lov
om
endringer i yrkestransportlova (sentraltilknytningsplikt og justering
av løyveplikten for drosje)
I
I lov 21. juni
2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende
endringer:
§ 4 skal lyde:
§ 4. Løyve for persontransport med motorvogn
registrert for meir enn 9 personar
(1) Den som mot
vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport
med motorvogn registrert for
meir enn 9 personar, må ha løyve. Det same gjeld den som
utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje
når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass
eller via digitale plattformer.
(2) Løyve skal tildelast den som
-
a.
driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg,
-
b.
har god vandel,
-
c.
har tilfredsstillande økonomisk evne, og
-
d.
har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
Overskriften i § 9 skal
lyde:
§ 9. Løyve for persontransport med
motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute
§ 9 første ledd skal
lyde:
(1) Den som mot
vederlag, og med mål om forteneste, vil
drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for
inntil 9 personar, må ha
drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til d gjeld tilsvarande. Løyveplikt gjeld òg for den som
utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje
når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass
eller via digitale plattformer. Løyveplikt etter tredje punktum
gjeld sjølv om den som utfører transporten ikkje har mål om forteneste.
Ny § 9 b skal lyde:
§ 9 b. Løyve for å drive drosjesentral
(1) Den som vil drive drosjesentral,
må ha løyve. Løyve skal tildelast søkjarar som oppfyller krava i
§ 4 andre ledd bokstav a til c.
(2) Drosjesentralen skal ha ein
dagleg leiar.
Ny § 9 c skal lyde:
§ 9 c. Drosjesentralen sine plikter til
å samle inn, lagre og sende inn informasjon
(1) Drosjesentralen skal ha opplysningar
om:
-
a. løyvehavarar som er knytte
til sentralen,
-
b. sjåførar som er tilsette hos
tilslutta løyvehavarar,
-
c. drosjer som er knytte til
sentralen og registreringsnummeret på drosjene,
-
d. taksameter som er installert
i drosja, inkludert serienummer,
-
e. talet på drosjer som til kvar
tid er tilgjengelege for sentralen og kva for geografiske område
drosjene dekker,
-
f. dei drosjene dei tilknytte
løyvehavarane disponerer som er tilpassa personar med nedsett funksjonsevne.
(2) Drosjesentralen skal løpande
og digitalt samle inn og lagre opplysningar om posisjonsdata for
drosjeturar som drosjeløyvehavaren har loggført etter § 9 fjerde
ledd. Sentralen skal lagre opplysningane i 60 dagar.
(3) Drosjesentralen skal løpande
og digitalt samle inn og lagre dei opplysningane som vert kravde
med heimel i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring for dei løyvehavarane
som er knytte til sentralen. Sentralen skal lagre opplysningane
i fem år etter slutten av rekneskapsåret.
(4) Drosjesentralen skal løpande
og digitalt samle inn og lagre pris for drosjetransport i område
der det er fastsett pristak med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 66
om pristiltak for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen.
(5) Drosjesentralen sine administrative
system skal årleg gjennomgå ein systemrevisjon for å sikre datatryggleik
og datakvalitet. Systemrevisjonen skal dokumenterast gjennom ei
uavhengig revisorfråsegn eller gjennom godkjent sertifiseringsordning.
(6) Drosjesentralen skal, når
styresmaktene ber om det, sende inn dei opplysningane som følgjer
av første til femte ledd.
(7) Opplysningar som er nemnde
i første til femte ledd skal lagrast i EØS-området og vere tilgjengelege
for styresmaktene på det formatet dei krev.
Ny § 9 d skal lyde:
§ 9 d. Drosjesentralane sine øvrige plikter
(1) Kvar drosjesentral skal ha
ei klageordning. Kundar og andre med klageinteresse kan klage på
pris og kvalitet på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester. Drosjesentralen
skal sørge for at kunden får opplysningar om klageretten, og om
at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får
medhald i klagen.
(2) Drosjesentralen skal sørge
for at ein tilstrekkeleg del av dei drosjene som er knytte til sentralen
er utforma eller utstyrt for transport for personar med nedsett
funksjonsevne i samsvar med gjeldande føresegner om tekniske krav
til universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport.
(3) Om det er fleire sentralar
i same område, kan dei samarbeide om å oppfylle pliktene i andre
ledd.
(4) Ein drosjesentral som vil
drive verksemd i fleire fylke, skal sende melding om dette til dei
aktuelle fylkeskommunane.
Ny § 9 e skal lyde:
§ 9 e. Unnatak frå sentralane sine plikter
Løyvestyresmakta kan gje sentralane
unnatak frå pliktene etter §§ 9 c og 9 d.
Ny § 9 f skal lyde:
§ 9 f. Pålegg om retting
Løyvestyresmakta kan treffe vedtak
med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav og etterlever plikter
som følgjer av §§ 9 b, 9 c og 9 d. Det skal setjast ein frist for
retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Ny § 9 g skal lyde:
§ 9 g. Forskrifter om drosjesentralar
Departementet kan gje nærare forskrifter
om krava til drosjesentralar og pliktene til sentralane etter denne
lova.
§ 12 andre ledd skal
lyde:
(2) Løyve etter
§§ 9 og 9 b vert
gjevne av fylkeskommunen.
§ 20 skal lyde:
§ 20 Transport med ambulanse
Det trengst ikkje løyve for transport
av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.
§ 21 første ledd skal
lyde:
(1) Departementet
kan i forskrift eller einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet
om løyve eller einskilde vilkår
for løyve, for særskilte slag transportar eller motorvogner
dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er
part.
§ 27 andre ledd skal
lyde:
(2) Løyve etter § 9 b gjeld utan
avgrensing i tid.
Nåværende andre
og tredje ledd blir tredje og nytt fjerde ledd.
§ 35 skal lyde:
Departementet
gjev nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande
forskrifter til gjennomføring av lova. Departementet kan i forskrift
stille krav til verksemd som er unnateke frå krav om løyve etter
denne lova.
§ 37 a første ledd skal
lyde:
Førar av drosje,
turvogn og rutevogn må under løyvepliktig persontransport etter §§ 4, 6 og 9 ha
kjøresetel i tillegg til førarkort.
II
Presidenten: Høyre,
Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti har varslet
at de vil stemme imot.
Votering:
Komiteens innstilling
ble vedtatt med 60 mot 37 stemmer.
(Voteringsutskrift
kl. 14.11.20)
Presidenten: Det
voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Høyre, Fremskrittspartiet,
Venstre og Kristelig Folkeparti har varslet at de vil stemme imot.
Votering:
Lovens overskrift
og loven i sin helhet ble vedtatt med 61 mot 36 stemmer.
(Voteringsutskrift
kl. 14.11.41)
Presidenten: Lovvedtaket
vil bli satt opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.