5. Publisering av partimålinger de siste dagene før valget

Samandrag

Vallova § 9-9 fastset at valresultat og prognosar som er laga på grunnlag av undersøkingar på sjølve valdagen/valdagane, ikkje må offentleggjerast før klokka 20 på valdagen måndag. Utover dette inneheld ikkje vallova føresegner som set grenser for offentleggjering av meiningsmålingar i samband med val. På valdagen er det såleis ikkje forbod mot å offentleggjere data frå meiningsmålingar som ein har henta inn før valdagen.

Vallova har ikkje reglar om straff eller andre sanksjonar mot dei som måtte bryte føresegna i § 9-9.

Situasjonen i dei andre nordiske landa på dette området er at Danmark og Sverige ikkje har reglar i vallovgivinga si som regulerer spørsmålet, mens Finland har ein regel som svarer til lova vår.

I høyringsnotatet viste departementet til at det den siste tida er reist spørsmål om publisering av partimålingar i ulike medium dei siste dagane før valet kan påverke røystegivinga til veljarane, og om det bør setjast forbod mot slik publisering. Institutt for medium og kommunikasjon (IMK) ved Universitetet i Oslo har på oppdrag frå departementet greidd ut spørsmålet om veljarane blir påverka av meiningsmålingar.

Utgreiinga tek mellom anna for seg dei siste fire stortingsvala. Konklusjonen er at ein ikkje kan påvise nokon klar samanheng mellom partioppslutningane på meiningsmålingar og den oppslutninga partia får i sjølve valet. Det finst døme på at jamt stigande eller fallande kurver på meiningsmålingane har gitt seg utslag i valoppslutninga, men det er også døme på at ein tydeleg tendens blir broten like før val. Det er også ulike mønster for eitt og same partiet ved ulike val. Instituttet konkluderer vidare med at frykta for sjølvforsterkande effektar som er skapte av partimålingar, må vurderast som sterkt overdriven, og at slike målingar ikkje fører til nokon systematisk over- eller underrepresentasjon for noko parti.

Det blir framheva i utgreiinga at dei funna instituttet har gjort, er i tråd med internasjonal forsking på området. Denne forskinga viser at publisering av partimålingar kan ha noko å seie for styrkeforholdet mellom partia, men at det ikkje er dekning for å seie at det skjer ein tydeleg og systematisk påverknad.

Instituttet har også gjennomgått regelverket i ein del land med tanke på å kartleggje kva restriksjonar som finst når det gjeld gjennomføring og publisering av meiningsmålingar før val. Undersøkinga viser at fleire land utanom Norden har fastsett restriksjonar når det gjeld publisering av meiningsmålingar rett før valet. Vanlegvis gjeld desse restriksjonane frå ein til sju dagar før valdagen. Det blir likevel peikt på at direkte lovregulering førekjem sjeldan i land Noreg normalt samanliknar seg med. I staden for lovregulering legg mange land vekt på at media sjølve bør regulere når og korleis resultata av meiningsmålingar skal rapporterast til publikum. I samband med dette blir det vist til at Europarådet har utarbeidd retningslinjer. I Storbritannia har BBC innført eigne retningslinjer.

I høyringsnotatet uttalte departementet at det er viktig at det ikkje kan reisast tvil om grunnlaget for gjennomføringa av demokratiske val.

Departementet peikte på at før ein eventuelt føreslår restriksjonar i samband med publisering av meiningsmålingar, må ein vurdere om slike restriksjonar kan stride mot reglane om ytringsfridom i Grunnlova.

Departementet sette ikkje opp forslag til lovreg­lar i høyringsnotatet, men bad høyringsinstansane om synet deira på det prinsipielle spørsmålet før ein vurderte ei eventuell vidare utgreiing med sikte på å utarbeide lovreglar.

Dei fleste høyringsinstansane er negative til at det blir innført reglar som strammar inn på høvet ein har til å publisere meiningsmålingar i forhold til det som følgjer av reglane vi har i dag. Nokre få høyringsinstansar er likevel positive til at det blir innført slike reglar.

Spørsmålet om eit eventuelt forbod mot å offentleggjere politiske meiningsmålingar rett før eit val reiser viktige spørsmål i forhold til prinsippa om ytringsfridom og pressefridom. I eit samfunn der ein set openheit og fri meiningsutveksling høgt, må reg­lar som inneber innstramming av desse prinsippa, kunne grunngivast svært godt. Samstundes bør eit slikt forbod ha tilslutning i samfunnet.

Høyringa viser at høyringsinstansane stort sett er negative til å utvide forbodet vi har i dag mot å offentleggjere meiningsmålingar. Den dokumentasjonen som ligg føre, kan heller ikkje påvise klare uheldige effektar av at meiningsmålingar blir offentleggjorde den siste tida før valdagane.

Departementet peiker på at meiningsmålingar kan vere med på å skjerpe interessa hos veljarane for å røyste ved valet og verke mobiliserande på valdeltakinga. Frå ein demokratisk synsstad er dette ein fordel.

Departementet finn på bakgrunn av dette at det ikkje er grunnlag for å fremme forslag til endringar i vallova som inneber at det blir innført restriksjonar på høvet til å offentleggjere meiningsmålingar i samband med val, ut over det som i dag følgjer av § 9-9 i lova.