7. Verksemda til Det internasjonale valutafondet

7.1 Samandrag

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 185 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: førebyggje kriser ved å overvake økonomien i medlemslanda, låne til land som har betalingsbalanseproblem eller er i krisesituasjonar, og gi teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei betre i stand til å nedkjempe fattigdom og realisere FN sine tusenårsmål.

IMF er inne i ein fase med til dels store endringar i verksemda. Nedgangen i utlån dei siste åra har gitt eit stort underskot. Konsolideringa av den finansielle situasjonen, under leiinga av Dominique Strauss-Kahn som ny administrerande direktør, opnar for ein gjennomgang av IMF sine oppgåver på fleire område. Reforma av kvotar og stemmerett vil, saman med utfallet av den finansielle situasjonen, vere viktig med tanke på kva legitimitet og innverknad organisasjonen kjem til å ha. IMF si verksemd i låginntektsland er òg eit viktig tema som har fått mykje merksemd det siste året.

Pkt. 7.2 i meldinga gir ei generell oversikt over oppgåvene til IMF og 7.3 ei oversikt over styresettet til organisasjonen. Pkt. 7.4 omtalar aktuelle spørsmål som har vore til behandling i IMF sidan førre kredittmelding. Pkt. 7.5 gir eit oversyn over særskilde forhold som gjeld Noreg, og 7.6 i meldinga redegjer for informasjonen til Stortinget om IMF-spørsmål.

7.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, er tilfreds med at IMF sine aktivitetar og låneprodukt no blir kritisk gjennomgått. Fleirtalet meiner målet må vere at institusjonen reduserer sin aktivitet til det som ligg i det opphavlege mandatet til IMF frå Bretton Woods. Fleirtalet meiner også at det kan vurderast om oppgåver som ikkje ligg innanfor kjerneområdet, kan gjennomførast av andre internasjonale institusjonar.

Fleirtalet meiner at Regjeringa framleis må ha ei tydeleg rolle og synspunkt på dei "kvantitative vilkåra" i låneprogrammet til IMF. Unødvendig strenge strukturelle krav frå IMF må ikkje svekkje investeringar i helse, utdanning og infrastruktur i fattige land. Derfor støttar fleirtalet Regjeringa sitt arbeid med å få gjennomslag for IEO sine tilrådingar når det gjeld strukturkondisjonalitet. Prinsipielt bør IMF redusere og avgrense si rolle i låginntektsland. IMF har neppe kompetanse til å fylle den utviklingspolitiske rolla fondet har fått tildelt dei siste åra. Fleirtalet ber om at Regjeringa gir ei oppdatert vurdering av desse spørsmåla i neste kredittmelding, spesielt kva nye høve ein har for å fremme mindre bruk av strukturkondisjonalitet og til å redusere IMF si rolle i låginntektsland. Fleirtalet viser til at UNDP har stor legitimitet og kunnskap om utviklingsbehov og risiko i låginntektsland og bør få ei større rolle på vegner av det internasjonale samfunnet.

Fleirtalet er tilfreds med at det skjer endring når det gjeld stemmevekta i IMF. Spesielt er tredobling av basisstemmene og styrkt bemanning av kontora til dei afrikanske styremedlemene demokratiske framsteg som vil betre IMF sin legitimitet. Like fullt bør dette bare vere eit første steg. Fleirtalet ber Regjeringa arbeide for å styrkje utviklingslanda si påverknadskraft ytterlegare.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet deler ikke flertallets frykt for IMFs krav overfor utviklingsland om liberalisering og privatisering, når vi vet at dette vil være avgjørende for en rekke utviklingsland for å komme ut av den situasjonen de befinner seg i. Disse medlemmer viser til at kapitalisme og det frie marked utvilsomt er det redskap som har løftet flest mennesker ut av fattigdommen. Kina, Indonesia, Malaysia, Japan, Sør-Korea, Vietnam, Brasil, Argentina og Tyrkia er gode eksempler på dette.

Disse medlemmer mener at man kan stille spørsmål ved deler av IMFs virksomhet, spesielt knyttet opp til om de økonomiske ordningene sett under ett faktisk hjelper land ut av fattigdom. I tillegg bør man ha et kritisk blikk på organisasjonen og kostnadene knyttet til byråkrati og administrasjon av IMF og de økonomiske ordningene. Disse medlemmer er derfor glade for at IMF har startet et arbeid med effektivisering og kostnadsbesparelser knyttet til organisasjonen.

Disse medlemmer viser for øvrig til Fremskrittspartiets merknader til St.prp. nr. 58 (2007–2008).