Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 2009 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Vera Lysklætt (V) [12:42:13]: «Den 1. april 2003 fikk alle elever her i landet sin egen arbeidsmiljølov. Da trådte et nytt kapittel i opplæringsloven i kraft som gir alle elever i grunnskoler og videregående skoler en lovfestet rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Det er skolene og kommunene som har ansvar for å følge opp loven.

Blir denne loven fulgt godt nok opp i kommunene, og hvis ikke, hva vil i så fall statsråden gjøre for at samtlige kommuner her i landet skal ta elevenes arbeidsmiljølov på alvor?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:42:52]: Spørsmålet frå representanten Lysklætt gjeld eit svært omfattande og viktig tema, nemleg læringsmiljøet til skuleelevane. Eit godt læringsmiljø er ein føresetnad for at elevane skal lære det dei må, og for like moglegheiter for alle, både i grunnskulen og vidaregåande skule. Det er derfor lovfesta i opplæringslova at alle har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring, som det vart sagt. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular regulerer dei same forholda.

For eit godt fysisk skulemiljø er kvaliteten på skulebygga avgjerande. Vi har i dag ikkje fullgod og systematisk oversikt over det fysiske miljøet i dei 3 806 grunnskulane og vidaregåande skulane i Noreg. Men vi veit meir no enn for nokre år sidan. Offentlege utval, Riksrevisjonen og KS har fått utarbeidd undersøkingar som vurderer tilstanden til skulebygningane.

For å få oppdatert kunnskap tok eg saman med helse- og omsorgsministeren initiativ til ei landsomfattande undersøking av alle skular, både grunnskular og vidaregåande skular, i 2007–2008. Resultata frå denne undersøkinga viste at det fysiske miljøet i mange av skulane ikkje var i samsvar med reglane om fysisk skulemiljø etter opplæringslova. Mellom anna viste undersøkinga at om lag 50 pst. av skulane som det vart rapportert om, ikkje var godkjende etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Resultata fortel at kommunane og fylkeskommunane ikkje følgjer opp reglane om fysisk skulemiljø på ein god nok måte.

Like etter at resultata låg føre, vart alle kommunane, fylkeskommunane og fylkesmannsembeta orienterte om resultata. Kommunane og fylkeskommunane vart minte på det lovfesta ansvaret for skulemiljøet. Med å vise til opplæringslova gjorde eg det i brevet klart at kommunane og fylkeskommunane etter opplæringslova hadde plikt på seg til å setje i verk tiltak og utbetringar. Vidare vart fylkesmennene bedne om å leggje resultata frå undersøkinga til grunn i tilsynet dei har med skulane. Helse- og omsorgsministeren og eg har varsla at det allereie kommande haust vil verte ei ny undersøking som følgjer opp den førre. Målet med den nye undersøkinga er å sjå om situasjonen er betre, og om det er nødvendig med sterkare verkemiddel dersom skuleeigarane ikkje har følgt opp på ein god måte.

Så minner eg òg om at det i statsbudsjettet for 2009 er lagt inn ei rentekompensasjonsordning for opprusting av skulebygg. Saman med dei midlane som ligg i krisepakka frå Regjeringa, vil det vere mogleg å få til eit betre fysisk læringsmiljø for elevane og eit betre arbeidsmiljø for lærarane. Det er òg verdt å merke seg at gjennom dei siste åra har godt over 1 000 skular i Noreg vorte pussa opp, bygde nye og betra med støtte frå den tidlegare statlege rentekompensasjonsordninga.

Det er ikkje gjort tilsvarande undersøkingar om det psykososiale miljøet som det er gjort om det fysiske. Men òg på det området veit vi meir enn tidlegare. Resultata frå spørjeundersøkinga «Elevinspektørene» viste at ei ikkje ubetydeleg gruppe elevar melde frå om at dei vert mobba. For ein elev kan mobbing, diskriminering, vald og rasisme få fatale følgjer. Det skal vere nulltoleranse for mobbing. Eg har derfor gitt påbod om at det psykososiale skulemiljøet skal vere tema for det nasjonale tilsynet med skulane som fylkesmennene gjennomfører i 2010. Med det tilsynet ønskjer eg å minne kommunane og fylkeskommunane om at dei har plikt til å drive eit systematisk og kontinuerleg arbeid på området. Utdanningsdirektoratet er informert om denne prioriteringa og har starta opp arbeidet.

I dei tilfella der ein finn brot på reglane om det psykososiale miljøet til elevane, vil kommunane verte pålagde å rette opp brota. Det vert lagt vekt på rettleiing i det tilsynet, og skulle det vise seg at somme meiner at regelverket om det psykososiale skulemiljøet er uklart, vil vi måtte gå inn og sjå nærare på det.

Så vil eg òg minne om det samarbeidet mellom sentrale og nasjonale partar vi har i Manifest mot mobbing. Manifestet er nyleg underteikna for ein ny periode frå 2009. Det er viktig for å få til eit godt psykososialt miljø. Det er ei rekkje nye tiltak i samband med Manifestet. Vi vektlegg digital mobbing. Vi har lagt fram ei lærarutdanning, der kamp mot mobbing og det sosiale miljøet står meir sentralt i obligatoriske fag. Den nye rektorutdanninga vil ha vekt på det, og vi doblar pengebruken i kampen mot mobbing i 2009.

Før sommaren vil eg òg sørgje for at departementet skal ha ferdig eit program for inkluderande lærings- og oppvekstmiljø. Det vil vere eit overordna plandokument for arbeidet med lærings- og oppvekstmiljøet i grunnopplæringa. Gjennom det dokumentet skal ein samle og spreie kunnskap om korleis skulane skal arbeide for å skape gode læringsmiljø. Det skal innehalde konkrete tiltak og skal klart vise det ansvaret skulen har.

Vera Lysklætt (V) [12:47:45]: Jeg takker for svaret.

Rentekompensasjonsordningen som vi har, er veldig bra, men virkeligheten er slik at det dessverre tar altfor lang tid før det skjer konkrete forbedringer i arbeidsmiljøet for elevene i veldig mange kommuner. Vi har mange svært nedslitte skoleanlegg her i landet, anlegg som ble bygd etter datidens krav til materialbruk og inneklima. Jeg kan i denne sammenhengen bare nevne ord som asbest og radon. Veldig mange elever og lærere går år ut og år inn og får hodepine hver dag i norske skoler, med de følger dette dessverre har for læring, yteevne og trivsel.

Jeg har følgende spørsmål: Mener statsråden at det i det lange løp kanskje kan lønne seg å rive på rot skoler som er svært nedslitte, og som over årtier har manglet vedlikehold, framfor å foreta en oppussing av disse, slik at våre barn og unge i framtiden kan få tilbringe de viktige skoleårene i nye og friske skolebygg, som er bygd etter nåtidens krav til inneklima og med nåtidens miljøvennlige materialer?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:48:55]: Vurdering av bygningsmassen ved den enkelte skulen trur eg ikkje eg skal blande meg opp i. Det er det folk som har mykje betre greie på enn meg. Det må vere ei konkret vurdering.

Men eg er heilt einig i at vedlikehald ofte er ei nedprioritert oppgåve, som har ein tendens til å tape i kampen om ressursane. Så vi må prioritere systematisk vedlikehald.

Og så er det sjølvsagt nødvendig av og til å ta den avgjerda å byggje nytt og å ha midlar til det. Det er jo nettopp derfor det har vore gjennomført ei omfattande kartlegging, slik at vi skal vite biletet. Den viste at mange skular ikkje har den stardarden dei bør ha. Då må eg presisere at det er den enkelte kommunen og fylkeskommunen som har plikt til å følgje opp det, sørgje for systematisk vedlikehald og prioritere nybygg.

Som eit tillegg til det har vi hatt ei rentekompensasjonsordning over mange år, som har bidrege til at langt over 1 000 av dei 3 800 skulane har vorte pussa opp eller bygde nye. Vi har ei ny ordning i dag, som er like stor, og som dermed ville gitt eit omfattande tilleggslyft frå staten i åra som kjem.

Vera Lysklætt (V) [12:49:58]: Jeg takker også for dette svaret, og har et siste spørsmål.

Elevenes arbeidsmiljølov omfatter som sagt også det psykososiale miljøet ved skolene. Nylig kunne VG melde at sju av ti rektorer her i landet har registrert mobbesaker ved sin skole. Det er en markant økning siden 2005. Alt tyder på at stadig flere elever enn på lenge blir mobbet i skolene. Mobbingen er blitt mer omfattende. En rektor, Bjørn Mikalsen ved Namsos ungdomsskole, advarer mot følgene av den økende mobbingen i skolen. Han sier at den skjulte mobbingen, gjerne i form av mobilmobbing eller digital mobbing, er minst like alvorlig som den fysiske mobbingen. En annen rektor bekrefter at de nye mediene virkelig har blitt nye arenaer for mobbing.

Hva vil statsråden gjøre for virkelig å sette mobbing på dagsordenen, for dermed å forhindre den omfattende og stadig økende mobbingen som foregår i våre skoler i dag?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:50:57]: Mobbing er eit ekstremt alvorleg problem. Det er dessverre slik at opptil 5 pst. av elevane på skulen seier at dei dagleg kan verte mobba og trakasserte. Det er klart at å oppleve det kan øydeleggje alt grunnlag for læring og vere veldig skadeleg. Derfor må det vere på toppen av lista av dei tinga som skulane jobbar med. Over tid er nok utviklinga slik at det har vore nokre endringar, både opp og ned. Det har ikkje vore ein langvarig, einsidig tendens til oppgang, men i fjor såg vi ein klar tendens til ein oppgang i mobbinga. Derfor tok Regjeringa initiativ til eit nytt Manifest mot mobbing, saman med alle viktige partnarar i skulen. Som eg sa, inneheld det auka fokusering på digital mobbing, for det er nok riktig at det er ein ganske endra situasjon frå 2003, då kongen og Bondevik sette stort fokus på det. Det må vi ta meir på alvor. I tillegg er det meir pengar, sterkare direktesatsing, betre lærarutdanning mot mobbing. Eg er einig med representanten i at det er eit svært viktig område som vi må fokusere på.

: