Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram
melding om gjennomføring av lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning
av råfisk (råfisklova) og lov av 27. april 1990 nr. 9 om regulering
av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2009 og 2010.
Meldinga omtalar enkelte ak-tuelle saker av interesse for Stortinget.
Meldinga omtalar forutan saker frå åra 2009 og 2010 enkelte saker
frå 2011.
Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova
og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 12. februar 2010,
jf. Meld. St. nr. 8 (2009–2010) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova
i 2007 og 2008 og Innst. 213 S (2009–2010).
Meldinga gir ei utgreiing om gjennomføringa
av og kontrollen med omsetninga i første hand i kapittel 2 og 3,
og ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten i kapittel 4. Årsmeldingane
for 2009 og 2010 frå styret til Sjømatrådet utgjer vedlegg 1 til
meldinga, mens tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike
salslaga utgjer vedlegga 2–7.
Råfisklova av 1951 vart vedteken som ei permanent
lov til erstatning for ei tidlegare mellombels lov. Den nye lova
var forma som ei fullmaktslov som gir salslaga vid sjølvstendig
kompetanse når det gjeld omsetninga av råfisk i første hand. For å
sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av lova
vart det derfor vedteken ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at
vedkomande departement årleg skulle leggje fram ei melding for Stortinget
om gjennomføringa av lova, jf. Ot.prp. nr. 63 (1951) om lov om omsetning
av råfisk.
Den første meldinga kom i 1953. Den eittårlege meldinga
utvikla seg over tid til ei toårleg melding. Etter kvart vart ho
dessutan slått saman med meldingar om andre lover, mellom anna tilverkarlova
som no er oppheva, og seinare fiskeeksportlova.
Sjølv om lovkravet om melding til Stortinget vart
oppheva i 1986, tok sjøfarts- og fiskerikomiteen opp eit framlegg
om toårleg melding på nytt i Innst. S. nr. 172 (1985–1986) og gjorde
slikt vedtak 4. juni 1986:
«Stortinget ber Regjeringen framlegge 2-årlige meldinger
om gjennomføringa av lov av 14. desember 1951 om omsetning av råfisk
(råfiskloven) og lov av 18. desember 1970 nr. 91 om omsetning av
fisk frå tilvirker (tilvirkerloven).»
Tilverkarlova vart oppheva med verknad frå 1. juli
1993, og siste gong omtala i St.meld. nr. 18 (1993–1994) Om gjennomføring
av råfiskloven og tilvirkerloven i 1991 og 1992. Etter kvart har
departementet omtala fiskeeksporten i den toårlege meldinga.
Den viktigaste endringa i lovverket dei siste
åra er lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine
ressursar (havressurslova), der også endringar i råfisklova inngår.
I høve til salslaga inneheld havressurslova nye føresegner om den
nasjonale ressurskontrollen som gir fiskesalslaga ei viktigare rolle
enn før.
Eit sentralt grep i havressurslova er at ho
skal regulere forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar.
Samtidig med havressurslova vart det vedteke endringar i andre sentrale
lover på villfiskforvaltninga sitt område slik at dei fekk eit tilsvarande
verkeområde. Mellom anna vart råfisklova endra slik at Kongen no
har kompetanse til å gjere ho gjeldande for alle viltlevande marine
ressursar.
Som ei oppfølging har departementet i perioden etter
førre melding til Stortinget vedtatt ny forskrift 12. mars 2010
nr. 390 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar til
erstatning for tidlegare forskrift 20. november 1989 nr. 1185 om
inndragning av fangst og anvendelse av inndratte midler og delegeringsvedtak 16. desember
2008 nr. 1376. Salslaga fekk ved denne forskrifta ei betydeleg utviding
av sin inndragingskompetanse.
Vidare vart det vedtatt ny forskrift 30. april
2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar
til erstatning for tidlegare forskrift 29. juni 1990 nr. 485 om førstehåndsomsetningen
av råfisk (råfiskforskrifta) og forskrift 17. september 1990 nr.
795 om førstehåndsomsetning av sild gjennom Skagerakfisk S/L. Den
sentrale endringa er at verkeområdet til forskrifta er utvida slik
at ho no gjeld alle viltlevande marine ressursar, tilsvarande verkeområdet
til havressurslova.
Salslagsstrukturen er ikkje endra i perioden sidan
førre melding til Stortinget. Det er framleis fem salslag i kvitfisksektoren:
Skagerakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalslag,
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag, for-utan eitt
i pelagisk sektor: Norges Sildesalgslag.
Dei seks fiskesalslaga er private rettssubjekt,
organiserte som samvirke der berre fiskarar kan vere medlemer. Gjennom
råfisklova med tilhøyrande råfiskforskrift har salslaga einerett på
all omsetning av råfisk mv. i første hand i Noreg, fordelt mellom
laga etter fiskeslag, og etter kva for ein stad fisken er bringa
i land. Råfisklova gir i tillegg laga høve til å fastsetje forretningsreglar
som er bindande for alle som kjøper fisk i første hand.
Fiskesalslaga har ut over dette ei rolle som
offentleg forvaltar. Gjennom klare føresegner i råfisklova har dei
kompetanse til å utøve offentleg forvaltning, mellom anna gjere
vedtak. Vidare har laga kompetanse til å inndra oppgjer for produkt
levert i strid med slike reguleringar eller dirigeringar, og til
å kontrollere at fiskarane held føresegnene i lova og tilhøyrande
regelverk. I inndragingssaker er Fiskeridirektoratet klageinstans.
Over tid har salslaga fått ei rekkje andre oppgåver
med klart preg av offentleg forvaltning som ikkje går fram av råfisklova.
Dei har ei rolle som forvaltar av statlege tilskot der føringstilskot
til mottakarar av fisk er det mest sentrale.
Salslaga speler ei særs viktig rolle i den nasjonale
ressurskontrollen saman med offentlege organ som Fiskeridirektoratet
og Kystvakta. Dette arbeidet omfattar både kvotekontroll og inndraging
av fangst ut over kvote. Eineretten til omsetning sikrar tilgang
til informasjon om uttak av alle ressursar i sjøen, noko som er avgjerande
for kartlegging av ressursane meir generelt. Systemet med landings-
og sluttsetel som salslaga administrerer, er sentralt her.
Den stendige styrkinga av rolla til salslaga
som offentleg forvaltar inneber at både styresmaktene og salslaga
må vere medvetne om problemstellingar som dette reiser. Ein kan
reise spørsmål om det bør gå ei grense for kor stor forvaltningsmyndigheit
ein organisasjon som er reservert for fiskarar bør kunne ha, slik
eit fiskesalslag må vere så lenge det er organisert som eit samvirkeføretak.
Departementet finn ikkje at ei slik grense er overskriden i dag,
men ein skal likevel vere merksam på problemstellinga.
Tilsvarande er det viktig å vere medveten om
at det går ei grense mellom den offentlege og den private verksemda
til salslaga. Grensa vil vere avgjerande for når reglane som gir
rettar til private rettssubjekt i høve til offentleg forvaltning, mellom
anna offentleglova og forvaltningslova, kjem til bruk. Kvar denne
grensa går, vil såleis ha stor rettsleg verknad for næringsaktørane.
Formålet med råfisklova var opphavleg å sikre fiskarane
gode og stabile prisar for fisken, men salslagssystemet har seinare
utvikla seg betydeleg. Systemet bidreg i dag til klare og føreseielege
oppgjersrammer for alle som handlar med fisk i første hand, og er
ei sentral kjelde for forvaltninga til informasjon om fangstaktivitet. Ordninga
er avgjerande for kvotekontroll, sporing og kartlegging.
Det har likevel blitt stilt spørsmål ved enkelte sider
av salslagssystemet. Dette gjeld særleg spørsmålet om korleis gi
ei ordning tilstrekkeleg legitimitet når ho gir dei fiskareigde
salslaga rett til einsidig å fastsetje minsteprisar som er bindande
både for seljar og kjøpar av fisk i første hand.
Salslaga og fiskekjøparane sine organisasjonar vart
i 2005 einige om å opprette ei prøveordning med privat meklingsinstans
ved usemje om minsteprisen, under føresetnad av at fiskesalslaga fekk
behalde eineretten til å fastsetje endeleg minstepris. Prøveordninga
varte i to år, 2007 og 2008. Det vart totalt gjennomført åtte meklingar.
På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet føretok
Kontali Analyse AS i 2009 ei evaluering av prøveordninga. Det kom
fram at meklingsinstansen hadde ei betre forankring på industrisida enn
på fiskarsida, og ei betre forankring i pelagisk sektor enn i kvitfisksektoren.
Ingen av aktørane på fiskarsida ønska ei vidareføring av prøveordninga.
For å følgje opp evalueringa, bestemte Fiskeri- og
kystdepartementet å opprette ei arbeidsgruppe som skulle sjå på:
erfaringane frå prøveordninga
med meklingsinstans og den evalueringa som er gjort av prøveordninga,
og eventuelt foreslå tiltak
oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga
av salslagssystemet etter at lova vart vedtatt i 1951
Mandatet for arbeidsgruppa har vore avgrensa av
at hovudtrekka i salslagssystemet og omsetningsmonopolet skal liggje
fast. I dette ligg det at det framleis skal fastsetjast ein minstepris
for fisk i første hand, og at dette såleis skulle vere ein gjennomgang
av tekniske forhold i råfisklova.
Arbeidsgruppa overleverte sine tilrådingar i
rapport 26. oktober 2011. Rapporten er tilgjengeleg på Fiskeri-
og kystdepartement si heimeside. Arbeidsgruppa føreslår å erstatte
dagens lov om omsetning av råfisk (råfisklova) med ei ny moderne
lov som er harmonisert med havressurslova og deltakarlova. Arbeidsgruppa
meiner at det framleis som hovudregel skal fastsetjast ein minstepris.
Føremålet med minstepris skal vere å oppnå ei rimeleg fordeling
av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Ei samla arbeidsgruppe
føreslår at minstepris skal bestemmast etter forhandlingar mellom
fiskesalslaget og dei andre partane, dvs. industriorganisasjonane.
Rapporten har vore på høyring, og departementet arbeider no med
å følgje opp høyringa.
Med verknad frå 1. januar 2010 innførte Den
europeiske unionen (EU) ei ordning med fangstsertifikat for eksport
av fisk mv. for å hindre UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert
fiske). Den 3. september 2009 inngjekk derfor Noreg ein avtale med
EU om norsk tilslutning til EU sitt fangstsertifikatsystem.
Eksporten frå Noreg har for det meste gått utan problem.
Med verknad frå 15. august 2010 vart det innført nye retningslinjer
frå EU-kommisjonen om kva for ei produktvekt som skal førast opp
i det nors-ke sertifikatet. På bakgrunn av dette har det blitt gjort
nødvendige endringar i det norske fangstsertifikatet. Hausten 2011
innførte danske styresmakter eit UUU-gebyr av ein slik storleik
at det vekkjer bekymring hjå næringa. Saka er gitt høg prioritet
av norske styresmakter, og ein vonar å finne fram til ei rimeleg
løysing.
Det sentrale i Noreg sin avtale med EU er at Noreg
skal skrive ut fangstsertifikat basert på det eksisterande norske
sluttsetelsystemet. Salslaga utferdar og validerer fangstsertifikata
via www.catchcertificate.no. Dei utferda elektroniske dokumenta
gjer det mogleg å identifisere opphavet til råvarene, og fangstsertifikata
følgjer varene ved eksport til EU. Frå norsk side vert det arbeidd
for at moglege krav som vert stilt til fangstsertifikat ved import
av sjømat, vert harmoniserte globalt, både for at tiltaka skal vere
effektive i kampen mot UUU-fiske og for å bidra til at marknadstilgangen
for norsk fisk og fiskevarer vert føreseieleg. Det er svært viktig
at krav til import av sjømat ikkje verkar som unødige handelshindringar.
Salslaga har fått eit stadig større ansvar for
ressurskontrollen. Dette heng naturleg saman med verksemda til salslaga.
Salslaga si organisering og grada av kontrollarbeid og kontrolltypar
er ulik. I Innst. 213 S (2009–2010) bad næringskomiteen om ei evaluering
av kvaliteten og ressursbruken i salslaga sitt kontrollarbeid. Departementet
har difor kartlagt innhaldet og omfanget av kontrollarbeidet i dei
ulike salslaga.
Salslaga har i dag kontrolloppgåver både for
ressurskontroll etter havressurslova og omsetningskontroll etter
råfisklova. Kontrollen inneber utøving av offentleg myndigheit.
Ressurskontrollen er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer
av salslaget si verksemd, som for eksempel kvotekontroll. I havressurslova
er salslaga sine fullmakter utvida slik at dei no er betre i stand
til å utføre operativ kontroll. Salslaga har mellom anna fått uhindra
tilgang til fartøy, anlegg og rekneskapsopplysningar. Evalueringa gjenspeglar
situasjonen før og etter salslaga sine utvida heimlar til å utføre
kontroll.
Evalueringa tek mellom anna føre seg om ressursbruken
er kostnadseffektiv, og kor sannsynleg det er at brot på reglane
vert oppdaga ved kontroll. Vidare inneheld evalueringa ei kartlegging
av kva type kontrollar dei enkelte salslaga utfører og korleis desse
vert utførte, og kva det er reagert mot og korleis det er reagert.
På denne bakgrunn kan gjennomgangen bidra til å belyse kontrollaktiviteten
og sikre likebehandling på tvers av salslaga. Det vert i denne samanheng vist
til arbeidet som er lagt ned i «Prosjekt salgslag». Evalueringa
vurderer verdien av salslaga sine utvida fullmakter etter havressurslova
og råfisklova. Salslaga er som private organisasjonar avhengige
av legitimitet i sitt kontrollarbeid. Kontrollarbeidet må innordnast
slik at ein ikkje kan stille spørsmål ved misbruk av opplysningar som
salslaga får tilgang til om konkurrerande verksemder.
Gjennomgangen av salslaga sitt kontrollarbeid har
avdekka til dels store ulikskapar salslaga imellom med omsyn til
kontroll. Årsakene til dette kan vere ulik organisering, ulik bemanning og
ulik prioritering av dei ulike oppgåvene.
Kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet, Kystvakta og
salslaga vert samordna i ei årleg nasjonal strategisk risikovurdering.
I dette dokumentet vert det gjort ei samla vurdering av risiko for ulovlege
handlingar innanfor ulike område, grunna på erfaring, reguleringane
for dette året, kontrollhistorikk, tilhøva i marknaden og lokal kunnskap.
I vurderinga for 2012 vert det mellom anna fokusert på svart omsetning
av både fisk og skaldyr, innanfor og utanfor dei formelle omsetningskanalane.
Svarte landingar og svart omsetning er såleis av dei områda som
har høg prioritet i 2012, og i analysen vert det peika på at auka
samarbeid mellom salslaga og regionkontora til Fiskeridirektoratet
skal prioriterast høgt dette året.
Departementet legg til grunn at dei to største salslaga
har best evne til kontroll ut frå tilgjengelege ressursar. Gjennomgangen
viser at det er ulik evne og vilje for tilrettelegging og utøving av
kontroll på staden. Dokumentkontroll i ettertid er eit viktig element
i kontrollarbeidet, men departementet ønskjer at salslaga også er
meir til stades med fysisk kontroll på kaikanten. Dei minste salslaga
har få ressursar til å oppfylle sine plikter etter havressurslova,
og dei ulike salslaga oppfyller sine plikter i ulik grad. Det ser
mellom anna ut til at nokre lag manglar både evne og vilje til å
gjennomføre fysiske kontrollar.
Salslaga har ofte minst like god informasjon
om mange viktige opplysningar i sann tid som styresmaktene, og kan
peike ut aktuelle kontrollsituasjonar. Gjennom samarbeidet med Fiskeridirektoratet
har ein kome langt i å utnytte denne informasjonen. Det kan likevel
vere meir å hente gjennom samarbeid, både mellom Fiskeridirektoratet
og salslaga og mellom salslaga sjølve. Slikt samarbeid er viktig
både for å utnytte ressursane best mogleg, og for å utnytte den
informasjonen som er tilgjengeleg i ulike system best mogleg. Det
er også viktig for å sikre lik grad av kontroll mellom ulike distrikt.
Betre samordning kan særleg vere ein avgjerande reiskap for at kontrolloppgåvene
i distrikta til dei små salslaga skal kunne løysast på ein god nok
måte. Det vil ikkje vere akseptabelt, verken for styresmaktene eller
for fiskarane, at graden av kontroll er ulik etter kva for distrikt
fangs-ten vert landa i. På denne bakgrunn vil det verte arbeidd
vidare med salslaga si rolle i den nasjonale ressurskontrollen.
Fiskeeksportlova tredde i kraft 1. juli 1991
og avløyste den dåverande fiskeeksportlova frå 1955. Lova regulerer
ei rekkje spørsmål knytt til eksporten av fisk og fiskevarer.
Fiskeeksportlova omfattar blant anna Noregs sjømatråd
AS. Sjømatrådet er sjømatnæringa sitt felles marknadsføringsorgan
og endra namn frå Eksportutvalet for fisk til Noregs sjømatråd AS 1. januar
2012. Sjømatrådet si verksemd vert finansiert av norske sjømateksportørar
gjennom ei årleg avgift og ei mark-nadsavgift på eksporten av fisk
og fiskevarer. Marknadsavgifta er heimla i fiskeeksportlova og vert
fastsett av departementet i fiskeeksportforskrifta. I 2009 vart
det bestemt at avgifta skulle harmoniserast til 7,5 promille på
alle sjømatprodukt, for å styrke marknadsarbeidet for norsk sjømat
i inn- og utland. Unnataket er hermetikkprodukt, som svarer ei mark-nadsavgift
på 2 promille. Sjømatrådet sine inntekter utgjorde 316 mill. kroner
i 2009 og 363 mill. kroner i 2010.
I 2009 og 2010 vart det eksportert norsk sjømat for
høvesvis 44,6 og 53,6 mrd. kroner. Det vart eksportert sjømat til
140 ulike land over heile verda, men dei viktigaste marknadene er
EU og Russland. Laks, torsk, sild, makrell, sei og aure er dei viktigaste
artane.