Regjeringa vil halda på hovudtrekka i dagens
kommune- og velferdssystem. Regjeringa ønskjer å leggja til rette
for eit sterkt og robust lokaldemokrati. Dels fordi det har ein
eigenverdi, dels fordi det er avgjerande for velferda. Demokratisk
deltaking i lokale folkevalde einingar er viktig, både som ein verdi
i seg sjølv og fordi det er med å styrkja ansvarskjensla den enkelte
borgaren har for dei lokale politiske avgjerdene som er så viktige
for det lokale fellesskapet. Kommunane er dei som best kan gjera
demokratiske forankra prioriteringar innanfor ei ramme prega av
knappe ressursar. Kommunane utvidar demokratiet ved at moglegheitene
for deltaking vert fleire. Derfor søkjer ikkje Regjeringa eit systemskifte
i utforminga av kommune- og velferdssystemet vårt. Likevel ser Regjeringa
at det er område der systemet kan gjerast betre. Det eine er å gje
kommunane utvida handlingsrom og å styrkja dialogen mellom staten
og kommunane. Det andre er trongen for å utvikla lokaldemokratiet.
Dette er fyrst og fremst kommunane sitt ansvar. Staten kan like
fullt syta for gode rammevilkår og medverka til inspirerande utviklingsprosjekt.
Kommunal- og regionaldepartementet har eit ansvar
for å medverka til ei heilskapleg statleg styring av kommunesektoren.
Saman med fylkesmannsembeta, som har det operative ansvaret for
samordninga av regional stat si kommunestyring, har departementet
ei viktig oppgåve når det gjeld å leggja til rette for at styringa
skjer etter dei prinsippa Regjeringa og Stortinget har slått fast.
Regjeringa meiner at fylkesmannen framleis skal ha ei viktig samordningsrolle
overfor kommunane. I proposisjonen er det gjort nærare rede for
samordninga av den statlege styringa av kommunesektoren.
Regjeringa meiner at det er kommunane sjølve som
best kan prioritera og samordna tenesteytinga slik at ein oppnår
god tilpassing til ønske og behov innbyggjarane har. Dette inneber
at ein må akseptera ein viss ulikskap i tenestetilbodet mellom kommunar
– jorda i lokale prioriteringar og preferansar. Dette må sjåast
opp mot omsynet til eit jamgodt og likeverdig tenestetilbod uavhengig
av bustadkommune. Statleg styring av kommunesektoren må balanserast
mellom behovet for å gje kommunale tenester i tråd med ønske og
behov innbyggjarane har, og omsynet til eit likeverdig tenestetilbod
uavhengig av bustadkommune.
Staten må sjå styringa av einskilde fagområde
og reformer i ein heilskapleg samanheng, og vurdera verkemiddelbruken
ut ifrå dette. Vidare må staten så tidleg som mogleg i utreiingsarbeid knytt
til ei reform, vurdera alternative former for verkemiddel som kan
nyttast for å nå målsetnaden. I samband med utgreiing og iverksetjing av
reformer spelar konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren
(KS) ei sentral rolle. Konsultasjonsordninga representerer ein formalisert
arena for open dialog, samarbeid og informasjonsutveksling.
Regjeringa ønskjer å styrkja samhandlinga mellom
staten og kommunesektoren. Statleg styring må i størst mogleg grad
pregast av dialog og rettleiing framfor absolutte pålegg og krav.
Det er sentralt for Regjeringa å leggja til rette for tiltak som
er med og skaper tillit mellom forvaltningsnivåa. Det er ei utfordring
å utvikla verkemiddel for styring av kommunesektoren basert på dialog
og samhandling. Vidareutvikling av konsultasjonsordninga, informasjonsarbeid
og spreiing av idear gjennom til dømes nettverksarbeid, er viktige
element i dette arbeidet.
Handlefridom er naudsynt for at det skal vera meiningsfullt
å delta i lokalpolitikken. Rammestyring kan bidra til å sikra oppslutning
om og legitimitet til det lokale sjølvstyret. Så lenge kommunal
forankring av oppgåveløysinga utgjer ein føresetnad for, og ikkje
motsats til effektivitet, kvalitet og velferd, ønskjer Regjeringa
i minst mogleg grad å detaljstyra kommunane. Regjeringa vil så langt
som mogleg styra gjennom rammer både når det gjeld økonomi og regelverk.
Regjeringa vil streka under si aktive rolle
for å utvida det økonomiske handlingsrommet. Sidan stortingsvalet
i 2005 har Regjeringa styrkt kommuneøkonomien vesentleg. Dette
har utvida det økonomiske handlingsrommet til kommunane, og følgjeleg
det lokale politiske handlingsrommet.
Kommunane har òg eit ansvar for å byggja tillit mellom
styringsnivåa og til innbyggjarane. Dei lokale politiske organa
forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet. Derfor lyt
dei leggja stor vekt på at desse skal forvaltast effektivt og i samsvar
med etiske normer og god forvaltningsskikk. Staten skal på si side
leggja til rette for etisk verksemd gjennom eit godt regelverk. Kommunal-
og regionaldepartementet vil etter planen hausten 2008 leggja fram
ein odelstingsproposisjon med forslag om endringar i kommunelova,
forvaltningslova og svalbardlova for å medverka til auka rolleklårleik
og openheit i kommunane og fylkeskommunane.
Inntektssystemet fordeler midlar til kommunal sektor,
og er eit viktig verkemiddel for å gjennomføra politikken innanfor
sentrale områder i samfunnet. I kommuneproposisjonen for 2009 har
Regjeringa gjort framlegg om fleire endringar i inntektssystemet
for kommunane. Regjeringa ønskjer å oppnå jamnare fordeling og større pårekningsgrad
når det gjeld kommunane sine inntekter.
Statlege føringar på kommunal organisering og oppgåveløysing,
ved bruk av lover, forskrifter og anna regelverk, avgrensar kommunane
sitt høve til å utøva lokalt skjønn og leggja til rette for gode
og effektive løysingar basert på lokale behov. Samstundes kan tunge
nasjonale omsyn tala for at staten bør styra kommunesektoren gjennom
reglar. Når kommunane skal stå for ei bestemt oppgåve, skal dette
nedfellast i lov. Det er fastsett retningsliner som skal nyttast
ved utforming av nytt statleg regelverk retta mot kommunesektoren.
Retningslinene tek utgangspunkt i prinsippa i kommunelova om nasjonal
rammestyring og størst mogleg lokal fridom i organiseringa.
Komiteen viser til
at det fra 1. januar 2009 gjøres endringer i kommunenes inntektssystem.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti
og Senterpartiet, viser til Innst. S. nr. 263 (2007–2008) der
flertallet blant annet uttaler:
"Flertallet mener forslaget til endringer i inntektssystemet
gir en forbedret fordelingsvirkning i forhold til den situasjon
de ulike kommunene i dag befinner seg i. Det er godt dokumentert
at det er forskjeller i inntekt som er viktigste årsak til ulikheter
i tjenestene som kommunene tilbyr. Flertallet er enig i at forskjellene
i inntekt har vært for store."
Komiteen mener at
for store forskjeller i kommunenes forutsetninger for å levere et
godt velferdstilbud til sine innbyggere kan være en trussel mot
lokaldemokratiet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre vil understreke at det lokale selvstyret også innebærer
lokal råderett over egen mark. Reglene for bygging i strandsonen
og forvaltning av verneverdige bygg bør derfor i større grad ta
hensyn til lokale holdninger. Disse medlemmer vil
advare mot at kommunene pålegges å verne mer dyrket mark, og vil
påpeke at et slikt forslag står i direkte motsetning til meldingens
understrekning av den lokale selvråderetten.
Disse medlemmer vil understreke
at forskjeller i det kommunale tjenestetilbudet er en nødvendig
konsekvens av lokalt selvstyre og lokale prioriteringer.
Disse medlemmer vil understreke
at det kommunale økonomiske handlingsrommet har blitt vesentlig
mindre fordi utgiftene har økt betydelig mer enn inntektene og fordi
de frie inntektene er redusert under den rød-grønne regjeringen,
jf. Kommunenes Sentralforbunds store kommuneundersøkelse, presentert
22. januar 2009.
Disse medlemmer vil påpeke at
flere store kommuner med store oppgaver i dag forfordeles gjennom
inntektssystemet, og at dette forsterkes ytterligere gjennom Regjeringens
nye inntektssystem der blant annet den lokale selskapsskatten avvikles.
Komiteens medlem fra Venstre viser
til at nær 7 000 lovparagrafer regulerer kommunal sektor og at antallet
øker med et snitt på 1,5 paragrafer pr. dag. En slik utvikling kan
ikke fortsette. For å motvirke dette viser dette medlem til
at Venstre ønsker å sette et tak for statens oppgaver og ansvar,
samt grunnlovsfeste det lokale selvstyret og øke dets frihet.
Dette medlem mener at all politikkutforming skal
ligge til et folkevalgt organ. Dette medlem vil at
fylkesmannens oppgaver skal avgrenses til tilsyn, klage, legalitetskontroll
og nødvendig dialog. "Fylkesmann"-tittelen bør endres til "Statens
direktør i fylkene", for å skille tydeligere mellom det folkevalgte
Fylkestinget og statens rolle i fylkene.
Dette medlem viser til at Venstre
vil ha tre folkevalgte nivåer. For å sikre mer folkestyre og mer
desentralisering vil Venstre sette et tak på statens virksomhet
og fordele de øvrige oppgavene på fylker og kommuner. Venstre ønsker primært
at mellomnivået skal være organisert som enhetsfylke.
Dette medlem viser til at flertallet
i komiteen i Innst. S. nr. 166 (2006–2007) pekte på at den regionale
statsforvaltningen består av 41 ulike virksomheter med om lag 29 000
årsverk. Det er i dag 34 virksomheter som har en inndeling som er
større enn fylkene, og ingen av disse har sammenfallende regiongrenser.
Makt- og demokratiutredningen påpekte at forvaltningsendringene de
senere tiår har vært preget av sektorvise reformer som har medført
økt differensiering og fragmentering av offentlig virksomhet. Sett
i lys av dette er det utvilsomt mye å hente både på demokratisering
og effektivisering i statlig sektor. Dette medlem beklager
at Regjeringens arbeid med den såkalte forvaltningsreformen i svært
liten grad vil endre den sektorvise, fragmenterte og embetsstyrte
regionale stat, og at fylkesmannen i sin nåværende form blir opprettholdt
og faktisk forsterket.