Stiftelsen Militærhistorisk Forum Østlandet
(SMFØ) har frå våren 2000 utstilt Forsvarets
flysamling på Gardermoen (FFG), til glede for publikum
i austlandsregionen. I den seinare tid har stiftinga sine driftskostnader auka
vesentleg, noko som har ført til mangel på driftskapital.
For å handtere situasjonen, har SMFØ utarbeidd
ein forretningsplan som har som målsetjing å styrkje
kundegrunnlaget og gjere stiftinga berekraftig innan tre år.
Stiftinga inngjekk difor i 2004 ein intensjonsavtale om eit nærare
samarbeid med Norsk Luftfartsmuseum i Bodø. Røynslene
med avtalen er så langt positive på fleire område,
og samarbeidet skal utviklast vidare. Også Ullensaker kommune
ynskjer samarbeid med stiftinga, og har gjeve lovnad om å leggje
til rette for at stiftinga skal få gode arbeids- og utviklingskår.
Alt i alt synest det på sikt å vere lagt godt til
rette for ei berekraftig drift av flysamlinga utan støtte
frå staten, men det føreset ei viss støtte
i etablerings-/oppbyggingsfasen. Forsvarsdepartementet
meiner det er gode grunnar for å gje ei slik støtte.
Samstundes viser ein til Stortinget si utsegn
i 1997 om at SMFØ skulle ta seg av drifta utan kostnader
for staten, jf. Innst. S. nr. 303 (1996-1997), jf. St.prp. nr. 57 (1996-1997).
I denne utsegna heiter det:
"... stiftelsen vil selv ta seg av driften av samlingen uten
kostnader for staten og at inntektene fra publikumsfasilitetene,
helt eller delvis, skal finansiere driften ..."
Departementet meiner at desse omsyna kan balanserast
ved at stiftinga vert gjeve eit eingongstilskot på 2,25
mill. kroner til å dekkje driftsutgifter og å gjennomføre
forretningsplanen si målsetjing om å utvikle eit
langsiktig kundegrunnlag. Det er også ein føresetnad
at stiftinga, dersom den opphavelege planen viser seg å vere
for optimistisk, justerer aktiviteten tidsnok til at tilskottet
kan medverke til å sikre vidare drift, med eit lågare
ambisjonsnivå og utan støtte over forsvarsbudsjettet.
Dette inneber likevel ikkje at stiftinga vil vere forhindra frå å nytte
andre offentlege støtteordningar.