Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Dei eksterne organa til Stortinget

Dei eksterne organa til Stortinget er offentlege organ som er oppretta direkte under Stortinget. Verksemda er sjølvstendig og ubunden av Stortinget, og organa gjer sine eigne prioriteringar innanfor kvart sitt mandat.

Dei eksterne organa bidrar med innspel i form av årsmeldingar, særskilde meldingar og rapportar, og er med på å danne grunnlaget for Stortinget sin kontroll med regjeringa og forvaltninga.

Riksrevisjonen

Riksrevisjonen er det viktigaste kontrollorganet Stortinget har. Riksrevisjonen held oppsyn med pengebruken i det offentlege. Gjennom rettleiing, revisjon og kontroll passar dei på at statlege midlar og verdiar vert forvalta på ein forsvarleg måte, i tråd med vedtak og føresetnader frå Stortinget. 

Sivilombodet

Sivilombodet ser til at det offentlege handsamar borgarane rettmessig. Ein borgar kan klaga til ombodsmannen dersom han eller ho kjenner seg urettmessig handsama av kommune, fylke eller stat. Sivilombodsmannen har som mål å medverka til at menneskerettane vert respekterte, gjera offentlege styresmakter betre og fremja tilliten til offentleg forvaltning.

Ombodsnemnda for Forsvaret

Ombodsnemnda (tidlegare: «Ombodsmannsnemnda») har til føremål og mandat å fremja og verna om rettane og interessene til personell som gjer eller har gjort teneste i Forsvaret. Nemnda skal òg søkja å medverka til å effektivisera Forsvaret. Nemnda er leidd av forsvarsombodet (tidlegare: «ombodsmannen»).

EOS-utvalet

EOS-utvalet er Stortingets kontrollorgan for «dei hemmelege tenestene». Utvalet fører løpande kontroll med Politiets tryggingsteneste (PST), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Etterretningstenesta. Kontrollen vert utført ved inspeksjonar. Utvalet handsamar dessutan klagar frå einskildpersonar og organisasjonar som meiner at EOS-tenestene har gjort urett mot dei.

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) skal vera med og styrkja gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvaka og rapportera om stoda for menneskerettane i Noreg, og koma med tilrådingar som kan sikra at Noregs menneskerettslege plikter vert oppfylte. NIM skal i tillegg mellom anna gje råd, informera og fremja opplæring om menneskerettane. NIM kan likevel ikkje prøva einskildsaker om påståtte krenkingar av menneskerettane.

Sjå òg

Regelverk for dei eksterne organa til Stortinget 

Om kontrollverksemda

Sist oppdatert: 19.04.2024 11:55

Rapportar til Stortinget

: