Næringsvirksomhet

Eit aktivt næringsliv og verdiskaping er avgjerande for utviklinga av velferdssamfunnet. Næringspoli­tikken er difor viktig for å trygga og fornya det norske velferdssamfunnet og for å sikra sysselsetting og spreidd busetnad.

Komiteen viser til at delar av norsk næringsliv no er inne i ei nedgangstid, med kraftig avskaling innan delar av norsk industri og anna konkurranseutsett næringsliv. Problema rammar teknologiindustrien og særleg arbeidsintensiv industri. Tradisjonell industri blir òg møtt av internasjonale utfordringar, ved at renta i Noreg er høg og ved at timelønskostnadene sammenlikna med handelspartnarane våre har auka merkbart. Komiteen viser til at denne utviklinga gir store utfordringar for utforminga av den norske nærings­politikken, og at det er særleg viktig med langsiktige og stabile rammevilkår.

Komiteen vil understreka at det no er svært viktig å føra ein aktiv politikk for nyskaping, og leggje til rette for kreativitet, idear og nyetableringar. Endringane i næringsstrukturen går fort, og mange av dei tradisjonelle verksemdene kan få problem i tida framover. For å sikra sysselsetting og framtidig verdiskaping, er det difor viktig med kontinuerleg utvikling av nye verksemder. Dette krev stor FoU-innsats og eit breitt verkemiddelapparat. Komiteen meiner det er naudsynt med ein gjennomgang av verkemiddelapparatet. Komiteen meiner ulike verkemidlar bør nyttast på ulike stadium i ein innovasjons- og nyskapingsprosess.

Ein for ekspansiv budsjettpolitikk kan skapa press i økonomien, som igjen svekkjer konkurransekrafta til norsk næringsliv, difor er det avgjerande med ein økonomisk politikk som sikrar norsk næringsliv stabile rammevilkår og bidrar til å unngå tap av konkurransekraft og marknadsdelar.

Det er i dag press i arbeidsmarknaden med mange ledige stillingar. Samtidig har Noreg ein kraftig auke i talet på arbeidslause. Komiteen meiner ein må føra ein brei sysselsettingspolitikk, og i tillegg ein bevisst politikk for å kvalifisera den ledige arbeidsstyrken for dei ledige stillingane. Den arbeidsreserven ein finn i den eldre delen av folket må også nyttast betre. Auken i talet på uføre må snuast og sjukefråværet må ned.

For næringslivet er det viktig at arbeidet med opprydding og forenkling av regelverket held fram.

Komiteen viser til at Noreg er ein stor maritim nasjon som opererer i ein global marknad, og at det for norsk skipsfart er ei utfordring å sikre både den maritime kompetansen, og dessutan halde på stabile konkurransevilkår for næringa.

Komiteen syner til at Såkornfond kan utgjere ein viktig del av verkemiddelapparatet, og ber Regjeringa omtale dette i den varsla verkemiddelgjennomgangen.

Landbruksnæringa

Komiteen meiner det er viktig at matvaretryggleik vert prioritert, og at ein innan landbrukspolitikken har stor fokus på trygg mat av god kvalitet. Dette krev eit variert og forbrukarretta landbruk som legg til rette for auka mangfald og nyskaping. Dette er òg viktig for å trygga grunnlaget for det norske landbruket i åra framover. Komiteen stør såleis opprettinga av Mattilsynet, og målet om at 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vera økologisk innan 2010.

Det er etter komiteen sitt syn viktig å nytte verkemidlar som gir jordbruket høve til sysselsetting og inntekt. Dette er av stor verdi for at landbruket skal medverke til busetting og sysselsetting i distrikta. Samtidig er det også viktig med tiltak som gir tydelege kostnadsreduksjonar til omstillingar i heile matvarekjeda og forenkling av virkemiddelbruken, og at næringsutøvaren si sjølvstendige rolle i produksjonen vert styrkt.

Drøftingar i WTO, avtaler med EU og andre internasjonale prosessar påverkar rammevilkåra for den nasjonale mat- og landbrukspolitikken. Komiteen føreset at Regjeringa aktivt påverkar desse prosessane, slik at ein vert sikra eit handlingsrom for å føra ein aktiv norsk landbrukspolitikk også i framtida.

Komiteen meiner det er nødvendig å auka verdiskapinga i jord- og skogbruket og i foredlingsindustrien. Komiteen har merka seg at Regjeringa har lagt om skogpolitikken.

Fiskeri- og havbruksnæringa

Komiteen meiner at nyskaping, vekst og konkurranseevne basert på marine ressursar krev ein målretta forsking- og utviklingsinnsats. Noreg har eit fortrinn innan fiskeri og havbruk gjennom naturgjevne vilkår, og vår fiskeri- og havbruksnæring har særleg mykje å seie for verdiskapning og busetting langs store delar av kysten. Marin sektor er ein av dei sektorane Noreg må satse på i framtida.

Komiteen peikar på at fiskeripolitikken må baserast på ei berekraftig forvalting, der ein tek omsynet til bestanden og til næringsutøvarane.

For å unngå store ulukker langs kysten, er det viktig med auka fokus og auka innsats innan den maritime trafikkontrollen.

Komiteen ber Regjeringen vurdere om det innenfor eksisterende budsjett i samarbeid mellom involverte departementer og institusjoner finnes en løsning som sikrer at selskapet Protevs A/S får tilførsel av kapital i 2003.