Fritaksmetoden inneber at aksjeinntekter mv. på visse vilkår
er skattefrie for aksjonærar som sjølv er eit selskap. Verkeområdet
for fritaksmetoden er nærare avgrensa i skattelova § 2-38. Departementet
meiner at kostnader som er knytt til skattefrie inntekter prinsipielt
ikkje bør kome til frådrag ved inntektsfastsetjinga. Samstundes
er ein klar over at ein regel om å nekte aksjonæren løpande frådrag
for kostnader som er knytt til eigarskapen av aksjar, vil gjere
det vanskeleg å avgrense mot andre typar kostnader som skal kome
til frådrag.
Dette er årsaka til at aksjonæren etter ei særskild føresegn
i skattelova § 6-24 har rett til frådrag for kostnader som er knytt
til inntekter som er skattefrie etter fritaksmetoden. Med verknad
frå 7. oktober 2008 blei det og innført ei føresegn i skattelova
§ 2-38 sjette ledd om at tre prosent av alle aksjeinntekter som
er skattefrie etter fritaksmetoden, likevel skal inntektsførast.
Denne føresegna gjeld for dei skattytarane som er omfatta av skattelova
§ 2-38 første ledd bokstav a til h, men ikkje for dei som er omfatta av
første ledd bokstav i. Det følgjer av forarbeida at inntektsføring
med tre prosent av aksjeinntekta er å rekne som ei form for tilbakeføring
av kostnader som aksjonæren har fått frådrag for ved den løpande
skattleggjinga. Det visast til Ot.prp. nr. 1 (2008–2009) kapittel
6.
Inntekter frå utanlandske aksjer kan vere skattlagde i utlandet
i form av kjeldeskatter mv. Dette er vanleg for aksjeutbytte, men
kan og hende for aksjegevinstar. Forarbeida omtalte ikkje særskilt
om ein utanlandsk skatt på den delen av aksjeinntekta som blir skattlagd
i Noreg (tre prosent) kan førast til frådrag i norsk skatt etter
føresegna i skattelova §§ 16-20 flg.
Etter departementet si oppfatning vil ein slik utanlandsk skatt
ikkje gi rett til frådrag (kredit) i norsk skatt etter skattelova
§§ 16-20 flg. Ein viser til at føremålet med inntektsføringa berre
er å tilbakeføre eit frådrag som tidlegare er gitt i den norske
inntekta til aksjonæren. Ein kan derfor hevde at ei inntektsføring
som tilbakefører desse frådraga har norsk kjelde, og såleis ikkje
gir rett til frådrag i skatt etter skattelova §§ 16-20 flg. Etter
departementet si oppfatning bør utanlandsk skatt på aksjeinntekta
heller ikkje gå til frådrag i norsk skatt. Ein viser mellom anna
til at det kunne innebere ein fare for at det i praksis blir gitt
frådrag for all utanlandsk skatt på eit utbytte eller ein gevinst,
sjølv om berre ein liten del (tre prosent) av aksjeinntekta blir
skattlagd i Noreg. Etter det departementet kjenner til gir ein heller
ikkje frådrag (kredit) for utanlandsk skatt i Tyskland og Frankrike,
som har reglar som liknar den norske treprosentregelen.
Etter departementet si oppfatning bør løysinga gå direkte fram
av skattelova. Ein legg derfor fram forslag om å ta inn ei føresegn
i skattelova § 16-20 om at utanlandsk skatt ikkje skal gå til frådrag
i norsk skatt på aksjeinntekter som blir skattlagd i Noreg etter
skattelova § 2-38 sjette ledd (treprosentregelen). For dei som på
anna grunnlag har rett til frådrag (kredit) for utanlandsk skatt
etter skattelova §§ 16-20 flg., må følgja vere at inntekta etter
skattelova § 2-38 sjette ledd heller ikkje blir teke med ved utrekninga av
det maksmiale kreditfrådraget etter skattelova § 16-21. Dette krev
etter departementet si vurdering ikkje nokon særskild regulering.
For selskap som oppfyller vilkåra i skattelova § 16-30 er det
særskild heimel til å krevje frådrag (kredit) i norsk skatt for
utanlandsk skatt på aksjeutbytte etter andre ledd i denne føresegna.
Departementet foreslår å ta inn ei tilsvarande klargjering i skattelova
§ 16-30 som i § 16-20. Ein foreslår at endringane skal tre i kraft
med verknad frå 1. januar 2009. Ein viser til forslag til endring
i skattelova § 16-20 første ledd og til forslag til nytt åttande
ledd i skattelova § 16-30.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.