Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1863 (2023-2024)
Innlevert: 24.04.2024
Sendt: 25.04.2024
Besvart: 02.05.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei detaljert oversikt som syner snittfarta som er registrert fordelt på alle streknings ATK områder vi har her i landet, mål mot fartsgrensa på strekninga?

Begrunnelse

I ei nyleg sak i NRK kjem det fram at norske sjåførar køyrar seinast av alle i Europa.
Snittfarta mellom byane her i landet ligg på 68,5 km/t, medan farta i Sverige ligg på 87,9 km/t og Danmark med 91,1 km/t, Frankrike heilt oppe på 105 km/t.
Regjeringa har stort fokus på å gjere trafikkavviklinga her i landet vanskelegast mulig med minst mulig mobilitet. Farta skal ned, størst mogelege trafikkbøter, fartsdumpar skal på plass, parkeringsplassar fjernast slik at folk flest må leite febrilsk med bilane sine for å finne parkering. Bompengane skal aukast, for pengar skal staten sjølvsagt håve inn sjølv om oljefondet fyker til himmels, no over 17 000 milliard kr.
Kø og kaos ser ut til å vere resepten til regjeringa, og det er ikkje grenser for kva tiltak ein presterar å setter i verk for å senke flyten i trafikken.
ATK og streknings ATK er tiltak regjeringa likar, og som medfører berre enda lågare fart og meir kø/kaos.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård:

Svaret i pdf-format