Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre følgende
vedtak til lov
om førstehandsomsetning av viltlevande marine
ressursar (fiskesalslagslova)
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1 Formål
Formålet med lova er å medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk
lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar ved å leggje
til rette for gode rammer for førstehandsomsetning og ved å sikre
dokumentasjon av ressursuttaket.
§ 2 Sakleg verkeområde
Lova gjeld førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar,
krav til råstoffkvalitet, stifting og godkjenning av fiskesalslag
og kontrollansvaret og vedtaksretten deira. Lova gjeld likevel ikkje
førstehandsomsetning av fangst i medhald av havbeiteløyve som er
gjeve med heimel i akvakulturloven eller forskrift fastsett i medhald
av denne. Departementet kan i forskrift fastsetje at slik førstehandsomsetning likevel
skal vere omfatta av lova her.
Førstehandsomsetning er omsetning av viltlevande marine
ressursar frå den som har hausta dei, og den første omsetninga etter
ilandføring dersom fangsten ikkje tidlegare er omsett gjennom eller
med godkjenning av eit fiskesalslag. Sal frå eit fiskesalslag er uansett
å rekne som førstehandsomsetning.
Viltlevande marine ressursar er fisk, sjøpattedyr med heilt
eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar
med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen. Lova gjeld likevel
ikkje hausting og anna utnytting av anadrome laksefiskar slik det
er definert i lakse- og innlandsfiskloven § 5 bokstav a.
§ 3 Stadleg verkeområde
Lova gjeld på norsk landterritorium unnateke Jan Mayen
og Svalbard, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske
kontinentalsokkelen og i område oppretta etter lov 17. desember
1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone §§ 1 og 5.
Kongen kan fastsetje at heile eller delar av lova skal
gjelde på norsk landterritorium på Jan Mayen, Svalbard, Peter Is
øy og Dronning Maud Land.
For fartøy som fell inn under deltakerloven, gjeld lova
også utanfor områda i første ledd. Departementet kan i forskrift
fastsetje at lova skal gjelde for andre fartøy som fell inn under
sjøloven §§ 1 og 4 og lov 12. juni 1987 om norsk internasjonalt
skipsregister § 1.
Lova gjeld ikkje førstehandsomsetning av viltlevande marine
ressursar som er hausta med utanlandsk fartøy når fangsten vert
ført til utanlandsk hamn.
Kapittel 2. Stifting og godkjenning av fiskesalslag
§ 4 Godkjenning av fiskesalslag
Departementet kan godkjenne eit samvirkeforetak, jf. samvirkelova,
som fiskesalslag. Berre fiskarar eller organisasjonar av fiskarar
kan vere medlemmer i eit fiskesalslag.
Vedtektene til fiskesalslaget skal ha føresegner om følgjande:
a) at fiskesalslaget skal ha ein kontrollkomité,
b) at verksemd som fiskesalslaget driv, og som ikkje direkte
er organisering av førstehandsomsetninga, skal skje gjennom eigne
selskap,
c) at føresegner som vert fastsette om bruk av formuen
ved oppløysing av fiskesalslaget skal godkjennast av departementet,
d) at tvistar mellom fiskesalslaget og medlemmene skal
løysast på nærare fastsett måte.
Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om
ansvarsområda til fiskesalslaga, medrekna geografiske område og
kva for viltlevande marine ressursar det enkelte fiskesalslaget
skal ha einerett til å omsetje.
Fiskesalslag har revisjonsplikt.
§ 5 Offentlege kontrollørar
Departementet skal nemne opp ein offentleg kontrollør i
kvart fiskesalslag som skal utføre dei tilsynsoppgåvene som departementet
fastset i forskrift. Salslaget betalar honorar til kontrolløren
etter satsar fastsette av departementet.
Kontrolløren skal ha uhindra tilgang til og innsyn i alle
bøker og protokollar og all korrespondanse i salslaget og på førespurnad
ha tilgang til andre opplysningar. Kontrolløren har rett til å vere
til stades på styremøte og årsmøte i fiskesalslaget.
§ 6 Tilbakekalling av godkjenning
Departementet kan kalle tilbake godkjenninga permanent
eller mellombels dersom
a) fiskesalslaget ikkje oppfyller dei krava som
er fastsette i eller etter samvirkelova,
b) statens kontrollør har vorte hindra i arbeidet sitt,
c) fiskesalslaget grovt eller gjenteke har brote føresegner
som er fastsette i eller etter lova her, eller
d) organiseringa og strukturen til fiskesalslaga ikkje er
tenleg ut frå formålet med lova.
Ved tilbakekalling av godkjenning kan departementet fastsetje
at eit anna fiskesalslag skal overta ansvarsområdet til det fiskesalslaget
som fekk godkjenninga si kalla tilbake.
§ 7 Overføring av ansvar
Fiskesalslag kan føre over ansvar etter lova her eller
ansvar etter havressurslova til eit felles organ for to eller fleire
godkjende fiskesalslag. Fellesorganet skal ha vedtekter som er godkjende
av departementet.
Kapittel 6 gjeld tilsvarande for eit slikt fellesorgan
som er oppretta for å utføre kontroll.
Kapittel 3. Førstehandsomsetning av viltlevande marine
ressursar
§ 8 Førstehandsomsetning
Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal
skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag.
Det er forbode å utføre eller tilverke viltlevande marine
ressursar som ikkje er omsette i første hand med godkjenning av
eit fiskesalslag, med mindre det er til eige forbruk.
Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om
unntak frå føresegnene i første og andre ledd, under dette unntak
for delar, produkt eller biprodukt av viltlevande marine ressursar
og for sjølvtilverking av eigen fangst.
§ 9 Fastsetjing av avgift
Eit fiskesalslag kan fastsetje avgift for førstehandsomsetning
av viltlevande marine ressursar. Avgifta skal fastsetjast på årsmøtet
til fiskesalslaget. Kapittel VII i forvaltningsloven gjeld ikkje
for fastsetjing av avgifta.
Avgifta skal brukast til verksemd som anten direkte knyter
seg til førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, eller
som står i rimeleg nær samanheng med fremme av dette formålet.
§ 10 Fastsetjing av salsvilkår
og omsetningsformer
Eit fiskesalslag skal fastsetje allmenne salsvilkår for
førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, og kan avgjere
kva omsetningsformer som kan nyttast.
Endringar i salsvilkår eller omsetningsformer skal leggjast
fram for partane før endeleg avgjerd vert teken.
Kjøpar og seljar er bundne av dei fastsette salsvilkåra
og omsetningsformene.
Kapittel VII i forvaltningsloven gjeld ikkje ved fastsetjing
av salsvilkår og omsetningsformer.
§ 11 Fastsetjing av minstepris
Det kan fastsetjast minstepris for førstehandsomsetning
av viltlevande marine ressursar. Formålet med minstepris er å få
til ei rimeleg fordeling mellom fiskar og industri av inntekt frå
marknaden.
Minstepris vert bestemt etter forhandlingar mellom fiskesalslaget
og dei andre partane, og fiskesalslaget skal fastsetje den minsteprisen
det er oppnådd semje om. Ved usemje om minsteprisen skal den fastsetjast
etter dei prosedyrar som framgår av § 12. Kapittel VII i forvaltningsloven
gjeld ikkje ved fastsetjing av minstepris.
Det er forbode å omsetje til lågare pris enn den fastsette
minsteprisen.
§ 12 Framgangsmåte ved usemje
Dersom partane gjennom forhandlingar ikkje vert samde om
minstepris, skal spørsmålet om minstepris leggjast fram for mekling.
Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om samansetjing
av meklingsnemnda og korleis meklinga skal gjennomførast.
Dersom mekling ikkje fører fram, kan fiskesalslaget fastsetje
minstepris.
Kapittel 4. Regulering av hausting og dirigering av
fangstar
§ 13 Rett til å regulere hausting
Når det er nødvendig av omsyn til avtaket kan fiskesalslag
fastsetje mellombels forbod mot hausting eller gjennomføre andre
reguleringar. Det same gjeld dersom reguleringar er nødvendige for
å kunne utnytte fangstane på ein tenleg måte.
Reguleringane kan avgrensast til enkelte viltlevande marine
ressursar, fartøygrupper og distrikt.
Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om
fiskesalslaga sin reguleringsrett etter første og andre ledd.
Kapittel VII i forvaltningsloven gjeld ikkje ved avgjerder
etter første ledd.
§ 14 Rett til å dirigere fangstar
Når det er nødvendig for å få fangstar omsette på den mest
tenlege måten, kan fiskesalslag dirigere fangstane til bestemte
kjøparar og til bestemt bruk.
Kapittel V og VII i forvaltningsloven gjeld ikkje ved avgjerder
etter første ledd.
§ 15 Orientering
Partane skal orienterast før det vert sett i verk regulering
eller dirigering etter §§ 13 og 14.
Kapittel 5. Kvalitetskrav
§ 16 Kvalitetskrav til hausting
og handtering av råstoff
Departementet kan påleggje fiskesalslaga oppgåver for å
fremme og ha tilsyn med kvalitet ved hausting og handtering av råstoff,
og sjå til at dette skjer i samsvar med forskrifter om kvalitet
fastsette etter matlova § 9.
Kapittel 6. Kontrollansvaret til fiskesalslaga
§ 17 Kontrolloppgåver
Fiskesalslaga skal kontrollere at føresegner som er fastsette
i eller etter lova her vert haldne.
Departementet kan påleggje fiskesalslag å kontrollere opplysningar
om fangstar sjølv om fangsten ikkje fell inn under fiskesalslaga
sin omsetningsrett.
Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om
korleis fiskesalslaga skal organisere og gjennomføre kontrollarbeidet
og om rapporteringsrutinar.
§ 18 Tilgang og bistandsplikt
Ved kontroll etter § 17 kan fiskesalslaga krevje uhindra
tilgang til haustings- eller transportfartøy og til kontora, lagera
og produksjonsanlegga til kjøparen eller mottakaren. I denne samanhengen
kan salslaga krevje uhindra tilgang til fangstdagbok, landingsjournal,
setlar og rekneskapar. Det same gjeld når fangst vert overført frå
eller til steng eller merd.
Dei som vert kontrollerte i samsvar med føresegner gjevne
i eller i medhald av lova, har plikt til å samarbeide ved kontrollen.
Politiet skal yte salslaget nødvendig hjelp og vern ved
gjennomføring av kontroll.
§ 19 Utveksling av informasjon
Fiskesalslag skal gje og ta imot dei opplysningane som
Fiskeridirektoratet meiner er nødvendige for å gjennomføre kontroll
etter lova her og havressurslova.
§ 20 Utveksling av opplysningar
mellom
kontrollstyresmakter
Eit fiskesalslag kan utan hinder av teieplikta gje andre
kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt opplysningar som har
naturleg samanheng med oppgåvene deira etter lova her.
Teieplikta for personell i andre kontrollstyresmakter,
politi eller påtalemakt hindrar ikkje at dei gjev fiskesalslaga
opplysningar etter første ledd.
Kongen kan i forskrift gje nærare føresegner om utveksling
av opplysningar.
§ 21 Fangst som er omsett i
strid med lova
Fangst eller verdien av fangst tilfell vedkomande salslag
når fangsten er hausta eller omsett i første hand i strid med føresegner
som er fastsette i eller etter lova her.
Departementet kan i forskrift fastsetje reglar om handsaming
av slike saker, korleis verdien av fangsten skal fastsetjast, om
det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring og om kva
fiskesalslaga kan bruke slike midlar til.
Endeleg vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg, og verdien
av fangsten kan krevjast inn ved motrekning i fangstoppgjer.
Departementet kan fastsetje forskrift om mellombels tilbakehald
av fangstverdi.
Kapittel 7. Reaksjonar ved lovbrot
§ 22 Straffansvar
Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner eller
let vere å etterkome pålegg fastsette i eller etter §§ 5 andre ledd,
8, 10 tredje ledd, 11 tredje ledd, 13, 14 og 18, vert straffa med
bøter eller fengsel i inntil eitt år.
Grovt brot på føresegnene etter første ledd, som er gjort
med grov aktløyse eller med vilje, kan straffast med fengsel i inntil
seks år. Ved vurderinga av om brotet er grovt, skal det særleg leggjast
vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske verdien av
brotet er stor, om brotet har skjedd systematisk og over tid, om
brotet er grenseoverskridande og om brotet har skjedd som ledd i
organisert verksemd.
Når straffansvar etter første ledd kan gjerast gjeldande
mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet på eit fartøy
står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote
føresegner med vilje. Ved avgjerda av om ein underordna skal straffast,
skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa,
kor grovt brotet er og om vedkommande har hatt eller kunne ha oppnådd
fordel ved brotet.
Fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren.
Oppdragsgjevaren kan også straffast i sak som vert reist mot fartøyføraren.
Forsøk og medverknad vert straffa på same måte.
§ 23 Inndraging
Ved brot på føresegner etter § 22 første ledd kan fangsten
inndragast. Det same gjeld reiskapar, gjenstandar, eigedomar, anlegg
eller fartøy som er brukte ved lovbrotet. Dette gjeld utan omsyn
til kven som er eigar. I staden for tingen kan verdien heilt eller
delvis inndragast hos den skuldige eller den det er handla på vegner
av, eller hos eigaren.
Det kan fastsetjast at panterett og andre rettar i ting
som vert inndregne, heilt eller delvis fell bort. Føresegnene i
straffeloven § 37 c gjeld tilsvarande.
Når lovleg og ulovleg fangst er blanda saman, kan heile
fangsten inndragast.
Kapittel 8. Iverksetjing, overgangsregel og
endringar i andre lover
§ 24 Iverksetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid vert
lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk oppheva.
Forskrifter og enkeltvedtak som er fastsette i eller i
medhald av lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk, gjeld
framleis inntil dei vert oppheva.
§ 25 Overgangsregel
Fiskesalslag som har godkjende vedtekter etter lov 14.
desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk, kan utan ny godkjenning
halde fram med verksemda i inntil to år etter at lova her vert sett
i verk.
§ 26 Endringar i andre lover
Frå den tid lova vert sett i verk, vert det gjort følgjande
endringar i andre lover:
1. I lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak vert
det gjort følgjande endringar:
§ 27 andre ledd første punktum skal
lyde:
Berre medlemmer kan ha krav på etterbetaling. I salsorganisasjonar
av fiskarar som nemnt i fiskesalslagslova § 4 kan
også andre som har omsett med organisasjonen, ha krav på etterbetaling.
§ 37 andre ledd tredje punktum skal lyde:
Likestilt med medlemmer som er representerte ved utsendingar,
er fiskarar eller organisasjonar av fiskarar, jf. fiskesalslagslova
§ 4.
2. I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande
marine ressursar skal § 48 første ledd lyde:
Fiskesalslag etter fiskesalslagslova skal
kontrollere at føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova
vert følgde. Kontrollen skal avgrensast til opplysningar som naturleg
følgjer av salslaget si verksemd etter fiskesalslagslova,
særleg kontroll med at fangstuttak og landa fangst er i samsvar
med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her. Departementet
kan påleggje salsorganisasjonane å kontrollere opplysningar om fangstar
som ikkje kjem inn under den retten salslaget har til førstehandsomsetning.
3. I lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere
skal § 19 første ledd lyde:
Avgift som nevnt i § 15 bokstav
c skal betales av fiskesalgslagene jf. fiskesalslagslova.
4. I lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift skal
§ 5-8 lyde:
§ 5-8 Førstehåndsomsetning
av viltlevende marine ressurser
Det skal beregnes merverdiavgift med redusert sats ved
fiskeres omsetning til eller gjennom fiskesalgslag som er opprettet
i medhold av av fiskesalslagslova. Det skal beregnes
merverdiavgift med redusert sats ved fiskesalgslagets formidling
eller godkjenning av slik omsetning.