1. Samandrag

1.1 Innleiing

Kulturdepartementet legg med dette fram den årlege stortingsmeldinga om verksemda på medieområdet i 1997. Grunnlaget for meldinga er i hovudsak årsmeldingane frå allmennkringkastarane, Statens medieforvaltning og Allmennkringkastingsrådet. I tillegg til årsmeldinga, har NRK utarbeidd ein eigen allmennkring-kastingsrekneskap. Desse dokumenta følgjer meldinga som uprenta vedlegg.

Med å syna til handsaminga i Stortinget av St.meld. nr. 62 (1997-98) legg departementet til grunn at kulturministeren i staden for dei årlege meldingane munnleg bør gjere greie for aktuelle mediepolitiske spørsmål for Stortinget. Dette bør skje i vårsesjonen dersom det er praktisk mogleg.

Departementet opplyser at det kjem attende til fleire spørsmål i eigne saker. Dette gjeld m.a.

  • – Spørsmålet om forbod mot reklame for politiske parti og livssyn.

  • – Endringar i kringkastingslova som følgje av endringar i EØS-avtalens fjernsynsdirektiv.

  • – Endringar i regelverket om sponsing av kringkastingsprogram.

  • – Spørsmålet om kva for rammer som skal gjelde for Norsk rikskringkastings kommersielle verksemd.

  • – Digital fjernsyn.