I proposisjonen vert det vist til at i praksis samarbeider kommunar
på mange ulike måtar, frå det heilt formlause
samarbeidet til samarbeid innanfor ei definert selskapsform.
Dei vanlegaste formene for interkommunalt samarbeid er interkommunale
styre etter kommunelova § 27 og interkommunale
selskap etter lova om interkommunale selskap. Føresegna
i § 27 slår fast at det kan skipast eit
eige styre til å løyse felles oppgåver. Til
eit slikt styre kan deltakarkommunane gi myndigheit til å ta
avgjerder som gjeld drifta og organiseringa av verksemda. Lova om
interkommunale selskap er ei spesialregulert selskapsform som berre
kan brukast av kommunar og fylkeskommunar.
Dessutan finst det føresegner om interkommunalt samarbeid
i enkelte andre lover som gjeld oppgåveløysing
for kommunane (den kommunale særlovgivinga). Dei generelle
reglane om interkommunalt samarbeid går fram dels av kommunelova
og er dels av ulovfest karakter.
Kommunar og fylkeskommunar kan også stifte selskap eller
foreiningar saman med andre kommunar. For slike selskap og foreiningar
gjeld lovgivinga om den aktuelle selskapsforma eller foreininga,
med mindre anna går fram av kommunelova.
Eit vesentleg skilje går mellom dei organisasjonsformene
der det ikkje blir oppretta noka felles organisatorisk overbygging
og samarbeid med slik overbygging, typisk eit felles styre med representantar
frå kvar deltakarkommune. Samarbeid blir ofte inngått
utan at det blir formalisert på andre måtar enn ved
avtalar, til dømes ved samarbeid om samlokalisering av
tenester eller ved at ein kommune leverer tenester til ein annan
(vertskommuneløysingar). Denne forma for samarbeid skjer
gjerne utan at det blir etablert felles styringsorgan som det blir
overført myndigheit til.
Kommunelova set sjølv ingen avgrensingar for organiseringa
av interkommunalt samarbeid mellom kommunar eller fylkeskommunar.
Dersom den aktuelle lova ikkje gir haldepunkt for å setje
avgrensingar for måten verksemda kan organiserast på,
er utgangspunktet at kommunane eller fylkeskommunane står fritt
til sjølv å vurdere den organisasjonsforma som
er mest tenleg for den aktuelle typen verksemd.
Når det gjeld høvet til å overføre
avgjerdsmakt til interkommunale einingar - eller til andre kommunar -
vil dette der det er tale om lovregulert myndigheit, som utgangspunkt
måtte avgjerast ut frå ei tolking av den aktuelle
lova som legg myndigheita til kommunen. Når det gjeld myndigheitsutøving
slik det står i forvaltningslova, går ein ut frå at
overføring av slik myndigheit til andre vil vere avhengig
av om den aktuelle lova som legg myndigheita til kommunen, gir heimel
til det.
For store delar av verksemda til kommunane vil avgjerdsmakt likevel
kunne overførast på reint privatrettsleg grunnlag.
Men generelt står ikkje kommunar like fritt som private
rettssubjekt til å skipe selskap og andre samanslutningar
og overlate avgjerdsmakt til desse. Bakgrunnen for det er at det
dreier seg om offentleg forvaltningsverksemd der dei folkevalde
organa i kommunen står i eit politisk ansvarsforhold til
innbyggjarane i den aktuelle kommunen. Etter omstenda kan også kommunen
der innbyggjaren bur, stå i eit rettsleg ansvarsforhold
til innbyggjarane.
For oppgåver og tenester som er regulerte i lova om
offentlege innkjøp, vil oppdraget måtte setjast
ut på anbod dersom anna ikkje følgjer av unntak
frå lova om offentlege innkjøp.
Proposisjonen inneheld også ein kort omtale av gjeldande
rett i andre nordiske land.
Komiteen har ingen merknader
til beskrivelsen av gjeldende rett i proposisjonen.