2. Rederiskatteordningen – lemping i forbudet mot å yte lån og stille sikkerhet

2.1 Sammendrag

Det vart ved lov 14. desember 2007 nr. 107 vedteke endringar i den særskilte skatteordninga for reiarlagselskap, jf. Ot.prp. nr. 1 (2007–2008) og Innst. O. nr. 1 (2007–2008). Endringane trådde i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2007.

Endringane gjekk mellom anna ut på innføring av endeleg fritak for skatt på inntekter frå skipsfartsverksemd, samt ei utviding av kva slags verksemd selskapa kan drive.

Selskap med skattekredittar frå den tidlegare reiarlagsskatteordninga kan ikkje yte lån til eller stille sikkerheit til fordel for skattytarar utanfor ordninga med direkte eller indirekte eigarinteresser i selskapet, selskap som slik skattytar har direkte eller indirekte eigarinteresser i eller til skattytarens nærståande, jf. overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107.

Departementet foreslår ei lemping i forbodet mot å yte lån og stille sikkerheit. Forslaget inneber at reiarlagselskap med skattekredittar frå den tidlegare reiarlagsskatteordninga kan stille sikkerheit til fordel for selskap utanfor ordninga med direkte eller indirekte eigarinteresser i reiarlagselskapet, og selskap som slikt selskap har direkte eller indirekte eigarinteresser i. Sikkerheita må stillast til ein finansinstitusjon. Forslaget gir ikkje reiarlagselskapa høve til å stille sikkerheit til fordel for fysiske personar med direkte eller indirekte eigarinteresser i selskapet, eller til nærståande til slike fysiske personar, som til dømes foreldre, ektefelle og barn.

Forbodet mot å yte lån vidareførast uendra. Forbodet gjeld ikkje for regresskrav som skyldast at ei tidlegare stilt sikkerheit er blitt gjort gjeldande av ein kreditor.

Departementet foreslår å endre overgangsreglane til omlegginga av reiarlagsskatteordninga, slik at reiarlagselskap med skattekredittar frå den tidlegare reiarlagsskatteordninga kan stille sikkerheit til fordel for nærståande selskap utanfor ordninga, dersom sikkerheita stillast for eit lån ytt av ein kvalifiserande finansinstitusjon.

Reiarlagsskatteordninga inneber ein økonomisk fordel for selskapa i form av skattefritak for laupande skipsfartsinntekter og gevinstar ved sal av driftsmidlar o.a. Den økonomiske fordelen skattefritaket inneber er offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61. Som hovudregel må alle offentlege støttetiltak notifiserast til EFTAs overvakningsorgan (ESA), og kan ikkje setjast i verk før tiltaket er godkjend av ESA. Plikten til å notifisere gjeld både for nye støtteordningar og endringar i eksisterande støtteordningar.

Lempinga i forbodet mot å yte lån og stille sikkerheit vart notifisert til ESA 17. februar 2009, og ESA vedtok 31. mars 2009 å godkjenne endringane.

Departementet viser til forslag til endringar i tiande ledd i overgangsreglane til endringane i skattelova §§ 8-14, 8-15 og 8-17, vedteke ved lov 14. desember 2007 nr. 107.

Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative følgjene av forslaget er små.

For selskap innanfor reiarlagsskatteordninga med skattekredittar frå den tidlegare ordninga vil forslaget gi økt fleksibilitet i finansieringa og likviditetsstyringa, ved at dei kan bruke ikkje skattlagt kapital som grunnlag for å stille sikkerheit til fordel for nærståande. Dette kan gje selskapa høve til å forhandle fram endringar i gjeldande låneavtalar og sikkerheiter, med sikte på å oppnå gunstigare vilkår og lågare lånekostnadar.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2009.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre støtter Regjeringens forslag om lempninger i forbudet mot å stille sikkerhet i skattekreditter fra den tidligere rederiskatteordningen til fordel for skattytere utenfor rederiskatteordningen jf. overgangsreglene til endringene i skatteloven §§ 8-14, 8-15 og 8-17. Disse medlemmer vil imidlertid peke på at de lempninger som nå foreslås har vært foreslått tidligere fra opposisjonspartiene, som senest i budsjettbehandlingen høsten 2008 gikk imot det forbudet mot slik sikkerhetsstillelse som Regjeringen nå ønsker å lempe på og som også ønsket å inkludere åpning for lån fra rederibeskattet selskap til nærstående selskap. Disse medlemmer vil understreke at med de vanskeligheter som nå eksisterer for finansiering av nye prosjekter innen shipping, er det særs viktig at tilgangen til egne midler kan bedres. For øvrig er det gjennom overgangsreglene fastsatt en nedbetalingsplan, uavhengig av selskapenes inntekter og det finnes betydelige midler i selskapene som det ikke er knyttet skatteforpliktelser til.

Disse medlemmer mener derfor at forbudet mot lån og sikkerhetsstillelser i sin helhet må oppheves og fremmer derfor følgende forslag:

"I

I lov 14. desember 2007 nr. 107 gjøres følgende endringer:

X Overgangsregler:

Tiende ledd oppheves.

II

Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2009."

Disse medlemmer vil også gå imot endringsforslaget til lov om endringer i lov 14. desember 2007 nr. 107, kap. X tiende ledd, om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven).