Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråden til Stortingets presidentskap, datert 25. oktober 2011

Statsbudsjettet 2012 - rettingar i Prop. 1 S (2011-2012) for Samferdselsdepartementet

I Prop. 1 S (2011-2012) for Samferdselsdepartementet er det nokre feil. Rettingane går fram nedafor. Desse rettingane påverkar ikkje framlegget til vedtak frå regjeringa slik det går fram av Prop. 1 S (2011-2012).

Programkategori 21.30 Vegformål

På s. 53 blir det i siste avsnitt i første spalte lista opp prosjekt som regjeringa tek sikte på å vurdere bompengeproposisjonar for i 2012. Eitt av prosjekta som er nemnt, er E6 Vegpakke Helgeland, første etappe (Mo – Bolna) i Nordland. Her skal det stå: E6 Vegpakke Helgeland, første etappe, i Nordland.

I tabell 4.1 på s. 61 skal talet på km vegnett med gul midtstripe i kolonnen ”forslag 2012” vera 17 km og ikkje 15 km som det står no.

I teksten under tabell 4.1 står det i siste setning i første avsnitt i første spalte: ”Det er ventet at 10 km vil bli ferdig utbedret i løpet av 2012.” Talet skal vera 17 km.

I første avsnitt i andre spalte under tabell 4.1 står det i andre setning at det i 2012 skal etablerast om lag 18 km med forsterka midtoppmerking. Talet skal vera om lag 25 km, jf. tabell 4.1.

På s. 97 skal det i overskrifta i første spalte stå: E6 Dal – Minnesund og Skaberudkrysset, ikkje ”E6 Dal – Minnesund og Skaberudkrysset (Fellesprosjektet E6 – Dovrebanen)”.

5 Oppfølging av Nasjonal transportplan 2010-2019

I teksten i pkt. 5.2.1 Framkome og regional utvikling, på side 164 under tabell 5.4 har nokre liner i første og andre spalte blitt bytta om. Det skal stå:

”I 2011 vil prosjektet Barkåker – Tønsberg og det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Asker på bli ferdig. Det er venta at dette vil gi ei reisetidsgevinst på 5 minutt på strekninga Oslo – Skien i 2012. Det er også teke omsyn til framtidige faste stopp på Sandvika for InterCity-toga.

Gevingåsen tunnel blei teken i bruk i august 2011. Dette kan i framtida redusere reisetida på strekninga Trondheim – Bodø med om lag 5 minutt. Reduksjon i reisetida er avhengig av tilpassingar i ruteplan og nye kryssingspunkt/-spor.”

6 Omtale av særelege tema

I omtalen i pkt. 6.7 Omtale av tilsetjingsvilkåra for leiarar i heileigde statlege verksemder, på s. 201 er opplysninga om den årlege pensjonskostnaden for konsernsjefen i NSB AS ikkje fullstendig. Den årlege pensjonskostnaden på 680 000 kr som det er opplyst om i Prop. 1 S (2011-2012), gjeld pensjonskostnader ut over 12 G. Pensjonskostnaden for inntil 12 G av løna utgjer 110 000 kr. Dette inneber at den årlege pensjonskostnaden for konsernsjefen i NSB er på i alt 790 000 kr.