3. Eit tilgjengeleg samfunn

3.1 Samandrag

Det blir understreka at det er eit mål at FN sine standardreglar for like vilkår for funksjonshemma blir lagt til grunn for offentleg planlegging og for utforming av tiltak og tenester. Av tiltak i planperioden blir nemnd høyringar og opplæringsprogram og retningsliner for korleis reglane kan takast i bruk i den statlege sakshandsaminga.

For å gjere informasjon meir tilgjengeleg for funksjonshemma blir det i meldinga lagt vekt på at fjernsynet si rolle som informasjonskanal og kanal for offentleg debatt, opplæring og underhaldning blir stadig viktigare. Det blir understreka at som allmennkringkastarar har NRK og TV 2 eit ansvar for å ha eit tilfredsstillande teksttilbod for høyrselshemma. I samarbeid med dei høyrselshemma sine organisasjonar har NRK sett i gang to utviklingsprogram med sikte på å utvikle tekste- og tolketenester for tunghøyrde og døve. Revidering av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sin IT-plan, produksjon og distribusjon av valinformasjon for lesehemma og lesekårsundersøking blant døve vil bli følgt opp i planperioden. Av nye tiltak i planperioden for å auke tilgjenge til informasjon finn ein elles eit prosjekt i Statens Informasjonsteneste for å finne fram til prinsipp for tilrettelegging av offentleg informasjon, prosjekt om meir aktiv bruk av Internett og tilrettelegging av programvare for personar med syns- og lesehemmingar

Nye tiltak for betre tilgjenge i nærmiljø og til bustader og offentlege bygg er m.a. at Kommunal- og regionaldepartementet i løpet av år 2000 vil kartleggje behovet for betring av tilgjenge generelt, og i løpet av planperioden vil det bli utarbeidd framlegg til ein handlingsplan for utbetring. Statsbygg vil utarbeide ein ny og oppdatert handlingsplan for tilgjenge i sin bygningsmasse. Kommunal- og regionaldepartementet vil arbeide for at kommunane i mindre grad nyttar høvet til å dispensere frå krava til tilgjenge i plan- og bygningslovgjevinga, og for at fylkeskommunane og kommunane i større grad oppfyller krava til tilgjenge ved nybygg. Det er eit mål å auke talet på bustader med livsløpsstandard, og Husbanken sine verkemiddel vil bli vurdert i denne samanhengen. Husbanken sine personretta låne- og tilskotsordningar for funksjonshemma vil bli evaluert innan utgangen av år 2000. Prosjektet "Eit samfunn for alle" som vil bli avslutta i 2001, har som mål å leggje tilhøva til rette for funksjonshemma til reell innverknad på eige liv, både når det gjeld individuelle tenester og i høve til ei generell tilrettelegging i lokalmiljøet. Sosial- og helsedepartementet vil vidare i 1999 ta initiativ til at alle departement skal spørje etter og nytte møterom og hotell som er tilgjengelege for funksjonshemma, når dei planlegg møter og konferansar m.v.

Nye tiltak i planperioden for å betre opplæringstilbodet for funksjonshemma er m.a. tiltaksplanar for funksjonshemma på dei ulike utdanningsområda. Det skal vidare innan utgangen av 1999 ved alle utdanningsinstitusjonar bli peikt ut ein fast kontaktperson som gir studentar informasjon om korleis lærestad og studium er tilrettelagt for ulike grupper funksjonshemma. Det vil i løpet av planperioden bli utarbeidd ein informasjonsplan for å gjere fagopplæring i arbeidslivet og støtteordningar knytte til den betre kjent for funksjonshemma. Behovet funksjonshemma studentar og yrkesaktive har for tilrettelagt studiemateriell vil bli kartlagt. I løpet av planperioden vil det bli utvikla dåps- og konfirmasjonsopplæringsmateriell for døve, blinde og svaksynte barn og unge. Det vil bli gjennomført to brukarstyrte tiltak for utvikling av teiknordbok og betra nettverksopplæring i teiknspråk. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil betre tolkeutdanninga for døve og følgje opp spørsmålet om organisering av tolketenesta for døve på ulike utdanningsnivå.

Det vert understreka at samferdselssystemet skal bli tilrettelagt slik at menneske med funksjonshemming i størst mogeleg grad kan gjere bruk av ordinære transport-, post- og teletenester. Av nye tiltak i planperioden på området transport og kommunikasjon blir det m.a. peikt på at Samferdselsdepartementet legg opp til at det i konsesjonsvilkåra for Telenor vil bli fastsett krav om at selskapet skal syte for tilfredsstillande forsking og utvikling når det gjeld funksjonshemma, eldre og andre brukarar som har behov for spesialtilpassing av telekommunikasjonstenester. Samferdselsdepartementet vil prioritere søknader frå fylkeskommunane som gjeld transport for funksjonshemma innanfor departementet si tilskotsordning for rasjonell og miljøvennleg transport. Det blir arbeidd med tilpassingar i køyretøytekniske krav som skal gjelde ved godkjenning av køyretøy som skal nyttast ved utvida drosjeløyve.

Nye tiltak på kultur- og fritidsområdet er m.a. at det i løpet av planperioden vil bli sett i gang eit treårig forsøksprosjekt med teiknspråkteater med sikte på å etablere eit utvida teatertilbod for døve og høyrselshemma. Kulturdepartementet vil betre tilgjenget for funksjonshemma til kulturopplevingar gjennom auke av sentrale kulturinstitusjonar si turnéverksemd og vektlegging av naudsynt tilrettelegging.

Når det gjeld produktutvikling og ny teknologi, blir det av nye tiltak i planperioden m.a. nemnt at Nærings- og handelsdepartementet vil vurdere korleis det gjennom lovgjeving, konsesjonar o.a. kan vere mogeleg å sikre størst mogeleg grad av tilgjenge for alle.

Det blir understreka at menneske med funksjonshemming er ei viktig målgruppe for verksemda i trygde-, helse- og sosialsektoren. Av nye tiltak i planperioden på dette området blir det m.a. nemnt lovfesting av tilbod om brukarstyrt personleg assistanse frå 1. januar 2000. Eit nasjonalt kompetansesystem for døvblinde, eit kompetansenettverk for døvblitte/sterkt tunghøyrtblitte og ei nasjonal kompetanseeining for gruppene ADHD, Tourette syndrom og narkolepsi skal bli etablert i 1999. Det skal bli utdanna fleire høyrselshjelparar og laga rutinar for samarbeid mellom høyrselsentralar og lokale høyrselskontaktar om bruk av tenesta. Frå 1999 vil det bli gitt informasjonsopphald for innvandrarfamiliar med funksjonshemma barn ved Frambu. Frambu skal i tillegg gjennom kurstilbod medverke til auka kunnskap hos tenesteytarane. Sosial- og helsedepartementet vil i planperioden gi tilskott til utprøving av etterutdanning for tannhelsepersonell med mål å auke kunnskapen om oralmedisinske tilhøve hos personar med sjeldne funksjonshemmingar. Frå 1999 blir det etablert hjelpetelefon for personar med øyresus. Sosial- og helsedepartementet vil i 1999 utarbeide eit rundskriv som oppmodar til kjøp av transportabel teksttelefon for pasientar/pårørande ved sjukehus, og eit anna rundskriv som oppmodar om at det må skaffast teiknspråktolkar for brukarar av teiknspråk ved sjukehusopphald. Sosial- og helsedepartementet vil gjennomføre eit treårig forsøk med omsorgsløn for familiar med funksjonshemma barn under 18 år i nokre kommunar. Det vil bli utprøvd tiltak i planperioden til oppfølging av funksjonshemma som har eller står i fare for å få dårlege levekår.

På området oppvekst og familie blir det m.a. nemnt at det vil bli lettare for funksjonshemma å adoptere. Eit treårig prosjekt skal innhente kunnskap om oppveksten til unge funksjonshemma, kva dei ventar seg av framtida si, og kva slags hinder dei eventuelt ser i høve til planar og ønskje. Situasjonen for funksjonshemma barn i barnehagar vil bli evaluert som eit ledd i oppfølginga av kontantstøtteordninga.

Det blir uttala at det er behov for meir forsking for funksjonshemma. Sosial- og helsedepartementet har bede Noregs forskingsråd om å følgje opp oppmodinga frå sosialkomiteen om at Noregs forskingsråd skal ta med tilhøve for funksjonshemma. Livssituasjonen for utviklingshemma ved tusenårsskiftet er eit nytt treårig program frå 1999 i regi av Noregs forskingsråd der ein ti år etter avviklinga av HVPU vil få ny kunnskap om situasjonen både for dei utviklingshemma som var, og dei som ikkje var, innskrivne i HVPU. Nærings- og handelsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet vil i løpet av planperioden etablere ei satsing på IT for funksjonshemma i regi av Noregs forskingsråd. I samband med nytt kap. 6A i lov om sosiale tenester, Rettar for og avgrensing og kontroll med bruk av tvang og makt m.v. i høve til enkelte personar med psykisk utviklingshemming, er det teke initiativ til fleire forsk­ingsprosjekt i regi av Noregs forskingsråd.

3.2 Komiteen sine merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre og Senterpartiet, viser til at Regjeringen i budsjettet for 1999 fjernet egenandelen for digitale høreapparat for barn under 18 år. Flertallet ber Regjeringen vurdere å fjerne egenandelen på anskaffelse av høreapparat for alle brukere, og slik sidestille høreapparater med andre tekniske hjelpemidler.

Flertallet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en vurdering av om høreapparat kan betraktes som teknisk hjelpemiddel og komme inn under de samme regler for egenandeler som andre tekniske hjelpemidler."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti er fortsatt av den formening at høreapparater må stilles på lik linje med andre tekniske hjelpemidler som i dag er gratis for brukerne. Disse medlemmer kan ikke lenger akseptere denne forskjellsbehandlingen når det gjelder egenbetaling for tekniske hjelpemidler.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fjerne egenandelen på anskaffelse av høreapparater."

Komiteen har merket seg det forebyggende prosjektet "Ikke skru av, skru ned", som er igangsatt av Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) for å forebygge hørselsskader, spesielt blant barn og ungdom. Komiteen ser dette som et viktig prosjekt, og ber departementet om å vurdere et samarbeid med HLF om tiltaket.

Komiteen viser til det arbeid som er i gang for å utvikle en taleregistrator, som vil gjøre det mulig med teksting av direktesendte TV-program. Komiteen er usikker på hvilken tidsplan dette prosjektet har, og ber om at enklere teknologi blir vurdert brukt inntil taleregistratoren er utprøvet og klar til bruk.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet viser til brev av 27. januar 1999 fra kulturminister Lahnstein, der hun redegjør for at NRK vurderer det slik at midlertidig bruk av enklere teknologi for teksting av direktesendte fjernsynsprogram ikke er praktisk gjennomførlig. Videre vises det til kulturminister Lahnsteins svar av 26. oktober 1998 på skriftlig spørsmål fra stortingsrepresentant Jon Olav Alstad, der det uttales følgende:

"Dersom det skulle vise seg at prosjektet for direkte teksting ikke lar seg realisere innen år 2000, og blir vesentlig forsinket, vil jeg vurdere andre løsninger, bl.a. å gjøre teksting til en lovpålagt oppgave for norske allmennkringkastere."

Komiteen ser positivt på at det skal utarbeides en ny, oppdatert handlingsplan for tilgjengelighet til statlige bygg, og vil bemerke at dette også må omfatte de bygg der staten er leietaker. Komiteen vil påpeke betydningen av at tilgjengeligheten gjelder totalt til og i byggene og er så omfattende at den gir mulighet til størst mulig grad av selvhjulpenhet og til aktiv samfunnsdeltakelse på alle plan uten fysiske hindringer.

Komiteen viser i den forbindelse til at deler av stortingsbygget, stortingssalen, presidentplassen og talerstolen ikke har den grad av tilgjengelighet som er nødvendig. Komiteen ser at dette kan være et hinder for at funksjonshemmede skal kunne la seg velge til Stortinget. Komiteen mener at det må foretas en utredning av hvordan stortingsbygget i sin helhet kan gjøres tilgjengelig for funksjonshemmede.

Komiteen mener også at det må iverksettes tiltak som gjør det mulig for funksjonshemmede å ta fullt ut del i kommune- og fylkespolitisk arbeid.

Komiteen ser på lovgivning som et godt virkemiddel for å oppnå målsettingen om fysisk tilgjengelighet og mener at adgangen til å gi dispensasjoner fra slike bestemmelser bør begrenses.

Komiteen viser til at det er store fylkesvise forskjeller når det gjelder ordningen med tilrettelagt transport for funksjonshemmede, og har merket seg at noen fylker for inneværende budsjettår har redusert transporttilbudet betydelig. Komiteen ser med uro på en slik utvikling, og mener at det må vurderes å innføre retningslinjer for kvalitet og kvantitet på spesialtransporter. Komiteen ser det som viktig at spesialtransport må koste det samme som tilsvarende reise med kollektivtransport. Komiteen vil bemerke at det ikke kan aksepteres at manglende tilrettelagt transport skal hindre funksjonshemmede i å ta utdanning og arbeid.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen vurdere en innføring av retningslinjer for kvalitet og kvantitet på spesialtransport."

Komiteen vil understreke at det er svært viktig å legge forholdene til rette for funksjonshemmede, slik at utdanningsmulighetene ved universiteter og høgskoler blir langt bedre enn i dag. Tilgjengeligheten til utdanningsinstitusjonene må for eksempel utbedres snarest. Komiteen vil påpeke at lik rett til utdanning, også for funksjonshemmede, må være en prioritert oppgave hvis man skal nå målsettinga om at flest mulig funksjonshemmede skal komme i lønnet arbeid.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, er videre kjent med at Norges Handikapforbunds Ungdom har fremmet forslag om et IT-utdanningstilbud inkludert bo- og servicetilbud for sterkt funksjonshemmede, lagt til en av våre høgskoler. Flertallet stiller seg positiv til dette forslaget, og vil be om en snarlig avklaring.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet viser til statsråd Jon Lilletuns svar i spørretimen 13. januar 1999 vedrørende IKT-utdanningstilbudet for funksjonshemmede ved Høgskolen i Hedmark på Rena. Disse medlemmer er opptatt av at erfaring og kompetanse fra IT-prosjektet i Hedmark blir videreført.

Komiteen viser til målet om å bedre tilgangen på offentlig informasjon og ber i den forbindelse om at handlingsplanen for funksjonshemmede blir utarbeidet i en lettlest kortversjon. Komiteen ber også om at en slik kortversjon av handlingsplanen blir oversatt til engelsk til bruk for fremmedspråklige i Norge og i forbindelse med internasjonale prosjekter for funksjonshemmede.

Komiteen har merket seg at det skal produseres et informasjonsverktøy som funksjonshemmede og tilretteleggere kan bruke i samhandling for å finne gode løsninger, og komiteen viser i den sammenheng til at det skal lages en CD-ROM. Komiteen mener at den må inneholde oppdatert informasjon om brukergrupper, lover og rettigheter, hjelpemiddelområdet og lokal forvaltning.

Komiteen viser til de tiltak med Petø-metodikk (konduktiv opplæring) som er gjennomført flere steder i landet, og spesielt til den omfattende prosjektrapporten fra prosjekt Petø Nord i 1997.

Komiteen har merket seg de behov som disse tiltakene har imøtekommet både for brukere og pårørende, og ser på tiltakene som positivt for brukernes livskvalitet og tilgjengelighet i samfunnet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, ser det som viktig at dette utvikles videre i Norge, og at Petø-metodikk etableres som et av de tilbud som habiliteringstjenestene gir.

Flertallet ber om at det igangsettes tiltak med sikte på å skaffe kvalifisert personell for å ivareta slike tilbud.

Flertallet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen igangsette tiltak for å skaffe kvalifisert personell som kan sikre en videreutvikling av Petø-metodikk (konduktiv opplæring), som et tilbud i habiliteringstjenesten, herunder fremlegge forslag til finansieringsmåte av tiltakene."

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre og Senterpartiet viser til at departementet har støttet tre mindre prosjekter som i en periode har fulgt omfattende og intensive treningsopplegg, enten etter veiledning og oppfølging fra utlandet, eller i et norsk tilpasset opplegg. Petø-metodikken er i noen grad omstridt fordi den medfører store belastninger for de barna som gjennomgår behandlingen, og krever stor innsats fra de familiene som berøres.

Disse medlemmer er kjent med at Sosial- og helsedepartementet har besluttet å opprette en arbeidsgruppe med deltakere fra berørte brukerfamilier som skal beskrive og vurdere metoder som Doman-Delacato, Petø m.fl. sammenliknet med metoder som er vanlige i Norge. Arbeidsgruppen skal vurdere ønskeligheten av å utvikle kompetansen på slike alternative metoder i Norge, og forslå hva som bør gjøres for å utvikle tilfredsstillende behandlings- og treningstilbud for hjerneskadde barn i Norge. Rapport fra dette arbeidet skal legges fram høsten 1999.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet ønsker å avvente en videre vurdering av alternative behandlingsmetoder for hjerneskadde barn til denne arbeidsgruppen har lagt fram sine anbefalinger, som kan gi et bedre grunnlag for å prioritere mellom ulike metodiske tilnærminger i behandlingen av barn med hjerneskader.

Komiteen sier seg glad for at meldingen legger opp til en lovfesting av brukerstyrt personlig assist­anse.

Komiteen sier seg videre også glad for at det i meldingen legges opp til et bedre og tettere samarbeid mellom hørselssentraler og lokale hørselskontor drevet av organisasjonene. Videre har komiteen merket seg at departementet vil ta initiativ overfor sykehus når det gjelder å anskaffe transportable teksttelefoner for hørselshemmede av ulik art.

Komiteen vil også si seg glad for at departementet vil sette i gang forskningsprosjekter for å redusere bruk av tvang og makt overfor psykisk funksjonshemmede.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet kan ikke se at Regjeringen har fulgt opp Stortingets vedtak i forbindelse med behandlingen av lov om bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemmede om at det skulle iverksettes forskning av alternative metoder til tvang på nordisk basis. Disse medlemmer vil særlig understreke viktigheten av ikke å bruke makt og tvang i forbindelse med forsøk på atferdsendring i forhold til skole, arbeidsliv og fritidssituasjoner. Videre vil disse medlemmer sterkt understreke at en tar avstand fra bruk av medikamentell behandling i forsøk på atferdsendring overfor psykisk utviklingshemmede.