1.1 Samandrag

I kapittel 2 i Kredittmeldinga 2006 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og utviklinga i finansmarknaden. Det blir også gitt ein omtale av den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste løyvesakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2006. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2006, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2005. Omtalen i kapittel 4 og 5 bygger i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank og Kredittilsynet for 2006 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at komiteen inviterte sentralbanksjef Svein Gjedrem til open høyring om utøvinga av pengepolitikken i samband med behandlinga av Kredittmeldinga 2006. Referatet frå høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga.