Sammendrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om å regulere grunnbeløpet (G) med verknad frå 1. mai 2009 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2009 som følgje av reguleringa.

Regjeringa har lagt dei retningslinjene for trygdeoppgjeret Stortinget fastsette i 2003 til grunn for framlegget, jf. Innst. S. nr. 223 (2002–2003).

Det blir i proposisjonen gjort greie for drøftingane mellom Regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Partane blei samde om å auke grunnbeløpet med 2 625 kroner frå 1. mai i år. Organisasjonane har ein protokolltilførsel der dei viser til at ein i dei tre siste reguleringane har hatt eit større etterslep grunna avvik mellom venta og faktisk lønnsutvikling. Dei meinar at ein må ta omsyn til dette ved trygdeoppgjeret i 2010 om denne utviklinga held fram.

Det gis framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå 70 256 kroner til 72 881 kroner frå 1. mai 2009, det vil seie med 3,74 prosent. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 4,2 prosent frå 2008 til 2009.

Det blir i proposisjonen og gjort greie for trygdedrøftingane i 2008 der partane blei samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar.

I samsvar med dette blir det i proposisjonen gjort framlegg om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Meirutgiftene for 2009 som følgje av høgare særtilleggssats er om lag 202 mill. kroner, og er alt medrekna i statsbudsjettet for 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009).

Som følgje av auken i særtillegget frå 1. mai 2009, blir det i Ot.prp. nr. 99 (2008–2009) gjort framlegg om at satsane for supplerande stønad blir auka tilsvarande. Kostnadene ved framlegget er anslått til 2,4 mill. kroner, jf. Innst. O. nr. 129 (2008–2009).

Pensjonane til einslege minstepensjonistar auker då frå 1. mai 2009 med 7 272 kroner til 143 568 kroner pr. år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med 13 776 kroner til 265 272 kroner pr. år.

Meirutgiftene for 2009 som følgje av høgare grunnbeløp blir om lag 4 910 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonistane frå 1. mai 2009. Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg fram eigen proposisjon om dette.

Tabellen nedanfor viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre fødde etter 1940 frå 1. mai 1992 etter framlegget til pensjonsregulering

.

Minstepensjon

Unge uføre fødde etter 1940

Einslege

Ektepar

Pr. år

Pr. md.

Pr. år

Pr. md.

Pr. år

Pr. md.

1.05.92–30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

87 096

7 258

1.05.93–31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

88 992

7 416

1.01.94–30.04.94

59 868

4 989

101 0881

8 4241

88 991

7 416

1.05.94–31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

90 852

7 571

1.01.95–30.04.952

61 512

5 126

103 992

8 666

90 852

7 571

1.05.95–30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

93 600

7 800

1.05.96–30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

97 836

8 153

1.05.97–30.04.983

69 360

5 780

117 456

9 788

101 412

8 451

1.05.98–30.04.994

81 360

6 780

140 040

11 670

108 252

9 021

1.05.99–30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

112 032

9 336

1.05.00–30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

117 132

9 761

1.05.01–30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

122 544

10 212

1.05.02–30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

129 252

10 771

1.05.03–30.04.04

101 964

8 497

181 2005

15 100

135 660

11 305

1.05.04–30.04.05

105 408

8 784

190 2486

15 854

140 244

11 687

1.05.05–30.04.06

108 852

9 071

199 5127

16 626

144 828

12 069

1.05.06–30.04.07

112 788

9 399

206 712

17 226

150 060

12 505

1.05.07–30.04.08

119 820

9 985

219 600

18 300

159 420

13 285

1.05.08–30.04.098

136 296

11 358

251 496

20 958

173 5329

14 461

1.05.09–30.04.1010

143 568

11 964

265 272

22 106

180 012

15 001

1 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.1994. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

2 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

3 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1997. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).

4 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1998. Ordinær sats utgjorde 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunnbeløpet.

5 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1.05.2003.

6 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1.05.2004.

7 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1.05.2005.

8 Ordinær sats for særtillegget auka til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2008.

9 Dei medrekna framtidige pensjonspoenga for unge uføre blei heva frå 3,30 til 3,50 frå 1.05.2008.

10 Ordinær sats for særtillegget vil auke til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2009.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Pensjonane aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Gjennomsnittleg pensjon har likevel auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Pensjonane for ektepar og sambuande auka sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003–2008. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane auka meir enn grunnbeløpet i same periode av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp, samt at særtillegget ordinær sats blei auka frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008.

Den historiske utviklinga av pensjonane viser at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom den nemnde auken frå 1. mai 2008. Denne utviklinga vil halde fram dei neste to åra som følgje av den vidare opptrappinga av særtillegget som partane blei samde om i trygdeoppgjeret for 2008.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2009 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har og konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2009 blir det rekna med meirutgifter på 5 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 12 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 17 mill. kroner for 2009.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) auka med 31 mill. kroner, og at løyvingane til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 30 mill. kroner.

I samsvar med trygdedrøftingane i 2008 blir det i proposisjonen fremja forslag om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Særtillegget blir gitt med ein ordinær sats og ein minstesats (74 prosent av grunnbeløpet). Minstesatsen gjeld når pensjonisten har ektemake eller sambuar som har tilleggspensjon større enn det ordinære særtillegget, men ektemakane er likevel sikra samla tilleggspensjon og særtillegg tilsvarande to gonger særtillegget etter ordinær sats. I andre høve blir det gitt særtillegg etter ordinær sats, det vil seie både til einslege minstepensjonistar og til ektepar der begge er minstepensjonistar.

Det vert gjort merksam på at pensjonistar med supplerande pensjonar som er samordningspliktige med folketrygda, vil få dei supplerande pensjonane samordna på nytt. Minstepensjonistar som har tenestepensjon som er fullt opptent, vil såleis ikkje få ein ekstra auke i samla pensjon ved at særtilleggssatsen blir heva til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Minstepensjonistar som har ein tenestepensjon i tillegg til folketrygda vil difor få ein auke på 4,2 prosent frå 2008 til 2009.