4. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slike

vedtak:

A.

Vedtak til lov

om endringer i barnelova (felles foreldreansvar for samboende foreldre)

I

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjøres følgende endringer:

§ 4 skal lyde:

Vedgåing av farskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for

a) folkeregisteret

b) tilskotsfuten, fylkestrygdekontoret eller dommaren

c) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet

d) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart

e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det, eller

f) jordmor eller lege ved svangerskapskontroll.

Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far.

Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregisteret at dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre punktum. Mora skal få melding om vedgåinga. Dersom partane er usamde om farskapen, skal det offentlege fastsetje farskapen, jf. § 5. Departementet kan gje nærare reglar i forskrift.

Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.

Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.

§ 35 skal lyde:

Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine.

Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.

§ 39 skal lyde:

Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig. Dersom farskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregisteret at dei bur saman, skal folkeregisteret registrera at foreldra har foreldreansvaret saman.

II

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.

B.

Stortinget ber Regjeringen utrede og komme tilbake på egnet måte med en vurdering av fastsettelse av farskap og foreldreansvar ved assistert befruktning.

I disse tilfeller skal samboerfar kunne bli godkjent som far og få foreldreansvar på lik linje med ektepar selv om han ikke er biologisk far til barnet.