I Ot.prp. nr. 48 (2008–2009) foreslo Olje- og energidepartementet
endringar i petroleumslova som inneber at deltakar som overdreg
del i eit utvinningsløyve, blir subsidiært økonomisk ansvarleg for
kostnader til å gjennomføre eit framtidig vedtak om disponering
av innretning brukt i petroleumsverksemd. Det subsidiære ansvaret
for den tidlegare eigaren er avgrensa til kostnader ved gjennomføringa
av disponeringsvedtaket etter frådrag for skatteverdien av kostnadene.
Olje- og energidepartementet sitt forslag byggjer på ein føresetnad
om at tidlegare eigar ikkje skal ha rett til skattefrådrag for utbetaling
knytt til det subsidiære ansvaret, og at det mottekne oppgjeret ikkje
skal være skattepliktig inntekt for dei andre deltakarane. Det er
fordi sjølve ansvarsbeløpet er rekna som ein "etter skatt-verdi",
sidan verdien av frådrag for kostnaden ved inntektslikninga for
deltakaren som har dekt kostnaden ikkje er med i kravet til den tidligare
eigaren.
Finansdepartementet foreslår her endringar i petroleumsskattelova
§ 3 ny bokstav j i samsvar med føresetnadene om skatterettslig handsaming
i Ot.prp. nr. 48 (2008–2009).
Forslaget her forutset at Stortinget slutter seg til forslaget
i Ot.prp. nr. 48 (2008-2009) om nytt tredje ledd i petroleumslova
§ 5-3.
Forslaget til nytt tredje ledd i petroleumslova § 5-3 skal gjelde
for overføringar av utvinningsløyve som blir godkjend etter at lovendringane
trer i kraft, jf. Ot.prp. nr. 48 (2008–2009) punkt 6.5. Endringane i
petroleumslova § 5-3 trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
Dei tilhørande skatteendringane bør gjerast verknad frå og med
same tidspunkt. Departementet foreslår at endringa i petroleumsskattelova
skal gjelde frå den tid departementet fastset.
Departementet foreslår at tidlegare deltakarar ikkje får rett
til skattefrådrag for krav etter den nye regelen i petroleumslova.
Deltakargruppa skal ikkje skattleggjast for slik inntekt. Endringane
vil ikkje ha provenymessige konsekvensar for staten.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.