1. Innleiing

       I tråd med Stortinget sitt ynskje frå 1987 om at ein berre fremjar melding kvart fjerde år, legg Regjeringa fram Stortingsmelding om statlege styre, råd og utval som har vore verksame i 1997.

       Meldinga har ei samanlikning med 1996 for variabelen geografisk spreiing og ser òg nærare på endringane hjå dei einskilde departementa. Ei rekke tabellar samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 1997. Meldinga gjer greie for Regjeringa si politikk på området og inneheld ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei.

1.1 Omfanget av utvalssystemet - endringar sidan 1996

       537 styre, råd og utval var i verksemd ved utløpet av 1997. Dette er 26 færre enn ved utgangen av 1996. Ved siste årsskifte var det 495 faste og 42 mellombels statlege styre, råd og utval.

       Delen kvinner er om lag den same som i 1996, og er framleis på om lag 40 %.

       Den geografiske fordelinga mellom dei ulike landsdelane har også halde seg noko nær uendra.

1.2 Samansetting av styre, råd og utval i 1997

       Ved årsskiftet var det i alt 6.095 verv fordelte på i alt 5670 personar og dei aller fleste, 4.969, er berre med i eitt styre, råd eller utval.

       Sjølv om kvinnedelen er stabil på om lag 40 % både i 1996 og 1997, er det likevel verd å merke seg at skilnaden enno er stor mellom dei ulike departementa.

       Ein finn ein klår skilnad mellom menn og kvinner når ein ser på kva for verv dei har i styre, råd og utval. Det er til dømes berre ein femtedel av dei som vart leia av kvinner.

       Dei eldste og dei yngste årsklassane er framleis sterkt underrepresenterte i statlege styre, råd og utval.

       Det er enno store skilnader mellom landsdelane når det gjeld deltaking i styre, råd og utval. Framleis er dei sentrale områda på Austlandet godt overrepresenterte, særleg gjeld dette Oslo, medan Sør- og Vestlandet har lågare deltaking enn kva som høver for folkemengda.

       Dei fleste statlege styre, råd og utval opererer på nasjonalt nivå. Regionale organ opererer minst innafor eitt fylke og omfattar difor det meste skular.

       Sosial- og helsedepartementet skil seg framleis klart ut som det departementet med dei fleste slike organ knytt til seg.

1.3 Representativitet

       I den neste fireårsperioden ynskjer Regjeringa å arbeide for å styrke representativiteten i dei kollegiale organa.

       Styre, råd og utval er meint å sikre innsyn, deltaking og medverknad og skal tene som eit viktig og nyttig supplement og korrektiv til den faglege kompetansen i forvaltninga. Ein måte å sikre dette på, er å gjere dei kollegiale organa mest mogleg breitt samansette. Det er viktig å freiste å få med folk med varierande bakgrunn og med annan kompetanse enn i embetsverket. Dette kan føre nye idear og synspunkt inn i forvaltinga.

       Berre 20 % av dei kollegiale organa er leia av kvinner, det er difor ynskjeleg å styrke kvinnedelen i leiarposisjonar i løpet av den neste fireårsperioden.

       For å sikre den demokratiske dimensjonen i styre, råd og utval ynskjer Regjeringa å styrke dei yngre og eldre sin plass i dei kollegiale organa. Ein treng alternativ kunne i dei kollegiale organa og i den samanheng er posisjonen deira som ein representativ kanal særs viktig. Det er og mogeleg å gje utvala ei samansetting som betre svarar til befolkninga.

       I tillegg vil Regjeringa ha med fleire personar med innvandrarbakgrunn i styre, råd og utval, fordi dette er ei gruppe som i for liten grad deltek i dei kollegiale organa. Deira kompetanse er også viktig for å sikre alternativ kunne og bakgrunn. Også i eit demokratisk perspektiv er det viktig å få desse med.

       Regjeringa vil prioritere fylgjande problemstillingar i tida som kjem:

1. Regjeringa vil framleis arbeide for å halde oppe kvinnedelen i dei kollegiale organa og samstundes auke delen kvinner i leiarposisjonar.
2. Regjeringa vil arbeide for å auke delen av yngre og eldre i kollegiale organ og sikre den geografiske spreiinga mellom medlemmene.
3. Regjeringa vil arbeide for å auke delen av personar med innvandrarbakgrunn.

1.4 Opplæring

       Det vert i dag ikkje gjeve nokon sentral opplæring i kva for plikter og rettar ein har når ein er medlem av ei slikt organ. Kriteria for å delta i kollegiale organ varierer, og er ofte tufta på spesifikk fagleg kompetanse. Ein er ikkje kjend med at det finst direkte regelfesting av krav til særleg kompetanse for styremedlemmer.

       Regjeringa vil difor ta eit initiativ til opplæring av medlemmer i kollegiale organ. Opplæringa bør konsentrere seg om kjennskap til lovverk, særleg til forvaltningslov og offentlighetslov. Det er viktig å sikre seg at alle, og kanskje særleg styremedlemmer, har god nok kjennskap til kva for eit ansvar dei tek på seg før dei går inn i rolla som deltakar i eit kollegialt organ.

1.5 Merknad frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

       I samband med handsaminga av meldinga bad komiteen Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) i brev av 15. mai 1998 opplyse om behovet for dei organ som er med i vedlegget til meldinga, er undersøkt. Komiteen bad òg departementet gjere greie for kva slags rutiner, evt. retningsliner som ligg føre for innrapportering og kvalitetssikring av innsendt materiale. AAD skriv i sitt svar 25. mai 1998 at talet på organ er kraftig redusert, frå 737 i 1990 til 537 i 1997. Dei har på denne bakgrunn ikkje teke initiativ til å gjennomføre ei samla vurdering av behovet for det einskilde organ i meldinga. AAD skriv vidare at Planleggings- og samordningsdepartementet i brev av 2. juli 1997 bad alle departementa sjå til at utgiftene vart betre dokumentert, men at det kan vera naudsynt for AAD å følgje opp det innsendte materiale betre. Breva følgjer som vedlegg til innstillinga.