Problemer med søkeløsningen

Søkeløsningen på stortinget.no er dessverre ute av funksjon. Vi beklager dette, og jobber med å løse problemet.

Internasjonalt samarbeid

Jamt fleire av dei utfordringane vi står andsynes kan berre møtast gjennom internasjonalt samarbeid

Klima- og miljøproblem, tryggleikspolitikk og internasjonal kriminalitet er nokre av dei områda der internasjonalt samarbeid er naudsynt. Gjennom dialog og samarbeid kan vi òg læra av kvarandre, og finna betre løysingar på nasjonale utfordringar i alt frå skule- og omsorgspolitikk til fiskeriforvaltning.

Eit av hovudføremåla med å vera med i interparlamentariske samarbeid er at nasjonale parlament er med i dialogen om viktige spørsmål. Det gjer viktige avgjerdsprosessar meir opne og gjev dei demokratisk forankring. Internasjonalt samarbeid er òg viktig for å fremja menneskerettar og demokratibygging.

Mange av dei interparlamentariske samarbeidsorgana Stortinget er med i har òg eit samarbeid på regjeringssida (til dømes NATO og NATOs parlamentarikarforsamling, Nordisk råd og Nordisk ministerråd osb.). Dette gjer det mogleg for dei internasjonale parlamentariske forsamlingane å koma med tilrådingar, både til nasjonale regjeringar og til det internasjonale regjeringssamarbeidet.

Attåt det arbeidet stortingsrepresentantane legg ned i internasjonalt arbeid, har òg fagkomiteane kontakt med fagkomitear i andre parlament, både på reise og ved gjestingar til Stortinget. Utanriks- og forsvarskomiteen har internasjonale tilhøve som sitt hovudområde. Stortingspresidenten er kvart år på ei rad gjestingar til utlandet og tek imot gjester som kjem til Noreg.

Stortinget deltek i ti faste interparlamentariske delegasjonar, og ein stor del av representantane er involvert i dette.