2.1 Norsk rikskringkasting

2.1.1 Radiosendingane til NRK

Departementet meiner ein for radiotilbodet frå NRK må leggje programinnhaldet i alle kanalane samla til grunn for å vurdere om tilbodet følgjer prinsippa for allmennkringkasting. Ut frå vurderingane til Allmennkringkastingsrådet for 1997 kan ein slå fast at radiotilbodet til NRK samla sett følgjer prinsippa for allmennkringkasting.

Departementet skal likevel trekkje fram eit par av dei kritiske merknadene frå Allmennkringkastingsrådet. Rådet peikar m.a. på at flyttinga av radiosendingane på innvandrarspråk frå radioen til fjernsynet no inneber at det i det heile ikkje er sendingar på innvandrarspråk i NRKs radiosendingar. Rådet peikar òg på at det knapt er sendingar på samisk i landsdekkjande sendingar i dei tre kanalane. Vidare peikar rådet på at nynorskprosenten i radiosendingane er for låg.

Departementet er samd med rådet i deira påpeikingar, og har teke dette opp med NRK.

2.1.2 Fjernsynskanalane til NRK

På grunnlag av rapporten for 1997 frå Allmennkringkastingsrådet kan departementet slå fast at NRK1 i det store og heile følgjer prinsippa for allmennkringkasting.

Departementet er samd med Allmennkringkastingsrådet i at nynorskprosenten er for låg og at bruken av sjølvstendige norske produksjonsselskap bør utvidast. Departementet har teke det opp med NRK.

I høve til NRKTO seier Allmennkringkastingsrådet m.a. følgjande:

  • – "Programkategorien "skole, universitet, utdanning" bør ikke forbli tom i en kanal vendt mot ungdom.

  • – Kategoriene "natur og vitenskap" og "religion og livsfilosofi" bør utvides.

  • – Kanalen har rikelig med ungdomsprogram, men mangler barneprogram.

  • – Kanalen har sendinger på innvandrerspråk, men mangler sendinger på samisk.

  • – Programlegningen bør inkludere flere sendinger som reflekterer hovedstrømninger i unge menneskers populærkultur, inkludert pop- og rockemusikk.

  • – Nynorskprosenten er altfor lav (11,1 prosent).

  • – Bruken av uavhengige norske produsenter bør utvides, jf. ovenfor om NRK1."

Også på desse punkta er departementet samd med Allmennkringkastingsrådet. Saka er teke opp med NRK.

2.2 TV2

2.2.1 Programverksemda i TV2

2.2.1.1 Rapporten frå Allmennkringkastingsrådet

Allmennkringskastingsrådets rapport for 1997 inneheld fleire kritiske synspunkt på programprofilen i TV2. Rådet uttaler m.a. følgjande:

"Det er ikke godt nok samsvar mellom det totale programtilbudet og TV 2s løfte om å "... legge vekt på å markere at vi er noe annet og mer enn en satellitt- og kabelkanal for utenlandsk masseprodusert underholdning". Over halvparten av sendingene består av drama, praktisk talt alt innenfor den lettere genre.

TV 2 lever ikke opp til sine løfter i konsesjonsøknaden om egne program om kunst og kultur, også for smalere grupper av seere. Dekningen utenom nyhetssendinger og aktualitetsprogram bør også styrkes/utdypes på følgende områder:

  • – vitenskap/forskning

  • – internasjonale forhold utenom typiske nyhetssaker

  • – området religion og livsfilosofi, særlig utenom kristen religion/forkynnelse."

Rådet seier vidare:

"Rådet finner for øvrig grunn til å gjenta sin etterlysning av programmer som de følgende:

Program for den samiske befolkningen. TV 2 er juridisk forpliktet av konsesjonsvilkårene til å levere sendinger spesielt for den samiske befolkningen, men har heller ikke i 1997 overholdt dette. TV 2 anfører i sin årsmelding at en i stedet har valgt å sende et av Arne Hjeltnes "Gutta på tur"-program fra de samiske områdene i Finnmark.

TV 2 drev heller ikke i 1997 med teksting for hørselssvekkede, og har heller ingen spesielle tilbud for denne ganske store publikumsgruppen.

Rådet mener det er særlig beklagelig at tilbudet om barneprogram er begrenset til helgene. Det burde for lengst vært utvidet til hverdagene.

Det mangler regelmessige ungdomsprogram av andre slag enn popvideopresentasjon og lett drama."

Departementet har i brev dagsett 15. juli 1998 teke m.a. desse fråsegnene frå Allmennkringstingsrådet opp med TV2. I brevet har departementet vidare peika på at så vel departementet som Stortinget fleire gonger har føresett at kanalen må leggje vinn på å følgje dei prinsippa som gjeld for allmennkringkasting. I denne samanhengen er det synt til St.meld. nr. 12 (1996-97) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v., Innst. S. nr. 138 (1996-97), St.meld. nr. 62 (1996-97) Kringkasting og dagspresse 1996 m.v. og Innst. S. nr. 103 (1996-97).

TV2 har svara departementet i brev dagsett 19. august 1998. Brevet følgjer meldinga som uprenta vedlegg. Departementet gjev att nokre avsnitt frå brevet til TV2 på s. 4-5 i meldinga.

2.2.1.2 Departementets vurdering og oppfølging

Kulturdepartementet følgjer no som konsesjonsgjevande organ opp saka andsynes TV2. Departementet syner såleis her berre stutt til nokre prinsipp som departementet legg til grunn i den vidare oppfølginga.

Departementet meiner det klårt må leggjast til grunn at når konsesjonsvilkåra slår fast at "Allmennkringkastingsprogrammene skal bidra til å styrke norsk språk, identitet og kultur", inneber dette at det må sendast eigne program innanfor desse kategoriane. Det er ikkje tilfredsstillande i høve til konsesjonsvilkåra berre å sende stutte kulturinnslag i andre program.

Når det gjeld program for smale grupper og minoritetar, heiter det følgjande i punkt 6 nr. 3 i konsesjonsvilkåra:

"Sendingene skal over tid inneholde en variert programmeny med program for så vel brede som smale seergrupper, herunder den samiske befolkningsgruppe og minoriteter."

Det er ikkje mogleg å lese dette på anna vis enn at det skal sendast eigne program både for den samiske befolkninga og minoritetar. Det følgjer også av dette punktet i konsesjonsvilkåra at det skal sendast program både for breie og smale sjåargrupper. Anten ein reknar born som ei brei eller smal sjåargruppe, er det klårt at vilkåra fastset at det skal sendast program for born.

Reint allment legg departementet til grunn at korkje av økonomiske eller andre årsaker finst det grunnlag for at selskapet ikkje betre skal oppfylle konsesjonsvilkåra når det gjeld program for born.

Departementet ser det ikkje som aktuelt å gjere framlegg om endringar i reglane om reklame eller sponsing av program for born, jf. kommentaren frå TV2. Som departementet fleire gonger har peika på i ulike samanhengar, er det dei samla inntektene til allmennkringkastarane som må finansiere dei programtypane som skal sendast. Dette gjeld uavhengig av om det er høve til å sende reklame eller sponsing i tilknyting til visse programtypar eller ikkje.

2.3 Verksemda i P4

2.3.1 Programverksemda i P4

2.3.1.1 Allmennkringkastingsrådets rapport

Årsrapporten frå Allmennkringkastingsrådet for 1997 inneheld fleire kritiske merknader til programprofilen i P4. Rådet uttaler m.a. følgjande:

  • – "Bruken av reportasje og andre mer ressurskrevende radiogenre enn studioinnslag, telefonintervjuer og platespilling bør utvides.

  • – Dekningen av kunst og kultur bør klart styrkes.

  • – Kategorien "religion og livsfilosofi" bør utvides til å omfatte annet enn kristne andakter.

  • – Forekomsten av analytiske, kritiske og fordypende perspektiv er for liten utenom de utvidede nyhetssendingene.

  • – P4 anses ikke å leve opp til sitt klare løfte i konsesjonssøknaden om "å satse på såkalte nisjeprogrammer for spesielt interesserte minoritetsgrupper".

  • – P4 lever heller ikke opp til sine løfter i konsesjonssøknaden om å reflektere det språklige mangfoldet i landet. Det mangler sendinger på nynorsk, samisk og innvandrerspråk.

  • – Den internasjonale dekningen utover de typiske nyhetssakene bør styrkes.

  • – P4 kan ikke sies å ha en musikkprofil som innfrir løftet fra konsesjonssøknaden: "Stikkord for musikkprofilen må være mangfold, med røtter i vårt levende norske musikkmiljø".

  • – P4 lever ikke opp til løftene i konsesjonssøknaden om kulturdekning: "RHN (P4 Radio Hele Norge) vil satse på kultur ved å "ta pulsen" på hele Norges yrende kulturliv i vid forstand. RHN ser muligheter til å sende lokalproduserte kulturprogrammer i samarbeid med nærradiostasjoner".

  • – Tilbudet av barneprogram bør utvides til å gjelde flere dager i uka."

Kulturdepartementet har i brev dagsett 3. august 1998 til selskapet m.a. synt til desse utsegnene , og har bede P4 om kommentarar.

2.3.1.2 Merknadene frå P4

P4 har svara departementet i brev dagsett 18. september 1998. Brevet følgjer meldinga som uprenta vedlegg. Departementet gir att nokre avsnitt frå brevet på s. 6-7 i meldinga.

2.3.1.3 Departementets vurdering og oppfølging

Kulturdepartementet følgjer som konsesjonsgjevande organ saka opp andsynes P4. Konsesjonsvilkåra inneheld eit klårt krav om at det skal sendast program for den samiske befolkningsgruppa og for minoritetar. Til no har P4 ikkje følgt dette opp. Rapporten frå Allmennkringkastingsrådet syner òg at det er eit stykkje att før P4 fullt ut kan seiast å fylle alle prinsippa som gjeld for allmennkringkasting.

Reint allment legg departementet til grunn at korkje av økonomiske eller andre årsaker finst det grunnlag for at selskapet ikkje skal følgje konsesjonsvilkåra på alle punkt.