Sammendrag

Bakgrunn

Kommunal- og regionaldepartementet viser i proposisjonen til at interkommunale selskap med avgrensa ansvar må omorganiserast til aksjeselskap, til interkommunalt selskap (IKS) etter lov om interkommunale selskaper, eller til anna lovleg organisasjonsform innan 1. januar 2004. Det same gjeld for interkommunale selskap med uavgrensa ansvar, så framt selskapet er organisert etter selskapslova av 1985 og ikkje har andre deltakarar enn kommunar og fylkeskommunar. Vidare gjeld det for interkommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunelova § 27, så framt verksemda er eit eige rettssubjekt.

Når det gjeld spørsmålet om omdanning av interkommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunelova § 27, har departementet kome til at det ikkje vil vere tenleg å påleggje slike samanslutningar å omorganisere seg til interkommunalt selskap (IKS) innan den fristen lova i dag krev. Det blir derfor føreslått å gjere unntak frå omdanningsplikta for slike verksemder inntil vidare.

Bakgrunnen for dette er at departementet i nærmaste framtid tek sikte på å gjennomføre ei utgreiing av dei rettslege rammevilkåra for interkommunalt samarbeid. Ei vurdering av om kommunelova § 27 inneber ei tenleg regulering av interkommunalt samarbeid om forvaltningsoppgåver og myndeutøving, kjem truleg til å stå sentralt i dette arbeidet. Det vil i denne fasen derfor ikkje vere ønskjeleg at gjeldande lovgiving tvingar alle interkommunale einingar som etter ei konkret vurdering må reknast som eigne juridiske personar, inn i ei organisering som interkommunalt selskap etter lov om interkommunale selskaper.

Eit høyringsnotat med forslag til lovendring blei sendt på høyring 19. mars 2003 med høyringsfrist 5. mai i 2003.

I proposisjonen er det laga ei oppsummering av høyringsrunden.

Departementet er blitt ståande ved dei vurderingane som kom til uttrykk i høyringsforslaget.

Lovforslaget frå departementet fjernar ei plikt for kommunane/fylkeskommunane til å omorganisere visse interkommunale verksemder. Forslaget inneber såleis ingen nye plikter, korkje for staten eller for kommunar/fylkeskommunar, og det har ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Endringa i kommunelova § 27 inneber at det vil vere høve til å etablere nye interkommunale samanslutningar som har ein slik grad av sjølvstende at dei må reknast som eigne juridiske personar, utan at det er nødvendig å organisere verksemdene som interkommunale selskap (IKS).

Endringa i lov om interkommunale selskaper § 40 inneber at det for eksisterande interkommunale samanslutningar som er etablerte etter kommunelova § 27, og som er eigne rettssubjekt, ikkje er nødvendig å organisere einingane som interkommunale selskap etter denne lova.