2. Finansiell stabilitet

2.1 Samandrag

Finansiell stabilitet blir ofte brukt for å beskrive ein tilstand der det er velgrunna tillit til at føretaka i finanssektoren vil oppfylle dei pliktene dei har take på seg, slik at finansielle avtalar blir inngått på normale forretningsmessige vilkår. Ein har erfaring for at periodar med sterk vekst i gjeld og formuesprisar kan utfordre den finansielle stabiliteten.

Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involvert i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området er blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet.

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad og arbeider særleg med rammevilkåra. Kredittilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank og Kredittilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank og Kredittilsynet overvaker derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Samarbeidet mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank blei ytterlegare formalisert i 2006 ved at det blei skipa eit trepartsmøte mellom dei tre institusjonane kvart halvår. I møta vil utsiktene for finansiell stabilitet bli drøfta, samstundes som ein òg vil gå gjennom erfaringar frå kriseøvingar og drøfte samarbeidet ved behandling av eventuelle kriser.

Finansinstitusjonane har hatt gode resultat dei siste åra. Bankane, finansieringsselskapa, kredittføretaka, skadeforsikringsselskapa, livsforsikringsselskapa, verdipapirføretaka og forvaltningsselskap for verdipapirfond hadde alle høgare resultat målt i absolutte tal i 2006 enn i 2005, som òg var eit godt år. God inntening, tilbakehald av delar av innteninga og innhenting av ny kapital har auka den ansvarlege kapitalen i finans­institusjonane, og evna deira til å bere risiko er tilfredsstillande. Vekst i utlån frå bankane har likevel ført til ein reduksjon i kjernekapitaldekninga.

Den norske lånemarknaden er i endring. Innanlandsk kredittvekst til publikum (K2) har auka mykje dei siste tre åra, frå 6,8 prosent ved utgangen av 2003 til 14,6 prosent ved utgangen av 2006. Veksten i hushalda si gjeld har vore høgare enn veksten i disponibel inntekt sidan 1999. Framskrivingar av hushalda si gjeldsgrad basert på referansebanen i Noregs Banks Inflasjonsrapport 3/06 tyder på at gjeldsbelastninga kan halde fram med å auke.

Som følgje av reduserte rentemarginar blei hushalda skjerma for dei fulle effektane av rentehevingane til Noregs Bank i 2006.

Rentemarginar, som er den prosentvise forskjell mellom rentesatsar på utlån og innskot, var på 2,1 prosent ved utgangen av 2006. Dette er det lågaste nivået sidan målingane av rentemarginar starta i 1987. Det kan vere mange årsaker til dette prosentvise fallet i sjølve rentemarginen.

Rentebelastninga til hushalda er framleis låg, men det er venta at marknadsrenta vil stige framover. Sjølv om hushalda samla sett har høg finansformue, held hushald med høg gjeldsbelastning lite av den. Hushald med høg gjeldsbelastning kan derfor i liten grad trekkje på finansformue om dei får betalingsproblem. Om eit hushald får problem med å handtere eit lån, kan det ofte vere ein utveg å avtale ein periode med avdragsfritak, eller forlengje nedbetalingstida på lånet. Den siste tida har ein sett tendensar til at fleire vel lengre nedbetalingstid og avdragsfrie periodar når lånet blir tatt opp. Utviklinga i lånemarknaden saman med auka uvisse om utviklinga i bustadprisane, gir grunnlag for å tru at det ikkje blir teke nok omsyn til at den økonomiske situasjonen til låntakaren kan endre seg. Det kan synast å vere behov for ei instramming i praksis når det gjeld utmåling av bustadlån. Kredittilsynet følgjer denne utviklinga nøye.

Bustadlån utgjer 51 prosent av dei samla utlåna til bankane. Bankane sine utlån fordelte på næringar ber preg av at økonomien er inne i ein høgkonjunktur med ein kraftig vekst i dei fleste næringar. Dei siste åra har gjeldsbelastninga i føretakssektoren falle kraftig. Det låge rentenivået har medverka til at rentebelastninga er blitt redusert. Den høge gjeldsveksten i føretaka i 2006 medverkar truleg til høgare gjeldsbelastning trass i høg lønnsemd. Framskrivingar som er utførte av Noregs Bank, viser at gjelds- og rentebelastninga i føretakssektoren vil stige framover dersom lønnsemda blir svekt og gjeldveksten held fram med å vere høg. Det har vore ein nedgang i talet på konkursar dei tre siste åra, og i 2006 var det 14 prosent færre enn i 2005. I fjerde kvartal 2006 blei det likevel registrert fleire konkursar enn i same periode året før.

Innskotsdekninga til bankane fall i 2006 som følgje av at veksten i bankane sine utlån har vore større enn veksten i innskota.

Livsforsikringsselskapa sine verdijusterte resultat betra seg frå 2005 til 2006, særleg som følgje av den sterke oppgangen i aksjemarknaden siste halvår. Sjølv om bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa var høgare ved utgangen av 2006 enn året før, viser stresstestar som Kredittilsynet og livsforsikringsselskapa har utført, at risikoen i livselskapa er om lag den same i 2005 og 2006. Dette kjem av at aksjedelen i livsfor­sikringsselskapa har auka i 2006. At dei lange rentene steig noko i 2006, gjer sitt til å betre resultatutsiktene for livsforsikringsselskapa. Det er særs viktig at selskapa sjølve med god sikringsmargin tilpassar risikoen i sin portefølje til den soliditet selskapet har.

Jamvel om det er trekk ved den økonomiske utviklinga som kan gi auka risiko, og då særleg den høge og stadig aukande gjeldsbelastninga til hushalda, blir utsiktene til finansiell stabilitet rekna som tilfreds­stillande.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

Komiteen merkar seg at meldinga peiker på at utviklinga i verdsøkonomien synest jamnare balansert.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg at det trass i auka kjøpekraft i mange yrkesgrupper blir rapportert om fallande sparing i norske hushald i det siste, med negativ sparerate i andre halvår i 2006. Fleirtalet er uroleg for denne utviklinga. Dessutan konstaterer fleirtalet at bustadlån utgjer 51 prosent av samla utlån frå bankane. Utlåna frå bankane har vore større enn veksten i innskot. Gjelda i norske hushald er no snart to gonger disponibel inntekt, og gjeldsgraden er høgare enn nokosinne.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, konstaterer at ein av dei største handelspartnarane våre, USA, hadde eit underskot i offentlege finansar på nær 210 mrd. USD i 2006, og ein brutto samla ekstern gjeld på 10 732 mrd. USD, tilsvarande om lag 80 prosent av BNP. Vidare er det eit aukande underskot på driftsbalansen på grunn av ein negativ handelsbalanse. I tillegg blir det no varsla auka underskot på investeringane i USA. Desse tilhøva kan utgjere ein ustabilitet som fleirtalet meiner bør vere ein del av risikobiletet som Noreg må ta stilling seg til.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at forbrukerne er de beste til selv å vurdere sin egen økonomi, og hvilke lån de ønsker å ta opp. Og hvor mye i lån man kan håndtere. Disse medlemmer har tiltro til at forbrukerne selv fatter kloke beslutninger.

Disse medlemmer viser også til at banken har sterke krav knyttet til sin rådgivning, slik at forbrukerne skal få gode, finansielle, råd knyttet til lån, spareprodukter og andre finansielle tjenester.

Disse medlemmer viser også til Kredittindikatoren K2, utgitt av Statistisk sentralbyrå (SSB) i mars 2007. Her viser statistikken at husholdningenes gjeldsvekst ble redusert. Selv om veksten fortsatt er stor, er dette den laveste vekstraten siden mai 2005.

Komiteens medlemmer fra Høyre konstaterer at den sittende regjering med Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet fører en politikk som motvirker sparing, og som stimulerer forbruk. Disse medlemmer viser til økt formueskatt som straffer sparing, og avviklingen av skattestimulert privat pensjonssparing som gjør det mindre fordelaktig å spare til egen pensjon. Norge skiller seg svært negativt ut sammenlignet med andre sentrale europeiske land når det gjelder privat sparing. Disse medlemmer er tilhenger av en mer aktiv politikk for å stimulere privat sparing. Det er viktig at folk tar ansvar for egen fremtid og alderdom, og det bør være en bedre balanse mellom privat og offentlig sparing. I en situasjon hvor økonomien er "overopphetet" bl.a. på grunn av stor mangel på arbeidskraft, vil en politikk som stimulerer privat sparing bidra til mindre press på renten.

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti syner til at den markante auken i hushalda si gjeldsgrad gjer desse meir sårbare for forstyrringar i økonomien, og i særleg grad ein kombinasjon av aukande arbeidsløyse og fallande prisar på bustader. Sjølv om investering i bustad er den viktigaste årsaka til den auka gjeldsgraden, syner denne medlemen til at lån til forbruk har vorte langt meir vanleg. Over dei siste åra har omfanget av forbrukslån og fleksilån eksplodert.

Denne medlemen legg til grunn at dei langt fleste som nyttar slike lån har ein privatøkonomi som er robust nok til å tåla auka låneopptak, og som kan vurdera avvegingane mellom auka forbruk i dag mot forbruk i framtida på ein god måte. Men det er òg grunn til å tru at det er mange som tek i mot tilbod om forbrukslån gjeve gjennom aggressiv marknadsføring av desse låna utan å vurdera tilstrekkeleg om privatøkonomien gjev rom for auka låneopptak til forbruk. Av omsyn til desse meiner denne medlemen at det bør vurderast nærare å innføra tiltak som kan motverka slike tilfelle, til dømes ein pålagt minste periode frå tilbod om forbrukslån er gjeve fram til eit slikt tilbod kan aksepterast av låntakar.