Gjennom ymse tilskottsordningar på statsbudsjettet blir
det gitt støtte til produksjon av dagsaviser. Tilskottet
i 1997 var på om lag 203 mill. kroner, og vart fordelt
på 131 aviser, sju fleire enn i 1996. Det blir òg gitt
særskilte tilskott til samiske avsier, til ymse publikasjonar
og til medieforsking og etterutdanning. Tilskottsordninga for pressekontora
til dei politiske partia som er representerte på Stortinget
er lagd ned frå og med 1998, jf. Stortingets handsaming
av St.prp. nr. 1 (1997-98). Tilskottsordninga til ymse publikasjonar femner òg
om publikasjonane til dei politiske partia som er representerte
på Stortinget. I samsvar med Stortingets syn har departementet
lagt fram forslag til endringar for denne delen av tilskottsordninga,
jf. St.prp. nr. 1 (1998-99).
Departementet syner elles til årsmeldinga
frå Statens medieforvaltning når det gjeld detaljar
kring fordelinga av tilskott m.m.