1.1 Innleiing

Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2012 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2012.

Det vises til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 25. mai 2012 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer og satser for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2012.

Grunnbeløpet er auka med 3,67 pst., frå 79 216 kroner til 82 122 kroner frå 1. mai. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 pst.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,67 pst. og deretter fråtrekt 0,75 pst., som inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 pst. frå 1. mai 2012.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,67 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,16 pst. Satsane er frå 1. mai 2012 sette til 129 294 kroner for låg sats, 150 425 kroner for ordinær sats, 162 615 kroner for høg sats og 243 935 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2012 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 5 825 mill. kroner.

Prop. 111 S (2011–2012) er nytta som som utgangspunkt i vedtaksdelen i proposisjonen som ble fremja.

Det vises til proposisjonens kapittel 3 der det er nærare gjort greie for utviklinga i grunnbeløpet og lønner dei seinere åra.

Skattereglane for pensjonistar blei endra frå 1. januar 2011, og det vises til proposisjonens kapittel 4 der det er nærare gjort greie for skattereglane for pensjonistar i 2012 når det gjeld

  • Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

  • Særskilde reglar for uføre

  • Minstefrådraget for pensjonsinntekter

  • Trygdeavgift

Det til proposisjonens kapittel 5 og 6 der det nærare- er gjort greie for

  • Pensjonar og ytingar frå folketrygda

  • Pensjonar mv. frå Statens Pensjonskasse

  • Avtalefesta pensjon i privat sektor

  • Pensjonstrygda for sjømenn

  • Krigspensjonering

  • Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

1.2 Nærare om reguleringa

Reglane for regulering

Reglane for regulering av pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4 og 19-14 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465, seinast endra med verknad frå 1. mai 2012. Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulerte i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon og andre ytingar som blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, blir dermed regulerte i samsvar med lønnsauken. Tilsvarande reglar gjeld i andre pensjonsordningar.

Det blir i proposisjonens kapittel 1.2 gjort greie for hva som ligg til grunn for reguleringa.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.

Det blir lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,75 pst. i 2012. I trygdeoppgjeret 2011 blei det lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,9 pst. Faktisk lønnsauke for 2011 er anslått til 4,2 pst. (Det tekniske berekningsutvalet 30. mars 2012). Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,3 prosentpoeng for 2011. I trygdeoppgjeret 2011 blei det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 3,75 pst. i 2010. Faktisk lønnsauke for 2010 er (Det tekniske berekningsutvalet) nå berekna til 3,7 pst. Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,05 prosentpoeng for 2010.

Reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2012

Når det er avvik dei to siste åra, skal det først takast omsyn til avvika og deretter til den venta prosentvise lønnsauken i inneverande år. Den samla årlege lønnsauken er på denne bakgrunnen fastsett til 4,01 pst.

Reguleringa av grunnbeløpet skjer med verknad frå 1. mai. Det nye grunnbeløpet frå 1. mai 2012 skal dermed fastsetjast slik at den prosentvise auken i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2011 til 2012 blir lik den samla årlege lønnsauken. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 4,01 pst. frå 2011 (78 024 kroner) til 2012 (81 153 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2012 er fastsett til 82 122 kroner. Den prosentvise auken i grunnbeløpet frå 79 216 kroner til 82 122 kroner frå 1. mai 2012 er 3,67 pst. Det inneber at uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 pst.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Pensjonen blir først oppregulert med 3,67 pst. og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 pst. frå 1. mai 2012.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka frå 1. mai 2012 med lønnsauken på 3,67 pst. Deretter blir satsane justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar. Dette skjer ved å multiplisere med forholdstalet i 2011 på 1,005 og dividere med forholdstalet i 2012 på 1,010. Dette inneber at satsane er auka med 3,16 pst.

Satsane er frå 1. mai 2012 sette til 129 294 kroner for låg sats, 150 425 kroner for ordinær sats, 162 615 kroner for høg sats og 243 935 kroner for særskilt sats. Når det gjeld kva satsar ein har rett til, viser det til folketrygdlova § 19-8.