8. Bør det fastsetjast at dei inkorporerte konvensjonane har forrang framfor anna norsk lovgjeving?

Utvalet reknar med at deira forslag om ein prinsippregel i Grunnloven vil bidra til å styrke konvensjonane si stilling dersom det er motstrid med annan lovgjeving. Som eit supplement kan det òg vere aktuelt å ta inn ein regel i inkorporasjonsloven om at konvensjonsreglane har forrang i tilfelle konflikt med andre lover. Utvalet gjer framlegg om ein slik regel.

Ingen av høyringsinstansane går imot dette. Nokre meiner at konvensjonane burde innarbeidast i norsk rett med grunnlovs rang, noko som automatisk ville gje konvensjonane forrang.

Departementet peikar på at om det vert vedtatt ein forrangsregel eller ikkje normalt ikkje vil ha noko å seie for avgjerda av rettsspørsmål i tilknytning til dei inkorporerte konvensjonane, m.a. fordi norske reglar vil bli tolka slik at det i minst mogleg grad oppstår motstrid. Ein reknar med at det i første rekkje vil vere i dei tilfella der ein nyare lov er i strid med ein av dei inkorporerte konvensjonane at ein forrangsregel vil kunne ha noko å seie.

Departementet viser til regelen i straffeprosessloven § 4, og foreslår at ein tilsvarande regel - i ei noko anna språkleg utforming - blir teken inn i inkorporeringsloven. Det vart påpeikt under høyringa at ordlyden i den forrangsregelen som vart føreslått av Menneskerettighetslovutvalet, kan skape uvisse om kva ein skal gjere når to menneskerettar må balanserast mot kvarandre. Departementet går derfor inn for ein noko anna utforming av regelen enn utvalet, jf. lovutkastet § 3.

Komiteen sine merknader

Komiteen vil understreke at inkorporeringa fører med seg ein ny rettsleg situasjon ut frå det overordna målet å styrkje enkeltmenneska si rettslege stilling. Det må difor sjåast som eit av føremåla med inkorporeringa at den skal påverke rettsutviklinga i Noreg i retning av å høyre på, og ha eit ope forhold til, praksis ved Strasbourgdomstolen og andre internasjonale handhevingsorgan. Komiteen vil i denne samanhengen syne til domstolane sin fridom til sjølv å ha si eiga tolking av den internasjonale praksis og at denne fridomen naturleg vil få konsekvensar når det gjeld den vekt som for framtida må leggjast på norske rettsavgjerder frå perioden før inkorporeringa. Denne fridom for norske domstolar til sjølv å tolke og vektlegge internasjonal praksis må i prinsippet også omfatte dei avgjerder som er tekne i forhold til andre land enn Noreg. Komiteen vil framheve det overordna mål at norsk rettspraksis i størst mogeleg grad samsvarar med den til ei kvar tid gjeldande internasjonale tolkingspraksis.

Komiteen er samd i at formålet med lova er å styrkje menneskerettane si stilling i norsk rett og har ingen innvendingar til at dei nemnde konvensjonane og protokollane går føre anna norsk lovgjeving.

Komiteen er difor samd i den regelen som er teken inn i § 3 i lovteksten.