1.1 Bakgrunn

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2010.

Forslaget til regulering er basert på meklingsresultatet mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio. Med grunnlag i løneoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktig mannskap tilrådd auka med 3,6 pst. frå 1. juli 2010.

Meirutgiftene for 2010 er utrekna til 15,514 mill. kroner.

Gjennom mange år er dei økonomiske ytingane til soldatane regulert med basis i løneoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn reguleringa i lågaste lønetrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Løneoppgjeret for statstilsette i løneramme 02, lønstrinn 18 gav eit kronetillegg på 8 800 på A-tabellen. Dette utgjer ei regulering på 3,6 pst.

Dei årlege reguleringane med basis i løneoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det òg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 3,6 pst. med verknad frå 1. juli 2010.

1.2 Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2010:

Tenestetillegg frå kr 145,00

til kr 150,00 pr. dag

Tenestetillegg HV-innsatsstyrke frå kr 780,00

til kr 808,00 pr. dag

Operativt (§13-oppdrag) tillegg frå kr 1114,00

til kr 1 154,00 pr. dag

Korporalstillegg frå kr 18,40

til kr 19,00 pr. dag

Kompensasjonstillegg frå kr 285,00

til kr 295,00 pr. dag

Ektefelletillegg frå kr 3 891,00

til kr 4 029,00 pr. månad1

Barnetillegg, fyrste barn frå kr 4 422,00

til kr 4 581,00 pr. månad

Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1 821,00

til kr 1 887,00 pr. månad

Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr 27 850,00

til kr 28 835,00 1

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 54,00

til kr 56,00 pr. dag

1 Beløpene er avrundet av hensyn til dagsatser på hel ti-øre/krone.

1.3 Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene av forslaget er utrekna til 15,514 mill. kroner for 2010 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

8,088 mill. kroner

Auke av tenestetillegg HV-innsatsstyrke og operativt tillegg (§13 oppdrag)

0,564 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,054 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

0,208 mill. kroner

Auke av dimisjonsgodtgjersle

6,388 mill. kroner

Auke av utdanningsbonus dagsats

0,212 mill. kroner

1.4 Verknad for siviltenesta

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2010 er utrekna til 581 000 kroner. Verknad for heile året blir 1,091 mill. kroner.