Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til
endring av lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova). Formålet
med stadnamnlova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gje dei
ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og
aktiv bruk av namna.
Som oppfølging av Innst. S. nr. 124 (2008–2009)
om representantforslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker
og Olemic Thommessen om endring av bruksnamn utan grunneigars samtykke
føreslår departementet å endre § 6 Nærmare om saksbehandlinga. Endringa
i § 6 gjer at grunneigaren får rett til å fastsetje skrivemåten
på bruksnamn (namn på gardsbruk eller annan eigedom). Kartverket
vil framleis vere formelt vedtaksorgan i sakene, men dersom grunneigaren
kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer, har vore i bruk som bruksnamn,
skal skrivemåten kunne vedtakast utan vidare. Det er ikkje relevant
om skrivemåten er i tråd med norske rettskrivingsprinsipp, slik
føresetnaden er i gjeldande lov.
Departementet føreslår i tillegg endringar i
stadnamnlova §§ 1, 2, 3, 4, 5, 8 og 10. Definisjonar, struktur og
språk er gjort enklare og meir forståeleg. Lovteksten er fleire
stader presisert.
Konsekvensane av framlegget til lovendring er at
bruksnamna blir ein del av råderetten til grunneigaren. Namn på
eigedom eller gardsbruk under eit gardsnummer (bruksnamn) kan etter framlegget
få ein skrivemåte som strir mot offisielt tilrådd skrivemåte, dersom
eigaren ønskjer det. Bruksnamn vil dermed ha svakare vern enn andre
stadnamn, som framleis vil vere offisielt normerte før dei blir
tekne i bruk i offentleg teneste. Endringar i ei rekkje føresegner
vil samstundes tydeleggjere kva kulturminneverdien til stadnamna
er, og legitimere offisiell normering som vernetiltak.
Departementet meiner at lovteksten i dag ikkje formidlar
godt nok kva det er ved stadnamn som er verneverdig, og dermed kva
formålet med lova er. Dette fører også til at verkemiddelet for vern,
nemleg vedtak om skrivemåte, ikkje blir forstått som eit tiltak
for vern. Departementet meiner det derfor er viktig å styrkje formålsteksten
på ein måte som legitimerer og forklarar kva vernetiltaket, offisiell
normering, skal medverke til.
I høyringsnotatet skreiv departementet at «[f]ramlegget
til endring i formålsteksten er ei direkte legitimering av offisiell
normering som vernetiltak». Ettersom ingen av høyringsinstansane
har innvendt noko mot dette, legg departementet til grunn at verkemiddelet
i lova, offisiell normering, har stor oppslutnad. Dette er også
indirekte ei anerkjenning av den språkhistoriske og namnefaglege
kompetansen som skal til for å vurdere skrivemåte av eit stadnamn.
Likevel ser det ut til at omtalen av framlegget
til ny formulering av formålsparagrafen ikkje har vore presis nok.
Vektlegginga i høyringsnotatet av at skrivemåten ikkje skal skyggje
for meiningsinnhaldet, har vore kritisert i høyringsrunden. Departementet
er samd med Norsk namnelag i at følgjande setning er misvisande: «Det
er den språklege tydinga av namnet som først og fremst har kulturminneverdi».
Stadnamn er først og fremst eit språkleg uttrykk. Departementet
finn det uheldig at høyringsnotatet ikkje har presisert at det språklege
uttrykket i seg sjølv har verneverdi. Indirekte har dette likevel kome
fram. Fleire stader er det uttrykt at det er den nedervde lokale
uttalen som er utgangspunktet for normeringa, og som dermed i utgangspunktet
skal vidareførast, tilpassa norske rettskrivingsprinsipp. Reglane
i stadnamnlova § 4 om skrivemåten av stadnamn slår fast at «det ved
fastsetjing av skrivemåten av stadnamn skal takast utgangpunkt i
den nedervde lokale uttalen». Dette utgangspunktet bør vidareførast.
Intensjonen med endringsframlegget var å legitimere
vernetiltaket normering tydelegare. Ein av konsekvensane av lovframlegget
er at ein grunneigar kan unnta bruksnamna frå slik normering. Dermed
vil skrivemåten av bruksnamn ikkje nødvendigvis følgje norske rettskrivingsprinsipp,
men til dømes få ein skrivemåte som skyggjer for meiningsinnhaldet. Dette
opnar endringa i § 8 for med regelen om at i saker som gjeld skrivemåten
av bruksnamn, har grunneigaren det avgjerande ordet. Det er likevel ikkje
slik at bruksnamna automatisk er unnateke vern og normering. Kartverket
er framleis vedtaksorgan. I denne situasjonen ønskjer departementet
at formålsparagrafen kommuniserer kva som kjenneteiknar den offisielle
normeringa. Dei nærare reglane for normering går fram av § 4 Reglar
om skrivemåten og forskriftene til stadnamnlova.
Framlegget til formulering i stadnamnlova § 1 var
derfor å «gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer
for meiningsinnhaldet». Dette betyr ikkje at ein i normeringa skal
få fram meiningsinnhaldet i namnet. Siktemålet er at skrivemåten
i seg sjølv ikkje aktivt skal bidra til å skyggje for meiningsinnhaldet.
I dette legg vi både at det språklege uttrykket og innhaldssida til
stadnamnet har verneverdi. Departementet gjorde i høyringa merksam
på at vektlegginga av meiningsinnhaldet ikkje betyr at ein i saksbehandlinga
skal tilbakestille og endre skrivemåten av namn som gjennom tida
har fått ein uttale og dermed ei rettskriving som gjer at meiningsinnhaldet
er uklart. Langt frå alle stadnamn har språkelement i seg som gjer
at meiningsinnhaldet er tydeleg. Dette gjer dei ikkje mindre verdifulle
å bruke og vidareføre.
Departementet held fast på den føreslåtte formuleringa
i formålsparagrafen, men ser det som nødvendig med nærare presiseringar
i lovmerknadene. For at lovteksten også skal formidle at det språklege
uttrykket har verneverdi, føreslår departementet å endre lovteksten
i første punktum, slik at § 1 Formål og verkeområde lyder:
«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn
som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk,
og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke
til kjennskap til og aktiv bruk av namna.»
Departementet har vurdert dei innkomne framlegga
til tekstlege endringar, men held i hovudsak fast på framlegget
i høyringsnotatet til definisjon i bokstav a. Ut frå erfaring med
korleis lova blir oppfatta, er det ikkje nødvendigvis slik at det
er så lett å forstå at stadnamn etter definisjonen også omfattar
namn på t.d. bruer, tunlelar, institusjonar, kommunar og skulekrinsar.
Misoppfatningar av kva som etter lova er ein stad og eit stadnamn,
er opphav til misnøye og uvisse i lokalsamfunna kring spørsmål om
kva typar namn som skal ha ein skrivemåte etter stadnamnlova. Dagens
definisjon av stadnamn formidlar ikkje dette intuitivt, sjølv om
det kan synast klart frå ein namnefagleg ståstad.
Departementet meiner at den eksisterande definisjonen
av stadnamn i dag er for abstrakt, og føreslår å formulere ein heilt
ny definisjon. Framlegget i høyringsrunden var å ta inn i stadnamnlova
§ 2 bokstav a dei same forklarande omgrepa som i dag er brukte i
kommentarane til § 2. Stadnamn blir etter dette ikkje lenger «punkt,
liner og område», men «terrengformasjonar, kulturformasjonar og
administrative område». Endringa vil gjere det enklare for brukarane
å forstå kva eit stadnamn etter lova er. Framlegg til endring i
definisjonen av stadnamn i bokstav a inneheldt ingen materielle
endringar. Endringa var ei rein presisering av kva det materielle
innhaldet i definisjonen er, dvs. kva omgrepet stadnamn i lova omfattar.
Departementet finn likevel grunn til å justere teksten i bokstav
a, slik at gardar blir erstatta med gardsområde og gardsbruk. Dette
er ein konsekvens av framlegget til endring i bokstav b om bruksnamn,
der gardsbruk kjem inn i definisjonen. Vidare har departementet
funne grunn til å leggje til «namn på adresser» i definisjonen av
stadnamn. Vedtak om offisiell adresse er heimla i matrikkelforskrifta
§ 51 første ledd. I matrikkelforskrifta er det ei direkte tilvising
til lov om stadnamn når det gjeld vedtak om skrivemåte. Ved å nemne
adresser i definisjonen av stadnamn blir viktige namneobjekt trekte
inn i definisjonen. Departementet har òg funne grunn til å ta ut
«bygningar» som døme på institusjonar, slik Riksantikvaren føreslo
i høyringsrunden. Ein bygning er etter vanleg språkbruk ingen institusjon
i seg sjølv eller døme på det. Derimot kan ein bygning huse ein
institusjon, t.d. ein barnehage, eit museum eller eit sjukehus. Definisjonen
av stadnamn får denne ordlyden i endra bokstav a:
a) stadnamn:
namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar
som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område
som kommunar og sokn, institusjonar og adresser
Når det gjeld definisjonen av bruksnamn, føreslår
departementet å vidareføre framlegget i høyringsnotatet. Vi føreslår
vidare å setje inn «annan» framfor eigedom:
Omgrepet bruksnamn omfattar alle bruk og andre
eigedommar det er knytt eit bruksnummer til. Det er irrelevant om
det er knytt gardsdrift til bruksnummeret.
Departementet er vidare samd i vurderinga frå Justis-
og beredskapsdepartementet når det gjeld den føreslåtte definisjonen
av primærfunksjon. Det er viktig at lovteksten så langt som mogleg er
forståeleg for alle som les han, ikkje berre for dei som tilhøyrar
det fagfeltet lova regulerer. Lovteksten treng ikkje innehalde ein
term som må definerast, dersom det går an å skrive med ei setning
det termen dekkjer. Eit tilleggsmoment i denne vurderinga er innspelet
frå Klagenemnda for stadnamnsaker, som meinte at den etablerte definisjonen
av primærfunksjon som departementet ønskte å ta inn i stadnamnlova
§ 2 bokstav g, var misvisande. Dei føreslo to alternativ til definisjon.
Departementet tek dette som ytterlegare eit signal om at omgrepet
primærfunksjon er ein for komplisert fagterm til at det er tenleg
å formidle han i ein lovtekst, sjølv om det innhaldet termen formidlar,
er heilt sentralt i forståinga av lova.
Departementet vidarefører på denne bakgrunnen ikkje
forslaget om å ta inn ein definisjon av begrepet primærfunksjon
i stadnamnlova § 2. Departementet meiner det er betre å setje inn
ei beskrivande setning der begrepet i dag er nytta i lovteksten,
i samsvar med det Justis, og beredskapsdepartementet føreslår, jf.
nedanfor om § 4 Reglar om skrivemåten:
«Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på
same staden, skal skrivemåten som er brukt for det namneobjektet
namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande
for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»
Det vil ikkje innebere ei materiell endring
å erstatte ordet primærfunksjon med ei setning, men det vil pakke
ut eit vanskeleg ord som er viktig for å forstå lova. Det vil heller
ikkje vere til hinder for at aktørar i fagfeltet held fram med å bruke
omgrepet primærfunksjon i tilrådingar eller vedtak.
Departementet tek ut definisjonen av lokal talemålsform
i § 2 første ledd noverande bokstav e og erstattar denne med ein
definisjon av nedervd lokal uttale, slik stortingsbehandlinga av
lovframlegget i 2005 tilsa. Definisjonen bør vere den same som i
gjeldande forskrift:
«den uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar,
som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk».
Departementet har kome til at første ledd § 3
kan forenklast meir enn det framlegget som vart sendt på høyring.
Vanlegvis vil framstilling med bokstavpunkt bidra til å gjere reglane
oversiktlege å lese. Men sidan vilkåra kjem oppå einannan (er kumulative),
har departementet kome til at første ledd § 3 blir flytande å lese
og forstå utan oppdeling i bokstavpunkt. I tillegg føreslår departementet
å endre «bør vernast» til «må vernast» i bokstav c, ettersom namn
som fell under § 3 første ledd bokstav c, alt er verna eller går fram
av merknadane at må vernast. På denne bakgrunnen følgjer ikkje departementet
opp framlegget til språklege endringar i stadnamnlova § 3 første
ledd. I staden tilrår departementet at § 3 første ledd blir utforma
slik:
«Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der
det tradisjonelt ikkje høyrer heime, dersom det ikkje er i bruk
som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn, og heller ikkje
må vernast av andre grunnar.»
For at lova skal bli meir forståeleg også for
dei som ikkje tilhøyrar fagfeltet namnegransking, trekkjer departementet
tilbake framlegget om å bruke meininga «funksjon» i nytt andre ledd
i stadnamnlova § 3. Departementet tilrår denne ordlyden i stadnamnlova
§ 3 andre ledd:
«Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit
anna namn, dersom det har tradisjon som namn på det same namneobjektet.
Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.»
Departementet har gått igjennom på nytt dei
særlege grunnane som skal til for å byte ut eit namn. Eit punkt
departementet t.d. finn lite formålstenleg i dag, er setninga i
dei noverande merknadene til § 3 som seier at det ikkje «skal stillast
strenge krav til «særlege grunnar» i denne samanhengen». Særlege
grunnar bør vurderast forholdsvis strengt.
Intensjonen i føresegna andre ledd er todelt:
1) Å hindre at namn med stor geografisk utbreiing automatisk blir
til fortrengsel for namn som har ei mindre geografisk utbreiing
og 2) å hindre at eit nedervd stadnamn bli bytt ut med eit stadnamn som
blir oppfatta som «finare», t.d. at kommersielt meir omsetjelege
namn trengjer ut nedervde stadnamn i offisielle dokument, kart og
skilt. Reglane er viktige for å ta vare på variasjonen i namneverket.
Overordna handlar føresegna om å vidareføre så mange opphavlege
namn på så mange namneobjekt som råd. Variasjon i kva for lokalitetar
(stader) som på folkemunne eller ved vedtak har fått eit namn, gjev
variasjon i tilfanget av namnetypar.
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet,
er positive til å leggje kvenske rettskrivingsprinsipp til grunn
for skrivemåten av kvenske stadnamn. Når kvenske stadnamn skal skrivast
med kvensk rettskriving, vil kvensk språk kunne få eit konkret bruksområde
som mange kvenar vil kjenne sterk identitet til. Normeringsomsyna
som er nødvendige å ta i forvaltninga av stadnamnlova, kan også
synleggjere ein språkleg variasjon innanfor kvensk som rettskrivinga
tener på å bli konfrontert med. Førebelse erfaringar med kvensk
rettskriving tyder på at kvenske stadnamn kan skrivast omtrent på
same måten, anten ein legg finske eller kvenske rettskrivingsprinsipp
til grunn. Språkpolitisk vil ei lovendring kunne medføre ei statusheving
for kvensk språk. På bakgrunn av dette og innspela i høyringsrunden
held departementet fast ved forslaget om at kvenske rettskrivingsprinsipp
skal følgjast i saker som gjeld skrivemåten av kvenske stadnamn.
Stadnamnlova § 4 fjerde punktum gjev i dag høve
til å tilpasse skrivemåten av finske stadnamn på Austlandet til
dei norske rettskrivingsprinsippa. På Austlandet, m.a. på Finnskogane, har
særleg mange stadnamn finsk opphav.
På bakgrunn av høyringsinnspela ser departementet
at formuleringa «kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp» har
ein innebygd premiss om at det går an å tilpasse dei finske stadnamna til
andre rettskrivingsprinsipp enn dei norske. Dette er ikkje i samsvar
med faktiske forhold. I realiteten vil det ikkje vere noko alternativ
til å nytte norske rettskrivingsprinsipp for finske namn på Austlandet.
Det er dessutan dei skogfinske stadnamna det er sikta til. Departementet føreslår
derfor følgjande klargjering i stadnamnlova § 4 første ledd fjerde
punktum:
«Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske
rettskrivingsprinsipp.»
Dette er ei presisering og er ikkje meint å
innebere noka endring i det rettslege innhaldet i føresegna.
Departementet er samd i Justis- og beredskapsdepartementets
vurdering av bruken av omgrepet primærfunksjon. Det er viktig at lovteksten
så langt som mogleg er forståeleg for alle som les han, ikkje berre
for dei som tilhøyrar fagfeltet lova regulerer.
Departementet føreslår på denne bakgrunnen å setje
inn ei beskrivande setning der begrepet primærfunksjon i dag er
brukt i lovteksten.
Stadnamnlova § 4 andre ledd første punktum blir endra
slik:
«Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på
same staden, skal skrivemåten på det namneobjektet namnet opphavleg
vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten
for dei andre namneobjekta.»
Dette vil ikkje innebere ei materiell endring, berre
ei språklig presisering. Det vil heller ikkje vere til hinder for
at aktørar i fagfeltet nyttar omgrepet primærfunksjon i tilrådingar
eller vedtak der dette er formålstenleg.
Departementet er samd i at konsekvensen av at grunneigaren
får råderett over skrivemåten av bruksnamn, jf. nytt andre ledd
i § 6, også inneber at han får råderett over bruksnamnet der bruksnamnet
er det opphavlege namnet på staden (der primærfunksjonen til eit
stadnamn er eit bruksnamn). Råderetten over bruksnamnet gjeld ikkje
berre der namnet på bruket er avleidd av eit gardsnamn. Retten gjeld
òg når bruksnamnet er det opphavlege namneobjektet. Slik føresegna var
formulert og forklart i høyringsnotatet, vart det ikkje presisert
om bruksnamna som opphavlege namneobjekt på ein stad med ein skrivemåte fastsett
av eigaren, skal vere retningsgjevande for skrivemåten av andre
namneobjekt på staden, jf. hovudregelen i § 4.
Det er ikkje rimeleg at eigarfastsette skrivemåtar skal
nyttast på anna enn det som er privat eigedom, når utgangspunktet
for at eigaren skal ha rett til å fastsetje skrivemåten av bruksnamnet, nettopp
er legitimert i råderett over eigen eigedom. Ein slik situasjon
ville i større grad svekkje vernet av stadnamna i området og gje
grunneigaren stor innverknad på offentleg namnegjeving. Dette ville
også i større grad kunne ha ført til at namn på vegar, skular og
liknande må endrast når ein grunneigar endrar skrivemåten av namnet
på bruket sitt.
Departementet føreslår derfor å vidareføre regelen
om at skrivemåten av eit namn i primærfunksjonen skal vere rettleiande
for skrivemåten av andre namneobjekt i § 4 andre ledd første punktum.
Eit gardsnamn vil likevel ikkje vere retningsgjevande for eit bruksnamn
ettersom eigaren kan fastsetje skrivemåten av bruksnamnet sjølv,
jf. framlegg til § 6 nytt andre ledd tredje punktum. Av og til er
det likevel eit bruksnamn og ikkje eit gardsnamn som har primærfunksjon.
Departementet føreslår å unnta eigarfastsette skrivemåtar frå regelen
om å vere retningsgjevande for skrivemåten av dei andre namneobjekta
på staden. I desse tilfella gjer vedtaksorganet vedtak om skrivemåten
av dei andre namneobjekta. Dersom eigaren har valt ein skrivemåte
som er i tråd med offisiell rettskriving, vil det vere samsvar mellom
skrivemåten som vedtaksorganet fastset, og den som eigaren har fastsett.
Formålet med regelen departementet føreslår, er at eigarfastsett
skrivemåte ikkje skal kunne påverke skrivemåten på andre namneobjekt
enn på eige gardsbruk og annan eigen eigedom.
Følgjande formulering om dette blir føreslått som
nytt punkt i stadnamnlova § 4, andre ledd andre punktum:
«Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege
namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som
er fastsett av grunneigaren.»
Departementet meiner det er viktig at det ikkje
er uklart for grunneigaren eller festaren at han har rett til å
ta opp skrivemåten av namn på eige gardsbruk eller eigedom. I § 5
første ledd bokstav b presiserer departementet dette i tråd med tilrådinga
frå Klagenemnda for stadnamnsaker:
Ny bokstav b vil erstatte det framlegget til
bokstav b som vart sendt på høyring.
Framlegget inneber inga materiell endring, verken
i høve til gjeldande lov eller høyringsframlegget.
Departementet føreslår at det blir presisert
i merknadene at Statens kartverk er formelt vedtaksorgan i saker
som gjeld skrivemåten av bruksnamn, sjølv om grunneigaren har rett
til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at skrivemåten
han ønskjer, er i offentleg bruk som bruksnamn, jf. nytt andre ledd
i § 6.
Intensjonen er å gje grunneigaren råderett over skrivemåten
av bruksnamna, jf. framlegg til første ledd nytt tredje punktum
§ 6 i stadnamnlova om at eigaren «har det avgjerande ordet» i bruksnamnsaker.
Dette vil også kunne medføre at bruksnamn får skrivemåtar som ligg
utanfor offisiell rettskriving i bokmål og nynorsk og skrivemåtar
som ikkje er i tråd med norske rettskrivingsprinsipp. Departementet
såg i høyringsnotatet dessutan ikkje grunn til å avgrense kor ofte
skrivemåten av eit nedervd stadnamn kan endrast av eigaren. I høyringsnotatet
la departementet til grunn at også grunneigarar er opptekne av tradisjon,
og at dei ønskjer at namnet på bruket deira skal vere ein stabil
storleik. Praktisering av lova vil vise kor store praktiske problem
det eventuelt vil bli som konsekvens av lovendringane. Departementet
held derfor i hovudsak fast ved dei materielle endringane i § 6 som
vart føreslått i høyringsnotatet, men har likevel kome til at det
bør gjerast strukturelle endringar jamført med høyringsframlegget.
Føresegna om «at grunneigaren har det avgjerande ordet» i bruksnamnsaker,
bør få ei anna plassering enn som eit tillegg i § 6 første ledd
tredje punktum slik det var føreslått i høyringsutkastet. Første
ledd i § 6 handlar nemleg om uttalerett for ulike aktørar i ulike
namnesaker, inkludert i saker om skrivemåten av bruksnamn. Ei føresegn om
at grunneigar skal ha det avgjerande ordet, høyrer tematisk ikkje
heime i § 6 første ledd. Departementet føreslår i staden å plassere
denne regelen i eit nytt andre ledd. Departementet føreslo i høyringa
å plassere i § 8 eit krav til dokumentasjon av den skrivemåten som
grunneigaren ønskjer. Vi har likevel kome til at det er uheldig
at eit vilkår for retten som grunneigaren etter framlegget til § 6
andre ledd har til å fastsetje skrivemåte, ikkje blir presentert
før i § 8. Derfor føreslår departementet å ta regelen som går fram
av høyringsframlegget til § 8 andre ledd andre punktum, inn i framlegget
til § 6 nytt andre ledd. Vi føreslår å ikkje vidareføre uttrykket
«ha det avgjerande ordet», men slå fast ein «rett til å fastsetje
skrivemåten». Nytt andre ledd i § 6 vil dermed både slå fast retten
eigaren har til å fastsetje skrivemåten av bruksnamn, og setje vilkår for
denne retten. Nytt andre ledd i § 6 vil etter framlegget få denne
ordlyden:
«I saker om skrivemåten av bruksnamn har eigaren
rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den
ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten
av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring etter
første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle andre tilfelle
vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk
med gardsnamnet.»
For grunneigarar inneber framlegget ingen materielle
endringar jamført med høyringsframlegget.
Departementet vil derimot ikkje vidareføre forslaget
frå høyringsnotatet om at også festaren skulle ha rett til å fastsetje
skrivemåte på bruksnamn. Det er i så måte ikkje rimeleg å gje ein
festar tilsvarande utvida rettar som grunneigarar til å avgjere
skrivemåten av bruksnamnet. Utgangspunktet har vore at retten til
å avgjere skrivemåten av desse namna skal følgje eigedomsretten,
og festerett bør derfor ikkje kvalifisere til den same råderetten
over bruksnamna. Der det er både eigar og festar til same eigedomen,
følgjer det av dette at grunneigaren har det avgjerande ordet. Departementet
understrekar at festaren allereie i dag har rett til å ta opp saker
og rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Desse rettane
blir vidareførte. Framlegget til endring inneber derfor ingen materielle
endringar i råderetten til festaren, men utvidar rettane til grunneigaren.
Det følgjer av stadnamnlova § 5 andre ledd at Statens
kartverk framleis er det formelle vedtaksorganet for blant anna
bruksnamn. Ein grunneigar skal etter framlegget måtte dokumentere overfor
Kartverket at den skrivemåten han ønskjer på bruksnamnet, har vore
i offentleg bruk som bruksnamn. Dersom han kan dokumentere at ønskt
skrivemåte har vore i offentleg bruk som bruksnamn, skal Statens
kartverk vedta den skrivemåten grunneigaren ønskjer. Det er ikkje relevant
om skrivemåten er i strid med norske rettskrivingsprinsipp. Dokumentasjonskrav
må likevel stillast, fordi dette er skrivemåtar som skal vedtakast
til offentleg bruk, og då er det innarbeidde skrivemåtar av bruksnamnet
som skal ha hevd, ikkje t.d. skrivemåtar av eit etternamn som tek
utgangspunkt i det nedervde bruksnamnet.
Departementet føreslår å endre ordlyden i framlegget
til nytt åttande punktum i første ledd i stadnamnlova § 6 til: «Grunneigaren
kan be om å få tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld
namn på eige gardsbruk eller eigedom».
Dette medfører ei materiell endring frå det
som var føreslått i høyringsnotatet: «Tilrådingar som gjeld bruksnamn,
skal kommunen sende til eigar eller festar». Departementet følgjer
med dette opp tanken om at grunneigaren gjerne vil ha innsikt i
faglege vurderingar av skrivemåten på stadnamnet (bruksnamnet) og
opplysningar om kulturminneverdien til det. Tilrådinga skal likevel
ikkje vere ein obligatorisk del av saksbehandlinga i kommunen. Derimot
kan grunneigaren be om å få tilrådinga som service direkte frå stadnamntenesta,
før han melder til Kartverket om den skrivemåten han ønskjer at
bruksnamnet skal ha, med den dokumentasjonen av det som trengst.
Det er Kartverket som til kvar tid gjer kartografiske vurderingar
av kva namn som skal med i ulike kartverk.
Departementet følgjer opp framlegget til endring av
strukturen i § 8, slik at gjeldande første ledd blir slått saman
med gjeldande fjerde ledd til eit tredje og siste ledd, med presisert
innhald. Gjeldande andre ledd blir etter framlegget vidareført som
første ledd. Gjeldande tredje ledd blir andre ledd. Departementet
følgjer ikkje opp høyringsframlegget om å ta ut «bruksnamn» frå
det som blir nytt første ledd i § 8. Justeringane departementet
har gjort etter høyringsrunden, gjer at det kjem inn nye reglar
i § 4 til 6 som nettopp vedkjem bruksnamn. Det blir derfor ikkje
rett å ta ut «bruksnamn» frå ein regel i første ledd § 8 som viser
til sentrale reglar for fastsetjing av bruksnamn. Departementet
har vurdert om gjeldande § 8 andre ledd, det som etter framlegget
blir første ledd, kan takast heilt ut av lova, slik Klagenemnda
for stadnamnsaker føreslår. Det som talar for dette, er at presiseringa
om «at gardsnamn og bruksnamn som geografisk og språkleg fell saman
med nedervde stadnamn skal behandlast etter §§ 4 til 6» på noko
vis er overflødig. Alle nedervde stadnamn skal jo behandlast etter
§§ 4 til 6. Men det er så mange bruksnamn som fell saman med gardsnamn,
at det truleg er viktig å framheve i lova det busetjingshistoriske
og språklege sambandet mellom namna. Departementet vidarefører på
dette grunnlaget gjeldande andre ledd som uendra, men som første
ledd av tre ledd i § 8.
Departementet føreslår å ikkje vidareføre høyringsframlegget
til formulering i stadnamnlova § 8 andre ledd nytt andre punktum
om at eigaren skal ha det avgjerande ordet i bruksnamnsaker, men
ta inn det materielle innhaldet om råderett over skrivemåten av
bruksnamn til nytt andre ledd i § 6.
Opphavleg første ledd i § 8 var:
«Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk.
Eigar eller festar har likevel ikkje rett til å endre eller byte
ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd dersom ikkje særlege
grunnar talar for det».
Dette vart etter høyringsframlegget endra til:
«Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som
følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet
på eit nytt bruk.»
Dette kan sjå ut som ei stor materiell endring, men
er det ikkje. Fastsetjing av skrivemåten på nedervde stadnamn er
etter gjeldande rett plassert i vedkommande vedtaksorgan. Derfor
har ikkje eigar eller festar rett til å fastsetje namn på kva bruk
som helst, og regelen i gjeldande første ledd første punktum er
ikkje reell. Retten til å velje namn på eige bruk er avgrensa av
§ 3. Departementet held oppe framlegget om å presisere innhaldet
i gjeldande første ledd og plassere det saman med gjeldande fjerde
ledd om «andre stadnamn», slik at dette til saman utgjer nytt tredje
ledd i § 8. Departementet følgjer i hovudsak opp framlegget til
omformulering av § 8 nytt tredje ledd. Departementet tek likevel
inn dei presiseringane som Klagenemnda for stadnamnsaker føreslo:
«Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3,
sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta
bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.» Nyoppretta
bruk kan beint fram døypast, fordi dei ikkje heiter noko frå før,
men dette er avgrensa av § 3 om namnevern. Dersom bruket har eit
namn, men namnet ikkje er nedervd, kan også eigaren eller festaren
byte ut eller endre namnet og fastsetje skrivemåten av det, med
dei avgrensingane som er i § 3.
Departementet meiner det er behov for å presisere
retten til å klage etter stadnamnlova dersom eit namnsetjingsvedtak
etter anna lovgjeving kan seiast å vere i strid med stadnamnlova
§ 3. Ei slik presisering vil også verke som ei bevisstgjering av
t.d. kommunane som moglegvis allereie i reguleringsplanar tek i
bruk namn som det seinare kan hevdast er i strid med stadnamnlova
§ 3 om namnevern. På bakgrunn av dette og at det ikkje har kome
motførestellingar i høyringsrunden, følgjer departementet opp forslaget
om å setje inn ei setning som klargjer at vedtak om namnsetjing
etter anna lovgjeving som strir mot § 3 i stadnamnlova, skal behandlast
etter klagereglne i stadnamnlova § 10. Framlegget er det same som
vart sendt på høyring, men setningsbygnaden er noko endra:
«Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter
anna lov dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her.»
Namnet Norsk språkråd i andre ledd andre punktum
blir endra til Språkrådet, ettersom dette er det vedtekne namnet
på den institusjonen som frå 2005 tok over funksjonane til det tidlegare Norsk
språkråd.
Ein viser til kap. 4 i proposisjonen.