Departementet foreslår ein eigen regel i skattelova § 2-30 som
fritek Eksportutvalget for fisk AS (EFF AS) frå skattlegging.
EFF AS har som oppgave å drive felles marknadsføring av fisk
og sjømat for den norske sjømatnæringa. Fiskeeksportørar skal svare
ei årleg fast avgift og ei avgift basert på verdien av eksportert
fisk. EFF AS si verksemd er finansiert gjennom denne avgifta.
Ved lov av 17. juni 2005 nr. 80 vart det lagt til rette for omdanning
av EFF frå eit offentleg organ underlagt Fiskeri- og kystdepartementet
til eit statleg eid aksjeselskap, jf. Ot.prp. nr. 88 (2004–2005).
Omdanninga vart gjennomført 1. september 2005.
Før omdanninga til aksjeselskap var EFF omfatta av skattefritaket
for statlege innretningar, jf. skattelova § 2-30 første ledd bokstav
b. Ein føresetnad ved omdanninga til aksjeselskap var at EFF framleis skulle
vere friteken frå skattlegging, jf. Innst. O. nr. 112 (2004–2005)
side 5. For å oppfylle denne føresetnaden foreslår departementet
at ein tar inn ein eigen regel i skattelova § 2-30 som fritek EFF
AS frå skattlegging.
EFF AS er truleg ikkje omfatta av fritaksregelen i skattelova
§ 2-32 for selskap som ikkje har erverv til formål. Årsaka til dette
er at hovedverksemda til EFF AS er å auke verdiskapinga innanfor
fiskeri- og havbruksnæringa gjennom auke i etterspørselen av norsk sjømat.
For å ivareta føresetnaden om skattefritak for EFF AS er det
derfor etablert ei ordning der utbetaling av avgiftsproveny til
EFF AS er tilpassa selskapet sine kostnader. I samband med dette
er det etablert eit særskilt utval for forvaltning av avgift på
fiskeeksport. Finansdepartementet har likevel funne det tvilsamt
om ordninga er eigna til å ivareta føresetnaden om skattefritak
for EFF AS.
For å unngå tvil omkring EFF AS si skattemessige stilling har
departementet derfor funne det tenleg å foreslå at ein tar inn ein
eigen regel om skattefritak for EFF AS i skattelova § 2-30. Dette
vil ivareta føresetnaden om skattefritak for EFF AS. Fritaket bør gjelde
frå og med 2006.
Departementet viser til forslag til ny nr. 6 i skattelova § 2-30
første ledd bokstav g.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med
verknad frå og med inntektsåret 2006.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.