Problemer med søkeløsningen

Søkeløsningen på stortinget.no er dessverre ute av funksjon. Vi beklager dette, og jobber med å løse problemet.

Røystelokale. Foto: Tore Fjeld/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Røystelokale. Foto: Tore Fjeld/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Stortingsval

I september kvart fjerde år skal det veljast 169 representantar frå 19 valdistrikt til Stortinget.

Vis som temaark

Kven kan røysta?

Dei som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er norske statsborgarar, kan røysta ved stortingsval. Det er ein føresetnad at ein står oppført i manntalet (liste over personar med røysterett).

Kven kan ein røysta på?

Alle som har røysterett ved stortingsvalet kan veljast som stortingsrepresentantar. Det finst likevel nokre få unnatak – enkelte grupper kan ikkje stilla til val. Det gjeld mellom anna tilsette i departementa og utanrikstenesta og dessutan dommarar i Høgsterett. 

Ein røystar på lister med kandidatar frå dei enkelte partia. Kven som skal stå på lista til dei ulike partia, er det deltakarane ved nominasjonsmøta i partia som avgjer. Endå veljarane kan «retta på røystesetlane» ved å endra rekkjefylgja på kandidatane og stryka kandidatar, er det i praksis små moglegheiter for å påverka personsamansetjinga. Den rekkjefylgja partia har sett opp, vert heilt avgjerande.

Korleis røystar ein?

Sjølve valet skjer ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved at ein røystar på førehand. Kvar einskild står i dag fritt til å avgjera om ein ynskjer å førehandsrøysta eller røysta på valdagen. Førehandsrøystinga vert organisert av kommunane og kan skje frå 10. august til fredagen før valdagen.

Dei fleste vel å røysta på valdagen, som ifylgje lova skal vera ein måndag i september. Regjeringa fastset dato. Kommunestyret kan vedta at det på éin eller fleire stader i kommunen skal haldast val også sundagen før den offisielle valdagen.

Du kan røyste i eit vallokale i den kommunen du er manntalsført i. Ein må ha med seg legitimasjon når ein skal røyste, slik at valfunksjonæren kan forsikra seg om identiteten til veljaren, og kan kryssa av namnet i manntalslista (for å hindra at den same personen røystar fleire gonger). Veljaren går til eit avlukke der alle dei ulike vallistene ligg. Ein vel den lista ein ynskjer å røysta på, og brettar lista så ingen kan sjå kva liste ein har valt. Røystesetelen vert stempla av valfunksjonæren før veljaren sjølv puttar setelen i den forsegla valurna. Denne framgangsmåten skal sikra prinsippet om hemmelege val.

Valoppgjeret

I Noreg har vi høvestalsval. Det vil seia at partia får valt inn representantar etter kor stor oppslutnad dei har blant veljarane.

Landet er delt inn i 19 valdistrikt som fylgjer dei gamle fylkesgrensene, slik dei var før regionreforma. Folketalet i kvart valdistrikt er utgangspunkt for tildelinga av talet på stortingsplassar (mandat). For å sikra representasjon frå valdistrikt med tynt befolkningsgrunnlag vert det brukt ei utrekning som kombinerer folketal med areal. Til saman vert det valt 169 stortingsrepresentantar.

Valordninga kan gje ei «skeiv» fordeling av stortingsplassane mellom partia, sidan valoppgjeret skjer i kvart einskilt valdistrikt. Når til dømes fire mandat i eit valdistrikt skal fordelast på sju parti, kan det ikkje verta ei mandatfordeling som svarer nøyaktig til røystetalet. Fleire parti kan bli urepresenterte. Også sjølve utrekningsmåten forsterkar den skeive fordelinga ved at dei store partia gjerne vert «overrepresenterte» og dei små «underrepresenterte» i høve til røystetalet.

For å retta på det har vi ei ordning med utjamningsmandat. Desse mandata blir fordelte på dei partia som har fått for få representantar samanlikna med røystedelen på landsbasis etter at dei fyrste 150 plassane er fordelte. Det er totalt 19 utjamningsmandat (eitt i kvart valdistrikt).

Partia får utjamningsmandat i dei valdistrikta der dei var nærast å vinna eit mandat. Dermed blir samansetjinga av Stortinget meir i samsvar med røystetala til partia. Det er likevel berre partia som har kome over sperregrensa – 4 prosent oppslutnad på landsbasis – som kan vera med og kjempa om utjamningsmandata. Det finst inga sperregrense ved fordelinga av distriktsmandata.

Les om historiske valordningar


Sist oppdatert: 23.08.2021 14:36