Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Forslag fremma i debatten

Prop. 73 L (2014-2015), Innst. 349 L (2014-2015), Lovvedtak 92 (2014-2015)

  • Forslag fremmet under første behandling

    Forslag nr. 3 fra Andersen, Karin på vegner av Sosialistisk Venstreparti


    I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste gjøres følgende endringer:

    § 15 fjerde ledd skal lyde:

    Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer til 1,25 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller dei husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp om året for kvar dekar tomt eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien ville gje. Høgstebeløpet er 6000 kroner justert ved kvart årsskifte etter 1.januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette høgstebeløpet gjeld òg der tomta er mindre enn eit dekar. For tomter mellom ein og to dekar er høgstebeløpet 6000 kroner pluss storleiken på tomta utover ein dekar multiplisert med 3000 kroner. For større tomter er høgstebeløpet 9000 kroner pluss storleiken på tomta utover to dekar mulitiplisert med 1500 kroner. Bortfestaren må setje fram kravet innan tre år etter at festetida er ute. Retten til å regulere festeavgifta etter leddet her gjeld ikkje om det er avtalt ein rett for festaren til lenging.