2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Inger Lise Husøy, Laila Kaland, Jørgen Kosmo og Gunnar Skaug, frå Framstegspartiet, Carl I Hagen og Vidar Kleppe, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Kari Økland, frå Høgre, Svein Ludvigsen og frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen, viser til St.meld. nr. 7 om statlege utval, styre og råd som vert fremja kvart fjerde år.

       Komiteen har merka seg at 537 styre, råd og utval var i verksemd ved utløpet av 1997. Dette er 26 færre enn ved utgangen av 1996 og 105 færre enn ved utgangen av 1993. (Jf Innst.S.nr.164 (1993-1994).) Komiteen har registrert at kvinnedelen har auka med 1 % i løpet av fireårsperioden. Totalt sett er den 40 % for 1997. Dette er i tråd med krava i likestillingslova. Komiteen vil likevel påpeike at skilnaden enno er stor mellom dei ulike departementa og at berre 20 % av dei kollegiale organa vert leia av kvinner. Komiteen vil streke under at det er viktig å ha god representasjon av kvinner i organa, ikkje berre for å oppnå riktig prosentdel, men fordi kvinner kan ha andre erfaringar og prioriteringar enn menn. Komiteen har vidare merka seg at det enno er store skilnader mellom landsdelane når det gjeld deltaking i styre, råd og utval. Framleis er dei sentrale områda på Austlandet godt overrepresenterte, medan Sør- og Vestlandet har lågare deltaking enn kva som høver for folkemengda. Komiteen har og merka seg at det er skeiv aldersmessig fordeling på deltakarane. Komiteen meiner det er svært viktig at medlemmene av statlege utval, styre og råd speglar av mangfaldet i samfunnet vårt både når det gjeld distrikt, alder, kjønn og etnisk eller kulturell bakgrunn. Komiteen er derfor nøgd med at Regjeringa i den neste fireårsperioden vil styrke representativiteten i dei kollegiale organa ved å arbeide for å sikre den geografiske spreiinga mellom medlemmene og ved å arbeide for å auke delen kvinner i leiarposisjonar, delen av yngre og eldre i kollegiale organ samt delen av personar med innvandrarbakgrunn. Komiteen er òg einig i at Regjeringen tar initiativ til opplæring av medlemmene i kollegiale organ.

       Komiteen har i si handsaming av saka sendt brev til Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) for å få opplyst om behovet for dei organ som er med i vedlegget til meldinga, er undersøkt. Med bakgrunn i at det for ein del av utvala m.v. ikkje er nemnt tal på møte eller utgifter for 1997, bad komiteen departementet òg gjere greie for kva slags rutiner, evt. retningsliner som ligg føre for innrapportering og kvalitetssikring av innsendt materiale. AAD skriv i sitt svar at talet på organ er kraftig redusert, frå 737 i 1990 til 537 i 1997. Dei har på denne bakgrunn ikkje teke initiativ til å gjennomføre ei samla vurdering av behovet for det einskilde organ i meldinga. AAD skriv vidare at Planleggings- og samordningsdepartementet i brev av 2. juli 1997 bad alle departementa sjå til at utgiftene vart betre dokumentert, men at det kan vera naudsynt for AAD å følgje opp det innsendte materiale betre. Komiteen slutter seg til departementet si vurdering.