spørsmål om offentliggjøring av leverandørreskonto. I sitt svar vedgår statsråden at en slik offentliggjøring vil føre til noe mer åpenhet om offentlige anskaffelser og en oversikt over hvilke leverandører virksomheten har kjøpt inn varer og tjenester fra.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede en hensiktsmessig ordning om offentliggjøring av hvilke leverandører som leverer varer og tjenester til offentlig sektor."

Tenestepensjonar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til brev frå statsråden til næringskomiteen, datert 4. juni 2009, om konkurranseforholda for offentlege tenestepensjonar. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa er i ferd med å greie ut forholdet mellom regelverket for offentlege innkjøp og tenestepensjon, og avventer resultatet av dette arbeidet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til at innkjøp av offentlige tjenestepensjoner beløper seg til nærmere 23 mrd. kroner hvert år og er en vesentlig og økende utgift for offentlig virksomhet.

Disse medlemmer vil vise til Konkurransetilsynets brev til Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) av 18. mars 2009, der det går frem at tilsynet vurderer å gi en påpekning etter konkurranseloven § 9 første ledd e) overfor rette myndighet for å styrke konkurransen og lette adgangen for nye aktører i markedet for offentlige tjenestepensjoner. FAD har i første omgang bedt om en tolkningsuttalelse av hvordan anskaffelsesregelverket er å forstå i forhold til nåværende praksis i mange kommuner. Disse medlemmer viser også til FADs svar på spørsmål fra Høyre i brev av 4. juni 2009 (vedlagt), der statsråden skriver at "problemstillingene" Konkurransetilsynet tar opp er kompliserte, og en slik utredning vil derfor ta noe tid.

Disse medlemmer finner det svært uheldig at innkjøp av tjenestepensjoner ikke i stor nok grad blir lagt ut på offentlige anbud. Innkjøp av disse tjenestene blir heller ikke omtalt i denne stortingsmeldingen, noe som ville vært naturlig på grunn av det totale omfanget av disse. Disse medlemmer viser til at Konkurransetilsynet tar opp en begrenset, men viktig problemstilling og at Regjeringen allerede har brukt mer enn to måneder på å besvare brevet. Disse medlemmer anmoder Regjeringen om å prioritere saksbehandlingen av et viktig spørsmål for innkjøp i offentlig sektor.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen snarest innføre krav om at det regelmessig gjennomføres anbudskonkurranser om kjøp av offentlig tjenestepensjon."

Helse- og omsorgstenester

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti viser til representantforslaget frå Kristeleg Folkeparti, Dokument nr. 8:76 (2007–2008), om at ideelle verksemder som yter helse- og omsorgstenester, herunder barnevernstenester, vert unntatt frå kravet om anbod i lov om offentlege anskaffelser. Denne medlemen viser til innstillinga i saka, Innst. S. nr. 311 (2007–2008), der det heiter at:

"Dette fleirtalet er (…) samd med forslagsstillarane i at frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle for den norske velferdsstaten, og at dei er eit viktig supplement til offentlege etatar (…) Dette fleirtalet ynskjer at dei ideelle og private ikkje-kommersielle organisasjonane også i framtida skal vere ein viktig bidragsytar til velferdsstaten, og vil leggje til rette for dette. Dette fleirtalet har òg merka seg at det er eit arbeid på gang i Regjeringa der dei juridiske problemstillingane blir vurderte, og at det i samband med dette vil bli vurdert kva for tenester som eventuelt skal haldast utafor lovas krav til konkurranse."

Denne medlemen strekar under at bruk av anbod ikkje er hensiktsmessig i helse- og omsorgssektoren, der utsette grupper er avhengige av stabilitet og langsiktige tilbod. Denne medlemen er særs skuffa over at Regjeringa enno ikkje har foreslått endringar som sikrar mindre bruk av konkurranseutsetting på dette området. Det hastar no å få unnateke ideelle organisasjonar i helse- og omsorgssektoren frå anbodskravet. Tusenvis av rusmiddelmisbrukarar, barnevernsbarn og eldre står i fare for å mista sitt tilbod. Nokre har allereie mista tilbodet. Dette har også samanheng med at Helse Sør-Øst fører ein meir anbodsretta politikk enn det andre helseregionar gjer.

Denne medlemen fremmar på denne bakgrunn følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa snarast fremma forslag som sikrar at ideelle verksemder som yter helse- og omsorgstenester, herunder barnevernstenester, vert unnatekne frå kravet om anbod i lov om offentlege anskaffingar."

"Stortinget ber Regjeringa snarast sikra at Helse Sør-Øst følgjer den avtalepraksisen for helse- og omsorgstenester som dei andre helseregionane følgjer."

"Stortinget ber Regjeringa om snarast å fremma forslag som sikrar at den kommunale eigenandelen på ideelle rusbehandlingsplassar vert fjerna, slik at kommunane vert stilt overfor den same økonomiske situasjonen uavhengig av om kommunen nyttar ein ideell eller ein statleg institusjon."