2.1 Sammendrag

Kapittel 2 i meldinga drøftar kvifor det trengst ein heilskapleg IKT-politikk.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT), og spesielt Internett, har ført til store økonomiske og sosiale endringar i heile verda.

Samfunnet er blitt så avhengig av IKT/Internett at det er nødvendig å setje fokus på utviklinga, vurdere sterke og svake sider, og utforme nødvendig politikk og teknologiske krav for å sikre at IKT framleis kan vere ei vesentleg drivkraft for økonomisk vekst og velstand i framtida.

Liberaliseringa av telekommunikasjonsmarknadene og den raske teknologiske utviklinga har endra betydninga av IKT fundamentalt.

Auka kapasitet og utbreiing gjer det mogleg å leggje nye tenester ut på nettet og fange opp nye brukargrupper. Utviklinga går så fort at politikkutforming og regulering har vanskeleg for å hengje med. Teknologisk konvergens mellom faste og mobile nett vil venteleg ha stor betydning i åra som kjem.

To hovudbodskapar i kapitlet er:

  • – Den raske utviklinga held fram, i minst 10 år til. Den underliggjande teknologiske utviklinga held fram i same tempo, og dermed òg dei raske endringane i marknaden og hos brukarane.

  • – Det trengst ein bevisst og heilskapleg politikk for IKT. Dei land som har ein gjennomtenkt politikk for å utnytte moglegheitene og hauste gevinstane ved IKT, og samtidig motverke eller dempe uønskte konsekvensar, vil oppnå meir vekst og betre velferd.

Tempoet er ei utfordring i seg sjølv, fordi avgjerdsprosessar knytte til ny politikk og nytt regelverk kan ta år. På IKT-området skjer endringar ofte raskt, og det oppstår dermed ein risiko for at vurderingar og forslag "går ut på dato".

Fordi IKT-politikken er grenseoverskridande og inngår i dei fleste av dei tradisjonelle politikkområda, blir det stadig behov for tverrgåande initiativ. Eit moderne samfunn, som det norske, med høgt tempo og stor dynamikk, skaper eit kontinuerleg behov for ny politikk og ny regulering, samtidig som teknologien sjølv endrar premissane for den reguleringa som til kvar tid gjeld innan ei rekke politikkområde.

Utviklinga og gjennomføringa av ein heilskapleg IKT-politikk er nødvendig for ei vidare utvikling av informasjonssamfunnet. Regjeringa har tru på at dei land som fører ein politikk som tek i bruk moglegheitene og haustar gevinstane ved IKT, samtidig som dei evnar å motverke eller dempe uønskte verknader, vil oppnå ein større vekst og ei betre velferdsutvikling enn dei landa som ikkje tek tak i endringsbehova.

Etter 2000 - eNoreg-planane

I pkt. 2.3 i meldinga gis ei oversikt over offentleg IKT-politikk i Noreg.

Den norske IKT-politikken og dei ulike handlingsplanane for eNoreg har over fleire år blitt utvikla med ei sterk tilknyting til europeisk IKT-politikk.

Den noverande planen, eNoreg 2009, vart lagd fram i juni 2005, og har tidsperspektiv fram mot 2009.

eNoreg 2009 har tre overordna målområde. Det første hovudområdet er knytt til einskildmennesket i det digitale Noreg.

Det andre hovudområdet i eNoreg 2009 er knytt til vekst og verdiskaping.

Det tredje hovudområdet gjeld samhandlinga internt i offentleg sektor. I perioden fram til 2009 skal det leggjast til rette for digital samhandling i offentleg sektor slik at formell kommunikasjon mellom offentlege verksemder skal skje elektronisk.

Undervegsrapporten per oktober 2006 viser at vi har komme eit langt sprang nærmare med å realisere eNoreg 2009, og at det er ei markant utvikling for ei rekkje av måla. Vi er i fremste rekkje internasjonalt med omsyn til blant anna tilgang til Internett, offentlege tenester på nett, spreiing av mobilteknologi, bruk av IKT i industri og næringsliv, gode offentlege register og effektive betalingsløysingar.

Undervegsrapporten peiker på seks sentrale utfordringar for arbeidet dei kommande åra med å nå måla i eNoreg 2009:

  • – Utfordring 1: Sikre digital inkludering.

  • – Utfordring 2: Bruk av IKT i undervising stagnerer på for lågt nivå.

  • – Utfordring 3: Å utnytte digitalisering til å endre arbeidsprosessane i det offentlege.

  • – Utfordring 4: Fleire og betre digitale tenester retta mot innbyggjarar og næringsliv.

  • – Utfordring 5: Raskare overgang til elektroniske forretningsprosessar og ehandel i offentleg sektor.

  • – Utfordring 6: Auka offentleg prioritering av ­forsking på IKT.

IKT-politikken i Europa og EU

IKT-politikken kryssar både grenser og politiske fagfelt av natur. IKT-politikken er derfor eit av dei viktigaste områda for internasjonalt samarbeid og koordinering. I Europa er det konsensus om at dei fleste store utfordringane i IKT-politikken er felles, og berre kan løysast i fellesskap. Av same grunn har Noreg vore ein aktiv deltakar i utforminga av den europeiske IKT-politikken dei siste 10-15 åra.

Den overstyrande planen for all IKT-politikk i EU i dag, same kva ansvarleg direktorat og område det gjeld, er "i2010, A European Information Society for Growth and Employment", som er det første underprogrammet under "den nye Lisboa-strategien".

Tre hovudpilarar blir sette opp i strategien i 2010:

  • – Eit felles europeisk informasjonsområde.

  • – Investering og innovasjon i forsking.

  • – Inkludering, betre offentlege tenester og livskvalitet.

Teknologiske utviklingslinjer

Det er den enorme auken i kapasitet som har gjort dagens IKT-samfunn mogleg, der IKT-bruk trengjer inn i kvar krinkelkrok av tilværet gjennom til dømes minibanken, fartsboksen, e-posten og nettbloggen. IKT-utviklinga har så langt vore prega av plutselege kvantesprang.

Kvart kvantesprang har hatt dramatiske konsekvensar både i privat og offentleg sektor: Det er sjølve evna til å lagre, formidle og behandle informasjon som stadig blir forbetra. Det er vanskeleg å føreseie den teknologiske utviklinga framover med nokon særleg grad av presisjon. Det vi veit er at mange trekk frå den no­verande teknologiutviklinga vil halde fram i minst 10 år til:

  • – Datamaskinane vil gå raskare.

  • – Lagringskapasiteten vil bli større.

  • – Datasambanda vil bli hurtigare.

  • – Trådlaus kommunikasjon vil bli vanlegere, hurti­gare og krevje mindre straum (særleg over kort avstand).

  • – Komponentane vil bli mindre.

  • – Utfordringane innan IKT-tryggleik vil auke.

Innan telefoni og kommunikasjon er det fleire kjende trendar som kjem til å halde fram, blant anna:

  • – Dei fleste kjem til å skaffe seg breiband.

  • – Fleire kjem truleg til å avskaffe fasttelefonen og erstatte denne med mobil eller med IP-telefoni (eller begge delar).

Internett er blitt verdas viktigaste felles infrastruktur. Den eksplosive veksten skaper store utfordringar for trafikken på og vidareutviklinga av Internett. Utfordringane knyter seg til fleire forhold, blant anna tryggleik, økonomi og forretningsmodellar, skalering og oppgradering og sensur og overvaking.

Marknaden for reine IKT-produkt skil seg frå andre marknader på viktige punkt. Effektane gjer at det lett oppstår monopol med fare for misbruk av mark­nadsmakt. Derfor er det behov for god og oppdatert regulering for å sikre forbrukarane mot overpris, og for at mindre aktørar og nye løysingar skal kunne vinne fram. Det er òg ønskjeleg med standardar som gjer ein mindre avhengig av bestemte format og produkt frå visse bedrifter. Regulering og standardisering er krevjande verkemiddel. Det er vanskeleg å lage standardar utan å lage bremser for ønskt innovasjon.

Teknologinøytralitet

Utviklinga innan IKT går hurtig, og det er vanskeleg å komme med sikre spådommar om kva for teknologi som er den rette, kva som er den rette standarden, mv. Derfor bør politikken og reguleringa som hovudregel vere teknologinøytral. Tung offentleg verkemiddelbruk for å fremje bestemte teknologiar kan lett få vesentlege negative sideeffektar.

Måla for IKT-politikken og rollene til det offentlege

IKT-utviklinga fører med seg ei rekkje spennande men krevjande politiske utfordringar. Ein vellukka IKT-politikk skal bidra til å nå Regjeringa sine mål på ei rekkje felt, mellom anna:

  • – fornyinga av offentleg sektor,

  • – nærings- og arbeidslivspolitikken,

  • – utdanningspolitikken,

  • – helse- og sosialpolitikken,

  • – regionalpolitikken, og

  • – miljøpolitikken.

Det er derfor vanskeleg å avgrense IKT-politikken, og det vil vere behov for å utøve tverrgåande IKT-politikk innan nær sagt alle tradisjonelle politikkområde.

Det raske tempoet i utviklinga på IKT-området er ei utfordring i seg sjølv. I vårt styresett tek det til dømes ein god del år å førebu og fremje lovforslag.

Det offentlege har minst fire ulike roller på IKT-området: regelmakaren, losen, tenesteytaren og utbyggjaren.

Eit aktuelt døme er breibandsutbygginga. Her har Noreg med stort hell stimulert til offentleg etterspørsel (gjennom HØYKOM-programmet frå 1999), og elles satsa på ei marknadsbasert utbygging av breibandsnettet. Men ca. 5 pst. av innbyggjarane vil ikkje få breibandstilbod frå marknaden. Det er Regjeringa sitt mål at alle skal ha tilbod om breiband. Staten må derfor ta eit ansvar for å understøtte den marknadsbaserte utbygginga.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen vil vise til at mange trekk i den nåværende teknologiutviklingen vil holde fram i raskt tempo også i de kommende årene. Derfor trengs det en helhetlig tilnærming til politikken. Komiteen har tro på at de land som fører en politikk som tar i bruk mulighetene og høster gevinsten av IKT, også vil ha de beste forutsetninger for å dempe uønskede virkninger.

Komiteen vil trekke fram at siste undervegsrapport for e2009-satsingen viser at det over tid er ført en politikk som har brakt Norge i første rekke internasjonalt når det gjelder blant annet tilgang til Internett, offentlige tjenester på nett, spredning av mobilteknologi og bruk av IKT i industrien og næringslivet. Samtidig har Norge store utfordringer knyttet til blant annet digital inkludering, IKT i undervisning, utnytting av IKT i arbeidsprosesser i offentlig virksomhet, ehandel og forskning på IKT.

Om digitalt innhold - stillingen i EU

Komiteen er tilfreds med at Norge deltar aktivt i mange av de europeiske IKT-initiativene. Føringene som EU har lagt inn i disse programmene, må sikres implementering gjennom de norske sektormyndigheter som er berørt av dem.

Komiteen er kjent med at EU har et sterkt fokus på behovet for å digitalisere offentlige innholdsressurser (bibliotek, museer, samlinger, arkiver). Digitalisering vil tjene som viktig basis for verdiskaping og verdi­økende tjenester i næringslivet, som verdifullt innhold for skole og utdanning, og som kvalitetsinnhold på nettet til allmenn bruk. Blant annet har EU-direktivet om viderebruk av offentlig informasjon satt saken på dagsorden i Europa.

Komiteen er kjent med at EU-programmet eContentplus er utformet for å stimulere til bedre tilgjengelighet til eksisterende digitalt innhold i Europa. EU har også oppfordret medlemslandene til å igangsette nasjonale digitaliseringsprogrammer, for å sikre økt tilgang til alt det materiale som ennå ikke er digitalisert. Dette handler også om en politikk for bevaring ettersom digitalisering innebærer en sikring for ettertiden av objekter, som i sin fysiske form, kanskje er i ferd med å gå tapt.

Komiteen er glad for at det i meldingen gis en beskrivelse av status for det norske arbeidet på dette området. Et arbeid som pågår ved flere institusjoner, herunder blant annet Nasjonalbiblioteket, NRK og Norsk lydarkiv og med nokså lange tidsperspektiver.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet Høyre,Kristelig Folkeparti og Venstre mener imidlertid det må komme en sterkere økonomisk prioritering av dette området for at Norge skal verne kulturskatter og følge den europeiske satsingen.

Informasjon og tilgjengelighet

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, er opptatt av at mest mulig forskningsinformasjon blir åpen og tilgjengelig for allmenheten, og ber derfor Regjeringen vurdere muligheter og kostnader for frikjøp av resultater av offentlig delfinansiert forskning, som i dag publiseres i lukkede betalingsdatabaser.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet Høyre,Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at tilsvarende som for kulturarven (ABM-sektorens data), er det aktpågivende for EU å få til en felles europeisk infrastruktur for geografiske data/kartdata. Dette vil bidra til flere nytteanvendelser på tvers av landene, og økt verdiskaping på tjenesteområdet. EU har vedtatt INSPIRE-direktivet som skisserer en felles infrastruktur for europeiske kartdata. Dette er sentral IKT-politikk, og viktig for tjenesteindustrien i årene som kommer (kart inngår som kjent i mange anvendelsesområder).

Disse medlemmer merker seg videre at EU også innen skole- og utdanningsområdet gjør bestrebelser på å få til økt deling av digitalt innhold på tvers av utdanningsnivåer, skoler, land og kulturer. Standardisering, rettighetshåndtering og delingskultur er sentralt. Disse medlemmer har fått opplyst at norske miljøer i svært liten grad er med i denne type prosjekter, angivelig på grunn av ressursmangel. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at Norge bør bli en aktiv deltaker i dette felleseuropeiske prosjektet.

Et ytterligere område med interessante EU-initiativer på digitalt innhold, som disse medlemmer har merket seg, er vitenskapelig publisering. Spesielt der det offentlige delfinansierer forskning, har EU for de nærmeste årene målsatt å stimulere nye forretningsmodeller for å "bryte" med de vitenskapelige tidsskriftenes hegemoni på området. Problemet er at vitenskapelige artikler og forskningsdata i for stor grad "gjemmes bort" i forlag og tidsskriftsdatabaser, med betalingsløsninger og manglende søkbarhet på tvers. Dette hemmer europeisk forskning, og det hemmer den allmenne tilgjengeligheten. Forsøk med åpne publiseringsarkiver, forfatterbetalte og myndighetsbetalte tidsskrifter vil bli utprøvd, blant annet gjennom eContentplus-programmet, som Norge deltar i. Disse medlemmer er noe forundret over at stortingsmeldingen går så raskt forbi dette temaet i det den så vidt nevner at "det også bør vurderes om forskningsresultater skal publiseres" i forbindelse med den digitale allmenningen. Dette bør være et opplagt område hvor problemforståelse og ny politikk bør utvikles.

Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede mulighetene for og kostnadene ved frikjøp av resultater av offentlig delfinansiert forskning, som i dag publiseres i lukkede betalingsdatabaser, etter modell av arbeidet med dette innenfor EUs eContentplus-program."

Disse medlemmer peker på viktigheten av at Kunnskapsdepartementet i sin budsjettproposisjon og styringsdialog må forutsette at Utdanningsdirektoratet engasjerer seg og deltar i EU-prosjektene rundt tilgjengeliggjøring av læringsressurser. Videre må Kulturdepartementet i sin budsjettproposisjon og styringsdialog forsikre seg om at ABM Utvikling og Nasjonalbiblioteket har tilstrekkelig ressurser til sin deltakelse i internasjonalt samordningsarbeid for å gjøre Europas kulturarv mer tilgjengelig på nettet. Endelig må Miljøverndepartementet sørge for at Statens kartverk setter av ressurser til å delta i de nødvendige internasjonale aktiviteter som påligger oss gjennom Norges tilslutning til INSPIRE-direktivet.

Digitalt innhold for øvrig og forholdet mellom Norges og EUs IKT-politikk

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre,Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at EU gjennom sitt initiativ "i2010 - A European Information Society for Growth and Employment", har et strategisk rammeverk for politikken innen IKT og medier. Rammeverket er godt gjennomarbeidet, og setter de ulike hovedutfordringene og utviklingstrekkene innen IT og medier i sammenheng. Disse medlemmer er kjent med at i2010 skal promotere den europeiske utviklingen av en åpen og digital økonomi, og utnyttelsen av IKT til å bidra til å oppnå sosial inkludering og økt livskvalitet. Som rammeverk favner initiativet mange programmer og tiltak som adresserer gjennomgående problemstillinger, herunder regulatoriske forhold, IKT-forskningsbehov, standardisering, harmonisering og samarbeid mellom landene.

Disse medlemmer understreker at en hovedpilar i i2010 er utviklingen av et åpent, felleseuropeisk innholdsmarked. Dette kan bidra til inkludering og til mer konkurranse og tjenesteinnovasjon. Etter disse medlemmers syn speiler stortingsmeldingen i liten grad det overordnede, europeiske "prosjektet" - selv om prosjektet i praksis vil ha sterke føringer for norske disposisjoner i årene som kommer. EU fokuserer mye på et europeisk innholdsmarked, mens norske føringer handler i stor grad om et nasjonalt marked. Disse medlemmer vil for eksempel peke på at under i2010 ligger EUs ambisiøse "flaggskip"-satsing "Digital Libraries" ("Europe"s Cultural and Scientific Heritage at a Click of a Mouse") som skal gjøre flere millioner bøker og andre objekter digitalt tilgjengelig for europeiske brukere innen få år. Denne satsingen refereres til i mange sammenhenger i underliggende dokumenter i EU, men i stortingsmeldingen er saken ikke viet plass.

Oppdeling etter departementenes ansvarsområder krever sterkere samordning

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil vise til at ansvaret for IKT- og mediepolitikken er i dag oppdelt i for mange ulike departementer. Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Kultur- og kirkedepartementet, Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet er antakelig de viktigste sektordepartementene når det gjelder digitalt innhold. Disse medlemmer understreker at også Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet (de to siste gjennom sine viktige underliggende virksomheter) er helt sentrale IKT-politiske aktører. Disse medlemmer vil peke på at en sterkere samordning bør til og at dagens fragmentering ikke er hensiktsmessig for å få best mulig IKT-tjenester ut av begrensede ressurser. Sektoransvarsprinsippet er viktig rent generelt, men det må balanseres mot samordningsbehov for å skape de beste forutsetningene for en samlet og offensiv IKT-politikk.

Disse medlemmer gjentar derfor at FAD må få en langt sterkere koordineringsmyndighet. Slik kan Norge fortsette å være et foregangsland på IKT-bruk i offentlig sektor.