Odelstinget - Møte tirsdag den 8. april 2008 kl. 14.58

Dato: 08.04.2008

Formalia

Val av setjepresident

Presidenten: Presidenten vil føreslå at det blir valt ein setjepresident for Odelstingets møte i dag - og ser det som vedteke.

Presidenten vil føreslå Marit Nybakk. - Andre forslag ligg ikkje føre, og Marit Nybakk er samrøystes vald som setjepresident for Odelstingets møte i dag.

Statsråd Bjarne Håkon Hanssenla fram 4 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Presidenten: Representanten Anders Anundsen vil setje fram eit representantforslag.

Anders Anundsen (FrP) [15:00:41]: Det er en glede på vegne av representantene Jon Jæger Gåsvatn, Vigdis Giltun og meg selv å legge frem forslag om endringer i helsepersonelloven.

Presidenten: Lovforslaget vil bli behandla på reglementsmessig måte.

Etter ønske frå kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten foreslå at sakene 1, 2 og 3 blir behandla under eitt.

- Det er å sjå på som vedteke.